Hoppa till huvudinnehållet
Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune logo

Heimehjelp/pleieassistent - 85 % fast

Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune
  • OrtVinje
  • Omfattning–
  • Sista ansökan16 dagar kvar
  • Publicerad5 nov.

Om tjänsten

Vil du bidra til at eldre menneske kan bu trygt og godt i eigen heim?

Me søkjer ein omsorgsfull og påliteleg medarbeidar til heimetenesta på Rauland. Som heimehjelp er du med på å skape tryggleik, trivsel og meistring i kvardagen for eldre innbyggjarar i kommunen.

Me har ledig tilling som heimehjelp i 70% ute i heimane og pleieassistent kvar tredje helg inne på omsorgssenteret. Her vil du få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter menneske i ulike livssituasjonar. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag.

Heimetenesta på Rauland yter helse- og omsorgstenester til innbyggjarar som bur i eigne heimar og omsorgsbustader, samt til bebuarar ved omsorgssenteret med inntil 15 plassar.

Me arbeider tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen.

Stillinga inngår i årsturnus.

Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid.

Arbeidsoppgåver

  • Reinhald av private bustader på Rauland, og bebuarrom på Omsorgssenteret
  • Pleie- og omsorgsoppgåver for bebuarane på Omsorgssenteret
  • Samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og forbetringsarbeid i tenesta
  • Vere ein aktiv medspelar i det tverrfaglege arbeidsmiljøet
  • Rettleie og dele kunnskap med kollegaer, lærlinger, elevar og studentar ved behov

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med reinhald, pleie- og omsorgsoppgåver
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha norsk personnummer
  • Førarkort klasse B

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • Du ynskjer å gjere ein positiv forskjell i kvardagen til andre.
  • Du er faglig nysgjerrig og ynskjer å utvikle deg vidare.
  • Du er trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten.
  • Du samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
  • Du arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert.
  • Du trivst med ansvar og tek initiativ.
  • Du møter brukarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet.
  • Du har god omstillingsevne og ønskjer å bidra aktivt til vidare utvikling av heimetenesta

Me tilbyr

  • God forsikrings- og pensjonsordning i KLP
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
  • Lokal løn over KS garantiløn

Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.

I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.

Kontaktinformasjon

Bjørg Kåsa Verpe, Avdelingsleiar heimetenesta Rauland, +47 90103553

Arbeidsstad

Setali 6

3864 Rauland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5204218751

Stillingsprosent: 85%

Fast

Startdato: 01.12.2026

Søknadsfrist: 22.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 22 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Heimetenesta avdeling Rauland, Vinje kommune

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Vinje och dölj konkurrerande annonser på sidan.