
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) · Oslo
Om stillinga Avdeling for digitaliseringspolitikk har ei ledig fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjon for personvern og digitale rettar. Seksj...
Avdeling for digitaliseringspolitikk har ei ledig fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjon for personvern og digitale rettar.
Seksjonen arbeider med implementering og forvaltning av EU-regelverk som har stor betydning for den digitale samfunnsutviklinga i Noreg, mellom anna KI-forordninga, forordning om digitale tenester og regulering av elektronisk identitet. Seksjonen har òg ansvar for digital tryggleik, digital inkludering, kommunikasjonsvern og personvern. Du vil bidra til utviklinga av politikk på eit område med høg politisk merksemd.
Bruken av teknologi og digitalisering aukar, og påverkar kvardagen til kvar og ein av oss, og samfunnet som heilskap. Det gir store moglegheiter, men krev òg strategisk styring og regulering. Samfunnet er i rask endring, og både i perspektivmeldinga og digitaliseringsstrategien peikar regjeringa på utfordringane og behovet for omstilling. Digitalisering er eit nødvendig verkemiddel for å møte desse krava, samstundes som vi tek vare på rettstryggleik og tillit.
Hos oss vil du bli del av eit dynamisk og tverrfagleg arbeidsmiljø som består av juristar, samfunnsvitarar og teknologar. Vi verdset høg fagleg kompetanse og evne til tverrfagleg samarbeid, og har ein kultur prega av openheit, tillit og fagleg utvikling. Arbeidsmiljøet er hektisk, men òg svært givande, med moglegheiter for personleg og profesjonell vekst. Vi legg stor vekt på å byggje relasjonar og samarbeid både internt i departementsfellesskapet og med eksterne aktørar.
Du vil inngå i eit fagleg sterkt og engasjert miljø, og arbeide med sentrale problemstillingar knytte til digitale rettar og regulering. Arbeidet vil spenne frå langsiktig utgreiing og regelverksutvikling til løpande oppfølging av saker med korte fristar. Du vil få ei sentral rolle i å bidra til kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming.
Personlige eigenskapar
Det vil bli lagde vekt stor vekt på personleg egnethet.
Utdannelse og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin.
Løn: Stillinga blir lønt som rådgjevar i lønnsspennet 650 000-750 000 kroner per år eller seniorrådgjevar i lønnsspennet 750 000-850 000 kroner per år. Lønsplasseringa er avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 prosent frå løna til innskot til Statens pensjonskasse.
Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter sikkerheitslova. Les meir om autorisasjon her.
Mangfald er ein styrke og bidrar til endå betre oppgåveløysing. Derfor ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Dersom det er kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin frå kvar gruppe til intervju. Dersom du får jobben, legg vi til rette for deg dersom du har behov for det. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir ikkje brukt til andre føremål enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Informasjon til deg som søkjer
Kontaktperson:
For nærmare opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsdirektør, Åste Marie Skullerud på tlf 90967304 eller e-post aste-marie.skullerud@dfd.dep.no.
For nærmare opplysningar om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med rekrutteringsrådgivar Annabel Tveit på tlf 97959303 eller annabel.tveit@dss.dep.no.
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for informasjonsteknologi og -tenester har ledig fast stilling i 100 % som rådgivar/seniorrådgivar innan informasjonssikkerheit Informasjonsforvaltning og -sikkerheit (ITFS) gir fagleg støtte til heile HVL innan informasjonsforvaltning, arkiv og informasjonssikkerheit. Vi arbeider med rettleiing, metodikk og langsiktig utvikling i tråd med gjeldande lovverk og nasjonale krav. Dette er ei rolle for deg som trivst i møte med interne brukarar, og som gir tydeleg råd og rettleiing om dokumentasjonskrav etter ISO 27001:2022. Arbeidsstaden er ein av høgskulens fem campusar: Bergen, Førde, Sogndal, Stord eller Haugesund. Ansvars- og arbeidsoppgåver: • Handtere og følgje opp sikkerheitshendingar og beredskapsprosessar i samarbeid med CISO • Forvalte og vidareutvikle LIS (leiingssystem for informasjonssikkerheit), inkludert styrande dokumentasjon, tiltak og policyar i tråd med ISO 27001:2022 • Oppdatere rutinar og sikkerheitspolicyar i tråd med nye krav og behov • Bidra i det praktiske sikkerheitsarbeidet – frå risikovurderingar til handtering av hendingar • Vere ein pådrivar for ein sterk sikkerheitskultur i HVL • Rettleie tilsette i risikovurderingar og praktisk sikkerheitsarbeid • Bidra til at sikkerheit vert opplevd som ein verdidrivar – ikkje ei hindring Kvalifikasjonskrav: Formell utdanning og kompetanse: • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis mastergrad, minimum bachelorgrad, innan informasjonssikkerheit, informasjonsvitskap, informatikk eller tilsvarande IT-relaterte fagområde. • Erfaring med IT-sikkerheit, gjerne frå utvikling eller arkitektur • Erfaring med ISO 27001 (sertifisering er ein fordel) • Evne til å omsetje krav til praktiske løysingar • Fagleg nysgjerrig og oppdatert på eit felt i rask utvikling • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg (minimum B2) • Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel • Nyutdanna vert òg oppmoda til å søkje Personlege eigenskapar: • Du identifiserer deg med verdiane våre: inkludere, utfordre og samhandle • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Arbeider strukturert, sjølvstendig og leverer med høg kvalitet • Er analytisk, utviklingsorientert og løysingsorientert • Har god gjennomføringsevne og handterer fleire oppgåver samstundes • Må kunne autoriserast for begrensa, i samsvar med sikkerheitslova Vi tilbyr: • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling • Høve for trening i arbeidstida. Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgivar. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan stillingskode 1364 - seniorrådgivar vurderast. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Korleis søke på stillinga? Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Generell informasjon: Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane. Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering. Inkludere, utfordre og samhandle Les meir på våre heimesider.
Om stillinga Vil du bidra til å utvikle og forvalte sentrale ordningar i velferdsstaten? Hos oss får du arbeide med juridiske problemstillingar og regelverksutvikling innan blant anna uføretrygd og hjelpemiddelområdet, i skjeringspunktet mellom politikk, juss og økonomi. Vi har ledig ei fast stilling som jurist i seksjon for uføreytingar og internasjonale saker i Velferdspolitisk avdeling. Velferdspolitikken skal sikre at alle har like moglegheiter, rettar og plikter til å delta i samfunnet, uavhengig av økonomisk og sosial bakgrunn. Arbeids- og velferdspolitikken skal leggje til rette for at flest mogleg kan forsørge seg sjølv gjennom arbeid. Inntektssikringsordningane skal gi økonomisk tryggleik for personar som ikkje kan delta i arbeidslivet, og bidra til utjamning av inntekt og levekår gjennom livsløpet. Arbeidsoppgåver I seksjonen arbeider vi med regelverksavklaring og regelverksutvikling innan uføretrygd, grunn- og hjelpestønad og hjelpemiddelområdet. Vi har også ansvar for å koordinere internasjonale saker i avdelinga, mellom anna knytte til EU/EØS, Europarådet, FN, OECD og Nordisk ministerråd. I tillegg koordinerer vi FoU-arbeidet i avdelinga og har dialog med Arbeids- og velferdsdirektoratet om departementet sitt FoU-arbeid. Du vil i hovudsak arbeide med avklaring av løpande juridiske spørsmål, særleg knytte til uføretrygd og hjelpemiddel, og samarbeide tett med økonomar i budsjettarbeidet. Arbeidet omfattar juridiske utgreiingsoppgåver, samt arbeid med lov- og forskriftsutvikling innan desse områda. Kva slags bakgrunn har du? Du har • mastergrad i rettsvitskap / juridisk embetseksamen • relevant arbeidserfaring, helst frå departement Det er ein fordel om du har • erfaring med lovarbeid og utgreiingsprosessar • erfaring med forvaltningsprosessar og styringsdialog • økonomi i utdanninga di Kven ser vi etter? Du • trivst med å samarbeide på tvers av fagmiljø og tek aktivt ansvar i fellesskapen • er analytisk og strukturert, og jobbar målretta for å få oppgåver i mål • handterer høgt tempo og skiftande prioriteringar på ein fleksibel måte • tek initiativ og bidreg med nye løysingar og perspektiv • har god rolleforståing og evne til å balansere faglege vurderingar med politiske omsyn • er fagleg trygg og trivst med å ta tak i nye og krevjande problemstillingar Kva får du hos oss? • Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaar. Vi legg vekt på å gje ansvar og tillit, men òg rettleiing i eit godt arbeidsfellesskap. • Du vil få nærleik til politiske avgjerder. • Om du blir tilsett som rådgivar eller seniorrådgivar, avheng av erfaringa di. • Lønn vil ligge mellom 650 000 og 900 000 kroner avhengig av kompetansen og kvalifikasjonane dine. Er du særleg godt kvalifisert til stillinga, kan vi vurdere noko høgare lønn. • Som tilsett i staten får du mellom anna fleksitid, sommar- og vintertid og pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse som òg har eit av dei rimelegaste bustadlåna i marknaden. Du får også høve til å trene i arbeidstida. Les dette før du søker • Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk. • Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge. • Arbeidsspråket er norsk. Andre vilkår • Alle søkarar må laste opp vitnemål og attestar. Vi ber om at du brukar vitnemålsportalen. • For å bli tilsett må du kunne bli autorisert for behandling av informasjon gradert AVGRENSA etter tryggingslova. • Vi bruker Semac bakgrunnssjekk i utvalde rekrutteringsprosessar.
Vilkår Fast stilling som rådgivar (stillingskode 1434) med årsløn frå kr 680 000 til 780 000, eller som seniorrådgivar (stillingskode 1364) med årsløn frå kr 780 000 til 880 000. I heilt ekstraordinære tilfelle kan anna lønsplassering vurderast. Om avdelinga, seksjonen og stillinga DSB er nasjonal brannstyresmakt med ansvar for myndigheitsutøving gjennom regelverk og tilsyn. Seksjon for beredskap og naudmelding (BNM) er éi av to seksjonar i Avdeling for brann og redning (BRE). Avdelinga består av 29 høgt kompetente medarbeidarar ved DSB sitt hovudkontor i Tønsberg. DSB skal vere ei synleg og tydeleg tilsynsmyndigheit som gjennomfører risikobaserte tilsyn. I BNM er vi 15 tilsette med utfyllande kompetanse innan beredskap, kapasitetar, naudmeldingstenesta med meir. Seksjonen har ansvaret for forvaltning av regelverk som følgjer av brann- og eksplosjonsvernlova, med særleg vekt på forskrift om organisering, bemanning og utrusting av brann- og redningsvesenet og nødmeldesentralane (brann- og redningsvesenforskrifta). Seksjonen er òg tilsynsmyndigheit for brann- og redningsvesena og 110-sentralane. Vidare er seksjonen justissektoren sitt faglege og rådgivande organ innan brannberedskap, kapasitetar, samhandling og tilsyn, og skal vere den viktigaste nasjonale pådrivaren for kontinuerleg utvikling av brann- og redningsvesenet. Utvikling av naudmeldingstenesta, med særleg søkjelys på 110-sentralane, er òg ein viktig del av seksjonen sin portefølje. Dei primære målgruppene våre er dei kommunale brann- og redningsvesena, inkludert 110-sentralane. Det store mangfaldet av oppgåver gjer at vi arbeider både sjølvstendig og i team, og at vi i møte med ei rekkje andre styresmakter representerer brann- og redningsvesena og 110-sentralane. Hovudoppgåva dei første åra vil vere arbeidet med nytt naudnett for brann- og redningsvesenet og 110-sentralane. Nytt Naudnett er Noregs framtidige nasjonale naud- og beredskapssamband og skal erstatte dagens TETRA-baserte system. Det nye nettet skal løfte beredskapskommunikasjonen frå rein talekommunikasjon til òg å omfatte avanserte data- og videotenester. Det nye systemet skal byggjast på 5G og kommersiell mobilinfrastruktur i staden for eit eige, lukka radionett. Naudetatane vil få høve til å dele sanntidsvideo, bilete og store datamengder, noko som vil gi langt betre situasjonsforståing under oppdrag. Sjølv om nettet deler basestasjonar med vanlege mobilnett, skal det byggjast med særskild robustheit og prioritert kapasitet for å sikre at beredskapsaktørane ikkje mistar sambandet under kriser.Vil du bidra til eit tryggare samfunn? Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) søkjer ein engasjert samfunnsvitar som vil vere med på å utvikle framtidas naud- og beredskapskommunikasjon og naudmeldingsteneste. Dette er ein spennande moglegheit for deg som ynskjer å jobbe i skjeringspunktet mellom samfunnstryggleik, offentleg forvaltning, teknologi og beredskap. Vi søkjer ein ny kollega som vil bidra til utviklinga av naudmeldingstenesta, naud- og beredskapskommunikasjon og arbeidet med og for dei kommunale og interkommunale brann- og redningsvesena og 110-sentralane. Hos oss får du arbeide med komplekse og samfunnskritiske problemstillingar, tett på avgjerdsprosessar og i samarbeid med sentrale aktørar på tvers av naudetatane. Dette er stillinga for deg som blir motivert av å forstå samanhengar, finne gode løysingar og skape resultat som har betydning for samfunnet. Arbeidsoppgåver Du vil få ein variert arbeidskvardag med ansvar for å:leie og delta i prosjekt-, utgreiings- og utviklingsarbeid knytt til nytt naudnett, naudmeldingstenesta og naud- og beredskapskommunikasjon for brann- og redningsvesen og 110-sentralar gi råd og rettleiing til kommunale og interkommunale brann- og redningsvesen og 110-sentralar samarbeide med interne og eksterne fagmiljø innan tverretatleg naudmeldingsteneste saksbehandle, samanstille, utarbeide og formidle informasjon til målgruppene våre gjennomføre tilsyn med brann- og redningsvesen og 110-sentralar Kvalifikasjonar Du må ha:relevant mastergrad, helst innan statsvitskap, samfunnsøkonomi eller andre samfunnsvitskaplege fag. Bachelorgrad med relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet om mastergrad. Utdanning frå utlandet må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse god forståing for, og kompetanse om, kommunal og statleg forvaltning gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk følgande personlege eigenskapar relasjonsbyggjar – du støttar andre, skaper godt samarbeid og byggjer verdifulle nettverk gode kommunikasjonsevner – du formidlar bodskap klart og presist, lyttar aktivt og evnar å påverke andre gjennomføringsevne – du set i gang arbeid og jobbar planmessig og effektivt for å levere etter plan analytisk – du forstår raskt komplekse problemstillingar og gjer reflekterte og heilskaplege vurderingar sjølvstendig – du tek ansvar for eigne avgjerder og resultat og arbeider godt på eiga hand Vi ynskjer at du har:erfaring med utgreiingsarbeid, prosjektarbeid eller prosjektleiing interesse for eller erfaring med naud- og beredskapskommunikasjon relevant arbeidserfaring, gjerne frå offentleg eller kommunal sektor erfaring frå samfunnskritiske område kjennskap til brann- og redningsvesen og 110-sentralar interesse for forbetring og effektivisering av arbeidsprosessar førarkort klasse B Om DSB Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 800 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Om å jobbe i DSB Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsordningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/sikkerhet-i-dsb Hos oss får du • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/ • fleksibel arbeidstid • bedriftshelseteneste • høve til å trene i arbeidstida • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise Offentleg søkjarliste Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga. Praktisk informasjon om søknadsprosessen Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/rekrutteringsprosessen Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er Dag Rune Omland, seksjonssjef: E-post: dag.omland@dsb.no Telefon: 33 37 33 43 Beate Eikesæth, Seniorrådgiver E-post: beate@cruit.no Telefon: +47 913 95 985 Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB og oversikt over ledige stillinger på www.dsb.no/jobb. Velkomen som søkjar hos oss!