
Universitetet i Bergen · Bergen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfun...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i algoritmar og ekstremal kombinatorikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå NFR-prosjektet 355137 “From Extremal Combinatorics to Algorithms and Back”.
Dette prosjektet bygger bru mellom to grunnleggande fagområde innan informatikk og matematikk: algoritmeteori og ekstremal kombinatorikk. Ved å integrere disse områda, har prosjektet som mål å utvikle nyskapande berekningsteknikkar og teoretiske innsikter som utvidar grensene for begge fagfelt. Det fokuserer på å utnytte nylege gjennombrot som kombinerer algoritmiske tilnærmingar med klassiske resultat innan ekstremal kombinatorikk.
Dei forventa resultatene er todelte: å vidareutvikle moderne parameteriserte og approksimasjonsalgoritmar for å løyse krevjande berekningsproblemer med høg effektivitet, og å formulere nye stabilitetsteoremar innan ekstremal kombinatorikk, drevet av praktiske algoritmiske bruksområde.
Til stillinga søkjer vi ein forskar som vil bidra til prosjektets suksess og synlegheit. Ein vellukka kandidat vil gjere forsking innan algoritmar og ekstremal kombinatorikk, samt samarbeide med andre medlemmer av algoritmeforskingsgruppa. Vi ser etter framifrå kandidatar med bakgrunn og erfaring innan eitt eller fleire av følgande områder: grafalgoritmar, parameterisert kompleksitet, approksimasjonsalgoritmar, ekstremal kombinatorikk, strukturell grafteori og relaterte fagfelt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
Søknaden skal innehalde
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskar 1183 Petr Golovach, Institutt for informatikk, UiB på petr.golovach@uib.no, eller instituttleiar Inge Jonassen, UiB på inge.jonassen@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand på maria.svasand@uib.no eller 55 58 86 62
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i algoritmar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er ein del av ERC Advanced-prosjektet «New Horizons of Parameterized Complexity» (NewPC). Om prosjektet/arbeidsoppgåver Prosjektet skal utvikle nye verktøy for å løyse optimaliseringsproblem som handlar om geometriske og algebraiske storleikar, som punkt, vektorar, lineære rom og matriser. Kvalifikasjonar og eigenskapar • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i informatikk (datavitskap), eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Erfaring og kompetanse innan algoritmar og teoretisk informatikk er eit krav. • Forskingserfaring dokumentert gjennom publikasjonar i leiande arenaer innan teoretisk informatikk (som FOCS/STOC/SODA/ICALP) eller AI-konferansar (som AAAI/IJCAI) er ein fordel. • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.Teoretisk datavitskap er ikkje klassifisert som eit sensitivt fagområde eller ei sensitiv teknologi etter gjeldande eksportkontrollregelverk. For stillinga gjeldt følgande Om stillinga som ph.d.-stipendiat Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Vi tilbyr • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. • medlemskap i Statens pensjonskasse • gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • CV • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. • relevante attestar • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet) • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Generell informasjon Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor ved Institutt for informatikk: Fedor Fomin, på e-post: Fedor.Fomin@uib.no ellar førsteamanuensis ved Institutt for informatikk: Kirill Simonov på epost: Kirill.Simonov@uib.no For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand, på e-post maria.svasand@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPh.d.-stipendiat i kvantefysikk og -optimering Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i kvantefysikk og -optimering. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til NFR prosjektet "Quantum Oscillator Networks for Optimisation and Machine Learning" (prosjektnummer 358752). Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen har eit levande forskingsmiljø med fleire grupper som mellom anna arbeider innan teoretisk og eksperimentell partikkelfysikk, kvantefysikk, nanofysikk og kvanteteknologi. Instituttet startar eit nytt integrert masterprogram i kvanteteknologi med oppstart hausten 2026. Eit nyoppretta senter, «Quantum UiB», finansiert av Trond Mohn stifting og Universitetet i Bergen, vil fungere som eit knutepunkt for framifrå kvanteforsking og leggje til rette for nytt samarbeid. Prosjektet Quantum Oscillator Networks for Optimisation and Machine Learning (QONOMics) står sentralt i denne satsinga. Prosjektet fokuserer på fysikken i nettverk som består av kopla harmoniske og Kerr-ikkje-lineære oscillatorar. Ved å studere desse systema i både klassiske og kvantemekaniske regime, er målet å utvikle nye metodar for å løyse komplekse optimaliseringsproblem og vidareutvikle arkitekturar for maskinlæring. Forskinga inneber å undersøkje korleis den naturlege dynamikken til desse fysiske systema – som bifurkasjonar og faseovergangar – kan utnyttast til effektive utrekningar og informasjonsbehandling. Dei som blir tilsette vil bidra til teoretisk utvikling, numeriske simuleringar og mogleg implementering i maskinvare (hardware-mapping) for desse oscillatorbaserte systema. Dette inkluderer utforsking av konsept som kvanteherding (quantum annealing), symmetribrot og reservoarutrekning (reservoir computing). Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i teoretisk fysikk, kvantefysikk eller eit nært beslekta fagfelt. Kandidatar med bakgrunn i datavitskap (informatikk) kan også være kvalifiserte dersom dei har betydeleg, dokumenterbar erfaring med optimalisering ved bruk av fysikkinspirerte algoritmar eller rammeverk for kvantedatabehandling. Søkjaren må ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. • Praktisk erfaring med numeriske simuleringar (t.d. Python, Julia eller C++) er eit krav. • Solid fagleg bakgrunn innan kvantemekanikk og statistisk fysikk er eit krav. • Erfaring med optimeringsproblemar og/eller komplekse system er ein fordel. • Sterk interesse og erfaring for skjeringspunktet mellom fysikk og databehandling er ein fordel. • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. For stillinga gjeldt følgande: Om stillinga som ph.d.-stipendiat Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Vi tilbyr: • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø. • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. • Ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • CV • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. • Relevante attestar • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet) • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer) Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Konrad Tywoniuk (konrad.tywoniuk@uib.no) eller professor Jan Petter Hansen (jan.hansen@uib.no). For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, vivian.jacobsen@uib.no. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensis Institutt for informatikk ønskjer å rekruttere ein førsteamanuensis i kvanteteknologi og kvanteberekning i innstegsstilling. Dette er ei åremålsstilling med varigheit i seks år, med moglegheiter til fast tilsetjing som professor ved slutten av tilsetjingsperioden. Om instituttet Digitalisering av bedrifter, industri, offentleg administrasjon og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet vårt skal lukkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning på eit høgt internasjonalt nivå i algoritmar, bioinformatikk, informasjonstryggleik, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, visualisering og didaktikk. Tilknytte senter og laboratorium inkluderer Center for Data Science (CEDAS), Computational Biology Unit (CBU) og Energy Informatics Lab, som er ei viktig forlenging av instituttet sine aktivitetar innan utdanning og forsking. Instituttet tilbyr utdanning for framtida på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Instituttet er i rask vekst med omsyn til talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har om lag 1000 studentar, og 150 tilsette frå over 35 land, der 37 er vitskapelege tilsette og 50 er doktorgradskandidatar. Om arbeidsoppgåvene Kvanteteknologi er eit nytt satsingsområde ved Universitetet i Bergen. Fakultet for naturvitskap og teknologi etablerer no UiB Kvante – Senter for kvanteteknologi i Bergen, som vil vere forankra ved Institutt for informatikk og ha tett samarbeid med Institutt for fysikk og teknologi. Senteret, som blir operativt i august 2026, er finansiert av Trond Mohn Forskingsstiftelse og involverer både akademiske og industrielle partnarar. Institutt for informatikk deltek òg i det nye integrerte 5-årige masterprogrammet (sivilingeniør) i kvanteteknologi, som no tek opp dei første studentane. For å styrkje forskingskompetansen vår innan kvanteteknologi, samt undervisnings- og rettleiingskapasiteten i det nye studieprogrammet, lyser instituttet ut ei innstegsstilling. Ved instituttet er fleire forskingsgrupper involverte i kvanteberekning og UiB Kvante; særleg forskingsgruppene innan sikker kommunikasjon, bioinformatikk, optimering og maskinlæring. Med denne utlysinga søkjer vi kandidatar som kan styrkje ei av hovudretningane i UiB Kvante: kvanteoptimalisering og simuleringar, med tydeleg vekt på maskinlæring. Vi søkjer spesielt kandidatar med ekspertise innan kvanteteknologi og kvanteberekning, og med kompetanse og sterk interesse for optimering eller maskinlæring (helst begge delar). Den som blir tilsett, vil bli medlem av forskingsgruppa innan anten optimering eller maskinlæring, og vil òg bidra til forsking, undervisning og rettleiing i gruppa. Det er forventa at kandidaten søkjer ekstern forskingsfinansiering. Kvalifikasjonar og eigenskapar • Norsk ph.d.-grad, eller ein tilsvarande grad i informatikk eller fysikk oppnådd ein gong dei siste 5 åra (kan utvidast t. d. i samband med lovfesta permisjon). • Dokumentert forskingskompetanse og erfaring innan kvanteteknologi og kvanteberekning er eit krav. • Dokumentert forskingserfaring og interesse innan optimering eller maskinlæring i form av ein sterk publikasjonsprofil innan eitt av desse felta er eit krav. • Forskingserfaring innan både optimering og maskinlæring (i form av ei sterk publiseringsliste) er ein fordel. • Undervisnings- og rettleiingserfaring innan kvanteteknologi og kvanteberekning eller nærliggande fagområde er ein fordel. • Vitskaplege resultat inkludert publikasjonar og aktivitet innan utdanning og formidling vil bli evaluert og verdsett. Tida som har gått sidan oppnådd ph.d. (lovfesta permisjonar vil bli trekt frå) vil bli tatt med i totalvurderinga. • Evne til å arbeide uavhengig, og gode samarbeidsevner er eit krav. • Evne til å arbeide i grupper, både som leiar og som deltakar, er eit krav. • Det er forventa at kandidaten bidreg til eksternfinansierte forskingsaktivitetar. Dokumentert erfaring med eksternt finansierte prosjekt, i høve til kandidatens karriere-stadium, vil bli verdsett. • Erfaring med kommunikasjon og samarbeid med aktørar utanfor akademia er ein fordel. • Søkjarar bør beskrive korleis dei har bidratt til kjønnsbalanse, mangfald og inkludering i akademia og gi ein kort beskriving av korleis dei ser for seg å bidra til dette ved Institutt informatikk og ved UiB. • Glimrande evner i munnleg og skriftleg engelsk er eit krav. Personlege og relasjonelle kvalitetar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg telje når søkjarane blir evaluerte. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Krav til utdanningsfaglig kompetanse Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program) • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her. Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding. Universitetet i Bergen tilbyr pedagogisk opplæring og høve til å opparbeide utdanningsfagleg kompetanse for å kunne oppfylle krava innan den fastsette tidsramma. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan 3 år etter tiltreding. Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Om innstegsstillinga Ordninga med tilsetjing i innstegsstilling skal bidra til å rekruttere dei beste kandidatane til ein full fast stilling som professor. Fakultet og institutt pliktar å leggje til rette for vidareutvikling av kompetansen til den som vert tilsett, innan undervisning, forsking, formidling og innovasjon. Alle tilsette ved Institutt for [institutt] vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. • For at søkjarar skal verte vurdert kvalifiserte, kan det ikkje ha gått meir enn fem år sidan avlagt doktorgrad. Søkjaren kan få tillegg i tid for lovfesta permisjon. • Ei midtvegsevaluering skal utførast i starten av fjerde året. • Ei sluttevaluering skal utførast i starten av det sjette året. • Fast tilsetjing som professor avheng av ei tilfredsstillande sluttevaluering. • Den som blir tilsett vil utføre dei same arbeidsoppgåvene som eit fast medlem av fakultetet. • Ein ph.d.-stipendiat vil verte tildelt stillinga. • Den som blir tilsett skal ha erfarne faglege mentorer i første halvdel av perioden. Den som vert tilsett, skal delta i forsking og undervisning på same måte som vår noverande akademiske stab. Dette omfattar undervisning og rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå, og dessutan rettleiing av minst ein ph.d.-student gjennom til fullført grad for å oppnå dei påkravde kvalifikasjonane til professor ved utløpet av 6-årsperioden. Den som blir tilsett skal: • undervisa instituttet sine bachelorstudentar og masterstudentar innan (fagfeltet) og andre relaterte fag, • når det trengs, til dømes når nye studieprogram skal etablerast, utvikla og undervisa nye kurs som kompletterer eksisterande portefølje, • rettleia ph.d.- og masterstudentar innan kvanteberekning og anten optimalisering eller maskinlæring, • forske innan kvanteberekning, kvanteoptimalisering og simulering • utvikle eit bredt internasjonalt nettverk for samarbeid • formidle vitskaplege resultat på høgt anerkjende konferansar og i topprangerte tidsskrift, • i samarbeid med andre vitskapleg tilsette, utvikle optimerings eller maskinlæringsgruppa til å bli framifrå i forsking og undervisning, • ta ei leiande rolle i søknadar om ekstern finansiering, og • delta i oppsøkjande verksemd når dette er aktuelt innan kvanteberekning og kvanteteknologi Vi tilbyr • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø • ei årsløn på kr 790 900 - 900 000 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn. • medlemskap i Statens pensjonskasse • gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde • CV • vitnemål og attestar • fullstendig publikasjonsliste • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, ein forklaring av kva forskingsgruppe (optimering eller maskinlæring) dei helst vil bli ein del av og korleis dei vil bidra til å styrke denne gruppa, samt ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider) • pedagogiske kvalifikasjonar og undervisingserfaring dokumentert i ei pedagogisk mappe (sjå over) • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte, og • namn på minst to referansar, der minst ein av dei har kjennskap til undervisning- og rettleiingserfaring Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Generell informasjon Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Ahmad Hemmati, Institutt for informatikk, telefon +47 55584163/e-post: Ahmad.Hemmati@uib.no eller instituttleiar Inge Jonassen telefon +47 55584713/e-post: Inge.Jonassen@uib.no. For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Maria Svåsand, på telefon +47 55 58 86 62/e-post: maria.svasand@uib.no. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Krav for å få fast tilsetjing som professor ved utløp av åremålsperioden Arbeidsavtalen, saman med utlysingstekst og stillingsomtale, fastset resultata, krava og kriteria den tilsette skal oppfylle i løpet av åremålsperioden for å få fast tilsetjing som professor. I tillegg til krava som følgjer av Reglement for ansettelse i undervisnings-og forskningsstillinger, rekrutteringsstillinger og lederstillinger på åremål, skal følgjande krav vere oppfylte for å få fast tilsetjing: • Forsking: • Kunne vise til god framdrift i utvikling av eiga forskarkarriere • Evne til sjølvstendig forsking, tverrfagleg samarbeid og forskingsleiing • Dokumentert sampublisering med andre forskarar i høgt rangerte internasjonale tidsskrift • Dokumentere aktiv deltaking og innlegg på nasjonale og internasjonale forskingskonferansar • Ha rettleia minst ein ph.d.-kandidat fram til fullført doktorgrad • Ha godt omdøme som forskingsrettleiar • Undervisning: • Ha deltatt i ordinær undervisning, rettleiing og eksamensavvikling • Ha oppnådd tilfredsstillande studentevaluering av eiga undervisning i løpet av åremålsperioden • Formidling: • Kunne vise til både profesjonsretta og allmennretta formidling av eiga forsking gjennom artiklar, foredrag, kronikkar og andre verkemiddel • Akademisk leiing: • Ha deltatt aktivt i det akademiske utviklingsarbeidet på institutt-, fakultets- og universitetsnivå. • Kunne vise til gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og til deltaking i ulike forvaltingsorgan, sakkunnige nemnder, andre organ i sektoren og til samarbeid med andre relevante institusjonar • Kunne vise til oppdrag med fagfellevurdering av forskingspublikasjonar. • Internasjonalt samarbeid: • Aktiv deltaking i internasjonalt samarbeid, gjennomføring av samarbeidsprosjekt og publikasjonar med internasjonalt medforfattarskap. Krav til tilsette i innsteggstilling som førsteamanuensis I løpet av åremålsperioden skal den tilsette kvalifisere seg til fast professorstilling. Innan fire år av åremålsperioden vil det verte gjennomført ei midtvegsevaluering der den tilsette skal vurderast i høve til progresjon i stillinga ut frå krav om professorkompetanse. Evalueringa skal gjennomførast med utgangspunkt i arbeidsavtalen, og skal rettleie den tilsette i høve til kva oppgåver som skal prioriterast i resten av åremålsperioden for å oppfylle krava om fast tilsetjing som professor. Den tilsette vil også få ei sluttevaluering før utløp av åremålsperioden i høve til om krava som var fastsett i arbeidsavtalen, er innfridd. Innan 12 månader før åremålet tek slutt skal fakultetsstyret ha oppnemnd ei sakkunnig nemnd og fastsett fristar for innlevering av arbeid frå den tilsette og nemnda. Den tilsette skal ha beskjed om fristar og sakkunnig nemnd så snart dette er vedteke. Kandidaten skal informerast om utfallet av sluttevalueringa seinast seks månader før utgangen av åremålet. Kandidaten kan komma med merknader til evalueringa og det kan givast tilleggsfråsegn til dei delane av evalueringa. Med utgangspunkt i sluttevalueringa avgjer fakultetsstyret om kandidaten skal få fast tilsetjing i stilling som professor. For å få fast tilsetjing som professor ved Institutt for [institutt] (jamfør Kapittel 3. Undervisnings- og forskningsstillinger, rekrutteringsstillinger og innstegsstillinger i forskrift til universitets- og høyskoleloven) etter avslutta åremålsperiode, skal kandidaten gjennom ei sluttevaluering ha oppnådd gjeldande krav til professorkompetanse som skal godkjennast av fakultetsstyret ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi. Den vanlege ordninga med å søkje personleg opprykk etter kompetanse gjeld ikkje for perioden vedkommande er åremålstilsett på innstegsvilkår. Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervising, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.