Vinje kjøkkendrift søkjer ein engasjert og fagleg sterk assisterande kjøkkensjef som vil vere med på å vidareutvikle eit moderne og allsidig storkjøkken. Kjøkkenet er lokalisert ved Vinje sjukeheim og er ein viktig del av tenestetilbodet til kommunen.
Som assisterande kjøkkensjef vil du vere kjøkkensjefen sin viktigaste samarbeidspartnar, og bidra til den daglege drifta av kjøkkenet. Du får ein variert arbeidskvardag med både faglege, praktiske og koordinerande oppgåver.
Hos oss blir du ein del av eit samansveisa team på fem medarbeidarar, som kvar dag arbeider for å levere trygg, næringsrik og velsmakande mat til ei rekkje brukarar og arenaer. Me har varierte arbeidsoppgåver og høgt fokus på kvalitet, samarbeid og kontinuerleg utvikling.
I Vinje kjøkkendrift får du meir enn ein jobb. Du blir del av eit kompetent og positivt fagmiljø der arbeidet du gjer kvar dag betyr mykje for andre menneske. Me tilbyr ein variert arbeidskvardag, moderne produksjonsmetodar og moglegheit til å vere med og påverke utviklinga av kjøkkentenestene i kommunen.
Me er stolte av å levere måltid som skapar glede, trivsel og god ernæring for mange menneske kvar dag. No håpar me du vil bli med på laget
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Me tilbyr
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.
KontaktinformasjonArild Norvik, Kjøkensjef, 48125204, arild.norvik@vinje.kommune.no
ArbeidsstadVinjevegen 192
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5177399163
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 22.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Vinje