Find your next job in Hjelmeland. Explore 3 open vacancies, see top hiring employers and apply directly.
Kan du tenkje deg ein meiningsfull og sosial deltidsjobb i kyrkja? Hva vi ser etter Me ser etter ein person som likar å ta i mot dei som kjem i kyrkja på ein god måte. Det er fint om du er litt praktisk, da det er styring av lydanlegg til mikrofonar og litt enkelt vedlikehald som må utførast. Jobben kan passe for ungdom, deltidstilsette og pensjonistar. Arbeidsoppgaver Me søkjer etter ein persom med praktisk sans som har interesse og forståing for kyrkja sitt arbeid. Kyrkjetenarane har faste arbeidsoppgåver i samband med gudstenester, vigsel, gravferd og andre arrangement i kyrkjene, i tillegg ha ansvar for enkelt vedlikehald. Ved ferieavvikling og sjukdom må ein rekne med å vikariere i Årdal og Fister kyrkje. Vi tilbyr Løn og arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk. Det er gudstenester kvar 3. søndag heile året. Gravferd er på vekedagar og vigsel er vanlegvis på laurdag i sommarhalvåret. Det blir rekna 2 - 3 timar for kvar gong kyrkjetenaren er på jobb i samband med gudsteneste, gravferd, vigsel og andre arrangement.
Kantoren vår skal gå av med pensjon. Vi er på leit etter ein person som kan overta etter henne og leie songen og kyrkjemusikken vidare i eit godt spor. Hva vi ser etter Kvalifikasjonar: · Kyrkjemusikalsk utdanning er ønskjeleg · Søkjarar med relevant erfaring og dokumentert kompetanse vil og bli vurderte · Gode ferdigheiter på orgel og piano · Erfaring med korarbeid · God kjennskap til gudstenestelivet · Gode digitale ferdigheiter · Norsk, både munnleg og skriftleg. Må ha førarkort og bil Må legge fram tilfredsstillande politiattest Medlemskap i Den norske Kyrkje · Du er engasjert, strukturert og kreativ · Har gode samarbeidsevner · Har evne til å inkludere og inspirere frivillige; Barn, unge og vaksne · Personleg eigna til stillinga vil bli vektlagt Arbeidsoppgaver Om stillinga Hjelmeland kyrkjelege fellesråd har kontorstad på Hjelmeland. Kyrkjemusikar/kantor er del av ein liten stab på 8 tilsette, inklusiv prost og prest. Administrasjonsmålet er nynorsk. Hjelmeland har tre sokn med til saman fire kyrkjer og eit bedehuskapell. Kyrkjemusikar samarbeider med stab om planlegging og gjennomføring av gudstenester, gravferder og vigslar. Vi har ca 70 forordna gudstenester i året, og i gjennomsnitt 30 gravferder og 5-10 vigslar. Kyrkjemusikar leier kyrkjekor og babysong og medverkar i andre trusopplæringstiltak , ved andaktar m.m. Kyrkjemusikar leier kyrkjemusikalsk utval . Utvalet arrangerer konsertar, gjerne i samarbeid med resten av kulturlivet. Kyrkjemusikar deltek også i kyrkja sitt planarbeid. Arbeidsoppgåvene kan endrast ved behov. Om instrumenta Det er orgel og klaver i tre av kyrkjene, og orgel i kapellet. Orgelet i Hjelmeland kyrkje er bygd i 1980 (Jensen&Thomsen, 15 stemmer). I 2025 fekk kyrkja også nytt Yamaha- flygel. Orgelet i Årdal er frå 1986 (Bruno Christensen, 13 stemmer), medan Fister kyrkje fekk nytt orgel i 2015 (Åhlem, 9 stemmer). Årdal gamle kyrkje er ei autentisk og unik renessansekyrkje, som kun er i bruk om sommaren. Her er ikkje instrument. Vi har og eit lite kapell i Jøsenfjorden med nokre få tenester i løpet av året. Her vart det sett inn kyrkjeorgel i 1987 (Jensen&Thomsen, 4 stemmer). Stillinga inneber å sjå til at instrumenta vert stemte og vedlikehaldne. For spørsmål om stillinga ta kontakt med Anne Berit Rinde Bjelland på tlf. 992 48 683, e-post: ab295@kyrkja.no Vi tilbyr · Ei spennande stilling · Stor fridom til å forme og utvikle musikklivet i kyrkjelydane · Engasjerte kollegaer og frivillige · Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP · Løn etter gjeldande tariffavtale
Currently 3 vacancies are open in Hjelmeland. The listings are refreshed continuously.
Leading employers in the area include Hjelmeland Kyrkjelege Fellesråd, Jansen Betong As.
Det er kjekt med mykje arbeid, som resulterer i at Jansen Betong treng deg med på teame sitt! Har du fagbrev eller anna relevant erfaring, med evna til å jobba målretta og selvstendig er dette noko for deg. Hva vi ser etter Deg som har fagbrev eller relevant erfaring. Arbeidsoppgaver Arbeidsoppgavene er innen forskaling og støyping som gir varierte arbeidsoppgavar Vi tilbyr Me kan gi deg utfordringar, varierte arbeidsoppgaver innan yrke og utviklingsmuligheter.