Det er ledig 100% stilling som vikar for lærar ved Erfjord skule frå snarast til 31.07.27
Om stillinga:
Me søkjer deg med fagleg kompetanse som vil væra med å utvikla eit godt skulemiljø der teamarbeid, klasseleiing, vurdering for læring og relasjonskompetanse står sentralt.
Kvalifikasjonar:
Godkjent undervisninsgkompetanse for grunnskule eller anna relevant kompetanse. Du må vera innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring. Du må vera fleksibel og positiv. Hå pågangsmot og vera utviklingsorientert. Suldalsskulane nyttar ny læreplan med læringsbrett. Du må trivast saman med elevar og føresette. Søknad frå andre utan undervisningskompetanse kan verta vurdert. Personlege eigenskapar:
Vera positiv og ha god relasjonskompetanse. Ha god kommunikasjon og tydeleg klasseleiing Vera fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning. Ha god innsikt i lærarrolla og arbeida målretta. ha vilje til fleksibilitet og vera utviklingsorientert I Suldal kommune får du:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Engasjerte og dyktige kollegaer Gode pensjons- og forsikringsordningar Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk Nynorsk som administrasjonsspråk Andre opplysningar:
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist Slik søkjer du:
Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar. Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00 Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her