Lærar i Elektro og datateknologi
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 900 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs. skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.
Vi søkjer etter lærar i Elektro og datateknologi i 100% fast stilling. Dersom søkjar er interessert i å prøve seg som lærar i eit år, kan det avtalast et vikariat for skuleåret 2026-2027. På elektro har vi Vg1 Elektro og datateknologi, Vg 2 Elektro og ekom, Vg2 Automatisering og Vg3 Automatiseringsfaget.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Andre opplysningar
Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår. Skulen kan leggja til rette for å ta manglande utdanning ved sida av jobben.
KontaktinformasjonLine Therese Gaska, avdelingsleiar, 91363756
Erik Henneli, assisterende rektor, 95826077
Olav Lee, rektor , 93034370
ArbeidsstadBranndalsmyra 61
5353 Straume
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5170741213
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt øygarden