
Fjaler kommune Våge barnehage · Fjaler
Våge barnehage har ledig ei 100 % fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar, der delar av arbeidsoppgåvene vil være oppfølging og tilrettelegging for enkeltba...
Våge barnehage har ledig ei 100 % fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar, der delar av arbeidsoppgåvene vil være oppfølging og tilrettelegging for enkeltbarn.
Vi ser etter deg som brenn for pedagogisk arbeid, som er god på å bygge relasjonar til barna og deira føresette og som vil vere med oss på å lage gode kvardagar i barnehagen vår.
Vi ønskjer oss søkjarar som går inn i stillinga med engasjement og initiativ. Høyrest dette ut som deg? I så fall gler vi oss til å få søknaden i frå deg. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga eller vil høyre meir om korleis det er å jobbe i Våge barnehage.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg at du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg
Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du vere med og skape ein trygg, aktiv og inkluderande kvardag for elevane våre? Flekke skule har ledig ei 50 % fast stilling som fagarbeidar i skule og SFO, med tilsetjing etter avtale. Vi søkjer etter ein engasjert fagarbeidar som trivst saman med barn, er ein tydeleg og trygg vaksen og ønskjer å bidra til eit godt lærings- og oppvekstmiljø. Om arbeidsplassen Skulen og barnehagen er samlokaliserte og har eit godt samarbeid. Vi har eit roleg og oversiktleg miljø der alle elevane vert godt kjende av dei vaksne. Nærmiljøet vert nytta aktivt, og vi er mykje ute gjennom heile året. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer, der trivsel, samarbeid og utvikling står i sentrum. Arbeidsoppgåver • Bidra til eit trygt og godt lærings- og oppvekstmiljø for elevane. • Følgje opp og støtte elevar i skuledagen i samarbeid med lærarane. • Vere ein trygg og tydeleg vaksen i SFO. • Planleggje og gjennomføre leik og aktivitetar i SFO. • Bidra til gode relasjonar mellom elevar, føresette og tilsette. • Delta aktivt i utviklinga av skulen og SFO. Kvalifikasjonar • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. • Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • Er omsorgsfull, trygg og tålmodig i møte med barn. • Har gode samarbeidsevner og byggjer gode relasjonar. • Er fleksibel, løysingsorientert og sjølvstendig. • Tek initiativ og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. • Trivst med ein aktiv og variert kvardag saman med barn. Det blir lagt stor vekt på personleg eignaheit. Vi tilbyr • Eit godt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer. • Introduksjon og oppfølging ved oppstart. • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. • Løn etter gjeldande tariffavtale. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. Kommunen arbeider aktivt for god kjønnsbalanse i arbeidsmiljøet. Menn vert oppmoda om å søkje. Vi gjer merksam på at søkjarlista som hovudregel er offentleg. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegsøkjarliste, må dette grunngjevast i søknaden. Dersom ønsket ikkje vert teke til følgje, vil du få høve til åtrekkje søknaden før søkjarlista vert offentleg. Link til søknadsskjema: Søk her
Bømlo kommune har behov for tilkallingsvikarar for både undervisningspersonale (lærarar), miljøarbeidarar (assistentar) og miljørettleiarar i grunnskulane gjennom skuleåret 2026/2027. Kommunen må etter Opplæringslova § 17-7 leggja til rette for at skulane har tilgang på vikarar, og denne stillingsutlysinga vil fungera som ein «vikarpool». Vikarbehovet oppstår ofte på kort varsel og variera mellom skulane. Det kan òg bli aktuelt med tilsetjing i kortare vikariat. Om skulane Det er åtte grunnskular i Bømlo. Fem av desse er barneskular, ein er rein ungdomsskule og to er kombinerte barne- og ungdomsskular. Storleiken varierer frå ca 75 elevar på dei minste skulane, til ca 350 elevar på dei største. Fleire opplysningar om grunnskulane og kontaktopplysningar finn du på skulane si heimeside: Skulane i Bømlo Søknadsprosess: Me tek i mot søknader fortløpande. Du vil i søknaden få spørsmål om kva type vikarstilling (lærar/miljøpersonale) du søkjer og om du er interessert i kortare vikariat. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta av den einskilde skule då alle rektorane vil ha oversikt over inkomne søknadar. Arbeidsoppgåver • Lærarvikar: Undervisning i ulike fag på alle trinn i grunnskulen. • Miljøpersonale: Følgje opp elevar i skule, og ha ansvar for gruppeaktivitetar på SFO. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. Kvalifikasjonar • For stillingane som lærarvikar og miljøarbeidar søkjer me høvesvis etter kvalifiserte lærarar og fagarbeidarar innan helse og oppvekst. Andre med relevant utdanning, fagkompetanse eller erfaring kan òg vere aktuelle. Me vil særskilt oppmode studentar i lærarutdanning til å søkje. For miljørettleiarstillingane krevst relevant utdanning. • Personar som ikkje fyller kompetansekrava kan òg vere aktuelle som tilkallingsvikarar. • Gode norske språkferdigheiter, både munnleg og skriftleg, er nødvendig. Personlege eigenskapar • Trygg og tydeleg i møte med barn og unge. • Gode samarbeids- og formidlingsevner. • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team. • Raus og fleksibel. I vurderinga legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon. Me tilbyr • Varierte og meiningsfulle oppgåver i ein flott kommune. • Faglege og personlege utfordringar. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. • For lengre vikariat er det tilbod om velferdsklubb med tilsettegoder. • Løn og vilkår etter gjeldande avtaleverk. Andre opplysingar • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd. • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. • Offentleg søkarliste vert oppretta. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast (Offentleglova § 25). Høyrest dette ut som noko for deg? Send søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga, kontakt rektorar på dei skulane du ynsker å vera vikar på. KontaktinformasjonKari Østensen, Rektor v/Svortland skule, 993 86 606 Maryann Steinsbø, Rektor v/Gilje skule, 992 77 987 Olaug Norenes Hovda, Rektor v/Våge skule, 404 64 340 Joakim Lund, Rektor v/Moster skule, 930 08 438 Torunn Hatlevik, Rektor v/Hillestveit skule, 934 61 743 Christin Klubben, Rektor v/Bremnes ungdomsskule, 957 74 456 Tone Baugstø, Rektor v/Rubbestadneset skule, 990 34 994 Katrine Hausberg, Rektor v/Meling skule, 958 35 391 Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bømlo kommune Referansenr.: 5152923081 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 10.08.2026 Sluttdato: 18.06.2027 Søknadsfrist: 18.06.2027
Volda kommune treng til ei kvar tid fagarbeidarar og assistentar som kan tenke seg å vere tilkallingsvikar i dei kommunale barnehagane. Denne utlysinga gjeld for barnehageåret 2026/2027. Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men til ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar. Arbeidsoppgåver Arbeidet er knytt til barn i barnehagealder, 1-5 år. Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare periodar. Stillingsstorleik kan variere etter behov. Det er styrar ved den einskilde barnehage, som gjer avtale med tilkallingsvikar. Referansar kan verte kontakta. Aktuelle barnehagar: Austefjord barnehage: 90 47 46 12 Bratteberg barnehage: 94 00 19 77/ 48 22 96 83 Engeset barnehage: 94 79 09 65 Folkestad barnehage: 47 50 47 87 Hornindal barnehage: 97 96 24 24 Lauvstad barnehage: 47 50 34 18 Mork barnehage: 90 64 34 72 / 70 07 77 90 Oppigarden barnehage: 46 88 33 22 Kvalifikasjonar I nokre av stillingane er det ønskeleg med godkjent fagbrev som barne -og ungdomsarbeidar. Det kan og verte aktuelt med fagbrev innan helsefag. Søkarar med anna, relevant erfaring kan og verte vurdert til vikarstilling. Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding. Personlege eigenskapar Saman med utdanning og praksis, vil personlege eigenskapar verte vektlagde. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og løn. Vi ber om at søkarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der. Vi tilbyr Arbeidsavtale og vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk. Kontaktinformasjon Bodil Brautaset, +47 91194598 Arbeidsstad Stormyra 2 6100 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Volda kommune Referansenr.: 5151964742 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 03.08.2026 Sluttdato: 30.06.2027 Søknadsfrist: 30.06.2027