
Stend Vgs · Bergen
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med red...
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak
100% mellombels stilling med praktisk og teoretisk undervisning i programområde VG1 og VG2 naturbruk. Undervisninga vil være knytt til klassar med fokus på anleggsgartnararbeid som m.a. planter, stein og maskin- og reiskapsbruk.
Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om praksis i bedrifter for elevane.
Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse i det ein skal undervise i.
Fagbrev innan anleggsgartnarfaget er eit ønske, men ikkje eit krav.
Dokumentert opplæring innan reiskapsbruk og sertifikat på maskiner som traktor, gravemaskin og/eller hjullaster er ønskeleg.
Relevant erfaring kan vege opp for manglande teoretisk kompetanse
Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald.
Du har gode ferdigheter innan relasjonsbygging
Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning.
Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre i laget rundt eleven.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Vi tilbyr
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
KontaktinformasjonTorbjørn Litlere, avdelingsleiar, 40488885
ArbeidsstadFanavegen 249
5244 Fana
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5147284700
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 27.07.2026
Dersom du har lærarerfaring, eller kan tenke å prøve deg som lærar inviterer vi deg til å søke på denne utlysinga. Dette gjeld deg som har relevant utdanning innan eitt av dei yrkesfaglege programområda våre, eller utdanning relevant for undervisning i fellesfaga Arbeidsoppgåver Borgund vgs, er fylkest største yrkesfaglege skole med omlag 950 elever og 240 tilsette. Vi søker nå personar som skal være: Undervisning eller støtte i klasserom, verkstader eller andre læringsarenaer i programfag eller fellesfag som engelsk, norsk, samfunnsfag, naturfag, kroppsøving eller matematikk. Våre programområder er: • Bygg- og anleggsteknikk • Elektro og datateknologi • Frisør, Blomster, Interiør og eksponeringsdesign • Helse- og oppvekstfag • Håndverk, Design og produktutvikling • Restaurant- og matfag • Teknologi- og industrifag Kvalifikasjonar Vi ser etter personar som er engasjerte og glade i ungdommar. Har ei utdanning og ein bakgrunn som er relevant i høve eitt eller fleire områda/faga skulen tilbyr. Å ta oppdrag som vikar kan kanskje passe deg som er i deltidsjobb, er deltidsstudent, jobbar turnus eller er i ein livssituasjon der du har høve til meir kortvarige oppdrag. Skulen er også interessert i å kome i kontakt med til dømes pensjonerte lærarar eller andre med relevant bakgrunn, som kan tenke seg å ta oppdrag hos oss. Utlysingsteksten har lang søknadsfrist, men vi registrerer fortløpande innkomne søknader og tar kontakt med deg dersom oppdrag blir aktuelle. Personlege eigenskapar Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på ungdom, som er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell. • Du må like å arbeide med ungdom. • Du har eit stort engasjement for faget ditt. • Du bidreg til elevane si faglege og sosiale utvikling. • Du har ein inkluderande veremåte. • Du er fleksibel og ser moglegheiter. • Du likar godt å samarbeide. • Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre du samarbeider med. Vi tilbyr • en utfordrende stilling i et arbeidsmiljø kjennetegnet av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø • veiledning for nytilsatt pedagogisk personale • god tilgang til faglige nettverk og faglig utvikling • offentlig pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring • lønns- og arbeidsvilkår i henhold til lov- og avtaleverk KontaktinformasjonMarita Klokk, Avd. leiar Vg1 Helse- og oppvekstfag / Vg2 Helsearbeidarfag, 93600544 Julianne Synes Vågsholm, Avd. leiar DT/FBIE Design og handverk, 97954561 Eivind Steinsvik, Avd. leiar Elektro- og Datateknologi, 41360763 Gunn Slemmen, Avd. leiar Vg2 / Vg3 Helse- og oppvekstfag, 90113826 Kenneth Sperre Martinsen, Avd. leiar Teknologi og industrifag, 91632524 Marte Brandsegg, Avd. leiar Bygg- og anleggsteknikk, 93420553 Sissel Brennholm, Avd. leiar Restaurant- og matfag, Kantine, 93202318 Geir Sandal, Avd. leiar YO Yrkesopplæring utan fagbrev, 91812495 Trine Krohn-Dale, Avd. leiar ATO avdeling for tilrettelagt opplæring, 45488082 Wenche Muren, Avd. leiar Ressurssenter nordre Sunnmøre, 99597673 Jørgen Ljoså, Ass.rektor/Saksbehandler, 92862930 Roger Fylling, rektor, +47 93441678 ArbeidsstadYrkesskolevegen 20 6011 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5139079795 Stillingsprosent: 100% Engasjement Søknadsfrist: 31.03.2027
Om stillinga Osterøy kommune har ein kommunal ungdomsskule som ligg på Hatland, like ved kommunesenteret i Lonevåg. Osterøy ungdomsskule har kontinuerleg behov for trygge og stabile vaksne for å sikre at elevane får ein trygg, god og kjekk skulekvardag. Ved å søkje på denne stillinga søkjer du som tilkallingsvikar ved Osterøy ungdomsskule for skuleåret 2026/27 Ønskjer du å søkje som tilkallingsvikar ved barneskulane våre, er det ei eiga utlysing for dette. Arbeidet kan bestå av både undervisning og arbeid som pedagogisk medarbeidar i skule. Har du særleg kompetanse eller erfaring frå arbeid i skule ønskjer vi gjerne at du gjer greie for dette i søknaden din. Vi vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar etter kvart som behovet for vikar oppstår. Om du ikkje lenger ønskjer å stå på lista som tilkallingsvikar ber vi om at du trekkjer søknaden din eller gjer oss melding om at du ikkje lenger er tilgjengeleg. Velkomen som jobbsøkjar i Osterøyskulen! Me gler oss til å bli kjent med deg! Ønskja kompetanse hjå deg som vikar Erfaring frå arbeid med barn og unge, særleg i skule, er ønskjeleg men dette er likevel ikkje eit krav. Vi ønskjer både søkjarar som har utdanning som lærar, barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar eller tilsvarande. Har du ikkje den formelle kompetansen, men gjerne erfaring frå arbeid med barn og unge, ønskjer vi også å kome i kontakt med deg. Vi ønskjer vidare å kome i kontakt med deg som har andre relevante utdanningar og vi tar og gjerne i mot deg som er høgskulestudent i pedagogisk retta fag. Personlege eigenskaper vi ser etter Vi søkjer etter deg som har eit ønskje om å arbeide med barn og unge og som trivast i rolla. Om du kan arbeide sjølvstendig, ta ansvar men og arbeide godt i team og er god på samarbeid, er dette eigenskapar som vil gå godt overens med arbeidet. Arbeid i skule krev både tolmod men likefullt engasjement, kreativitet og positivitet! Vi er både ute og inne og ser etter deg som tar ei utfordring på strak arm og som bidrar der det trengs! Er du fleksibel på arbeidstider og kan kome på kort varsel er dette eit stort fortrinn. Vi tilbyr deg • Gode arbeidsmiljø og kjekke kollegaer • Ein utviklingsorientert organisasjon • Uavhengig av kva for skule du arbeidar på, har skulen fokus på elevsyn som er tufta på fagfornyinga sin overordna del • Skulane har fokus på profesjonelle læringsmiljø og framtidskompetanse • Det er gode pensjonsvilkår i SPK (undervisningsstilling) og KLP(fagarbeidar/pedagogisk medarbeidar/assistent). • Det er gode forsikringsvilkår som tilsett i Osterøy kommune! Desse er for tida plasserte hjå KLP • Løn etter gjeldande avtaleverk. Vi har eigne ordningar for deg som er lærarstudent! Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglYAnna informasjon Alle søknadar skal registrerast gjennom JobbNorge. Dersom du får tilbod om stilling i Osterøyskulen må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Opplæringslova § 17-11. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar på tiltredingstidspunktet. Eventuelle vitnemål og attestar frå tidlegare arbeidserfaringar må leverast til postmottaket ved tilbod om stilling, dersom du ikkje har lasta opp dette som vedlegg i søknaden din, slik at det vil bli gjort ei individuell vurdering av rett lønsnivå for deg med di erfaringsbakgrunn og utdanningsnivå! Du er velkomen til å ta kontakt med ein av kontaktpersonane våre for ein kjekk prat. Kontaktinformasjon finn du nederst på denne sida.
Erfjord skule er ein 1. – 7. skule med om lag 75 elevar. Skuleåret 2026 – 2027 består laget vårt av om lag 8 årsverk lærarstillingar, 4 årsverk fagarbeidarstillingar, og 1,3 årsverk leiing. Om stillinga: Suldal kommune Helse & Oppvekst,fortida lokasjon Erfjord skule søkjer etter vikar i 80% stilling med oppstart så snart som mogleg. Stillinga er knytt til eitt team kring enkeltbarn. Som fagleiar i teamet, vil ditt arbeid vera å koordinera, rettleia og følgja opp medarbeidarar i teamet. Du vil i samarbeid med rektor ha hovudansvar for kommunikasjon med heimen og støtteinstansar kring enkeltelev. Som teamleiar vil du jobba administrativt deler av tida, men i det ordinære og på dagleg basis også vere del av opplæringsmiljøet. Arbeidet ditt som team-leiar vil blant anna bestå av følgjande: Samarbeids-møter med leiinga. Rapportere oppover og iverksette vedtak nedover. Ha hovudansvar for kommunikasjon med heim og støtte-instansar kring eleven, i samarbeid med rektor. Utarbeide tiltak, rutinar og instruksjonar til bruk i dagleg drift Ha ansvaret for å planlegge og lede felles statusmøter med leiing, støtte-instansar og andre deltakarar i laget rundt barnet Ha ansvar for å planlegge og lede jamnlege utviklingsmøter i teamet. Fokus på felles kompetanseheving, å bygge laget og utvikle felles praksis. Modellere og instruere teamet om praktisk handtering i elevmiljø Informere ut, kurse og rettleie øvrig personalgruppe og føresettgrupper etter behov Kvalifikasjonar 3-årig bachelor innan helse – og sosialfaglege yrker eller pedagogikk, som t.d. offentleg godkjend barnevernspedagog, vernepleiar, sjukepleiar eller lærar. Tilleggsutdanning på høgskulenivå innanfor eitt eller fleire felt som t.d. førebygging og handtering av atferd, barne- og ungdomspsykiatri, sosial-pedagogikk eller spesialpedagogikk Det er også eit føremon om du har leiarerfaring. Personlege eigenskapar: • Du har handlingskompetanse, og har evne til å ta avgjernadar og skapa endringar • Du er god på relasjonsbygging • Du er ein trygg og stabil vaksen • Du har gode kommunikasjonsevner • Du er tydeleg og varm i møte med barn og vaksne • Du har eit positivt menneskesyn • I tillegg ynskjer me at du har førarkort klasse B (vanleg sertifikat) Hjå oss i Suldal kommune får du: • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • Engasjerte og dyktige kollegaer • Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale • Bedriftshelseteneste • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk • Nynorsk som administrasjonsspråk • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette Andre opplysningar: • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved oppstart. Attesten kan • ikkje vere eldre enn tre månadar • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa • Kommunen følgjer offentlegheitslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste Slik søkjer du Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «Send søknad» og følg vidare instruksjonar. Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her