
Universitetet i Bergen · Bergen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfun...
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Det medisinske fakultet er det ledig åtte (8) opne stipendiatstillingar med oppstart frå februar 2027. Stipendiatar vert tilsett i 100 % stilling for ein periode på tre (3), eller til maksimalt fire (4) månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før tre (3) år.
Desse stillingane er opne for søkjarar som har mastergrad som er relevant for fakultetet sine forskingsområde.
Stillingane vil verte knytte opp mot det instituttet som det er naturleg at prosjekta høyrer inn under.
Denne utlysinga gjeld stillingar knytte til forskingsprosjekt ved:
– Institutt for biomedisin (IBM)
– Klinisk institutt 2 (K2)
– Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)
– Klinisk institutt 1 (K1)
Stillingane er kvoterte for søkjarar med bestått cand.med. og master i odontologi samt fullført forskarlina under studiet. Det er eit vilkår at du startar i stipendiatstillinga direkte etter studiet.
Dei som vert uteksaminert hausten 2026 startar i stillinga 1. februar 2027. Dei som vert uteksaminert våren 2027 startar i stillinga 1. september 2027.
Dei som får dei øyremerkte stillingane vert tilsette i 100 % stilling i ein periode på tre (3) år, med fråtrekk av tid for gjennomført opplæringsdel i ph.d.-programmet, eller til seinast fire (4) månader etter at stillingsperioden er ute eller etter fullført doktorgrad. Dei som får stillingane pliktar å arbeide i inntil 20 timar årleg ved forskarlina. Dette arbeidet er knytt til rekruttering, informasjonsarbeid og liknande, etter avtale med leiinga ved forskarlina.
Retningslinjer for vurdering av kandidat, prosjekt og forskingsmiljø finn du her.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Stilling som stipendiat har som mål at kandidaten skal fullføre forskarutdanning fram til doktorgrad. Stipendiaten skal gjennomgå eit godkjend opplegg, fastlagt i fakultetet sitt ph.d.-program, innafor den fastlagde tidsramma. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre (3) månader etter start i stillinga.
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn éin åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje verte tilsett i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. På ph.d.-utdanninga er undervisningsspråket engelsk. God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav.
Særlege krav til stillinga
Regelverket for eksportkontroll gjeld for Universitetet i Bergen. Regelverket vil liggje til grunn i handsaminga av søknadane.
Vi tilbyr:
Søknaden skal innehalde føljande vedlegg, nummererte som vist under:
Merk at kursa rettleiarkurs og Behandling av personopplysninger i medisinsk og helsefaglig forskning er obligatoriske for alle rettleiarar og mentorar ved Det medisinske fakultet og må være gjennomført før opptak til ph.d.-programmet.
Hovudrettleiar må ha hovudstilling (minst 50% stillingsstorleik) ved Det medisinske fakultet. Unntak kan verte gjort for personar som har bistilling ved fakultetet og hovudstilling i helseføretak i Helse Vest, i NORCE eller i primærhelsetenesta på Vestlandet.
Hovudrettleiar må vere tilsett ved fakultetet i heile stipendperioden. Unntaksvis kan det gjerast fråvik frå regelen om tilsetjing i heile perioden, men då må ein gjere greie for korleis rettleiinga skal ivaretakast av ein annan person tilsett ved fakultetet. En person kan ikkje være hovudrettleiar på søknadstidpunktet dersom han/ho vert pensjonert (inkludert emeritus) i løpet av stipendperioden.
Berre éin søknad frå kvar hovudrettleiar vil verte evaluert.
Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte oss på fellesutlysning ved Det medisinske fakultet
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” AIRE, IL-12 and interferon-g; Drivers of immune tolerance and T cell function” ”, finansiert av NFR. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: • Prosjektet tar utgangspunkt i korleis AIRE, IL‑12 og IFN‑γ samarbeider for å etablere immunologisk toleranse i tymus, og korleis svikt i disse mekanismane kan føre til autoimmune sjukdommar. AIRE‑mutasjonar gir alvorleg autoimmunitet, og både musemodellar og pasientdata viser forstyrringar i IL‑12/IFN‑γ‑signalering. Prosjektet søker å forstå korleis disse faktorane påverkar tymus, T‑celleutvikling og immuntoleranse, og undersøker om målretta modulering av IL‑12/IFN‑γ‑aksen kan gjenopprette immunbalanse. Dette kombinerer grunnforsking, genetikk og translasjonell immunologi. • Stillinga inneber arbeid med avanserte musemodellar, inkludert en ny kombinert AIRE‑ og IL‑12‑defisient modell for å studere autoimmunitet. Du vil utføre analyser av tymus, T‑celler og perifere immunceller ved hjelp av flowcytometri, single‑cell RNA‑sekvensering og CODEX‑basert vevsavbildning. Arbeidet inkluderer også funksjonell karakterisering av genetiske variantar identifisert i pasientkohortar, samt testing av immunmodulerande legemidlar som påverkar IL‑12/IFN‑γ‑signalering. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarende innen feltet molekylærbiologi, immunologi, cellebiologi eller biomedisin eller tilsvarende. • Kandidaten må ha dokumentert laboratorieerfaring frå eit molekylærbiologisk laboratorium. • Erfaring med relevante eksperimentelle metodar som flowcytometri, immunologiske analysar eller kvantitativ PCR vil bli vurdert som positivt. • Interesse for eller erfaring med dyreforsøk vil bli vurdert som positivt • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt • Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner, • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt • God skriftleg og munnleg engelsk, sjå dokumentasjonskrav Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga. For stillinga gjeldt følgande: Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB Sjå krav om engelsk-kunnskapar: http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet Forskarutdanning (Ph.d.-programmet): Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagde arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga. Stipendiatstilling: Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk Vi tilbyr: • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø • Løn for tida kr 600 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 615 000 (For søkjarar som er autorisert som lege eller tannlege, må dokumentasjon på norsk autorisasjon leggjast ved søknaden). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 635 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet.) • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar • Søkjarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til • Eventuelle publikasjonar (pdf) • To referansar (namn og kontaktinformasjon) Generell informasjon: Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte Bergithe E. Oftedal, e-post: bergithe.oftedal@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat ved Sosiologisk institutt. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er karrierefremmande arbeid som skal utførast ved instituttet. Arbeidsstad for denne stillinga er i Bergen. Sosiologisk institutt høyrer til Det samfunnsvitskaplege fakultetet og er del av eit stort samfunnsvitskapleg miljø som og omfattar samarbeid med andre sosiologimiljø nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har eit omfattande undervisningsansvar som inkluderer eit årsstudium, eit bachelor- og masterprogram og eit lektorprogram i samfunnsfag. Arbeidet ved instituttet bygger på lange forskingstradisjonar og representerer i dag ein brei forskingsprofil, mellom anna forsking om velferd, ungdom, familie, livsløp, mobilitet, ulikskap, migrasjon, kjønn, klasse, elitar, og utdanning. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Ein mastergrad i eit samfunnsvitskapleg fag. Mastergrad i sosiologi er ein fordel. Graden må vere avlagt innan fristen for søknaden. • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap. • Kunne arbeide sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking • Motivasjon for å undervise i emna våre, både på BA og MA nivå • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagd. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. • Det er ein fordel om prosjektet er tydeleg knytt til noko av forskinga som går føre seg ved instituttet. Søkjarane vert bedne om å orientere seg om forskingsprofilen ved instituttet i utforminga av prosjektet: http://www.uib.no/sosio/38157/forskningsprofil • Arbeidsstad for denne stillinga er Bergen, og arbeidet krev at du er fysisk til stades ved instituttet dagleg. Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju. Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk. For stillinga gjeld følgande: Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til. Vi tilbyr: • Stilling som stipendiat (kode 1017) med årsløn kr. 593 700, - brutto. Automatisk lønsutvikling for opptil 4 år med 3% årleg stiging. • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Prosjektet: Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider inkludert litteraturliste) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Fakultetet har utarbeida ei rettleiing for skriving av prosjektskildringa. Søknaden skal innehalde: • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve • Prosjektskildring • CV • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad • Relevante attestar • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste) • Eventuelle publikasjonar • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknadsfrist 31. august 2026. Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering. Generell informasjon: Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar: Katharina Sass – katharina.sass@uib.no Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – rådgjevar Gudrun Horvei – gudrun.horvei@uib.no Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til seniorrådgjevar Elina Troscenko – elina.troscenko@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat ved Institutt for Sosialantropologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er karrierefremjande arbeid som skal utførast ved instituttet. Institutt for Sosialantropologi er eit av dei største sosialantropologiske fagmiljøa i Europa, med ei brei orientering både etnografisk og tematisk. For tida har 17 fast vitskapeleg tilsette, 5 postdoktorar og 25 ph.d.-stipendiatar. Tilsette og stipendiatar driv etnografisk forsking i dei fleste delar av verda, og er heim for fleire større forskingsprosjekt. Instituttet gir undervisning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Instituttet er aktiv i faglege diskusjonar og offentleg formidling, for eksempel gjennom månadlege fagseminar med internasjonale gjesteforskarar, og arrangerer Fredrik Barth-forelesninga annakvart år (sjå Fredrik Barth-forelesningen UiB). For vidare detaljar viser vi til instituttet sine nettsider: http://www.uib.no/antro. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Mastergrad i sosialantropologi eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Graden må vere avlagt innan fristen for søknaden. • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap. • Søkjarar må kunne bidra i undervisnings- og formidlingsaktivitet på norsk eller eit anna skandinavisk språk. • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. • Søkjarar må kunne vise fagleg sjølvstende, evne til å planlegge og strukturere forskings- og undervisningsarbeide, og evne til å jobbe godt saman med andre. • Motivasjon for å bidra til instituttet si undervisning og faglege utvikling, samt erfaring med undervisning, undervisningsassistanse på universitets- eller høgskulenivå og fagformidling, vil òg bli positivt vektlagd. • Stillingas arbeidsstad er Bergen og kandidaten forventast å vera til stade ved Institutt for Sosialantropologi dagleg (med unntak av periodar med feltarbeid eller godkjend forskingsverksemd). Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju. Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk. For stillinga gjeld følgande: Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. . Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til. Vi tilbyr: • Stilling som stipendiat (kode 1017) med brutto årsløn kr. 593 700, -. Automatisk lønsutvikling for opptil 4 år med 3% årleg stiging. • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Prosjektet: Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider pluss referanseliste) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Prosjekt som komplementerer den eksisterande tematiske og regionale kompetansen i fagmiljøet og styrker den faglege profilen som eit bredt generalistinstitutt vil prioriterast. Fakultetet har utarbeida ei rettleiing for skriving av prosjektskildringa. Søknaden skal innehalde: • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • Prosjektskildring. • CV. • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. • Relevante attestar. • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste). • Eventuelle publikasjonar. • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd. Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknadsfrist: 15. September 2026. Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering. Generell informasjon: Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar: Geir Henning Presterudstuen, geir.presterudstuen@uib.no. Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – rådgjevar Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no. Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar Elina Troscenko, elina.troscenko@uib.no. Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5