
Osterøy kommune · Osterøy
Om stillinga Osterøytunet ligg i nydelege naturomgjevnader på Hauge, eit knutepunkt på Osterøy, og er den einaste sjukeheimen i Osterøy kommune. På Osterøytu...
Osterøytunet ligg i nydelege naturomgjevnader på Hauge, eit knutepunkt på Osterøy, og er den einaste sjukeheimen i Osterøy kommune.
På Osterøytunet arbeider vi saman for å skape ein heim der alle bebuarar kjenner seg trygge, ivaretekne og verdsette. Vi legg vekt på å tilby heilskapleg omsorg av høg kvalitet, der både fysisk og psykisk helse står sentralt. Gjennom fagleg dyktigheit, omsorg og engasjement arbeider vi for å gje kvar enkelt bebuar ein meiningsfull og god kvardag – prega av respekt, glede og fellesskap.
Vi er organiserte i tre avdelingar med totalt sju grupper og 65 einsengsrom fordelt på somatiske plassar, demensplassar og korttidsopphald. Som helsefagarbeidar ved sjukeheimen vår får du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane, samstundes som du bidreg til den daglege drifta på gruppa.
Du får delta på legevisitt saman med sjukepleiar, og vi legg til rette for kompetanseheving for helsefagarbeidarar i møte med nye oppgåver og ansvarsområde. Dette er ei spennande og givande stilling der du får moglegheit til å utvikle deg vidare som fagperson.
Vi har årsturnus, der dei tilsette har moglegheit til å påverke utforminga av eigen turnus.
Det kan på sikt bli mogleg å gå turnus med langvakter.
Vi opnar òg for tilsetting i vikariat.
Stillingane er ledige frå 28.09.2026, med moglegheit for tidlegare oppstart.
Som helsefagarbeidar på Osterøytunet vil ein ha variasjon i arbeidsoppgåver. Det å yte fagleg forsvarleg helsehjelp til pasientar med somatisk behov vil vere ein sentral, viktig og kontinuerleg oppgåve. Observasjon og vurdering av pasientanes helsetilstand vil og naturleg høre til rolla som helsefagarbeidar, samt å gje bistand og rettleiing ut frå den enkelte pasienten sine behov.
På Osterøytunet arbeidar vi med målretta miljøarbeid og du som fagperson vil ha ei sentral rolle inn i sikring av eit positivt, inkluderande og fagleg arbeidsmiljø. Du vil handtere og nytte digitale plattformar og journalsystem, og du vil bli tildelt primærkontaktoppgåver.
Vi vil sjølvsagt syte for at du får naudsynt opplæring når du blir vår nye kollega. Leiinga og kollegagruppa vil ta deg godt imot, heie på deg og støtte deg slik at du opplever meistring i din arbeidskvardag, og vi forventer det same av deg som vår nye kollega.
Vår nye kollega kan forvente
Kvalifikasjonar for stillinga
Andre opplysningar / Ansettelsesvilkår:
Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. om du får tilbod om stillinga.
Tilsetting skjer med 6 månaders prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk i kommunen.
Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg!
Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss for ein hyggeleg prat!
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om stillinga Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledig fast 100 % stilling som helsefagarbeidar i Heimetenesta frå 21.09.26 - 26.09.27 Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Helsefagarbeidarar har eit fagleg ansvar på vakt. Dette inneber faglege vurderingar, utføring av helsefaglege prosedyrar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og brukarar. Den ledige stillinga har stort sett 14-timars langvakter, nokre dagvakter og arbeid kvar 4. helg. På langvakter har ein pause på 1,5 timar i løpet av vakta i tillegg til to lunsjpausar. Arbeidsoppgåver • Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak • Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning • Legemiddelhandtering • Primærkontaktansvar • Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling • Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar • Veiledning av elevar og lærlingar i avdelinga • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø Kvalifikasjonskrav • Krav om autorisasjon som helsefagarbeidar • Krav om å beherske vanleg IKT verktøy • Førarkort klasse B • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk. • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde • Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Vi tilbyr • God opplæring • Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling • Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver • Løn etter tariff • Gode pensjonsvillkår • Ei av Noregs vakraste øyer som arbeidsstad Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om stillinga Vi har ledig svangerskapsvikariat som helsefagarbeidar i 75% stilling. Vikariatet er for perioden 01.09.2026 til 28.06.27. Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på to avdelingar, der kvar avdeling har 3-4 grupper med 9-10 bebuarar i kvar gruppe. Me har eige kjøkken og eigen lege, og tilbyr både korttids- og langtidsopphald. Som nattevakt ved Osterøytunet vil du arbeide på alle avdelingar ved sjukeheimen, og du vil også vere ein del av utetenesta i kommunen. Du vil få grundig opplæring i dei arbeidsoppgåvene du blir sett til. På Osterøytunet nyttar vi moderne velferdsteknologiske løysingar, mellom anna nytt digitalt alarmsystem med mobile responsløysingar og RoomMate Me har fokus på utvikling, kompetansedeling og eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarane får bidra med erfaringar og vere del av utviklinga av tenestene. Arbeidsoppgåver • Heilskapleg omsorg og pleie • Bistand og rettleiing utfrå pasienten sine behov • Målretta miljøarbeid ved behov • Praktiske oppgåver i avdelingane • Dokumentasjon og rapportering i journalsystemet Profil • Utføring av ulike prosedyrar som er aktuelle på nattestid Kvalifikasjonskrav • Må ha autorisasjon som helsefagarbeidar • Ha evne til å gjera faglege vurderingar og gjennomføra desse og å utvise godt skjønn • Vera opptatt av kvalitet og å halde deg fagleg oppdatert • Om du får tilbod om stillig må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader • Du er fleksibel, endringsvillig og løysingsorientert • Du må ha gode samarbeidsevner • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk • Å vera personleg eigna vil bli vektlagt Andre opplysningar / Ansettelsesvilkår: Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. om du får tilbod om stilling Tilsetting skjer med 6 månaders prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk i kommunen. Vi tilbyr • Moglegheit for fagleg utvikling • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme • Arbeid kvar 3. helg • Lønn etter tariffavtale • Moglegheit for lading av elbil mot eigenbetaling Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY
Om stillinga Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på tre avdelingar, med tre grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege. Me søkjer helsefagarbeidar til ein 80 % fast stilling på avdeling for personar med demens. Stillingen har ordinær todelt turnus med arbeid kvar 3.helg. Stillinga er ledig frå 01.oktober 2026. Utvikling: Me har starta prosjektet "Tid for handling", der me ser på oppgåvefordeling ved sjukeheimen ut frå kompetanse og har nyleg starta med sjukepleiarteam. Som helsefagarbeidar har du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane våre og dagleg drift av gruppa. Du får delta på legevisitt saman med sjukepleiar og me planlegg kompetanseheving for helsefagarbeidarar i møte med nye oppgåver/ansvarsområder. På Osterøytunet nyttar vi moderne velferdsteknologiske løysingar, mellom anna nytt digitalt alarmsystem med mobile responsløysingar og RoomMate. Me har fokus på utvikling, kompetansedeling og eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarane får bidra med erfaringar og vere del av utviklinga av tenestene. Kven søkjer vi etter? Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg! Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss! Vi tilbyr deg • Ei spanande og gjevande stilling • Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme • Moglegheit for fagleg utvikling • Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus (kvar haust) • Gode pensjons- og forsikringsvilkår Arbeidsoppgåver • Heilskapeleg omsorg og pleie • Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov • Målretta miljøarbeid. • Primærkontaktoppgåver Kvalifikasjonar • Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar • Relevant vidareutdanning er ein fordel • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde • Grunnleggande IT-kunnskapar for bruk av digitale plattformer og journalsystem Andre opplysningar / Ansettelsesvilkår: • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 md om du får tilbod om stillinga • Tilsetting skjer med 6 månaders prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk i kommunen