Om stillinga Stillinga som guide i Skipshelleren på Stamnes er sesongbasert og omfattar formidling til skuleklassar i mai og juni kvart år. Arbeidet inneber mellom anna å fortelle om historia og kulturminneverdien til Skipshelleren og bidra til ei god oppleving for klassane. Stillinga har eit omfang på om lag 16 %, tilsvarande vanlegvis 1–2 dagar per veke i sesongen. Du kan i stor grad vere med og planlegge kva dagar du arbeider, i dialog med arbeidsgjevar og ut frå bestillingar og aktivitet. Vi ser etter deg som er interessert i lokalhistorie og kulturformidling, trivst med menneske og kan formidle på ein tydeleg og engasjerande måte. Opplæring i innhald og praktisk gjennomføring vert gitt. Arbeidsoppgåver • Ta i mot skuleklassar og gjennomføre undervisningsopplegg om steinalderen. • Formidle historia og kulturminneverdien til Skipshelleren på ein engasjerande og aldersretta måte. • Førebu og rydde etter undervisningsopplegg, og bidra til at besøket vert gjennomført på ein trygg og god måte. Kvalifikasjonskrav • Ønskeleg med pedagogisk utdanning eller relevant erfaring. • Søkarar utan formell erfaring kan bli vurdert. • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Tenesta nyttar nynorsk. • Trygg i bruk av digitale kommunikasjonsformer. • Krav om politiattest. Personlege eigenskapar • Er oppteken av formidling og trivst i lag med born og unge. • Brenn for kulturarven og at den skal vere relevant for framtidas generasjonar. • Er konstruktiv, kreativ og løysingsorientert. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vaksdal Kommune kan tilby • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Individuell oppfølging • Gode moglegheitar for støtte til utdanning • Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Jämför rekryteringshistorik, bolagsfakta och aktiva jobb.