
Vest politidistrikt · Bergen
Om stillinga I Vest politidistrikt, ved geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden, tenesteeining Bergen sentrum, Seksjon for etterforsking av vald- og...
I Vest politidistrikt, ved geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden, tenesteeining Bergen sentrum, Seksjon for etterforsking av vald- og sedskapslovbrot, er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent (SKO 0287) med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar (PEL) på sedskapsavsnittet.
Seksjonen består av valdtektsavsnittet (seksuelle overgrep mot vaksne) og sedskapsavsnittet (seksuelle overgrep mot barn). Kvart avsnitt er organisert i fleire team med om lag fem etterforskarar, leia av ein teamleiar. I tillegg har vi to dedikerte DPA-fagkontaktar og ein sivil medarbeidar som skriv avhøyr.
Vi arbeider i team saman med faste påtalejuristar. Saman set vi saman puslespelbrikkene som dannar det store biletet i komplekse straffesaker. Med stort fokus på HMS og eit ungt, men fagleg sterkt arbeidsmiljø samarbeider vi om å etterforske nokre av dei mest alvorlege straffesakene i politidistriktet.
Hos oss får du ein givande, variert og utfordrande arbeidskvardag. Arbeidet omfattar mellom anna aksjonar med pågripingar og ransakingar, krevjande og spennande avhøyr av både vaksne og barn, gjennomgang av elektroniske beslag og arbeid med biologiske spor. Vi samarbeider tett med andre fagmiljø, mellom anna innan analyse, kriminalteknikk og digitalt politiarbeid.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag skal vi førebyggje og kjempe mot kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing og søkjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, kompetanse og ulike perspektiv. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi ser etter motiverte medarbeidarar som ønskjer å arbeide med og møte utfordringar knytte til etterforsking av seksuallovbrot. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til kvar tid og er gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og til å byggje tillit hos publikum er avgjerande for å lukkast i organisasjonen vår.
Du må ha god gjennomføringsevne og kunne handtere krevjande og hektiske arbeidssituasjonar med høgt arbeidspress.
I vurderinga av kandidatane vil vi mellom anna leggje vekt på desse eigenskapane, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kvalifikasjonskravet fråvikast.
Personlege eigenskapar
god verksemdsutvikling
og overordna avgjerder
samfunnsoppdraget til politiet
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til etterforskning av sedelighetsovertredelser. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
(sjå https://www.spk.no/ for meir info)
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Om stillinga Seksjon for etterforsking av organisert kriminalitet, avsnitt for menneskehandel, har ledig ei fast stilling som politioverbetjent med rolle som politifagleg etterforskingsleiar (PEL). Seksjonen er organisert under felles eining for etterretning og etterforsking (FEE) og består av tre avsnitt: avsnitt for etterforsking av organisert kriminalitet, avsnitt for etterforsking av menneskehandel og avsnitt for metodebruk. På seksjon for etterforsking av organisert kriminalitet har vi ansvar for fagleiing og etterforsking av organisert kriminalitet og andre høgt prioriterte saker. Vi forvaltar også bruken av skjulte metodar i politidistriktet. I vårt forebyggande arbeid samhandlar vi med andre private og offentlege aktørar. Hovudoppgåvene på avsnitt for etterforskning av menneskehandel er førebygging og etterforsking av menneskehandel og hallikverksemd. PEL på avsnittet er ansvarleg for at etterforskinga gjennomførast i tråd med dei til ei kvar tid gjeldande faglege standardar og anerkjente etterforskingsmetodar, og skal bidra til at etterforskinga held påkravd kvalitet. Stillinga er plassert i Bergen. Noko reiseverksemd kan krevjast i periodar. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggja og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald gjev betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter deg som har initiativ, pågangsmot og analytisk evne til å initiere etterforsking med etterretning som grunnlag for avgjerd. Du må ha tolmod til å leie grundige etterforskingar, halde deg oppdatert på den faglege utviklinga innan etterforsking og rettleie medarbeidarar i deira produksjon. Du må kunne veksle mellom sjølvstendig etterforskingsarbeid og å leie andre. Samstundes må du ha evne til å stille om raskt ved behov. Du må kunne leie aksjoner der fleire einingar samhandlar og ein arbeider under tidspress. Du må kunne bidra inn i både førebygging og etterretningsproduksjon innanfor fagfeltet og ha eit ønske om å opparbeide deg god kunnskap om organisert kriminalitet og menneskehandel. Som PEL ventes det av deg at du har høg etisk standard, tar ansvar, samarbeider godt og bidreg til eit godt arbeidsmiljø i eininga. Arbeidsoppgåver • Ha saksansvar, leie og delta i gjennomføringa av den politifaglege etterforskinga i både skjult og open fase • Saman med påtaleansvarleg prioritere etterforskingsskritt i straffesaker og utarbeide etterforskingsplanar • Sørgje for at relevant spesialistkompetanse vert nytta i etterforskinga ved behov • Bidra til god kvalitet og resultatoppnåing i eigen seksjon • Yte fagleg rettleiing og bidra til systematisk erfaringslæring innan fagområdet • Yte råd og rettleiing til dei geografiske driftseiningane i konkrete saker som ein ikkje har saksansvaret for • Bidra i etterforskings-KO ved behov • Helgeturnus ved felles straffesaksinntak • Gje undervisning og opplæring, samt halde foredrag både internt og eksternt innan fagfeltet • Sørgje for god samhandling internt og eksternt • Andre oppgåver pålagt av overordna Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: • Vitnemål frå Politiskule/Politihøgskule • Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeida innan relevant fagfelt i minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor eller mastergrad kan heile eller deler av kvalifikasjonskravet fråvikast • Godkjent som AOP, eller villig til å gjennomføre opplæring • God munnleg og skriftlege framføring på norsk og engelsk • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju Det er også ønskjeleg med: • Brei politifagleg erfaring • Erfaring og/eller utdanning innan leiing av etterforsking • Kjennskap til menneskehandel som fenomen • Erfaring med bruk av skjulte etterforskingsmetodar eller vidareutdanning i dette • Erfaring frå arbeid med førebygging og etterretning eller vidareutdanning i dette • God kunnskap om aktuelt lovverk • God IT-og systemkunnskap, erfaring med bruk av indicia som prosjektstyringsverktøy og analyseverktøy for gjennomgang av digitale beslag Personlege eigenskapar • Mål- og resultatorientert med evne til å prioritere, ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne • Gode leiareigenskapar med evne til å koordinere innsats og motivere medarbeidarar • Fleksibel, kreativ og omstillingsdyktig • Sterk relasjonsbyggjar med god evne til å rettleie og formidle kunnskap til andre • Samfunnsorientert med evne til å tenkje heilskap og forstå eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss • Stillinga vert lønna som politioverbetjent med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar (stillingskode 0287) med årslønn frå kr 840.000,- per år. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten. • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi • Gode arbeidsvilkår og et inkluderende arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Om stillinga I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste, Seksjon for operative tenester, er det ledig fleire mellombelse stillingar som politioverbetjent SKO 0287 med funksjon som oppdragsleiar. Stillinga inneber turnusteneste. Felles eining for operativ teneste er ei funksjonell driftseining i Vest politidistrikt. Eininga er organisert i Seksjon for operative tenester, Seksjon for arrest og framstilling, Seksjon for samfunnssikkerhet og beredskapskoordinering, Seksjon for operative spesialfunksjoner og Seksjon for felles tenestekontor. Dei tilsette ved eininga har både politifagleg og sivil bakgrunn. Eininga har det overordna faglege ansvaret for politiet sine operative gjeremål i heile distriktet. Seksjon for operative tenester har fire avsnitt, tre for operasjonssentralen og eit avsnitt for fag og metode. På operasjonssentralen er det tre team på kvart avsnitt og kvart team har følgjande samansetjing: ein operasjonsleiar, ein oppdragsleiar og eit antal operatørar. Operasjonssentralen har eit hektisk miljø med fokus på fagleg utvikling og gode relasjonar på teama. Avsnittsleiar er oppdragsleiar sin næraste overordna med personalansvar. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Arbeidsoppgåver • Døgnbasert naudmeldeteneste (112) og handtere alarm- og overvakingsanlegg • Motta, formidle og føre operative meldingar • Delta i dagleg leiing av operasjonssentralen og ha ansvar for effektiv forvalting av politiet sin operative innsats saman med operasjonsleiar • Leie og koordinere pågåande operative oppdrag på operasjonelt nivå, på vegne av operasjonsleiar • Sørge for god kommunikasjon med innsatsleiar eller anna utpekt leiar på taktisk nivå • Kvalitetssikre operatørane sitt arbeid • Delta aktivt i operasjonssentralen sine oppgåver, herunder vere ein fagleg pådriver, og videreutvikle tildelt fagområde • Sørge for å iverksetje naudsynt straksetterforskingsskritt • Saman med operasjonsleiar, bidra til fagleg utvikling av operatørar, både internt og på tvers av teama • Bistå operasjonsleiar med mediehandtering • Overta operasjonsleiar sin funksjon ved høve, enten i korte periodar, eller i midlertidig fungering, samt kunne fungere i rollen som operatør • Andre oppgåver pålagt av overordna Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen • Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeidet innan relevant fagfelt i minimum 5 år. Relevant fagfelt kan eksempelvis vera erfaring frå operasjonssentral, ordensteneste, etterforsking eller leiar/fagleiar erfaring. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kravet fråvikast • Brei politifagleg erfaring • Gjennomført operatørkurs eller vere villig til å gjennomføre slikt kurs • Kunnskap om politidistriktet sitt plan- og instruksverk og styrande dokument • Kjennskap til politiet sine data- og beredskapssystem • God munnleg og skriftleg framføring • Det blir stilt krav til sikkerheitsklarering på nivå HEMMELEG samt autorisasjon for FOT Vest pd jf. sikkerhetslovens kapittel 8. Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må,innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju. Det er også ønskjeleg med: • Erfaring frå operativ teneste/leiing blir vektlagt • Etterforskarerfaring er ein fordel • Erfaring frå operasjonssentral er ein fordel Personlege eigenskapar • Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbyggjing både internt og eksternt • Evne til å kunne leie og arbeide godt i team • Evne til å prioritere, halde fokus, meistre stress og handtere pressa situasjonar • Resultatorientert med evne til å sjå løysningar og ha god gjennomføringsevne • Gode samarbeidsevner, evne til å motivere medarbeidarar og skape god samhandling og godt arbeidsmiljø • Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i politiets samfunnsoppdrag • Personleg egnethet og motivasjon for stillinga vil bli vektlagt Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer • Stillinga blir lønna som politioverbetjent SKO 0287 frå 765 000,- brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no for meir info) Bedriftshelseteneste Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Om stillingen Avsnitt for Skjult etterforskning (SE), ved Seksjon for analyse og etterretning, har ledig fast stilling som politioverbetjent/skjult etterforskningsleder. SE utgjør en viktig funksjon ved FEE og leder skjult metodebruk. Oppgavene til skjult etterforskningsleder omhandler alt fra veiledning, koordinering av skjult metodebruk innen ulike saksfelt, til ledelse av komplekse skjulte saker som f.eks proaktive saker og avvergende etterforskning. Skjult etterforskningsleder leder delprosjekter innen skjult etterforskning, både ved ekstraordinære hendelser og ved bruk av skjulte metoder i reaktiv etterforskning. Felles enhet for etterretning og etterforskning (FEE) samler ulike spesialiserte fagmiljøer med ansvarsområder innen etterretning og etterforskning for hele politidistriktet. FEE har et særlig ansvar innen organisert og alvorlig kriminalitet, samt ansvar for etterretning og etterforskning ved ekstraordinære hendelser og kriser. Vi er på jobb for et trygt Norge. Som en del av politiets viktige samfunnsoppdrag, skal vi forebygge og bekjempe kriminalitet, skape trygghet og ivareta rettssikkerheten. Vi tror at mangfold bidrar til bedre oppgaveløsning, og søker derfor medarbeidere med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidshverdagen, vil vi gjøre vårt beste for å gi deg det du trenger. Dette ser vi etter hos en ny medarbeider Vi søker en engasjert og kunnskapsrik etterforskningsleder med høy yrkesetisk standard. Du har gode evner til å skape positiv samhandling og jobbengasjement, i tillegg til å ha god evne til å være profesjonell i alle faser av arbeidet med skjult etterforskning. Du vil inngå i et sterkt fagmiljø, og det forventes at du bidrar innen utvikling av fagfeltet og avsnittet. Stillingen krever personlig egnethet, fleksibilitet, stor arbeidskapasitet, beslutningsdyktighet, evne til god samhandling og endringsvillighet. Vi stiller høye krav til faglig kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Videre søker vi etter deg som til enhver tid opptrer profesjonelt og fungerer som en god ambassadør for politiet gjennom dine holdninger og handlinger i det daglige arbeidet. Evnen til å være trygg, nærværende, lydhør samt å bygge tillit hos publikum, er avgjørende for suksess i vår organisasjon. I vår vurdering av kandidater er blant annet dette noe vi vil legge vekt på samt evnen til å bidra til et inkluderende og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgaver • politifaglig etterforskningsleder i avvergende skjulte etterforskninger og leder av skjult fase ved proaktive saker • leder av skjulte delprosjekt ved ekstraordinære hendelser, samt delprosjekt knyttet til reaktiv etterforskning hvor det benyttes skjulte metoder • iverksettelse av metodebruk, også utenfor ordinær arbeidstid, herunder inngå i beredskapsordning • gi råd, veiledning, samt koordinere saker hvor skjult metodebruk blir benyttet, eller vurderes benyttet • fremme effektiv og enhetlig samhandling både internt og opp mot øvrige samarbeidspartnere • bidra til å ivareta metodekontroll, metodevern og metodesikkerhet knyttet til skjulte etterforskningsmetoder for hele OPD Kvalifikasjoner Dette må du ha for å være kvalifisert: • bestått grunnutdanningen ved Politi(høg)skolen • bred politifaglig bakgrunn minimum 5 år tjeneste, samt erfaring i å lede etterforskninger av alvorlig kriminalitet • god erfaring med bruk av skjulte etterforskningsmetoder • god resultatoppnåelse i tidligere stillinger • god kunnskap om politiets etterforskningsverktøy knyttet til åpen og skjult etterforskning • god kunnskap om koordinering og formidling av informasjon, både skriftlig og muntlig Det er også ønskelig med: • gode dataferdigheter og med erfaring innen bruk av analyseverktøy • utdanning/kurs innen etterforskningsledelse eller annen relevant tilleggsutdanning • erfaring med internasjonalt politisamarbeid Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste for å kunne ansettes i politiet. Uttømmende og utvidet politiattest skal innhentes og fremlegges før eventuell ansettelse. Ved vurderingen av om du er skikket for tjeneste i politiet, kan det bli innhentet opplysninger om deg fra politiets registre. Det er et krav om at den som ansettes, må kunne sikkerhetsklareres for nivå H - hemmelig. Personlige egenskaper • god evne til å skape motivasjon og samhandling • gode kommunikasjonsferdigheter • analytisk og strukturert • selvstendig, initiativrik og evner å prioritere og jobbe under press Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her. Dette kan vi tilby om du velger oss • Stillingen lønnes som SKO 0287 Politioverbetjent/politifaglig etterforskningsleder med brutto årslønn: kr. 720 000 - 810 000. For særlig kvalifiserte søkere kan høyere lønn vurderes. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger. Les mer her. • Gode arbeidsbetingelser i en hektisk og fleksibel hverdag Mangfold i politiet Dersom du har funksjonsnedsettelse, innvandrerbakgrunn eller hull i CV-en, er det anledning for å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillingen, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det innebærer at minst én søker fra hver av disse gruppene blir innkalt til intervju. Les mer om positiv særbehandling når man søker jobb i staten her. Opplysningene du gir, brukes til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlige virksomheter rapporterer i sine årsrapporter. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søker du Du søker ved å fylle ut CV i Jobbnorges CV-skjema og skrive et kort søknadsbrev. I tillegg må du legge ved relevante vitnemål og attester. Relevante kandidater vil bli kalt inn til intervju. Opplysninger om deg kan bli offentliggjort selv om du har anmodet om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom anmodningen ikke blir tatt til følge, vil du bli varslet om dette.