
Luster kommune Luster kommune · Luster
Luster kommune har ledig ei spennande stilling som rådgjevar for politisk sekretariat. Me søkjer deg som har interesse for politikk, lokaldemokrati og forvaltni...
Luster kommune har ledig ei spennande stilling som rådgjevar for politisk sekretariat. Me søkjer deg som har interesse for politikk, lokaldemokrati og forvaltning. Som rådgjevar for politisk sekretariat vil du ha ansvaret for å legge best mogeleg til rette for den politiske aktiviteten i Luster kommune, og vere ein koordinerande ressurs for ordførar og kommunedirektør. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Link til søknadsskjema: Søk her
Voss herad søkjer etter Organisasjonssjef – strategisk leiar for økonomi, HR, digitalisering og verksemdsstøtte i Voss herad Me er ein attraktiv kommune med høge ambisjonar, sterke fagmiljø og eit lokalsamfunn med mykje aktivitet heile året. Her finn du noko av det beste Vestlandet har å by på, både for deg som søkjer faglege utfordringar og for deg som ønskjer ein aktiv livsstil. No ser me etter ein leiar som vil vera med og setja retning for framtida. Voss herad er inne i ein omfattande utviklings- og omstillingsprosess. Målet er å sikra berekraftige tenester, styrka gjennomføringsevna og utvikla ein meir samla organisasjon med tydeleg leiing, betre samhandling og effektiv bruk av ressursar. Som ein del av etablering av ny leiarstruktur i Voss herad etablerer me ei stabsavdeling med ansvar for sentrale støtte- og styringsfunksjonar. Me søkjer no ein strategisk og utviklingsorientert leiar som vil få ei nøkkelrolle i vidareutviklinga av heile organisasjonen. Om stillinga Som leiar for stab og verksemdsstøtte får du ansvar for leiarar med sentrale funksjonar innan mellom anna: • HR og organisasjonsutvikling • Økonomi og verksemdsstyring • IKT drift • Digitalisering • Innbyggjarservice med dokumentsenter/arkiv, politisk sekretariat og personvern • Kommunikasjon Du blir ein del av rådmannen si leiargruppe på fem, og får eit overordna ansvar for å utvikla gode styringssystem, styrka organisasjonen si endringskraft og sikra at støttefunksjonane bidreg til best mogleg tenesteutvikling. Ansvarsområde • Leia og utvikla den samla stabsavdelinga • Vera ein strategisk rådgjevar for rådmann og leiargruppe • Styrka organisasjonen sitt arbeid med økonomistyring, personalpolitikk og verksemdsutvikling • Driva fram digitalisering, innovasjon og forbetringsarbeid • Leggja til rette for god samhandling på tvers av tenesteområda • Bidra til god dialog mellom administrasjon, politisk nivå, medarbeidarar og tillitsvalde • Byggja ein sterk organisasjonskultur med fokus på ansvar, samarbeid og resultat • Ha ei nøkkelrolle i å leggja til rette for effektiv samhandling i toppleiargruppa gjennom koordinering av møteverksemd, årshjul, prioriteringar og oppfølging. Kvalifikasjonar Me søkjer deg som har: • Relevant høgare utdanning på masternivå • Erfaring frå leiing av komplekse organisasjonar • Erfaring med økonomistyring, organisasjonsutvikling eller strategisk leiing • God forståing for offentleg forvaltning og politiske prosessar • Dokumenterte resultat frå endrings- og utviklingsarbeid Personlege eigenskapar Me ser etter ein leiar som: • Har sterk gjennomføringsevne • Evnar å tenkja heilskapleg og strategisk • Skaper tillit og gode relasjonar • Kommuniserer tydeleg og involverande • Er robust og trygg i krevjande omstillingsprosessar • Byggjer samarbeid og lagkjensle på tvers av fagområde, tillitsvalde og verneområdet. Me tilbyr • Ei sentral toppleiarstilling med stor påverknadskraft • Moglegheit til å forma framtidas Voss herad • Spanande og samfunnsviktige utfordringar • Eit kompetent leiarfellesskap med høge ambisjonar • Konkurransedyktige vilkår Om dette høyrest interessant ut, ta kontakt med rådmann Martin William Kulild på tlf 46414800 Arbeidsstad: Voss Rapporterer til: Rådmann Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du vere med og forme Bygland kommune? Kommunalområdet Samfunn i Bygland kommune omfattar om lag 20 årsverk og har ansvar for plan, byggjesak, oppmåling, teknisk drift, landbruk, næring samt drift (vedlikehald og reinhald). Samfunnsavdelinga er nyleg omorganisert, og vi legg stor vekt på teambasert arbeid og samarbeid på tvers av fagområde. Du må trivast med utfordringar og ansvar, vere lærevillig og ha god arbeidskapasitet. Fleire kommunar, deriblant Bygland kommune, vurderer å opprette eit felles plankontor. Dersom dette blir vedteke, kan det føre til endringar i stillinga. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk rådgjevar innan plan. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende og gode høve til å påverke. Du vil arbeide med heile planprosessen, frå kontakt med grunneigarar og samspel med politisk nivå, til gode interne prosessar i Samfunnsavdelinga og elles i kommunen. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna å skrive føresegner, utarbeide plankart ved hjelp av kommunen si programvare, samt å forstå samanhengen mellom planlegging og anna relevant lovverk. Vi ber alle søkjarar leggje ved dokumentasjon på utdanning, attestar og vitnemål i søknaden. Dokumentasjonen vert brukt til å stadfeste kvalifikasjonane som går fram av CV, og ved lønsfastsetjing. Opplysningar om søkjarar kan verte gjorde offentlege sjølv om søkjaren har bede om fritak frå offentlegheit. Dersom fritak ikkje kan innvilgast, vil søkjaren verte varsla (jf. offentleglova § 25). Arbeidsoppgaver • Planarbeid, mellom anna oppfølging av reguleringsplanar, kommuneplan og temaplanar. • Nokre byggje- og delingssaker etter plan- og bygningslova. • Rettleiing til innbyggjarar, utbyggjarar og samarbeidspartnarar. • Forvalting og utvikling av kart og geodata (GIS). • Bidrag i tverrfaglege oppgåver og prosjekt innan kommunalområde samfunnsutvikling. Kvalifikasjoner • Høgare utdanning på minimum bachelornivå innen: arealplanlegging, by- og regionplanlegging, samfunnsplanlegging, fysisk planlegging. eller anna relevant høgare utdanning. • God kjennskap til plan- og bygningslova. • Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje seg inn i nye system. • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. • Førarkort klasse B. Det er ønskjeleg med: • Erfaring frå arbeid med heile planprosessen. • Det er ein fordel med røynsle i bruk av GIS-, kart- og arealverktøy. • Kjennskap til areal- og klimarekneskap, samt relevante natur- og miljødatabasar. • Kunnskap om offentleg forvaltning. Personlige egenskaper Er samfunnsengasjert og har interesse for samfunnsutvikling. • Arbeider effektivt og tek ansvar for framdrift i eigne arbeidsoppgåver. • Kommuniserer tydeleg og har gode formidlingsevner i dialog med innbyggjarar, politikarar, næringsliv og kollegaer. • Er løysingsorientert, nysgjerrig og set deg raskt inn i nye problemstillingar. • Har blikk for både detaljar og heilskap, og tenkjer både praktisk og strategisk. Vi tilbyr • Ei spennande og variert stilling der du får nytte heile breidda av planfaget. • Eit godt fagmiljø med dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø. • Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar i KLP. • Varierte, utfordrande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver med stor påverknadskraft. • Gode moglegheiter for fagleg utvikling i ein kommune som har som mål å vere framoverlent og handlekraftig. • Kort veg mellom plan og avgjerd, med reell moglegheit til å påverke. • Eit godt og sosialt arbeidsmiljø. • Fleksibel arbeidstid og fleksitidsordning, med moglegheit for noko heimekontor. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. • Løn etter avtale. KontaktinformasjonAslak Jørundland Brekke, Kommunalsjef, +4791693675 ArbeidsstedSentrum 18 4745 Bygland Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Bygland Kommune Referansenr.: 5154801712 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026
Om stillinga Avdeling for digitaliseringspolitikk har ei ledig fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjon for personvern og digitale rettar. Seksjonen arbeider med implementering og forvaltning av EU-regelverk som har stor betydning for den digitale samfunnsutviklinga i Noreg, mellom anna KI-forordninga, forordning om digitale tenester og regulering av elektronisk identitet. Seksjonen har òg ansvar for digital tryggleik, digital inkludering, kommunikasjonsvern og personvern. Du vil bidra til utviklinga av politikk på eit område med høg politisk merksemd. Bruken av teknologi og digitalisering aukar, og påverkar kvardagen til kvar og ein av oss, og samfunnet som heilskap. Det gir store moglegheiter, men krev òg strategisk styring og regulering. Samfunnet er i rask endring, og både i perspektivmeldinga og digitaliseringsstrategien peikar regjeringa på utfordringane og behovet for omstilling. Digitalisering er eit nødvendig verkemiddel for å møte desse krava, samstundes som vi tek vare på rettstryggleik og tillit. Hos oss vil du bli del av eit dynamisk og tverrfagleg arbeidsmiljø som består av juristar, samfunnsvitarar og teknologar. Vi verdset høg fagleg kompetanse og evne til tverrfagleg samarbeid, og har ein kultur prega av openheit, tillit og fagleg utvikling. Arbeidsmiljøet er hektisk, men òg svært givande, med moglegheiter for personleg og profesjonell vekst. Vi legg stor vekt på å byggje relasjonar og samarbeid både internt i departementsfellesskapet og med eksterne aktørar. Arbeidsoppgåver Du vil inngå i eit fagleg sterkt og engasjert miljø, og arbeide med sentrale problemstillingar knytte til digitale rettar og regulering. Arbeidet vil spenne frå langsiktig utgreiing og regelverksutvikling til løpande oppfølging av saker med korte fristar. Du vil få ei sentral rolle i å bidra til kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming. Du vil mellom anna: • utarbeide regelverk, herunder delta i innlemming og gjennomføring av EØS-relevant regelverk • arbeide med utgreiing og analyse • førebu saker for, og gi faglege råd til, politisk leiing • delta i fagdialog med underliggjande verksemder • behandle førespurnader frå publikum • bidra i seksjonen si øvrige oppgåveløysing innan digitaliseringsfeltet Vi søkjer deg som har Du må ha: • mastergrad i rettsvitskap/juridisk embetseksamen eller innan samfunnsvitskaplege fag • minimum tre års relevant erfaring for stilling som rådgjevar og fem års relevant erfaring for stilling som seniorrådgjevar • erfaring med regelverksarbeid, utgreiing eller digitaliseringsrelaterte problemstillingar • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Det er ønskjeleg at du har: • kjennskap til EØS-prosessar • kjennskap til regelverk og forvaltning knytt til digitalisering og/eller ID-regulering Personlige eigenskapar Vi ser etter deg som: • tar initiativ og driv arbeidet framover • evnar å handtere fleire parallelle prosessar og korte fristar • arbeider strukturert og planmessig • er fleksibel og løysingsorientert • samarbeider godt og bidreg til eit godt arbeidsmiljø • har stor arbeidskapasitet Det vil bli lagde vekt stor vekt på personleg egnethet. Utdannelse og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar. Vi tilbyr Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr: • kompetanseutvikling i eit sterkt fagmiljø • fleksibel arbeidstid, betalt overtid og sommar-/vintertid • moglegheit for trening i arbeidstida • medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, forsikrings- og pensjonsordningar • eit aktivt sosialt miljø med mange tilbod til dei tilsette og eige bedriftsidrettslag Løn: Stillinga blir lønt som rådgjevar i lønnsspennet 650 000-750 000 kroner per år eller seniorrådgjevar i lønnsspennet 750 000-850 000 kroner per år. Lønsplasseringa er avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 prosent frå løna til innskot til Statens pensjonskasse. Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter sikkerheitslova. Les meir om autorisasjon her. Vi er opptekne av Mangfald er ein styrke og bidrar til endå betre oppgåveløysing. Derfor ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Dersom det er kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin frå kvar gruppe til intervju. Dersom du får jobben, legg vi til rette for deg dersom du har behov for det. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir ikkje brukt til andre føremål enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. Informasjon til deg som søkjer • Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida. Fyll ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdig utfylt CV). Dette er nødvendig for mellom anna å oppfylle kravet om fullstendige søkarlister. Vi ber også om at du lastar opp vedlegg (vitnemål, kurs/sertifiseringar og arbeidsattestar). Utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HK-dir. • DFD samarbeider med Semac om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir gjennomført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga. • Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar, kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få høve til å trekkje søknaden. Kontaktperson: For nærmare opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsdirektør, Åste Marie Skullerud på tlf 90967304 eller e-post aste-marie.skullerud@dfd.dep.no. For nærmare opplysningar om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med rekrutteringsrådgivar Annabel Tveit på tlf 97959303 eller annabel.tveit@dss.dep.no.