Om tjänsten
Langvatn Trafikkskule AS er i vekst, og vi treng to trafikklærarar i 100% stilling for både personbil og tunge køyretøy.
Hos oss handlar det ikkje berre om å lære folk å køyre. Vi skal gi elevane kunnskap, tryggleik og meistring - og gjerne eit smil på vegen.
Hva vi ser etter
"Ta lappen med eit smil" er mottoet vårt, og det seier mykje om miljøet vi ønskjer å skape her hos Langvatn Trafikkskule.
Vi ser etter deg som er ein trygg og engasjerande trafikklærar, og som likar å få andre til å lykkast.
Du vil trivast hos oss dersom du:
• er godkjent trafikklærar for personbil og tunge køyretøy
• møter elevane med eit smil, tolmod, godt humør og respekt
• er fleksibel og kan jobbe helg ved behov
• trivst med ein variert og til tider hektisk arbeidsdag
Kanskje er dette din neste jobb?
Dersom du ønskjer ein jobb der du får møte mange ulike menneske, bruke fagkompetansen din og vere med på å gi andre meistring og sjølvtillit bak rattet, håper vi du tek kontakt.
Klar for å bli ein del av laget?
Send søknad og CV til post@langvatntrafikkskule.no og ring gjerne 918 52 575 dersom du ønskjer å vite meir om stillinga. Alle førespurnader vil bli behandla konfidensielt.
Søknadsfrist: snarast.
Vil du vite meir om oss? Besøk www.langvatntrafikkskule.no eller finn oss på Facebook under "Langvatn Trafikkskule As".
Langvatn Trafikkskule AS - Tal lappen med eit smil!
Arbeidsoppgaver
Dette vil du jobbe med hos oss:
Vi tilbyr opplæring i førarkortklassene
B, BE, B96, D1, D1E, D, C1, C1E, C, og CE.
I tillegg driv vi med:
Hos oss kan du derfor få ein arbeidskvardag med stor variasjon - og moglegheita til å bruke kompetansen din på fleire område.
Vi tilbyr
Hos Langvatn Trafikkskule får du ein variert arbeidskvardag med stor moglegheit til å bruke og utvikle kompetansen din.
Du får:
Vi er i dag tre faste tilsette, i tillegg til fleire innleigde kurshaldarar og lærarar. Med to nye trafikklærarar på laget tek vi eit nytt stort steg mot den vidare utviklinga av trafikkskulen.