
Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst · Vanylven
Det er ledig 100% stilling som styrar i Syvde barnehage frå 01.09.2026 Syvde barnehage er ein barnehage med to avdelingar, som ligg fint til i Syvde med nærlei...
Det er ledig 100% stilling som styrar i Syvde barnehage frå 01.09.2026
Syvde barnehage er ein barnehage med to avdelingar, som ligg fint til i Syvde med nærleik både til nærmiljø og turområde.
Barnehagen har fokus på tidleg innsats, og har inkluderande barnehagemiljø og språk (ASK) som satsingsområde. I barnehagane i Vanylven har pedagogane oppdekt plantida si i tillegg til at ein har ein ekstra plandag per år.
Til å leie og vidareutvikle Syvde barnehage søkjer vi ein samlande og motiverande leiar, som gjennom eit tydeleg og inkluderande leiarskap medverkar til eit utviklande og godt pedagogisk arbeidsmiljø. Du er utviklings- og løysingsorientert, har eit stort samfunnsengasjement og eit sterkt ynskje om å bidra til å vidareutvikle gode tenestetilbod for barn og unge.
Vi ønskjer ein person med interesse og engasjement for barnehageutvikling, og med ambisjonar om å vere med å skape ein endå betre barnehage i Vanylven.
Vi søkjer ein person med godkjend pedagogisk utdanning, erfaring frå barnehage og som leiar. I tillegg ser vi gjerne at du har tilleggsutdanning i barnehageleiing/administrasjon og leiing/personalleiing. Stillinga inneber fullstendig driftsansvar i samsvar med tildelte fullmakter. Styrar rapporterer direkte til kommunedirektør, og sit i kommunedirektøren si leiargruppe.
Stillinga er 90% administrativ, medan 10% vil vere på avdeling eller dekke opp vikartimar.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Opplysningar om stillinga får du med ass. kommunedirektør Eli Tefre Nordal tlf 41424805 eller kommunedirektør Andreas Nørve, tlf 92 84 78 03
Lønn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. God pensjonsordning. Gjer vel å oppgje referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Det er krav om politiattest.
KontaktinformasjonEli Tefre Nordal, kommunalsjef helse og omsorg, +47 41424805
Andreas Chr Nørve, Kommunedirektør, +47 92847803
ArbeidsstadKvia 10
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vanylven kommune
Referansenr.: 5151472283
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026
Volda kommune treng til ei kvar tid fagarbeidarar og assistentar som kan tenke seg å vere tilkallingsvikar i dei kommunale barnehagane. Denne utlysinga gjeld for barnehageåret 2026/2027. Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men til ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar. Arbeidsoppgåver Arbeidet er knytt til barn i barnehagealder, 1-5 år. Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare periodar. Stillingsstorleik kan variere etter behov. Det er styrar ved den einskilde barnehage, som gjer avtale med tilkallingsvikar. Referansar kan verte kontakta. Aktuelle barnehagar: Austefjord barnehage: 90 47 46 12 Bratteberg barnehage: 94 00 19 77/ 48 22 96 83 Engeset barnehage: 94 79 09 65 Folkestad barnehage: 47 50 47 87 Hornindal barnehage: 97 96 24 24 Lauvstad barnehage: 47 50 34 18 Mork barnehage: 90 64 34 72 / 70 07 77 90 Oppigarden barnehage: 46 88 33 22 Kvalifikasjonar I nokre av stillingane er det ønskeleg med godkjent fagbrev som barne -og ungdomsarbeidar. Det kan og verte aktuelt med fagbrev innan helsefag. Søkarar med anna, relevant erfaring kan og verte vurdert til vikarstilling. Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding. Personlege eigenskapar Saman med utdanning og praksis, vil personlege eigenskapar verte vektlagde. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og løn. Vi ber om at søkarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der. Vi tilbyr Arbeidsavtale og vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk. Kontaktinformasjon Bodil Brautaset, +47 91194598 Arbeidsstad Stormyra 2 6100 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Volda kommune Referansenr.: 5151964742 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 03.08.2026 Sluttdato: 30.06.2027 Søknadsfrist: 30.06.2027
Vestre Slidre kommune søkjer etter engasjerte og fleksible tilkallingsvikarar ved Slidre kulturbarnehage, Røn naturbarnehage og Vestre Slidre skule for barnehage-/ skuleåret 2026/2027. Vi ser etter deg som er ein omsorgsfull og engasjert vaksen, ein som kan væra med på å bidra til ein god og meiningsfull kvardag for små og store. Har du lyst til å jobbe med barn og unge, og ynskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Søknadar blir vurdert fortløpande, og aktuelle søkjarar vil bli kontakta ved behov. Vi ber om at du opplyser i søknaden om kva arbeidsområde du søkjer på, og kva tidsrom du kan arbeide. Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på noko😊 Arbeidsoppgåver • Delta aktivt i det pedagogiske arbeidet i barnehage/ skule • Oppfølging og rettleiing av barn og elevar • Praktiske oppgåver knytt til dagleg drift • Bidra til eit trygt, inkluderande og stimulerande leike- og læringsmiljø • Samarbeid med øvrig personale Kvalifikasjonar • Vi søkjer etter assistentar, barne- og ungdomsarbeidarar, barnehagelærarar, lærarar og andre med relevant kompetanse • Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel, men ikkje eit krav • Gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg • Politiattest må framleggjast før oppstart Personlege eigenskapar • Du er trygg, omsorgsfull og tydeleg • Du er fleksibel og løysingsorientert • Du er påliteleg og samarbeider godt med barn, føresette og kollegaer • Du bidreg med positiv energi og godt humør • Personleg egnaheit og motivasjon vil bli vektlagt Vi tilbyr • Ein meiningsfull jobb med stor betydning for barn og unge • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø • Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar • Gode pensjons- og forsikringsordningar KontaktinformasjonJanne Opheim, Rektor Vestre Slidre skule, 97602202, Janne.Opheim@vestre-slidre.kommune.no Grethe Våtsveen, Styrar Røn naturbarnehage, 97123190, Grethe.Vatsveen@vestre-slidre.kommune.no Kristin Bråten Tvenge, Styrar Slidre kulturbarnehage, 94803824, Kristin.Braten.Tvenge@vestre-slidre.kommune.no Stine Mari Skrindsrud Nordaas, Kommunalsjef, 99539117, stine.nordaas@vestre-slidre.kommune.no ArbeidsstadSlidrevegen 16 2966 SLIDRE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune Referansenr.: 5128967863 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 01.05.2027
Veitastrond oppvekstsenter er ein kombinert barnehage og skule, som ligg idyllisk til ved enden av Veitastrondsvatnet. Oppvekstsenteret har ei unik plassering midt i bygda, omkransa av variert natur på alle kantar. Bygda har dei siste åra hatt ei svært positiv utvikling og ber preg av eit ungt, framtidsretta miljø med godt samhald på tvers av ulike aldersgrupper. Barnehagen har éi avdeling med kapasitet på 24 plassar, og per dags dato er det fem tilsette, i tillegg til styrar. Frå barnehageåret 2026/27 reknar me med å ha 12 ungar mellom 1-5 år. Barnehagen deler bygg med skulen og SFO. Det er mykje samarbeid mellom barnehage og skule, blant anna lesing, tur, spesielle dagar som t.d. påske, karneval, skidag og liknande, og me sikrar slik ein flytande overgang frå barnehagebarn til skuleelev. Elles satsar barnehagen på å skapa ein aktiv kvardag for barna, der me er opptekne av vaksenrolla i leiken. Visjonen vår er leik, omsorg og læring i ein trygg og aktiv kvardag. I dette ligg det at me har stort fokus på trivsel, og korleis me kan gjera dagane best mogleg for kvart einskild barn. Me er opptekne av fysisk aktivitet og glede over naturen og nærmiljøet. Stillingsinformasjon: • Inntil 100% fast stilling som barnehagelærar Kvalifikasjonar: • Barnehagelærarutdanning • Me legg vekt på personlege eigenskapar Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på: • Gode samarbeidsevner • Relasjonskompetanse • Løysingsorientert • Tydeleg vaksenperson, som både er omsorgsfull og kan setja grenser • Engasjement for, og evne til, å samarbeida med barn, kollegaer og føresette for å skapa eit trygt og godt barnehagemiljø • Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar • Likar leik og aktivitet Me kan tilby • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø • Gode moglegheiter for fagleg utvikling • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk Andre opplysningar • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit Link til søknadsskjema: Søk her