
Osterøy kommune · Osterøy
Om stillinga Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledig fast 100 % stilling som helsefagarbeidar i Heimetenesta frå 21.09.26 - 26.09.27 Heimetenesta yter tenes...
Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledig fast 100 % stilling som helsefagarbeidar i Heimetenesta frå 21.09.26 - 26.09.27
Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Helsefagarbeidarar har eit fagleg ansvar på vakt. Dette inneber faglege vurderingar, utføring av helsefaglege prosedyrar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og brukarar.
Den ledige stillinga har stort sett 14-timars langvakter, nokre dagvakter og arbeid kvar 4. helg. På langvakter har ein pause på 1,5 timar i løpet av vakta i tillegg til to lunsjpausar.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Vi tilbyr
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om stillinga Osterøytunet ligg i nydelege naturomgjevnader på Hauge, eit knutepunkt på Osterøy, og er den einaste sjukeheimen i Osterøy kommune. På Osterøytunet arbeider vi saman for å skape ein heim der alle bebuarar kjenner seg trygge, ivaretekne og verdsette. Vi legg vekt på å tilby heilskapleg omsorg av høg kvalitet, der både fysisk og psykisk helse står sentralt. Gjennom fagleg dyktigheit, omsorg og engasjement arbeider vi for å gje kvar enkelt bebuar ein meiningsfull og god kvardag – prega av respekt, glede og fellesskap. Vi er organiserte i tre avdelingar med totalt sju grupper og 65 einsengsrom fordelt på somatiske plassar, demensplassar og korttidsopphald. Som helsefagarbeidar ved sjukeheimen vår får du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane, samstundes som du bidreg til den daglege drifta på gruppa. Du får delta på legevisitt saman med sjukepleiar, og vi legg til rette for kompetanseheving for helsefagarbeidarar i møte med nye oppgåver og ansvarsområde. Dette er ei spennande og givande stilling der du får moglegheit til å utvikle deg vidare som fagperson. Vi har årsturnus, der dei tilsette har moglegheit til å påverke utforminga av eigen turnus. Det kan på sikt bli mogleg å gå turnus med langvakter. Vi opnar òg for tilsetting i vikariat. Stillingane er ledige frå 28.09.2026, med moglegheit for tidlegare oppstart. Arbeidsoppgåver til stillinga Som helsefagarbeidar på Osterøytunet vil ein ha variasjon i arbeidsoppgåver. Det å yte fagleg forsvarleg helsehjelp til pasientar med somatisk behov vil vere ein sentral, viktig og kontinuerleg oppgåve. Observasjon og vurdering av pasientanes helsetilstand vil og naturleg høre til rolla som helsefagarbeidar, samt å gje bistand og rettleiing ut frå den enkelte pasienten sine behov. På Osterøytunet arbeidar vi med målretta miljøarbeid og du som fagperson vil ha ei sentral rolle inn i sikring av eit positivt, inkluderande og fagleg arbeidsmiljø. Du vil handtere og nytte digitale plattformar og journalsystem, og du vil bli tildelt primærkontaktoppgåver. Vi vil sjølvsagt syte for at du får naudsynt opplæring når du blir vår nye kollega. Leiinga og kollegagruppa vil ta deg godt imot, heie på deg og støtte deg slik at du opplever meistring i din arbeidskvardag, og vi forventer det same av deg som vår nye kollega. Vår nye kollega kan forvente • Ei spanande og gjevande stilling • Moglegheit til å samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme • Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling • Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus. Alle tilsette får kome med ønskje og innspel til ny årsturnus som normalt skjer om hausten • Gode pensjons- og forsikringsvilkår som offentleg tilsett. Våre forsikringar er for tida plassert hjå KLP • Leiarar og kollegaer som står klar til å ta varmt imot deg, og som gler seg til nettopp du blir ein del av vårt lag! Kvalifikasjonar for stillinga • Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar eller hjelpepleiar. • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk • Erfaring frå pleie og omsorg er ein fordel, men ikkje eit krav. Det vil bli gitt opplæring på arbeidsplassen • Interesse for arbeid med eldre og forståing av deira behov vil vere ein føresetnad i arbeidet • Gode samarbeidsevner er viktig, men det er også viktig at ein evner å arbeide godt sjølvstendig og ta gode avgjerdsler • Grunnleggjande IT- kunnskaper for bruk av digitale plattformer og journalsystem vil vere eit føremon • Relevant vidareutdanning er ein fordel men ikkje eit krav. Om du går med ønskje om å vidareutdanne deg, ønskjer vi og gjerne å høyre om dette! Andre opplysningar / Ansettelsesvilkår: Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. om du får tilbod om stillinga. Tilsetting skjer med 6 månaders prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk i kommunen. Kven er du? Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg! Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss for ein hyggeleg prat! Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Ved Heimetenesta i Vågå kommune møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, har høgt fagleg fokus og eit nært samarbeid med institusjon Vågåheimen, legetenesta, tenestemottakarar og pårørande. Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaer som gler seg på å få deg med på laget. Vi har no fleire ledige stillingar for deg som er både sjukepleiar og helsefagarbeidar, eller har byrja på desse utdanningane. I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet! Vi har stort fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon. Vi ser fram til å høyre frå deg! Vi har ledige stillingar, både faste og vikariat, som etter avtale kan ligge mellom 50 og 100% stilling. Så her er det mogleg å finne ein stillingsstorleik som passar livet ditt! Stillingane har arbeid i turnus på dag, kveld og helg. Helgefrekvens er per dags dato kvar 3. helg for stillingar i turnus, men med moglegheit for å endre dette til kvar 4. helg med langvakter. Det kan og vera moglegheit for tilpassing til 3-delt turnus for fleire av stillingane, samt langvakt på vekedagar. Om du har andre ynskje for stillingsprosent enn det som er oppgjeve under, ynskjer vi likevel å høyre frå deg. Vi har ledig føljande stillingar: 100% fast helsefagarbeidar 75% vikariat helsefagarbeidar - ledig ut 2027 100% vikariat sjukepleiar - ledig ut 2027 Vi ber om at du spesifiserer i søknaden kva for stilling du søkjer på. Arbeidsoppgåver: • Ordinære oppgåver ut frå profesjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar • Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp • Samarbeid med institusjon Vågåheimen, brukarar, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartar • Ansvarsvakt for sjukepleiarar Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar/ fagbrev helsefagarbeidar, eller har starta på desse utdanningane • Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje naudsynt • Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1) • God fagleg innsikt og tryggheit • Søkaren lyt ha førarkort klasse B. Eigenskapane dine: • Fagleg engasjert • Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig • Kreativ og endringsorientert/-viljug • Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner • Initiativrik og søkjer å finne gode løysingar til det beste for fellesskapet • Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø • Fleksibel, lojal og er ein lagspelar Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt Det vert kravd politiattest ved tilsetjing. Vi tilbyr: • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling, der du som tilsett vert viktig for utvikling av tenesta • Eit godt fagmiljø, med dyktige og rutinerte kollegaer • Internundervisning, kompetanseheving, refleksjonsmøte og fagleg utvikling • Konkurransedyktig lønn • Kommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad for deg som ikkje kan dagpendle. Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler. **Venlegast informer i søknaden om du kva for type stilling du søkjer på (samt ynskje om stillingsprosent). ** Stillingsstorleikar kan endre seg ved interne rokkeringar. Stillingsprosentane vil ikkje bli delt dersom det er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar. Ved krav om auka fast stillingsstorleik må ein dermed fortrinnsvis ta stillinga slik den er. Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vi søkjer engasjerte helsefagarbeidarar som vil gjere ein forskjell – kvar dag. Er du ein person som brenn for å gi god omsorg, og som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg! Heimetenesta Fusa har ledig 2 * 100 % faste stillingar frå snarast i avd 1. Du vil bli ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande team som jobbar for å gi brukarane våre tryggleik, verdigheit og kvalitet i kvardagen. Stillingane er i turnus med arbeid på dag, kveld og helg. Ei av stillingane er knytt til eit vikariat, der ein etter vikarperioden vil vere knytt til ressursbemanninga i avd 1 og 2. Du får sjølvsagt fast turnus til stillinga. Heimetenesta Fusa er delt i to avdelingar, der ein har gjort omstillingar i korleis organisera arbeidet for å sikre kvalitet i tenestene og god bruk av kompetansen. Vi treng deg som ønskjer å vere med å vidareutvikla heimetenesta, og som ser moglegheiter framfor avgrensingar. Kvifor velje oss? • Du får vere med på å utvikle og forme framtidas heimeteneste i ein kommune som tenkjer nytt • Du får varierte arbeidsdagar med ulike ruter og oppgåver – ingen dag er lik! • Du får brei erfaring og tett samarbeid med ulike faggrupper • Du får bruke kompetansen din der behovet er størst • Du blir ein del av eit miljø som ser moglegheiter framfor avgrensingar Arbeidsstad Heimetenester Fusa avd 1 - Eikelandsosen Arbeidsoppgåver • Utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk • Pleie og omsorgsoppgåver, miljøarbeid og palliasjon • Dokumentere i gjeldande fagsystem og følgje opp oppgåver som er knytt til dette • Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester • Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar • Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid • Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar vert fulgt • Halda seg fagleg oppdatert ved bruk av e-læringskrus og intern opplæring Kvalifikasjonar • Autorisasjon som helsefagarbeidar, anna helsefagleg utdanning og lang erfaring kan bli vurdert • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet • Søkjar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Personlege eigenskapar • Har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg • Deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt • Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengst Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr • Løn etter gjeldande avtalar. • 100 % stilling i eit aktivt miljø, med høgt tempo, fokus på fag og gode kollegaer • Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing • Vi har plan for internundervisning og det er moglegheit for relevant vidareutdanning • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • Fleksible arbeidstidsordningar. Stillingane inneber arbeid på dag, kveld og helg • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her