Hoppa till huvudinnehållet
Vindafjord kommune Ølen skule logo
Ledigt jobb

Ringevikarar

Vindafjord kommune Ølen skule
  • OrtVindafjord
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan12 dagar kvar
  • Publicerad14 aug.

Om tjänsten

Me søker:

Ringevikarar til Ølen skule og SFO.

Tiltreding snarast. Søknadar blir vurdert fortløpande.

Hovudarbeidsoppgåver:

Me på Ølen skule har behov for deg som kan og har lyst å vera ringevikar på kort varsel. Kanskje er du ein ungdom som har eit friår og ynskjer å arbeida med barn? Eller er du heimeverande av andre årsaker og kunne tenke deg å jobbe med barn og unge i eit trivelig og godt miljø? Det vil vera arbeid knytt til undervisning i klassar, oppfølging av grupper og enkeltelevar og arbeid ved SFO-avdelinga.

Kvalifikasjonar:

Det blir krevd politiattest ved alle tilsetjingar.
Utdanning innan undervising, barn eller unge er ønskeleg.
Du må ha lyst og interesse for å arbeide med barn.
Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
Me søkjer ein positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
Må lika å vere i samtale med barn og kunna møta barn i ulike situasjonar som oppstår.
Kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kollegaer.

Me kan tilby:

Variert arbeid i eit positivt miljø
Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
God opplæring og samarbeid med andre
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Om Ølen skule:

Ølen skule er 1- 10 skule med 280 elevar
Ligg sentralt til i Ølen
Me har eit aktivt og engasjert personale
Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her