Om tjänsten
Vil du bidra til trygg mat frå jord til bord?
Vi har ei ledig stilling som veterinær i seksjon raudt kjøtt vest, med kontorsted i Sandeid/Ølen. Seksjonen er ein del av avdeling slakteri, i Tilsynsdivisjon landdyr og slakteri.
Som veterinær ved slakteri har du ei sentral rolle i arbeidet med å sikre trygg mat, god dyrevelferd og overvaking av dyrehelse. Gjennom kontroll og tilsyn bidrar du til at maten som blir produsert i Noreg, er trygg, og til å halde ved like tilliten til norsk matproduksjon. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du bruker heile breidda av den veterinærfaglege kompetansen din.
Du blir ein del av eit engasjert fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og tett samarbeid med dyktige kollegaer. Om du trivst med å jobbe saman med andre, tar ansvar for eigen arbeidskvardag og har god rolleforståing, får du hos oss høve til å gjere ein konkret forskjell – saman med kollegaer som brenn for faget. Bli med på laget og som skal trygge framtida for menneske, dyr og natur!
Sentrale arbeidsoppgåver
- Oppgåver innan kjøttkontroll, slakteritilsyn, dyrevelferd og dyrehelse.
Kvalifikasjonskrav
Du må:
- Ha norsk autorisasjon som veterinær.
Ønskelege kvalifikasjonskrav
- Vere offentleg godkjent veterinær, om ikkje må du å ta nødvendig opplæring i regi av Mattilsynet.
Personlege eigenskapar
- Du trivst med å jobbe i team og har gode samarbeidsevner, men jobbar også sjølvstendig og tar ansvar for eigne oppgåver.
Personlege eigenskapar og korleis du passar inn i teamet, er ein viktig del av vurderinga.
Vi tilbyr
- Fast stilling som førsteinspektør (stillingskode 1498), med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida frå kr 700 000 til kr 770 000 for tilsvarande stillingar i Mattilsynet. For spesielt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere seniorinspektør (stillingskode 1499) og høgare lønn.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med seksjonssjef i raudt kjøtt vest, Gro Eliassen, på mobil 95020293, om du har spørsmål om stillinga.
Slik søker du
Søknader blir berre mottatt elektronisk. Vi ber om at du lastar opp vitnemål via Vitnemålsportalen. Dette sikrar ei enkel og sikker overføring av dokumenta dine. For meir informasjon om korleis du bruker Vitnemålsportalen, besøk vitnemålsportalen.no. Søkarar som ikkje har moglegheit for det, legg inn attestar og vitnemål som vedlegg til søknaden.
Saman tryggar vi framtida for menneske, dyr og natur
Det er både visjonen vår og eit uttrykk for korleis vi jobbar saman for å løyse det viktige samfunnsoppdraget vårt. Vi utviklar organisasjonen og løysingane vi leverer, med utgangspunkt i behova til brukarane våre.
I Mattilsynet er vi over 1 200 kollegaer over heile landet, med kompetanse på mange fagfelt. Vi er blant anna veterinærar, biologar, juristar, teknologar og medarbeidarar med bakgrunn innan næringsmiddelproduksjon og forvalting. Saman bidrar vi blant anna til trygg mat og trygt drikkevatn, god dyrehelse og dyrevelferd og god plantehelse.
Mattilsynet er eit statleg forvaltingsorgan og rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Du kan lese meir om oss på mattilsynet.no.
Inkludering og mangfald er ein styrke for Mattilsynet. Vi ønsker oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv – fordi det gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre.
Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV‑en og/eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søker jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg. Avkryssingane blir berre brukte i rekrutteringsprosessen og til anonymisert statistikk.