
Klinikk for medisinske tenester og beredskap, Haugesund Sjukehus · Haugesund
Bli med og utvikle morgondagens helsetenester gjennom smartere bruk av data. Vi søker no to leiarar som skal byggje framtidas teknologiavdeling saman. Helse Fo...
Bli med og utvikle morgondagens helsetenester gjennom smartere bruk av data. Vi søker no to leiarar som skal byggje framtidas teknologiavdeling saman.
Helse Fonna byggjer no eit sterkt fagmiljø for teknologi og dataflyt, og vi søker ein funksjonsleiar for helsedata og dataflyt som vil spele ei nøkkelrolle i korleis vi samlar, forvaltar og brukar helsedata.
Hos oss får du kombinere leiing med operativt arbeid, påverke korleis system blir integrerte, og sikre at data flyt der det trengst – frå kliniske system og medisinteknisk utstyr, og etter kvart også frå pasientane sine heimar.
Du rapporterer til avdelingsleiar for teknologi og dataflyt, og inngår i leiargruppa saman med ny funksjonsleiar for teknologi og medisinsk utstyr (annonse ute). Du får personalansvar for ein seksjon med 21 medarbeidarar som jobbar med systemforvaltning, integrasjonar og helsedata/pasientdata. Rolla kombinerer operativt ansvar, fagleg leiing og prosjektarbeid – du vil vere tett på både folk, teknologi og leveransar, samstundes som du bidreg til å utvikle retning og beste praksis for dataflyt i Helse Fonna.
Dette er ein jobb med meining – der arbeidet ditt direkte bidreg til betre pasientbehandling, meir effektive arbeidsprosessar og auka kvalitet i helsetenesta.
Kva går jobben ut på?
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Kvifor skal du velje oss?
KontaktinformasjonIngvill Hystad Kyvik, Klinikkdirektør, +47 99288072, ingvill.hystad.kyvik@helse-fonna.no
ArbeidsstadKarmsundgata 120
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5126114633
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2026
Ver med og sikre trygg og moderne teknologi for pasientbehandling. Vi søkjer no to leiarar som skal byggje framtidas teknologiavdeling saman. Helse Fonna søkjer ein funksjonsleiar for teknologi og medisinsk teknikk som vil ha ansvar for ein kritisk del av helsetenesta – teknologien som blir brukt direkte i pasientbehandling. Dette er ein jobb med meining – der du bidreg til at livsviktig utstyr fungerer, er trygt å bruke og blir utvikla i takt med behova i helsetenesta. Du vil leie arbeidet med forvaltning, drift og utvikling av medisinteknisk utstyr, og vere eit viktig bindeledd mellom kliniske miljø, teknologi og leverandørar. Du rapporterer til avdelingsleiar for teknologi og dataflyt, og inngår i leiargruppa saman med ny funksjonsleiar for helsedata og dataflyt (annonse ute). Du får personalansvar for ein seksjon med 18 medarbeidarar innan medisinteknisk utstyr. Rolla kombinerer leiing, operativ oppfølging og fagleg utvikling – med ansvar for både dagleg drift og langsiktig utvikling av området. Dette er ei sentral rolle for pasienttryggleik og kvalitet i helsetenesta, der du samarbeider tett med kliniske miljø og brukarar. Du får ansvar for avansert og samfunnskritisk teknologi, og vil vere ein viktig bidragsytar i modernisering og digitalisering av medisinteknisk utstyr. Samstundes får du høve til å påverke korleis teknologi blir brukt i framtidas helsetenester, med stor påverknadskraft på prioriteringar og vidare utvikling. Kva går jobben ut på? • Leie og følgje opp det daglege arbeidet i seksjonen, med ansvar for drift og framdrift • Ha personalansvar og bidra til utvikling av medarbeidarar og fagmiljø • Sikre forsvarleg drift, vedlikehald og forvaltning av medisinteknisk utstyr • Planleggje og følgje opp anskaffingar, utskifting og livssyklus, samt bidra i investeringar og prioriteringar • Samarbeide tett med kliniske miljø, leverandørar og IT for å finne gode løysingar, sikre integrasjon og etterleving av lover og standardar Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Relevant høgare utdanning innan ingeniørfag, medisinteknikk, teknologi eller liknande • Erfaring med drift, forvaltning eller teknisk leiing. • Ønskeleg erfaring med medisinteknisk utstyr eller tilsvarande teknologiske miljø • Ønskeleg med erfaring med anskaffingar og leverandøroppfølging • Tilfredstille krava til DSB samtykke og reparasjon av elektromedisinsk utstyr er ein fordel • Kjennskap til regelverk for medisinsk utstyr er ein fordel • Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: • er ein tydeleg og trygg leiar • har god teknisk forståing og interesse for medisinteknologi • er strukturert og evnar å prioritere i ein kompleks kvardag • har høg gjennomføringsevne • byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med tekniske og kliniske miljø • er oppteken av kvalitet, tryggleik og forbetring Personlege eigenskapar vert vektlagt Kvifor skal du velje oss? • Ei viktig leiarrolle i ei samfunnskritisk verksemd • Ein jobb med meining – du bidreg direkte til pasienttryggleik • Eit sterkt fagmiljø innan teknologi og helse • Gode utviklingsmoglegheiter • Trygge rammer og gode pensjonsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonIngvill Hystad Kyvik, Klinikkdirektør, +47 99288072, ingvill.hystad.kyvik@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5126115980 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 17.08.2026
Vil du kombinere studiene dine med en lærerik jobb - og få stipend samtidig? Hos oss får du ikkje berre ein jobb, men ei moglegheit til å lære mykje om korleis det er å jobbe som bioingeniør. Som bioingeniørstudent kan du søke om helge- og feriestilling ved eitt av våre sjukehus. Du får lønn, fagleg utvikling, og i tillegg eit stipend! Vi har laboratorium i Haugesund, Odda og på Stord, der du kan få relevant arbeidserfaring: • På laboratoriet for medisinsk biokjemi og immunologi- og transfusjonsmedisin i Haugesund, samt på laboratoriet på Stord og Odda, kan du jobbe i feriar og helger. • Ved laboratoriet for medisinsk mikrobiologi kan du arbeide på laurdagar og i feriar. På patologiavdelinga i Haugesund kan du jobbe i feriar. Les meir om alle fordelane vi tilbyr! I søknaden kan du skrive om du ønskjer å jobbe ved eit spesifikt laboratorium, eller sende ein open søknad. 👉Vi tilset kvalifiserte søkjarar fortløpande – søk no og bli med på laget! Kva går jobben ut på • Prøvetaking av polikliniske og inneliggande pasientar • Prøvehandtering og preanalytisk arbeid • Pasientnær analysering • Enkelt laboratoriearbeid Kva kompetanse er viktig i denne rolla • Du er bioingeniørstudent • Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Kva ser vi etter hos deg Hos oss er det viktig at du: • er sjølvstendig • trivest i ein travel kvardag og har høg arbeidsmoral • samarbeider godt med andre og bidrar til eit godt arbeidsmiljø • er strukturert • er lærevillig og nysgjerrig Kvifor skal du velje oss • Ein unik moglegheit til å praktisere faget ditt i eit trygt miljø der du er omgitt av dyktige fagpersonar døgnet rundt. • Eit godt innblikk i spesialisthelsetenesta, noko som er nyttig uansett kor du vel å arbeide i framtida. • Medverknad til at du får utvikle breidda i bioingeniørfaget i eit spennande, utviklande og dynamisk miljø. Vitnemålsportalen vi oppmodnar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at kokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Har du teke utdanning i utlandet, må godkjenning frå UDIR/NOKUT leggjast ved søknaden. Om du ikkje finn alle dei relevante vitnemåla dine i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. KontaktinformasjonRita Danielsen Tyse, Funksjonsleiar, +47 53491094 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5087517351 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.12.2026
Vil du bruke helsesekretærkompetansen din i eit fagmiljø der nøyaktig arbeid har stor betydning for pasientane? Ved Laboratorium for patologi får du ei fast heiltidsstilling på dagtid, varierte arbeidsdagar og grundig opplæring i eit moderne laboratorium. Du blir ein del av eit motivert og dyktig team, der helsesekretærar, bioingeniørar og patologar samarbeider tett om viktig diagnostikk. Hos oss får du jobbe i eit moderne laboratoriemiljø med utsikt over Smedasundet og det opne havet mot vest, frå lokala våre i den nye sørvestblokka. Ved Laboratorium for patologi arbeider vi med diagnostikk av sjukdomar ved å undersøkje vevs- og celleprøver. Kreftdiagnostikk er ein sentral del av verksemda vår. Arbeidet vårt er avgjerande for at pasientar skal få rask og korrekt diagnose, og vi samarbeider tett med kliniske avdelingar for å sikre best mogleg pasientbehandling. Som helsesekretær hos oss blir du ein viktig del av arbeidsflyten knytt til kreftdiagnostikk, frå mottak og registrering av prøvar til kvalitetssikring og koordinering av undersøkingar. Du er velkommen til å søkje hos oss. Oppstartsdato etter avtale. Kva går jobben ut på? • Betene ekspedisjon, telefonførespurnader, post- og prøveforsendingar. • Prøvemottak og registrering av pasientprøver. • Arkivering av pasient- og prøvedata. • Assistere patologen i makroskopiarbeid med vevs- og operasjonspreparat. • Andre kontor- og laboratorieoppgåver, samt betening og vedlikehald av medisinsk-teknisk utstyr. • Utføre arbeid etter gjeldande prosedyrar og retningslinjer, og halde seg oppdatert på endringar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? • Autorisert helsesekretær. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. • Grunnleggande IKT-kompetanse. • Kunnskap og erfaring i bruk av digitale løysningar i spesialisthelsetenesta er ein stor fordel. • Erfaring frå laboratorie verksemda og patologi er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: • er motivert, dyktig og tek ansvar i arbeidskvardagen • er punktleg og påliteleg • tilpassar deg nye oppgåver og situasjonar, og finn gode løysingar • ser kva som må gjerast, og både tilbyr og tek imot hjelp • bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø • samarbeider godt med andre • meistrar krevjande situasjonar og periodar med høgt arbeidstempo Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Kvifor skal du velje oss? • Ein spennande, variert og utfordrande jobb. • Eit laboratorium og eit fagområde under utvikling. • Du blir ein del av eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø i heilt nytt laboratorium. Vi oppmodar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHåvard Valvatne, Funksjonsleiar, havard.valvatne@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundsgt. 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5152506395 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 21.08.2026