Hoppa till huvudinnehållet
Ulstein Elektro Installasjon AS logo
Ledigt jobb

Er du praktisk anlagt og har teknisk forståing? Bli Arbeidsleiar Maritim Elektro i Ulstein

Ulstein Elektro Installasjon AS
  • OrtUlstein
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan6 dagar kvar
  • Publicerad24 sep.

Om tjänsten

Vi søkjer ein arbeidsleiar med ansvar for å sikre effektive elektroleveransar i våre prosjekt. Stillinga krev fagleg interesse for elektrofaget og evne til å handtere varierte oppgåver med høg grad av ansvar.

Suksesskriterier for å lukkast i stillinga er å ha gode samarbeidsevner, vere ein dyktig kommunikator og ein god rollemodell.

Søknadene blir vurderte fortløpande, og vi tek kontakt når det er naturleg vidare i prosessen.

Arbeidsoppgåver​

  • Leie operatørteam inn mot planlagd framdrift og måloppnåing for tildelte prosjekt
Planlegge og koordinere aktivitet og ressursbruk saman med prosjektleiing
Bidra til kvalitetssikring av teknisk dokumentasjon og produksjonsgrunnlag
Rapportere status og framdrift til prosjektleiing
Sikre kvalitet, HMS og etterleving av gjeldande regelverk
Personalansvar

Kvalifikasjonar​

  • Fagbrev som elektrikar/elektromontør Gr.L
Teknisk og tverrfagleg forståing av skipsbygging
Erfaring som elektrikar innan skipbygging
Gode IT kunnskapar; erfaring med prosjekteringsverktøy og AI
Gode norsk- og engelskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Suksesskriterier for å lukkast i stillinga er å vere

Strukturert og løysingsorientert, slik at du har god kontroll over tidsfristar og leveransar
Kunnskapsorientert, deler villig av dine erfaringar og fokusera på både di og andre si utvikling
Reflektert og proaktiv, slik at du arbeider godt mot målsetnadane
Fokusert på god kommunikasjon og samarbeid og dermed lukkast i møte med tverrfaglege team
Sjølvstendig og har høge krav til eige arbeid og derfor levera god fagleg kvalitet

Vi tilbyr​

  • Godt fagleg miljø
Fleksitidsavtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Interessante og varierte arbeidsoppgåver

KontaktinformasjonBjarte Kopperstad, Department Manager Production, 977 22 751

Dagbjørn Myklebust, Head of Administration, 905 45 468

ArbeidsstadOsnesvegen 110

6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ulstein Elektro Installasjon AS

Referansenr.: 5185684926

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.10.2026