Hoppa till huvudinnehållet
Åheim skule, Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst logo

Lærarvikar 2026-27 - inntil 100% stilling

Åheim skule, Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
  • OrtVanylven
  • Omfattning–
  • Sista ansökan15 dagar kvar
  • Publicerad22 okt.

Om tjänsten

Vi har ledig lærarvikariat ved Åheim skule ut skuleåret. Stillinga omfattar i hovudsak undervisning i engelsk i ungdomstrinnet, i tillegg til individuell tilrettelagt opplæring for elevar i faga norsk, engelsk og matematikk. Har du tysk i fagkretsen, så er det ein fordel. For snarleg tilsetting.

Arbeidsoppgåver

Vi ønskjer lærarar med god kompetanse i klasseleiing og fag, gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit sterkt profesjonsfellesskap.

Åheim skule har behov for lærar med godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen. Vikariatet er 100% stilling, men det vil også kunne vere mogleg å arbeide i redusert stilling.

Kvalifikasjonar

  • allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10 eller praktisk -pedagogisk utdanning (PPU)
  • ønskjeleg med minimum 30 eller 60 studiepoeng i basisfag
  • anna relevant utdanning kan bli vurdert
  • ønskjeleg med erfaring frå læraryrket
  • god pedagogisk digital kompetanse
god kompetanse i norsk, både munnleg og skriftleg
personlege eigenskapar vil blir vektlagde ved intervju og referanse

Personlege eigenskapar

  • er utviklings- og løysingsorientert
  • er ein tydeleg, robust og trygg klasseleiar
  • tenkjer heilskapleg om elevane sitt oppvekst- og læringsmiljø
  • er omgjengeleg, initiativrik og fleksibel.
  • planlegg og gjennomfører undervisning med god kvalitet
  • har god vurderingspraksis som fremjar elevane si læring
  • deltek aktivt i skulen sitt utviklingsarbeid
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • fremjar eit godt samarbeid mellom skule og heim

Tilsetjing skjer med atterhald om godkjent politiattest

Vi tilbyr

Løn og tilsetjing på kommunale vilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Vanylven kommune tilbyr gode rekrutteringstillegg (jfr. lønspolitisk plan) og gode pensjonsordningar.

Søknad skal sendast via kommunen sitt elektroniske søknadssystem. CV skal registrerast i søknaden. Vi ber om at du gir opp referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Lena Marie Landsverk, Rektor Myklebust skule, 45227168, lena.landsverk.sande@vanylven.kommune.no

Arbeidsstad

Ospelida 4

6146 Åheim

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune

Referansenr.: 5189273745

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 07.11.2026