Om tjänsten
Vil du vere med å halde straumen i gang, midt i det vakraste Vestland har å by på?
Hva vi ser etter
Du er gjerne energimontør, men vi er også opne for deg som er elektrikar og vil ta eit ekstra fagbrev som energimontør. Det viktigaste er at du har interesse for faget og ønskjer å utvikle deg vidare.
Arbeidsoppgaver
Som energimontør hos oss jobbar du langs fjordar, i bratt terreng og høgt til fjells, ofte med utsikt andre må på tur for å oppleve. Arbeidskvardagen din vil bestå av:
Bygging, drift og vedlikehald av høg- og lågspenningsnett
Linje-, kabel- og stasjonsarbeid
Feilsøking og reparasjon når straumen må tilbake raskt
Skogrydding og anna arbeid utandørs, i all slags ver
Vi tilbyr
Montørbil og betalt telefon
Konkurransedyktig løn og svært god pensjonsordning
Vaktordning med god fritidskompensasjon
Sterkt fagmiljø og moglegheit til å spesialisere deg om du ønskjer
Sosialt miljø med utanlandsturar, julebord og felles opplevingar
Ein trygg jobb i ein bransje som berre blir viktigare