
Universitetet i Bergen · Bergen
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinst...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Tjenestesenter for lønn, reise og fravær søkjer ein engasjert seniorkonsulent/rådgjevar til faggruppa for reise, stipend og honorar i 100 prosent stilling. Vi ser etter deg som er nysgjerrig, løysingsorientert og oppteken av å levere tenester av høg kvalitet. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø som arbeider med lønn, reiser, refusjonar og honorar for eitt av landets største universitet. Du får høve til å bidra til vidareutviklinga av gode administrative tenester for framtida.
Tjenestesenteret leverer spesialiserte og heilskaplege tenester innan lønn, reiser, fravær og personaladministrasjon til tilsette, studentar og eksterne oppdragstakarar ved Universitetet i Bergen. Tjenestesenteret er ein del av Økonomiavdelinga, som har ansvar for å utforme UiBs økonomiske retningslinjer og sikre god økonomiforvaltning. Avdelinga har ca. 85 medarbeidarar og arbeider med budsjett, innkjøp, lønn, rekneskap, prosjektøkonomi, kvalitetssikring og utvikling av administrative system.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Nyutdanna er velkomne til å søkje.
Vi kan tilby:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonssjef Tone Elin Skaugvold, tlf. 92 49 48 41, e-post: tone.skaugvold@uib.no eller faggruppeleiar Laura Bangu tlf. 55 58 33 62, e-post: laura.bangu@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgASeniorkonsulent Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som seniorkonsulent ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga vil vere knytt til fellesadministrasjonen for Institutt for samanliknande politikk, Institutt for politikk og forvaltning og Sosiologisk institutt, og den som vert tilsett vil utføre oppgåvene sine i tett samarbeid med studiekonsulentane og andre i fellesadministrasjonen. Den utlyste stillinga vil ha eit særleg ansvar for masterprogram og forskarutdanning ved Institutt for politikk og forvaltning og Institutt for samanliknande politikk, samt nokre oppgåver knytt til forskingsadministrasjon. For meir informasjon om fakultetet viser vi til: http://www.uib.no/svf/ Arbeidsoppgåver: • Administrativ støtte til instituttleiinga i saker som vedgår masterprogram, forskarutdanning og forskingsadministrasjon • Legge til rette for den praktiske gjennomføringa av masterutdanninga; frå undervisningsplanlegging til eksamen • Generell studieadministrativ sakshandsaming • Studieadministrativ støtte ved oppretting og gjennomføring av ph.d-kurs • Planlegging og gjennomføring av disputasar • Sekretær for forskingsadministrative utval ved institutta • Andre administrative oppgåver Arbeidsoppgåver knytt til undervisninga ved dei tre institutta justerast jamleg og dei som vert tilsett vil måtte rette seg etter dei retningslinjer som for ein kvar tid gjeld for stillinga. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Søkjar må ha mastergrad. Det er ein føremon med samfunnsvitskaplege fag i fagkretsen. Relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning. • Tidlegare erfaring med undervisning og/eller undervisningsplanlegging • God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. Vi kan tilby: • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt. • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling • Løn som seniorkonsulent, kode 1363, utgjer for tida mellom kr 611 000,- og 630 000,-For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar • Fleksibel arbeidstid Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å kontakte fellesadministrasjonen ved studieleiar Cathrine Bustad Jensen; cathrine.bustad@uib.no eller administrasjonssjef Charlotte Lillefjære-Tertnæs: Charlotte.Lillefjaere@uib.no. Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga». Søknadsfrist: 5. august 2026 Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAOm stillingen: Studieavdelingen ved Universitetet i Bergen (UiB) søker etter en person til en fast 100% stilling som seniorkonsulent/rådgiver innenfor opptak til studier ved Universitetet i Bergen. Stillingen ligger til Seksjon for studieadministrasjon. Den er knyttet til opptaksgruppen. Det er ønskelig med snarlig tiltredelse. Stillingen er primært en operativ stilling rettet mot saksbehandling knyttet til opptak. Studieavdelingen har som mål å levere tjenester av høy kvalitet. Du vil jobbe tett med kollegaer i avdelingen og bidra til stabile, effektive og rasjonelle prosesser for universitetet. Stillingen passer for deg som trives med saksbehandling og koordinering, med tydelige frister, i tillegg til å jobbe langsiktig med forbedringsprosesser. Opptaksgruppen har ansvar for det samordnede opptaket til grunnstudier, opptak til master, til enkeltemner og til etter- og videreutdanning, samt for verifisering av utdanningsdokumentasjon. Gruppen bistår fakultetene med deres opptaksarbeid, og har ansvar for utredning og utvikling innenfor opptaksfeltet. Gjennomføring av studentopptak innebærer planlegging, saksbehandling, søkerveiledning og behandling av tall og data. Opptak har et høyt arbeidspress i sommersesongen, da de største opptakene gjennomføres i perioden mai til august. Arbeidsoppgåver: • Saksbehandle og vurdere søknader til lokale opptak ved UiB • Gi informasjon til og veilede søkere • Betjene henvendelser fra søkere og ansatte ved fakultet og institutt • Holde ved like informasjon på nettsider • Foreslå og gjennomføre utviklingstiltak for ulike opptak • Videreutvikling og effektivisering av driftsprosesser • Annet administrativt arbeid ved behov Arbeidsoppgavene kan endres ved behov. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Til stillingen kreves mastergrad fra universitet eller høgskole. I særlige tilfeller kan lang relevant erfaring eller relevant etter- og videreutdanning kan i noen tilfeller kompensere for utdanningskravet. • God skriftlig og muntlig framstillingsevne på norsk og engelsk • Forståelse for regelverk, rutiner og formelle prosesser • Godt blikk for detaljer • Erfaring fra offentlig forvaltning • God digital kompetanse Egenskaper: • Du samarbeider godt med andre og bidrar til et godt arbeidsmiljø • Du har god rolleforståelse og kommuniserer godt • Du arbeider selvstendig, tar ansvar for egne oppgaver og følger saker helt i mål • Du har evne til å jobbe mot frister og håndterer perioder med stort arbeidspress • Du er stabil, pålitelig og har evne til å prioritere • Du er endringsvillig og har evne til å se forbedringspotensial i arbeidsprosesser • Du arbeider effektivt, strukturert og målrettet Personlig egnethet vil bli tillagt stor vekt. Vi kan tilby: • Varierte og ansvarsfulle arbeidsoppgaver i et faglig sterkt miljø • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) eller rådgiver (kode 1434) i årslønn kr. 642.000 – 720.000,- etter stillingskategori og kvalifikasjoner. For spesielt kvalifiserte søkere kan høyere lønn bli vurdert • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Fleksibel arbeidstid • Gode velferdsordningar Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: gruppeleder kristian.lonning@uib.no, eller direktør Christen.soleim@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvendelse ved behandling av søknader til stillingen. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om stillinga I Vest politidistrikt er det ei ledig stilling som seniorkonsulent ved Felles eining for påtale i Seksjon for Saks- og dokumenthandtering. På seksjonen er vi 35 tilsette som er lokalisert i Bergen, Åsane, Odda og Florø. Medarbeidarane er spreidde i alder og erfaring og arbeider godt saman på tvers av avsnitt og arbeidsoppgåver. Oppgåvene er mange og stiller høge krav til nøyaktigheit, detaljfokus og samtidig effektiv saksbehandling. Vi har behov for deg med god digital kompetanse, interesse for straffesak og som vil vera med å utvikla fagområdet. Stillinga er lokalisert i Florø. Avsnittet i Florø har 7 faste tilsette og 1 vikar. Seksjonen har ansvar for registrering, koordinering og samordning av straffesaker i hovudsak i ferdig etterforska saker og til dels i saker under etterforsking. Vi følgjer straffesaka frå anmeldelse til registrering av rettskraftig dom. Seksjonen samarbeider tett med ulike partar i straffesaksarbeidet; statsadvokaten, domstol, forsvarer, rettsmedisinsk, kriminalomsorga, andre offentlege etatar og aktuelle partar. Som seniorkonsulent hos oss vil du få høve til å jobba med varierte oppgåver. Stillinga gir deg høve til å utvikla deg fagleg, samtidig som du får jobba tett med kollegaer i eit spennande og mangfaldig fagfelt. Du vil få eit unikt høve til å jobba med ulike arbeidsprosessar i straffesakskjeda, og til å bidra til det viktige samfunnsoppdraget til politiet. Seksjonen er midt i ei omorganisering der vi skal justera oss frå 4 til 3 avsnitt. Det vil medføra nokre endringar med tanke på kva arbeidsoppgåver som skal høyra til under dei nye avsnitta. Dette er under utarbeiding p.d.d. og meir informasjon vil bli gitt under intervju. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggja og nedkjempa kriminalitet, skapa tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gje deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter ein effektiv og sjølvstendig medarbeidar som ønskjer ein interessant og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø. Vi stiller høge krav til motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi deg som til kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom haldningane dine og handlingar i det daglege arbeidet. I vår vurdering av kandidat er mellom anna dette noko me vil leggja vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver • Dokumentføre straffesakspost • Registrere nye politimeldingar • Saksbehandling i samarbeid med politiadvokat, etterforskar og andre kolleger • Bistå seksjonen og driftseininga med innsamling, oppsummering og analyse av data. • Samarbeid med ulike partar i straffesaksarbeidet; statsadvokat, domstol, forsvarer, rettsmedisinsk, kriminalomsorga, andre offentlige etater og aktuelle partar • Bidra til å sikra kvalitet i saksbehandlinga og effektiv kommunikasjon • Behandling av digitale mediefiler • Rådgivning og rettleiing til publikum • Kontakt med partar i saker over telefon og med fysisk oppmøte • Delta i arbeid med forbetring og utvikling av seksjonen • Kvalitetssikring • Andre oppgåver pålagde av overordnet Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vera kvalifisert: • Minimums tre års utdanning på høgskule- eller universitetsnivå (gjerne innan teknologi, IT, digitalisering eller liknande) og relevant erfaring • Relevant arbeidserfaring i minimum 5 år kan erstatte kravet til utdanning • Ferdigheiter og kunnskap innen digital kompetanse • God munnleg og skriftleg framstillingsevne Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju. Det er også ønskjelig med: • Relevant fagkompetanse • Interesse for og/eller kunnskap innan KI • Erfaring med Microsoft 365 • Relevant erfaring fra saksbehandling innan offentlig forvaltning • God kunnskap om straffesaksbehandling er en fordel • Kjennskap til datasystema til politiet Personlege eigenskapar • Sjølvstendig, fleksibel og løysingsorientert • Nøyaktig og oppteke av kvalitet • Stor arbeidskapasitet • Liker å jobba sjølvstendig og i samarbeid med andre • Gode samarbeidseigenskapar og bidra til eit godt arbeidsmiljø I utvelginga blir det lagt vekt på personlege eigenskaper, også sett i sammanheng med teamsammensetning ved seksjonen. Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, der du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjena våre og medarbeidarplattforma her. Dette kan vi tilby om du vel oss • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med å forme framtidas politi • Stillinga blir lønna som seniorkonsulent (stillingskode 1363) med årslønn frå kr. 600.000,-. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir her. • Gode arbeidsvilkår (t.d. fleksibel arbeidstid, sommartid og trening i arbeidstida ol.) Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gjev, blir brukt til å utarbeida anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar på i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skriva ein kort søknad. I tillegg må du leggja ved relevante vitnemål og attestar. Relevante søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.