Om stillinga
Nav Vaksdal har ledig 100 % vikarstilling som rettleiar og sakshandsamar, med tilsetjing på kommunale vilkår. Stillinga er ledig frå snarast til utgangen av mai 2027, med mogleg forlenging.
Du som blir tilsett blir ein del av eit lite, men solid arbeidsmiljø, med arbeidsplass i Heradshuset på Dale.
Arbeidsoppgåver
- Rettleie og motivere for sosial og økonomisk tryggleik, fremje overgang til arbeid, og hjelpe den enkelte til å vere sjølvhjelpen.
Sakshandsaming og oppfølging etter Lov om sosialetenester, med hovudvekt på økonomisk sosialhjelp, gjeldsrådgjeving og økonomisk rettleiing. Arbeidsretta oppfølging for eigne brukarar Vi søker ein person som ser arbeidsretta løysingar for individ og næringsliv, og kan vere med å utvikle organisasjonen i tråd med trendar og utfordringar i samfunnet
Nav er ein organisasjon i endring, og med det kan òg arbeidsoppgåver bli endra undervegs.
Kvalifikasjonskrav
- 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning frå universitets eller høgskule kan bli vurdert.
Anna relevant kompetanse og erfaring kan ved behov blir vurdert. Gode datakunnskaparog kjennskap til Office 365 God kommunikasjonsevne og god norskkunnskap skriftleg og munnleg Det er ønskeleg at du har:
Erfaring frå tilsvarande arbeid Kjennskap til arbeidsmarknaden lokalt og regionalt Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og leitar etter deg som
Har evne til å motivera og skapa tillit Møter andre på ein respektfull og open måte Har evne til å arbeide målretta, nøyaktig og effektivt – sjølvstendig og i team Bidreg positivt i arbeidsmiljøet, er fleksibel og initiativrik Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vaksdal Kommune kan tilby
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode moglegheitar for støtte til utdanning Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg