Driftstilskot for fysioterapeut
Helse og omsorgsetatenOm tjänsten
Ulstein kommune har ledig eit driftstilskot med opptrappingsavtale frå 01.01.2027 ved Ulstein Fysioterapisenter AS. Driftstilskotet skal overførast gradvis frå 50% ved oppstart til 100% seinast innan 31.12.2029 . Det vert laga ein bindande nedtrappingsplan. Ulstein Fysioterapisenter AS har totalt fire driftstilskot.
Det er eit ynskje frå senteret at ny avtalefysioterapeut skal kjøpe seg inn i Ulstein
Fysioterapisenter AS. Senteret eig lokala dei driftar i, og lokala ligg i
sentrum av Ulsteinvik og blei oppussa i 2022 ved innflytting. Lokala legg godt
til rette for god drift.
I tillegg til senteret er det to kommunalt tilsette fysioterapeutar og to andre avtalefysioterapeutar i kommunen.
Ved tildeling av driftsheimelen blir det lagt vekt på den søkjaren som etter ei samla vurdering er best skikka. Det vil bli vurdert ut frå saklege kriteria som fagleg kompetanse og erfaring, samarbeidsevne, og at søkjaren er eigna og evnar å drive privat praksis.
Tildeling vil skje i samsvar med ASA 4313.
Arbeidsoppgåver
- Praksisen skal drivast etter helse og omsorgstenestelova og anna relevant helselovging og på vilkår i frå ASA 4313
Kvalifikasjonar
- Fysioterapeut med norsk autorisasjon
- Kompetanse og erfaring i kunnskapsbasert vurdering, behandling og oppfølging av eit
bredt spekter av pasientar
- Det er ynskjeleg med vidareutdanning, gjerne i psykomotorisk fysioterapi eller
barne- og ungdomsfysioterapi
Personlege eigenskapar
- Du kan jobbe etter kjerneverdiane i Ulstein kommune: Nyskaping, omsorg, rausheit og mangfald
Vi tilbyr
- God pasienttilgang
KontaktinformasjonInger Lise Kaldhol, Leiar for legetenesta, 481 81 541
Kristin Vik, Kommunalsjef, 950 56 613
Mariann Topphol, Avtalefysioterapeut i utlyst driftstilskot, 977 90 710
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse og omsorgsetaten
Referansenr.: 5195702753
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2026