
Bjørnafjorden kommune Os barneskule · Bjørnafjorden
Os barneskule har ledig eit vikariat i 100 % eller meir som timelærar frå 01.08.2026-31.07.2027 Arbeidsstad Os barneskule ligg i sentrum av Os. Skuleåret 2026...
Os barneskule har ledig eit vikariat i 100 % eller meir som timelærar frå 01.08.2026-31.07.2027
Arbeidsstad
Os barneskule ligg i sentrum av Os. Skuleåret 2026 - 2027 har vi 222 elevar og 34 tilsette.
Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt borna. Visjonen vår er "Livsglede og lærelyst". Les gjerne meir om skulen på nettsida: http://www.osbarn.gs.hl.no
Satsingsområda våre er grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving, i tillegg til godt læringsmiljø og livsmeistring for alle.
Arbeidsoppgåver
Undervisningsstilling fortrinnsvis på mellomtrinnet.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utdanning frå utlandet skal vera godkjent av HK-dir.
Ønska kvalifikasjonar
Skulen ønskjer fortrinnsvis lærarar med grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn. Det er særleg ønskjeleg med kompetanse i matematikk, kroppsøving og spesialpedagogikk. I tillegg vil det vera ønskjeleg med gode digitale ferdigheiter. Det er viktig å ha god kjennskap til LK-20 og planleggja for tverrfaglegheit og djupnelæring.
Skulen treng pedagogar som er tydelege, robuste og engasjerte klasseleiarar. Ein må vera fleksibel og ha gode samarbeidsevner. Vi ønskjer oss ein raus kollega med god relasjonskompetanse, samt ein som har positive haldningar, bidreg til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø og har stor arbeidskapasitet. Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ein føresetnad for tilsetjing er godkjent politiattest i høve opplæringslova.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktperson
Laila Aarbakke, rektor, tlf.: 476 70 291, laaa@bjornafjorden.kommune.no
Stian Lunde, avdelingsleiar, tlf.: 930 38 850, stl@bjornafjorden.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i kommunen er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk. Arbeidsstad: Moderne og flotte Fusa ungdomsskule stod ferdig hausten 2019 og ligg fint til mellom fjord og fjell, sentralt i Eikelandsosen. Skulen har eit flott uteområde som bidreg til aktivitet og moglegheiter for praktisk undervisning. Like ved finn ein idrettsanlegg og fleirbrukshall. Skuleåret 2026 - 2027 er det om lag 155 kjekke elevar, og eit engasjert og stabilt personale med sterkt fokus på å skape eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø for alle elevar. Utviklingsområda våre dreier seg om trygt og god skulemiljø, undervegsvurdering og lesing. Arbeidsoppgåver: - Kontaktlærarfunksjon - Individuelt tilrettelagt opplæring - Ordinær undervisning i klasse eller i gruppe - Samarbeid med foreldre, PPT, BUP og med fleire Skulen har behov for kompetanse innan: individuelt tilrettelagt opplæring, norsk, samfunnsfag, KRLE og kroppsøving. Søkjarar med undervisningskompetanse i andre fag vil likevel bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Tilsette må kunne fungere som kontaktlærar. Vi ser etter medarbeidarar som: - er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell - er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid - er framtidsretta innan digital undervisning - er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar - har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer Kvalifikasjonar: - Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent frå HR-dir. - God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. Vi tilbyr: - Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø - Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring - Løn etter gjeldande avtalar - Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen - For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse. Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
100 % vikariat frå 01.08.2026–31.07.2027 Drøymer du om ein lærarjobb der du verkeleg får tid til å sjå den enkelte eleven? Baldersheim barneskule ligg vakkert til ved Bjørnafjorden, omgitt av natur og eit engasjert lokalmiljø. Skulen er liten, med om lag 16 elevar fordelte på to grupper. Dette gir gode moglegheiter for tett oppfølging, sterke relasjonar og tilpassa opplæring. Hos oss får du vere ein viktig vaksen i elevane sin kvardag og bidra til både fagleg og sosial utvikling i eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Vi har felles lokasjon med barnehagen og arbeider saman for å skape eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø. Les meir om skulen her: https://baldersheim.barneskule.no/ Kvifor velje Bjørnafjorden kommune? Vi satsar på trygge og gode skulemiljø som legg til rette for læring, trivsel og meistring. Lesing og språk står sentralt i utviklingsarbeidet vårt. Nyutdanna lærarar får støtte gjennom mentorordning og faglege nettverk. Arbeidsoppgåver - Kontaktlæraransvar - Undervisning på 1.–7. trinn - Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning - Samarbeid med føresette og kollegaer - Deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid Kvalifikasjonar - Godkjend lærarutdanning frå høgskule eller universitet - God munnleg og skriftleg framstillingsevne - Nynorsk er administrasjonsspråk i Bjørnafjorden kommune For søkjarar med utdanning frå utlandet må utdanninga vere godkjend av HK-dir. Tilsetting føreset tilfredsstillande politiattest i samsvar med gjeldande regelverk. Kven ser vi etter? Vi ønskjer ein lærar som: - er ein trygg og tydeleg klasseleiar - byggjer gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer - har tru på at alle elevar kan lære og utvikle seg - er fleksibel og løysingsorientert - samarbeider godt med andre - ønskjer å bidra til utvikling av skulen Det er ønskjeleg med kompetanse i norsk, engelsk, naturfag og/eller teikn-til-tale. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr - Ein liten skule med korte avstandar og tett samarbeid - Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø - Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver - Moglegheit til å påverke og bidra til utvikling av skulen - Mentorordning og fagleg støtte for nyutdanna lærarar - Gode pensjons- og forsikringsordningar - Løn etter gjeldande avtaleverk For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens pensjonskasse på www.spk.no. Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald. Alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skape eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. Etter utløpet av søknadsfristen blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalde namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjorde i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla. Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BankID-informasjon i søknadsprosessen. Kontaktperson Kari Anne Bergesen, rektor Mobil: 480 93 721 E-post: kab@bjornafjorden.kommune.no Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du vere med å gje tilbod om eit trygt og godt aktivitetstilbod for barn og unge i Hyllestad? Hyllestad kommune vil halde fram med tilbod om fritidsklubb for barn og ungdommar i 5. - 10. klasse. Vi har opent ein ettermiddag i veka etter skuletid og fram til kl. 18.00. Klubben nyttar sosialt rom i Hyllestadhallen som base. Føremålet med klubben er å skape ein meiningsfull sosial arena der ungdommar og større barn kan vere saman med jamaldrande og trygge vaksne. Dei unge får vere med å ta avgjerd om aktivitetar og innhald i tilbodet. Kvar gong skal det serverast eit varmt måltid som nokre av barna er med på å lage. Fritidsklubben er ein viktig arena for utvikling av sosial kompetanse. Hyllestad kommune har ledig fast stilling som leiar for fritidsklubben, 13,33 % stilling, frå 10.august 2026. Arbeidstid per veke utgjer 5 timar, inkludert føre- og etterarbeid/planlegging. Aktivitetstilbodet følgjer skuleruta. Arbeidsoppgåver • Planlegge og drifte fritidsklubben i samarbeid med kommunalsjef og dagleg leiar for frivilligsentralen og andre relaterte samarbeidspartnarar. • Planlegge og gjennomføre fritidsaktivitetar i samarbeid med deltakande barn/ ungdom og medarbeidarar • Planlegge og tilrettelegge for felles varmt måltid • Dialog og samarbeid med føresette Kvalifikasjonar • Relevant utdanning innan barne – og ungdomsarbeid, helse- og sosialfag, pedagogikk eller liknande. • Annan relevant utdanning og/ eller praksis kan vurderast. • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Den som vert tilsett må kunne legge fram tilfredsstillande politiattest og helseattest. Personlege eigenskapar Du er ein utadvendt, påliteleg, trygg og tydeleg vaksen - med eit stort hjarte for barn og unge. Du har god kunnskap om, og er interessert i, kva dagens barn/ungdom er opptekne av. Du har gjerne ulike ferdigheiter eller interesser som kan vere relevant for klubben sine tilbod (til dømes innan handverk, data, friluftsliv, kunst, musikk) Du er god på relasjonar, flink til å lytte, kommuniserer godt med barn og ungdom og vil bidra til å skape eit godt og inkluderande miljø. Vi kan tilby Ei stilling der du kan gjere ein forskjell i Hyllestadsamfunnet. Pensjonsordning i KLP. Løn etter kvalifikasjonar og tariff. Link til søknadsskjema: Søk her