
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester · Bjørnafjorden
Vi søkjer engasjerte helsefagarbeidarar som vil gjere ein forskjell – kvar dag. Er du ein person som brenn for å gi god omsorg, og som ønskjer ein variert og m...
Heimetenesta Fusa har ledig 2 * 100 % faste stillingar frå snarast i avd 1. Du vil bli ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande team som jobbar for å gi brukarane våre tryggleik, verdigheit og kvalitet i kvardagen. Stillingane er i turnus med arbeid på dag, kveld og helg.
Ei av stillingane er knytt til eit vikariat, der ein etter vikarperioden vil vere knytt til ressursbemanninga i avd 1 og 2. Du får sjølvsagt fast turnus til stillinga.
Heimetenesta Fusa er delt i to avdelingar, der ein har gjort omstillingar i korleis organisera arbeidet for å sikre kvalitet i tenestene og god bruk av kompetansen. Vi treng deg som ønskjer å vere med å vidareutvikla heimetenesta, og som ser moglegheiter framfor avgrensingar.
Arbeidsstad
Heimetenester Fusa avd 1 - Eikelandsosen
Arbeidsoppgåver
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Vi treng tilkallingsvikarar både i serviceavdelingane (vaskeri, reinhald, kjøken) og i pleieavdelingane. I pleieavdelingane har vi behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide både dag-, kveld- og nattevakter. Som tilkallingsvikar og som ferievikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. Kvalifikasjonar • Som tilkallingsvikar i pleien ønskjer vi at du har helsefagleg utdanning/erfaring eller er i eit helsefagleg utdanningsløp • Vi oppmodar særleg studentar innan helsefagleg utdanning å søkja • Som tilkallingsvikar i serviceavdelinga er det ein fordel med utdanning/erfaring innan reinhald, vaskeri eller kjøkendrift, men ikkje eit krav • Er du engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeida med menneske, er du og velkomen til å søkja. • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne • Som tilkallingsvikar må du vere fylt 17 år • Dine personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest. Til informasjon vil det kun vere aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju. Arbeidsstad Kun nokre minuttars køyring frå Bergen ligg Luranetunet Bu- og behandlingssenter. Senteret rommar 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Dei to korttidsavdelingane er rehabiliteringsavdeling og behandlingsavdeling med til saman 40 plassar. Her kjem det inn pasientar inn både frå heimen og sjukehuset for behandling og rehabilitering. På langtidsavdelingane har vi 2 buavdelingar, og 5 avdelingar tilpassa personar med demens sjukdom. Bebuarane våre er i ulike fasar av sjukdomen sin. Nokre er i god fysisk form, medan andre er i livets sluttfase. Vi ønskjer å bli kjent med personen bak sjukdommen, og har fokus på kommunikasjon og miljøarbeid. Saman med bebuaren, pårørande og andre helsetenester jobbar vi for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt. Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid. Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med lysthus, bærbuskar, tre og planter. Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss. Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar i praksis og vi har eigne sjukeheimslegar i faste store stillingar. Som helsepersonell må du vera førebudd på å arbeide utover eiga avdeling og bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst. Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside: Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune Vi kan tilby • Løn etter gjeldande avtalar, studentavløning for relevant utdanning • Ekstra tillegg for arbeid på natt • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss! Heimetenester Os har ledig ein fast 100 % stilling som helsefagarbeidar i Ressursbemanningsavdelinga. Stillinga er i turnus med arbeid på helg, etter gjeldande turusavtale. Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidare. Vårt mål er at alle brukare skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Vi ønskjer ein fleksibel og løysningsorientert medarbeidar, og håpar at du vil vera med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling. Arbeidsstad Heimetenester Os, Ressursbemanningsavdelinga Arbeidsoppgåver • Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare • Delta i utarbeiding av gode system og rutinar • Dokumentera helsehjelp i Profil • Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde • Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester • Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert I Ressursbemanningsavdelinga må ein kunne arbeide på tvers av alle avdelingar, avhengig av kvar behovet er størst. Det er difor viktig å ha eit godt samarbeid mellom alle avdelingane. Kvalifikasjonar • Autorisasjon som helsefagarbeidar • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet • Førarkort kl. B. • Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.) Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør • Evne til å møte andre på ein respektfull måte, brukaren sin heim er vår arbeidsplass • Du må vera fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande • Kan jobbe både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre Vi tilbyr • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Løn etter gjeldande avtalar • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) søkjer engasjert helsepersonell til helgestillingar – dag og kveld. Her får du moglegheita til å bidra til utviklinga av framtidas eldreomsorg, saman med dyktige kollegaer i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø. Vi har fleire ledige faste helgestillingar med oppstart frå snarast. Stillingane er i turnus med varierande stillingsstorleik (13 - 20%). Arbeidsstad Fast helgestilling ved dei ulike avdelingane våre på FBBS: • Miljøavdeling for personar med demens • Buavdeling somatisk • Korttids- og rehabiliteringsavdeling Ønskjer du å bli ein del av vårt arbeidsmiljø og bli vår nye kollega er du hjarteleg velkommen som søkjar. Dersom du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden. Helgestilling består av arbeid 2. kvar eller 3. kvar helg. Skriv gjerne i søknad kva du ønskjer. Arbeidsoppgåver • Pleie og omsorgsoppgåver • Aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon • Bistå ved måltid / kjøkkenarbeid Kvalifikasjonar • Du har helsefagleg utdanning, eller er under utdanning • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet • Du har interesse for å jobbe med menneske og vurderer kanskje helsefagleg utdanning • Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne • Søkjarar over 18 år vil bli prioritert, men alle vil bli vurdert Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Personlege eigenskapar • Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk • Du er fleksibel, samarbeidsvillig, har gode kommunikasjonsevner og godt humør • Du kan jobba både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • Spennande og engasjert fagmiljø • God opplæring og rettleiing i aktuell avdeling • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen. Studentar med relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning • Studentar som blir tilsett i minimum 13 % fast stilling under dokumentert utdanning til sjukepleiar eller vernepleiar, kan etter lokal ordning få tilbod om årleg stipend på kr. 15.000/20.000. Stipend blir utbetalt i juli månad, ved fast tilsetting innan 1.desember året før • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Søknadane blir handsama fortløpande. Kun aktuelle kandidatar blir kontakta og kalla inn til intervju. Vi oppmodar deg derfor om å senda inn søknaden din snarast. Vi ser fram mot å høyre frå deg! Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her