
Høgskulen på Vestlandet · Bergen
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stlling som stipendiat innan forskingsprosjektet Singing Maps: developing online music communities to support...
Stillinga inngår i Institutt for kunstfag, campus Bergen. Det er ønskjeleg at stipendiaten startar i stillinga innan 1. oktober 2026, men seinare oppstart er også mogleg.
Forskingsprosjektet Singing maps er eit 4 årig (2025-2029) forskingsprojekt finansiert av Forskningsrådet som skal bygge kunnskap om og utvide deltaking av samiske ungdommar i samiske musikaliske tradisjonar. Singing Maps undersøker sentrale spørsmål rundt kulturell berekraft og urfolks resiliens som tradisjon og fornying, eigarskap og ansvar, og kulturell identitet i samisk kontekst. I samarbeid med kulturberarar frå heile Norden og eit breitt internasjonalt nettverk av høgare utdanningsinstitusjonar, vil denne studien gi eit empirisk grunnlag for betre å forstå korleis urfolksmusikk har blitt til og effektivt kan delast med unge menneske. Desse perspektiva vil danne grunnlaget for utvikling og implementering av eit første i sitt slag nettbasert musikklæringsfellesskap for bruk i vidaregåande opplæring i Norge, Finland og Sverige. Slik vil dette prosjektet bidra til å engasjere samiske ungdommar i levande musikalske miljø, styrke kulturell resiliens og sikre ei berekraftig samisk stemme i nordisk samfunn.
Stipendiatstillinga vil vere knytt til Singing Maps-prosjektet med ei musikkpedagogisk forskingsinnretting, og vil særskilt koplast til forsking på Sámiske vokale tradisjonar og kandidaten si eiga kunstnarleg verksemd og identitet. Stipendiaten vil leie ein sjølvstendig forskingsstudie som brukar kunstnarleg utviklingsarbeid/autoetnografiske metodar med ei problemstilling som undersøker på kva måtar overgangsritualet frå lærling til kulturberar kan opplevast og forståast gjennom moderne kunstnarleg praksis og kunstnarleg utviklingsarbeid. Resultatat frå studien vil kaste lys over emne som er relevante for dei sentrale kjerneføremåla i Singing Maps, som til dømes notids og historisk samisk vokalmusikkpraksis, generasjonsoverføring av vokale tradisjonar, Samisk kulturell og kunstnarleg identitet, og tradisjon og fornying i samisk musikkutøving. Ph.d.-prosjektet kan gjerne innrettast mot eitt eller fleire av følgjande forskigsspørsmål, eventuelt liknande problemstillingar: a) kva kjenneteiknar samisk læringspraksis i tradisjonell sang og joik i ulike generasjonar? b) korleis kjønnsroller vert definerte, utforma og utfordra innanfor samisk vokalmusikklæring og framføringspraksis c) korleis overgangsritual frå elev til kulturberar i samiske vokaltradisjonar vert ramma inn og opplevd av unge menn og kvinner, og d) kva aspekt ved desse læringspraksisane kan vere utfordrande i formell og virtuell musikkundervisning.
Prosjektgruppa i Singing Maps vil kunne gje stipendiaten eit rikt forskingsmiljø på fleire måtar. Kandidaten vil få eit stipendiatmiljø med andre som skriv doktor- eller mastergrad innafor tangerande tema. Kandidaten vil møte mange forskarar med doktorgrad, både frå HVL og dei andre samarbeidsinstitusjonane, som kan støtte opp om doktorgradsarbeidet. Singing Maps har eit omfattande nettverk og samarbeider med Sámisk kulturinstitusjonar i Norden som kan støtte førestillingar og formidling av stipendiaten sine kunstnarlege produksjonar, utvikla innanfor prosjektet. Dei internasjonale forskarane i Singing Maps kan gi kandidaten mulighet for internasjonalt forskingssamarbeid og mobilitet over heile den nordisk regionen og andre land som Kina, Canada, Aotearoa New Zealand, og Australia. Stipendtiaten vil få høve at delta og presentere forskinga si på store internasjonale konferansar både sjølv og saman med andre forskarar i Signing Maps.
Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-grad innan ei tidsramme på 3 år. «Føresetnaden er at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktisk praksisar» ved HVL. Dette er eit forskarutdanningsprogram som har som mål å fremje vitskapleg arbeid og forsking innanfor utdannings- og opplæringssektoren, kultursektoren og andre sektorar som krev spesiell vitskapleg innsikt i samanhengar mellom danning og didaktisk og pedagogisk praksis.
I tillegg til å gjennomføre eige prosjekt skal stipendiaten gjennomføre obligatorisk del i doktorgradsprogrammet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved FLKI, delta i stipendiatforumet ved FLKI og bidra aktivt i forskargruppa Singing Maps.
Stipendiaten skal samarbeide med andre medlemmer av Signing Maps-teamet, inkludert seniorforskarar, tradisjonsberarar og andre doktorgrads- og masterstudentar for å utvikle vitskaplege publikasjonar, seminar, konferansepresentasjonar, populærvitskaplege publikasjonar og pedagogisk/digitalt arkivmateriale.
Søkjar må ha mastergrad i musikkutøving, musikkpedagogikk eller anna relevant fagområde som til dømes etnomusikologi, musikkvitskap, undervisningsvitskap eller pedagogikk. Kandidaten skal lede ein etablert kunstnarleg praksis med tilknyting til samisk musikk. Det er meriterande om ansøkaren har verifierad samisk kulturell kompetens.
Det er ein fordel om søkjar har gode munnlege og skriftlege kunnskapar i norsk eller anna skandinavisk språk. Flytande munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk er eit krav for stillinga.
Søkjar må legge ved ei prosjektskisse på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema, problemstilling og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt. Denne prosjektskildringa blir brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli utforma i samråd med rettleiar.
Stipendiatar som blir tilsett må bli tekne opp i doktorgradsprogrammet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved FLKI. Det er ein føresetnad at kandidaten fyller krava for opptak til phd-studiet. Normalt tek programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergraden. Vitskapleg produksjon kan bli vektlagt. Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein HER. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teken opp på ph.d.-programmet. Nærare informasjon om korleis ein søkjer opptak til ph.d.-programmet finn ein HER.
Stipendiaten skal inngå i eit opplæringsprogram for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen.
Den som blir tilsett må vere nytenkjande, ha god gjennomføringsevne og kunne arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.
Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgåva/hovedfagsoppgåva og inntil 5 vitskaplege arbeid som de ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektskildring, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.
Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Tilsatt under forutsetning av at du får innvilget arbeids- og oppholdstillatelse (må vurderes individuelt).
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til bruk i behandlinga av søknadane.
1) Instituttleder for kunstfag, Hege Gjerde Sviggum, Hege.Gjerde.Sviggum@hvl.no
2) Førsteamanuensis David Johnson, David.Johnson@hvl.no
Les meir på våre heimesider.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” AIRE, IL-12 and interferon-g; Drivers of immune tolerance and T cell function” ”, finansiert av NFR. Om prosjektet/arbeidsoppgåver: • Prosjektet tar utgangspunkt i korleis AIRE, IL‑12 og IFN‑γ samarbeider for å etablere immunologisk toleranse i tymus, og korleis svikt i disse mekanismane kan føre til autoimmune sjukdommar. AIRE‑mutasjonar gir alvorleg autoimmunitet, og både musemodellar og pasientdata viser forstyrringar i IL‑12/IFN‑γ‑signalering. Prosjektet søker å forstå korleis disse faktorane påverkar tymus, T‑celleutvikling og immuntoleranse, og undersøker om målretta modulering av IL‑12/IFN‑γ‑aksen kan gjenopprette immunbalanse. Dette kombinerer grunnforsking, genetikk og translasjonell immunologi. • Stillinga inneber arbeid med avanserte musemodellar, inkludert en ny kombinert AIRE‑ og IL‑12‑defisient modell for å studere autoimmunitet. Du vil utføre analyser av tymus, T‑celler og perifere immunceller ved hjelp av flowcytometri, single‑cell RNA‑sekvensering og CODEX‑basert vevsavbildning. Arbeidet inkluderer også funksjonell karakterisering av genetiske variantar identifisert i pasientkohortar, samt testing av immunmodulerande legemidlar som påverkar IL‑12/IFN‑γ‑signalering. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarende innen feltet molekylærbiologi, immunologi, cellebiologi eller biomedisin eller tilsvarende. • Kandidaten må ha dokumentert laboratorieerfaring frå eit molekylærbiologisk laboratorium. • Erfaring med relevante eksperimentelle metodar som flowcytometri, immunologiske analysar eller kvantitativ PCR vil bli vurdert som positivt. • Interesse for eller erfaring med dyreforsøk vil bli vurdert som positivt • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt • Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner, • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt • God skriftleg og munnleg engelsk, sjå dokumentasjonskrav Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga. For stillinga gjeldt følgande: Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB Sjå krav om engelsk-kunnskapar: http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet Forskarutdanning (Ph.d.-programmet): Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagde arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga. Stipendiatstilling: Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk Vi tilbyr: • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø • Løn for tida kr 600 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 615 000 (For søkjarar som er autorisert som lege eller tannlege, må dokumentasjon på norsk autorisasjon leggjast ved søknaden). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 635 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet.) • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar • Søkjarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til • Eventuelle publikasjonar (pdf) • To referansar (namn og kontaktinformasjon) Generell informasjon: Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte Bergithe E. Oftedal, e-post: bergithe.oftedal@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat Ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stilling som stipendiat i barnevernsarbeid. Åremålet er på fire år. Stillinga er finansiert av UiB og vil i utgangspunktet vere knytt til forskningsgruppa Barnevern, likeverd og inkludering (BLI). Oppstart i stillinga er seinast januar 2027. HEMIL er eit tverrfagleg institutt som driv forsking og masterprogram på fagfelta barnevernsarbeid, helsefremjande arbeid og global utvikling. Instituttet er en del av Alrek Helseklynge ved Universitetet i Bergen (uib.no): Alrek helseklynge Om prosjektet/arbeidsoppgåver: Forskingsprosjektet skal generere kunnskap som kan vere av betydning for velferda til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar. Relevans kan vere teoretisk, empirisk og/eller metodologisk. Prosjektet kan vere grunnforsking og treng ikkje vere anvendt forsking. Prosjektet skal byggje på kvalitative metodar og må liggje innanfor eitt eller fleire av følgjande tematiske område: • Problemstillingar knytt til mangfald, likeverd, inkludering og tilhøyrsel, til dømes relatert til kulturell og sosial bakgrunn, migrasjon, språk, funksjonsvariasjonar, kjønn, seksuell orientering og/eller andre minoritetsposisjonar. • Tema knytt til inkluderings- og ekskluderingsmekanismar og -prosessar av betydning for velferda til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar. • Tema knytt til tenesteutvikling/innovasjon som kan ha betydning for velferda til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar. Tenesteutvikling/innovasjon kan til dømes vere knytt til velferdsinstansar som barneverntenesta, eller sivilsamfunnsaktivitet. Prosjektet må kvalifisere stipendiaten for opptak til fakultetet si organiserte forskarutdanning. Tilsetjing vil bli gjort på grunnlag av tidlegare utdanningsbakgrunn og akademiske arbeid, samt kvalitet og relevans av søknadsbrev og prosjektskildring. Prosjektskildring skal vere på maks. 5 sider. Forskingsprosjektet til kandidaten skal utviklast og gjennomførast i samråd med minst ein hovudrettleiar frå instituttet. Moglege hovudettleiarar for prosjektet er førsteamanuensis Raquel Herrero-Arias og førsteamanuensis Lill Susann Ynnesdal Haugen. Prosjektet kan vere sjølvstendig eller knytt til rettleiaranes pågåande forsking. Det er ein føresetnad for søknad at søkjar tek tidleg kontakt med ein av dei moglege hovudrettleiarane for å drøfte prosjektidé og fagleg forankring. Endeleg organisering av rettleiarar avklarast ved tilsetjing. Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Søkjarar må på søknadstidspunktet ha mastergrad i barnevern/barnevernsarbeid, sosialt arbeid, psykologi eller annan relevant samfunnsvitskapleg mastergrad. Det er normalt krav om karakteren B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga. • Arbeidserfaring frå barnevernfeltet vil bli tillagt vekt. Anna arbeidserfaring knytt til unge og familiar i utsette livssituasjonar er òg relevant. • Det er ei føremon å kunne dokumentere gode forskareigenskapar og/eller kunnskap relatert til prosjektskildringa, til dømes gjennom masteroppgåva og/eller anna forsking/publikasjonar. • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. Personlege eigenskapar, ambisjonar og potensial vil bli lagt vekt på. • Søkjarar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne både på norsk og engelsk. For stillinga gjeldt følgande: Om stipendiatstillinga: Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremjande arbeid (undervising, rettleiing, sensur, m.m.) som skal bidra til at du kvalifiserer deg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Det karrierefremjande arbeidet innan undervisning vil vere knytt til Masterprogrammet i barnevernsarbeid og Masterprogrammet i global development theory and practice. Du kan ikkje tidlegare ha vore tilsett i ein åremålsperiode som stipendiat ved Universitetet i Bergen. UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Dersom UiB ikkje har mottatt svar på søknad om eksportlisens innan 6-12 veker, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting annullerast. Om ph.d.-utdanninga: Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet. Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her. Vi tilbyr: Vi tilbyr: • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø • Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 593 700 i full stilling. Stillinga gjev automatisk lønsutvikling i inntil fire år med 3% årleg stiging. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: • Søknadsbrev med ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga • Prosjektskildring (maks. 5 sider, referanseliste kjem i tillegg) • CV • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande • Stadfesting frå forskningsgruppe og ph.d-rettleiar • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) • Relevante attestar • Publikasjonsliste og eventuelle andre faglege arbeid • Utval av maks 3 vitskapelege publikasjonar, rapportar eller andre faglege arbeider innan forsking og utviklingsaktivitet (FoU) (PDF-format) Vedlegg må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk (attesterte omsetjingar ved behov). Det er søkjaren sitt ansvar å sikre at alle nødvendige dokument er lasta opp innan fristen. Viktig: Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved stadfesting frå HK-dir (tidlegare NOKUT) på at utdanninga er vurdert som tilsvarande ein norsk mastergrad. Alternativt kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir som stadfestar at dei har motteke søknaden din. Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: instituttleiar: Professor Ellen Haug Spørsmål om prosjektet, prosjektskildringa og fagleg forankring kan rettast til moglege hovudrettleiar: Førsteamanuensis Raquel Herrero-Arias, Raquel.Arias@uib.no Førsteamanuensis Lill Susann Ynnesdal Haugen, lill.s.haugen@uib.no Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Livet som phd. Kandidat ved UiB Veien til doktorgrad! Podkast om doktorgradsprosessen i barnevern av Nawar Sayyad. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat i Henrik Ibsens forfattarskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i Henrik Ibsens forfattarskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Planlagd oppstart er 01.01.2027 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Stillinga opnar for søknadar om prosjekt om Henrik Ibsens forfattarskap. Prosjektet skal munne ut i ei doktorgrad i anten teatervitskap, nordisk litteraturvitskap eller allmenn litteraturvitskap. Prosjektet skal vere plassert med omsyn til fagområde. I stillinga får du ein unik moglegheit til å utvikle deg innan fagfeltet, bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø. Om instituttet: Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studiar har kring 80 vitskapleg tilsette, 20 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og 15 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Instituttet er òg stolt vertskap for to senter, Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg. Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga: Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse. Stillinga har ein samla periode på fire år: • 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet. • 1 år er sett av til karrierefremjande arbeid innan undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga vert avtalt ved tilsetjing. • Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden. Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: Søkjaren må ha: • Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan allmenn litteraturvitskap, nordisk litteraturvitskap, eller teatervitskap. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. • Det er ein føresetnad at søkjarar kan arbeide med Henrik Ibsens verk på originalspråket. • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, kombinert med gode samarbeidsevner. Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå Ph.d.-programmets pkt. 2.1. Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, saman med ein framdriftsplan for prosjektet. Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og personleg eignaheit. Hos oss får du: • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. • Høve til å byggje sterke faglege nettverk. • Ein trygg og fleksibel arbeidskvardag med gode velferdsordningar. • Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur. • Løn som stipendiat (stillingskode 1017), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 593 700 i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån. Slik søkjer du stillinga: Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande: • Under «Søknadstekst»: Skriv ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga. • Under «CV», oppgi: • Personalia. • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som separat dokument dersom ønskjeleg (publikasjonsliste). • Språkferdigheiter. • Minst to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren for masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. • Under «Vedlegg» skal du laste følgjande opp som separate dokument: • Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa. • Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til karrierefremjande arbeid og opplæringsdelen i ph.d.-programmet. • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, skal dei lastast opp som vanlege filer. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje kjem fram av karakterutskrifta eller vitnemålet, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som opplyser om oppgåva sitt omfang i ECTS. • Kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider). • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste). • Inntil tre fullstendige faglege publikasjonar kan leggjast ved dersom aktuelt. • Relevante attestar som støttar opp under dine kvalifikasjonar, ferdigheiter, erfaringar eller eigenskapar. Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg. Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon. Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her. Formelle reguleringar: • Kandidatar som tidlegare har hatt stipendiatstilling ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje stillinga. • Tilsetjingsperioden kan bli redusert for kandidatar som tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon. • Kandidatar som allereie har doktorgrad på fagområde som overlappar med utlysinga vil ikkje bli vurdert. • Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer. Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Anders Fagerjord på telefon 55 58 36 53 eller e-post: anders.fagerjord@uib.no Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivtsærbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Livet som ph.d.-kandidat ved UiB Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5