
EIU - System og utvikling, Vestland fylkeskommune · Bergen
Vil du vere med å forme framtida for digital byggdokumentasjon i Vestland fylkeskommune? Vestland fylkeskommune forvaltar eit stort og variert eigedomsportefø...
Vestland fylkeskommune forvaltar eit stort og variert eigedomsportefølje. For at bygga våre skal driftast effektivt, berekraftig og i samsvar med krav og standardar, er vi avhengige av god teknisk dokumentasjon.
No søkjer vi ein fagansvarleg for teknisk byggdokumentasjon (FDV) som vil få ei sentral rolle i å utvikle og forvalte korleis vi samlar inn, strukturerer og nyttar teknisk informasjon gjennom heile bygget sitt livsløp. Dette er ei stilling for deg som trivst i skjæringspunktet mellom teknologi, system, informasjonsforvaltning og samarbeid med fagmiljø innan bygg, drift og eigedomsforvaltning.
Du vil få stor påverknad på korleis vi utviklar framtidige arbeidsprosessar, digitale løysingar og standardar for FDV i ein av dei største offentlege eigedomsorganisasjonane på Vestlandet.
Kvifor velje oss?
Hos oss får du meir enn ein tradisjonell fagansvarleg-stilling.
Du blir ein nøkkelperson i arbeidet med å vidareutvikle digitale arbeidsprosessar og sikre kvaliteten på informasjon som er avgjerande for drift og forvaltning av fylkeskommunen sine bygg.
✅ stor fagleg påverknad og eigarskap til ditt fagområde
✅ moglegheit til å forme framtidige standardar, prosessar og digitale løysingar
✅ eit sterkt tverrfagleg miljø med høg kompetanse innan eigedomsdrift, prosjektgjennomføring, BIM, digitalisering og innovasjon
✅ deltaking i spennande bygge- og rehabiliteringsprosjekt
Om oss
Eigedom og utbygging (EIU) utøver fylkeskommunen si eigarrolle og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av omlag 800.000 kvm fylkeskommunale eigedomar og tilhøyrande eigedomstenester. Avdelinga har også ansvar for utbygging av Bybanen.
Seksjon for system og utvikling arbeider med digitalisering og forbetring av arbeidsprosessar og tenester i EIU. Vi har ei sentral rolle i avdelinga si satsing på digitalisering, innovasjon og bruk av ny teknologi innan eigedomsdrift og -forvaltning, og har ansvar og driftsoppgåver innan FDV, BIM, digitalisering, prosjektstyring, HMS, kvalitet og opplæring.
Arbeidsoppgåver
Du har teknisk utdanning på minimum bachelornivå, og trur du har bakgrunn innan eitt eller fleire av desse områda:
Du har gjerne erfaring frå bygg-, eigedoms- eller industrirelaterte prosjekt, men vi oppmodar også kandidatar frå andre relevante fagmiljø til å søkje.
Hos oss får du:
Er du nysgjerrig på stillinga?
Vi veit at ingen kandidatar kan oppfylle alle ønske i ei utlysing. Dersom du kjenner deg att i delar av profilen og synest oppgåvene verkar spennande, oppmodar vi deg til å søkje eller ta kontakt for ein uforpliktande prat.
Hos oss får du moglegheit til å påverke korleis teknisk informasjon blir forvalta i framtidas fylkeskommunale bygg – til nytte for både brukarar, driftspersonell og samfunnet som heilskap.
KontaktinformasjonChristina Jenny Brautaset, seksjonsleiar, +47 41326604, christina.jenny.brautaset@vlfk.no
ArbeidsstadLars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5156051386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Vi søker en prosessoperatør avløp som skal delta i gruppen som jobber med bærekraftig drift og forvaltning av et av Norges mest moderne og avanserte prosessanlegg og transportsystem for avløp, og et av Norges største renseanlegg. Enkelte prosessavsnitt nærmer seg kapasitetsgrensen, og anlegget står foran betydelige oppgraderinger. Du blir en del av driftsavdelingens avløpsgruppe som består av 13 personer fordelt på driftsoperatører, fagansvarlige og lærlinger. Gruppens hovedoppgave er å sikre at vi vedlikeholder og drifter prosessanlegg og transportsystem slik at de virker optimalt – i tett samarbeid med andre faggrupper. Stillingen rapporterer til gruppeleder avløp. Vann er samfunnets viktigste næringsmiddel, og rensing av avløpsvann er samfunnets viktigste hygiene- og helsefaktor. Våre avanserte anlegg må driftes og vedlikeholdes slik at vi er best mulig rustet til å møte utfordringene i årene som kommer med befolkningsvekst, klimaendringer og skjerpede miljøkrav. Hos oss vil du ha en meningsfylt jobb og muligheter til å påvirke viktige beslutninger, med utfordrende og varierte oppgaver og ansvar - i et sterkt fagmiljø. Arbeidsoppgaver Som prosessoperatør vil du jobbe med den daglige driften på renseanlegget med tilhørende installasjoner, ledningsnett og pumpestasjoner. Videre vil du også: • Jobbe aktivt med driftsoptimalisering, oppfølging av kritisk instrumentering og forebyggende vedlikehold • Drifte og vedlikeholde avløpsrenseanlegget og transportsystemene • Bistå med tilrettelegging og oppfølging av driften mot vedlikehold, pågående prosjekter og rehabilitering • Sikre god dokumentasjon i utførelse av arbeidsoppgaver og aktiv oppfølging av FDV-systemene • NRVA er en driftsorganisasjon hvor du forventes og må trives med å bidra i ulike oppgaver der det er behov Kvalifikasjoner Vi ser etter deg som har fagbrev innen kjemiprosess eller relevante mekaniske fag. Lang relevant erfaring kan kompensere noe for utdanningskravet. Det er en fordel om du har erfaring fra avløpsrenseanlegg eller prosessindustri, eller fra drift i andre relevante tekniske miljøer. Vi ønsker også gjerne at du har: • God prosessforståelse • Erfaring med bruk av SD-anlegg, FDV-system og Office • God mekanisk forståelse • Evne til å finne nye løsninger • Førerkort klasse B. Fordel med sertifikat/kurs for truck, traverskran, lift, varme arbeider og fallsikring. Opplæring vil bli gitt ved mangler • Flytende i norsk muntlig og skriftlig er en forutsetning av sikkerhetsårsaker • Identifiserer deg med våre verdier Personlige egenskaper Som person håper vi du kjenner deg i beskrivelser som: • Blir motivert av kontinuerlig forbedringsarbeid • Er vant til å jobbe selvstendig, målrettet og effektivt • God til å samarbeide på tvers av fagområder • Har et stort fokus på HMS Vi tilbyr Vi kan tilby deg en trygg og meningsfylt jobb med spennende og varierte arbeidsoppgaver i et godt arbeidsmiljø. Her får du gode muligheter for faglig og personlig utvikling i et sterkt fagmiljø med dyktige kolleger, i en virksomhet med et stort og viktig samfunnsoppdrag. Vi kan også tilby deg: • Spennende og varierte oppgaver i en fremtidsrettet og miljøfokusert virksomhet • Gode muligheter for faglig videreutvikling • Trivelig og godt arbeidsmiljø • Ryddige, sikre og ordnede arbeidsforhold og konkurransedyktig lønn • Meget gode pensjons- og forsikringsordninger • Sentrale og moderne lokaler på Strømmen, 10 min. gangtid fra Lillestrøm stasjon • Aktivt bedriftsidrettslag KontaktinformasjonCecilie Raasok, Gruppeleder Avløp, +47 416 68 911 ArbeidsstedRuth Maiers gate 22 1466 STRØMMEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nedre Romerike vann- og avløpsselskap IKS (NRVA IKS) Referansenr.: 5152307711 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.07.2026
Voss herad har konsesjon og driv Voss flyplass Bømoen. Ved flyplassen er det no ledig 20% mellombels stilling som fagansvarleg i 1 år. Fagansvarleg er har ei viktig rolle som kontaktpunkt mot brukarane av flyplassen og heradet som driftar, er bindeledd til Luftfartstilsynet og er del av heradet si samla gruppe som har ansvar for flyplassdrifta. Fylgjande oppgåver ligg til stillinga: • Sikre at anlegget vert halde ved like, i tråd med gjeldande regelverk gjennom tilsyn, følgje opp konsesjon og oppdaterer dokumentasjon for flyplassen. • Følgjer opp registrering av trafikk ved flyplassen, fakturering av landingsavgift • Følgjer opp klager/varsel. • Er kontaktperson for aktørar ved flyplassen, grunneigarar, naboar, tilreisande og andre innanfor vanleg arbeidstid og har telefonvakt. Voss søkjer ein person: • Med interesse for flyplassdrift. • Det er ønskjeleg med erfaring med drift av flyplass. • Du må ha evne til å forstå regelverket for luftfarten og sjå behova til dei ulike aktørane som har aktivitet kopla til flyplassen. • Det vil vera ei føremon om du har kjennskap til offentleg forvaltning. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Link til søknadsskjema: Søk her
🧪 Vil du vere med og utvikle fagområdet generell kjemi? På grunn av vekst i fagområdet søkjer vi no ein fagansvarleg ingeniør til eit spanande og framtidsretta fagmiljø. Du vil arbeide tett saman med to andre fagansvarlege ingeniørar og to fagingeniørar, og vere ein del av det større teamet innan medisinsk biokjemi. 🤝 🔬 Fagområdet omfattar mellom anna klinisk kjemi, immunkjemi, allergi, spesialprotein og elektroforese. Området er i stadig utvikling, og nye analysar blir jamleg implementerte. 🏥 Medisinsk biokjemi held til i nye og moderne lokale med fullautomatisert analysehall, og er ein del av Avdeling for laboratoriemedisin. Avdelinga er akkreditert av Norsk akkreditering og har sterkt fokus på kvalitet og fagutvikling. Stillinga er ei dagtidsstilling med 37,5t/uke og arbeid ca. kvar fjerde lørdag. 📞 Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat! 😊 Kva går jobben ut på? • Fagansvarleg ingeniør er fagleg og administrativt underlagd funksjonsleiar, og skal i samarbeid med avdelingsoverlege og funksjonsleiar bidra til å styrkje, vidareutvikle og optimalisere rutinar og prosedyrar innan fagområdet. • Fagansvarleg ingeniør skal, saman med dei andre fagansvarlege, ha spesialkompetanse og hovudansvar for sitt fagområde. • Fagansvarleg kan få delegert oppgåver frå medisinsk ansvarleg og funksjonsleiar, og kan i samarbeid med funksjonsleiar delegere arbeidsoppgåver til anna kvalifisert personale. • Fagansvarleg ingeniør vil delta i prosessar knytte til anskaffing, validering og verifisering av utstyr. • Ordinære driftsoppgåver ved Medisinsk biokjemi vil inngå i arbeidsoppgåvene. • Vedkomande vil samarbeide tett med andre fagansvarlege, avdelingsoverlege og funksjonsleiar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Norsk autorisasjon som bioingeniør er eit krav. • Minimum 2 års erfaring innan medisinsk biokjemi. • Erfaring frå fagansvar og det aktuelle fagområdet vil bli vektlagd. • Erfaring med laboratorieautomatisering er ønskjeleg. • Erfaring med større analyseinstrument er ein fordel. • Erfaring med prosedyreskriving er ønskjeleg. • Erfaring med avvikshandtering er ønskjeleg. • Gode IKT-kunnskapar, særleg i Excel, er ønskjeleg. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: • arbeider sjølvstendig og finn gode løysingar på utfordringar • er engasjert, arbeidsam og tek ansvar • samarbeider godt med andre og har pasienten i fokus • har stor interesse for fagfeltet og ønskje om fagleg utvikling • har høg arbeidskapasitet og evne til å prioritere • trivst i eit aktivt og tidvis travelt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Kvifor skal du velje oss? • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst. • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø. • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. • Ei sentral rolle i eit fagområde i vekst og utvikling. • Arbeid i moderne lokale med fullautomatisert analysehall. • Eit sterkt fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer. Dersom ynskje om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. KontaktinformasjonBenedikthe Celine Hartvigsen, Funksjonsleiar, +47 93827930 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5151580703 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026