
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal · Molde
Rådgivar/Seniorrådgivar – samfunnstryggleik og beredskap Om deg og stillinga Den tryggingspolitiske situasjonen i verda har endra seg mykje dei siste åra. Sta...
Rådgivar/Seniorrådgivar – samfunnstryggleik og beredskap
Om deg og stillinga
Den tryggingspolitiske situasjonen i verda har endra seg mykje dei siste åra. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har ei sentral rolle i utviklinga av totalforsvaret i fylket. Dette arbeidet gjer vi i nært samarbeid med kommunar, regionale styresmakter og nasjonale myndigheiter.
Vi søkjer no ein person som skal jobbe med tryggingsleiing, regional samordning og kommunal beredskap.Samfunnstryggleik og beredskap er eit fagfelt i utvikling, og som stadig blir meir aktuelt. Du må difor vere endringsvillig og kunne inngå i eit arbeidsfellesskap der både oppgåver og arbeidsmetodar er i endring.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
Du vil vere ein del av kriseorganisasjonen til Statsforvaltaren, og ved behov inngå i ei vaktordning.Noko reiseverksemd må påreknast.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Det er ein fordel om du har:
Det vert stilt krav om at du kan sikkerheitsklarerast og autoriserast til nivå HEMMELEG før tilsetjing. Meir informasjon om sikkerheitsklarering finn du hos Nasjonal sikkerheitsmyndigheit.
Hos får du
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Utviklinga av organisasjonen vår er i kontinuerleg utvikling. Den som vert tilsett må difor vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og arbeidserfaring i kandidatprofilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for at vi skal kunne vurdere søknadar frå deg og for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Gunnhild Anett Naas på telefon (Norge +47) 99702229.
Søknadsfrist: 09.08.2026
Rådgivar/seniorrådgivar - vassforvaltning Stillinga er plassert i verksemdsområdet for berekraftig naturbruk, under seksjon for naturforvaltning. Seksjonen har 10 medarbeidarar. Vi arbeider med overvaking og forvaltning av vassdrag frå fjell til kyst, og bidrar til å sikre god økologisk og kjemisk tilstand i vassførekomstane i fylket. Stillinga vil bli knytt opp mot fagmiljøet innanfor ferskvatn. Stillinga er fast. Arbeidsoppgåver Du skal i hovudsak arbeide med saksbehandling knytt til vassforskrifta, vassressurslova og laks- og innlandsfiskelova. Det betyr at du skal arbeide med • fagsystema vannmiljø og vann-nett • karakterisering og klassifisering av vassførekomstane i samråd med andre styresmakter • overvåking av vassmiljø gjennom innsamling og vurdering av data om vasskvalitet, påverknader og miljøtilstand • rettleiing til andre sektorar, kommunar og vassområde • oppfølging, restaurering og gjennomføring av andre naturtiltak • tiltak på eige sektorområde, i tråd med plan og tiltaksprogram • informasjonstiltak Du vil ha utstrekt samarbeid med lokale og regionale styresmakter, organisasjonar og grunneigarar. Du vil då kunne vere i kontakt med folk som har både likt og ulikt syn i saka som Statsforvaltaren. Det blir noko reising. Andre oppgåver enn dei som er omtalt ovanfor kan og bli tillagt deg.Kvalifikasjonar Du har • mastergrad eller tilsvarande innan biologi, naturforvaltning, økologi eller hydrologi • god kunnskap om ferskvassøkologi • gode skriftlege formuleringsevner • god talforståing og er i stand til å vurdere større datamengder • førarkort klasse B Det er ein fordel at du har • erfaring frå vassforvaltningsarbeid, vassdragsforvaltning eller fiskeforvaltning etter laks- og innlandsfiskelova. • noko kunnskap om kystsoneforvaltning / marin biologi Vi vektlegg personlege eigenskapar spesielt. Du • er analytisk og kan difor balansere naturomsyn, samfunnsomsyn, regelverk og ulike partar • samarbeider og kommuniserer godt med andre • arbeider sjølvstendig og målretta • kan stå i faglige uenigheter og kan handtere desse på ein roleg og løysingsorientert måte Hos oss får du • ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid • løn som 1434 rådgivar/ 1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr.600.000,- til kr.800.000,- . Lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk. I særskilte tilfelle kan høgare lønn vurderast. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet. • tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid • medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK) • moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg • høve til å trene i arbeidstida Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise) Utviklinga av organisasjonen vår er i kontinuerleg utvikling. Den som vert tilsett må difor vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.Mangfald Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det. Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling). Praktisk informasjon om søknadsprosessen Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga. Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og arbeidserfaring i kandidatprofilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for at vi skal kunne vurdere søknadar frå deg og for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste. Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format. Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25. Om oss Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur». Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Linda Aaram på telefon (Norge +47) 97503185. Søknadsfrist: 09.08.2026
Vilkår Fast stilling som rådgivar (stillingskode 1434) med årsløn frå kr 680 000 til 780 000, eller som seniorrådgivar (stillingskode 1364) med årsløn frå kr 780 000 til 880 000. I heilt ekstraordinære tilfelle kan anna lønsplassering vurderast. Om avdelinga, seksjonen og stillinga DSB er nasjonal brannstyresmakt med ansvar for myndigheitsutøving gjennom regelverk og tilsyn. Seksjon for beredskap og naudmelding (BNM) er éi av to seksjonar i Avdeling for brann og redning (BRE). Avdelinga består av 29 høgt kompetente medarbeidarar ved DSB sitt hovudkontor i Tønsberg. DSB skal vere ei synleg og tydeleg tilsynsmyndigheit som gjennomfører risikobaserte tilsyn. I BNM er vi 15 tilsette med utfyllande kompetanse innan beredskap, kapasitetar, naudmeldingstenesta med meir. Seksjonen har ansvaret for forvaltning av regelverk som følgjer av brann- og eksplosjonsvernlova, med særleg vekt på forskrift om organisering, bemanning og utrusting av brann- og redningsvesenet og nødmeldesentralane (brann- og redningsvesenforskrifta). Seksjonen er òg tilsynsmyndigheit for brann- og redningsvesena og 110-sentralane. Vidare er seksjonen justissektoren sitt faglege og rådgivande organ innan brannberedskap, kapasitetar, samhandling og tilsyn, og skal vere den viktigaste nasjonale pådrivaren for kontinuerleg utvikling av brann- og redningsvesenet. Utvikling av naudmeldingstenesta, med særleg søkjelys på 110-sentralane, er òg ein viktig del av seksjonen sin portefølje. Dei primære målgruppene våre er dei kommunale brann- og redningsvesena, inkludert 110-sentralane. Det store mangfaldet av oppgåver gjer at vi arbeider både sjølvstendig og i team, og at vi i møte med ei rekkje andre styresmakter representerer brann- og redningsvesena og 110-sentralane. Hovudoppgåva dei første åra vil vere arbeidet med nytt naudnett for brann- og redningsvesenet og 110-sentralane. Nytt Naudnett er Noregs framtidige nasjonale naud- og beredskapssamband og skal erstatte dagens TETRA-baserte system. Det nye nettet skal løfte beredskapskommunikasjonen frå rein talekommunikasjon til òg å omfatte avanserte data- og videotenester. Det nye systemet skal byggjast på 5G og kommersiell mobilinfrastruktur i staden for eit eige, lukka radionett. Naudetatane vil få høve til å dele sanntidsvideo, bilete og store datamengder, noko som vil gi langt betre situasjonsforståing under oppdrag. Sjølv om nettet deler basestasjonar med vanlege mobilnett, skal det byggjast med særskild robustheit og prioritert kapasitet for å sikre at beredskapsaktørane ikkje mistar sambandet under kriser.Vil du bidra til eit tryggare samfunn? Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) søkjer ein engasjert samfunnsvitar som vil vere med på å utvikle framtidas naud- og beredskapskommunikasjon og naudmeldingsteneste. Dette er ein spennande moglegheit for deg som ynskjer å jobbe i skjeringspunktet mellom samfunnstryggleik, offentleg forvaltning, teknologi og beredskap. Vi søkjer ein ny kollega som vil bidra til utviklinga av naudmeldingstenesta, naud- og beredskapskommunikasjon og arbeidet med og for dei kommunale og interkommunale brann- og redningsvesena og 110-sentralane. Hos oss får du arbeide med komplekse og samfunnskritiske problemstillingar, tett på avgjerdsprosessar og i samarbeid med sentrale aktørar på tvers av naudetatane. Dette er stillinga for deg som blir motivert av å forstå samanhengar, finne gode løysingar og skape resultat som har betydning for samfunnet. Arbeidsoppgåver Du vil få ein variert arbeidskvardag med ansvar for å:leie og delta i prosjekt-, utgreiings- og utviklingsarbeid knytt til nytt naudnett, naudmeldingstenesta og naud- og beredskapskommunikasjon for brann- og redningsvesen og 110-sentralar gi råd og rettleiing til kommunale og interkommunale brann- og redningsvesen og 110-sentralar samarbeide med interne og eksterne fagmiljø innan tverretatleg naudmeldingsteneste saksbehandle, samanstille, utarbeide og formidle informasjon til målgruppene våre gjennomføre tilsyn med brann- og redningsvesen og 110-sentralar Kvalifikasjonar Du må ha:relevant mastergrad, helst innan statsvitskap, samfunnsøkonomi eller andre samfunnsvitskaplege fag. Bachelorgrad med relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet om mastergrad. Utdanning frå utlandet må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse god forståing for, og kompetanse om, kommunal og statleg forvaltning gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk følgande personlege eigenskapar relasjonsbyggjar – du støttar andre, skaper godt samarbeid og byggjer verdifulle nettverk gode kommunikasjonsevner – du formidlar bodskap klart og presist, lyttar aktivt og evnar å påverke andre gjennomføringsevne – du set i gang arbeid og jobbar planmessig og effektivt for å levere etter plan analytisk – du forstår raskt komplekse problemstillingar og gjer reflekterte og heilskaplege vurderingar sjølvstendig – du tek ansvar for eigne avgjerder og resultat og arbeider godt på eiga hand Vi ynskjer at du har:erfaring med utgreiingsarbeid, prosjektarbeid eller prosjektleiing interesse for eller erfaring med naud- og beredskapskommunikasjon relevant arbeidserfaring, gjerne frå offentleg eller kommunal sektor erfaring frå samfunnskritiske område kjennskap til brann- og redningsvesen og 110-sentralar interesse for forbetring og effektivisering av arbeidsprosessar førarkort klasse B Om DSB Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 800 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Om å jobbe i DSB Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsordningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/sikkerhet-i-dsb Hos oss får du • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/ • fleksibel arbeidstid • bedriftshelseteneste • høve til å trene i arbeidstida • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise Offentleg søkjarliste Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga. Praktisk informasjon om søknadsprosessen Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/rekrutteringsprosessen Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er Dag Rune Omland, seksjonssjef: E-post: dag.omland@dsb.no Telefon: 33 37 33 43 Beate Eikesæth, Seniorrådgiver E-post: beate@cruit.no Telefon: +47 913 95 985 Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB og oversikt over ledige stillinger på www.dsb.no/jobb. Velkomen som søkjar hos oss!
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for informasjonsteknologi og -tenester har ledig fast stilling i 100 % som rådgivar/seniorrådgivar innan informasjonssikkerheit Informasjonsforvaltning og -sikkerheit (ITFS) gir fagleg støtte til heile HVL innan informasjonsforvaltning, arkiv og informasjonssikkerheit. Vi arbeider med rettleiing, metodikk og langsiktig utvikling i tråd med gjeldande lovverk og nasjonale krav. Dette er ei rolle for deg som trivst i møte med interne brukarar, og som gir tydeleg råd og rettleiing om dokumentasjonskrav etter ISO 27001:2022. Arbeidsstaden er ein av høgskulens fem campusar: Bergen, Førde, Sogndal, Stord eller Haugesund. Ansvars- og arbeidsoppgåver: • Handtere og følgje opp sikkerheitshendingar og beredskapsprosessar i samarbeid med CISO • Forvalte og vidareutvikle LIS (leiingssystem for informasjonssikkerheit), inkludert styrande dokumentasjon, tiltak og policyar i tråd med ISO 27001:2022 • Oppdatere rutinar og sikkerheitspolicyar i tråd med nye krav og behov • Bidra i det praktiske sikkerheitsarbeidet – frå risikovurderingar til handtering av hendingar • Vere ein pådrivar for ein sterk sikkerheitskultur i HVL • Rettleie tilsette i risikovurderingar og praktisk sikkerheitsarbeid • Bidra til at sikkerheit vert opplevd som ein verdidrivar – ikkje ei hindring Kvalifikasjonskrav: Formell utdanning og kompetanse: • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis mastergrad, minimum bachelorgrad, innan informasjonssikkerheit, informasjonsvitskap, informatikk eller tilsvarande IT-relaterte fagområde. • Erfaring med IT-sikkerheit, gjerne frå utvikling eller arkitektur • Erfaring med ISO 27001 (sertifisering er ein fordel) • Evne til å omsetje krav til praktiske løysingar • Fagleg nysgjerrig og oppdatert på eit felt i rask utvikling • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg (minimum B2) • Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel • Nyutdanna vert òg oppmoda til å søkje Personlege eigenskapar: • Du identifiserer deg med verdiane våre: inkludere, utfordre og samhandle • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Arbeider strukturert, sjølvstendig og leverer med høg kvalitet • Er analytisk, utviklingsorientert og løysingsorientert • Har god gjennomføringsevne og handterer fleire oppgåver samstundes • Må kunne autoriserast for begrensa, i samsvar med sikkerheitslova Vi tilbyr: • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling • Høve for trening i arbeidstida. Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgivar. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan stillingskode 1364 - seniorrådgivar vurderast. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Korleis søke på stillinga? Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Generell informasjon: Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane. Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering. Inkludere, utfordre og samhandle Les meir på våre heimesider.