
Osterøy kommune · Osterøy
Om stillinga Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på tre avdelingar, med tre grupper i kvar avdeling. ...
Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på tre avdelingar, med tre grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege.
Me søkjer helsefagarbeidar til ein 80 % fast stilling på avdeling for personar med demens. Stillingen har ordinær todelt turnus med arbeid kvar 3.helg. Stillinga er ledig frå 01.oktober 2026.
Me har starta prosjektet "Tid for handling", der me ser på oppgåvefordeling ved sjukeheimen ut frå kompetanse og har nyleg starta med sjukepleiarteam. Som helsefagarbeidar har du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane våre og dagleg drift av gruppa. Du får delta på legevisitt saman med sjukepleiar og me planlegg kompetanseheving for helsefagarbeidarar i møte med nye oppgåver/ansvarsområder.
På Osterøytunet nyttar vi moderne velferdsteknologiske løysingar, mellom anna nytt digitalt alarmsystem med mobile responsløysingar og RoomMate.
Me har fokus på utvikling, kompetansedeling og eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarane får bidra med erfaringar og vere del av utviklinga av tenestene.
Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg!
Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!
Vi tilbyr deg
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Om stillinga Osterøytunet ligg i nydelege naturomgjevnader på Hauge, eit knutepunkt på Osterøy, og er den einaste sjukeheimen i Osterøy kommune. På Osterøytunet arbeider vi saman for å skape ein heim der alle bebuarar kjenner seg trygge, ivaretekne og verdsette. Vi legg vekt på å tilby heilskapleg omsorg av høg kvalitet, der både fysisk og psykisk helse står sentralt. Gjennom fagleg dyktigheit, omsorg og engasjement arbeider vi for å gje kvar enkelt bebuar ein meiningsfull og god kvardag – prega av respekt, glede og fellesskap. Vi er organiserte i tre avdelingar med totalt sju grupper og 65 einsengsrom fordelt på somatiske plassar, demensplassar og korttidsopphald. Som helsefagarbeidar ved sjukeheimen vår får du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane, samstundes som du bidreg til den daglege drifta på gruppa. Du får delta på legevisitt saman med sjukepleiar, og vi legg til rette for kompetanseheving for helsefagarbeidarar i møte med nye oppgåver og ansvarsområde. Dette er ei spennande og givande stilling der du får moglegheit til å utvikle deg vidare som fagperson. Vi har årsturnus, der dei tilsette har moglegheit til å påverke utforminga av eigen turnus. Det kan på sikt bli mogleg å gå turnus med langvakter. Vi opnar òg for tilsetting i vikariat. Stillingane er ledige frå 28.09.2026, med moglegheit for tidlegare oppstart. Arbeidsoppgåver til stillinga Som helsefagarbeidar på Osterøytunet vil ein ha variasjon i arbeidsoppgåver. Det å yte fagleg forsvarleg helsehjelp til pasientar med somatisk behov vil vere ein sentral, viktig og kontinuerleg oppgåve. Observasjon og vurdering av pasientanes helsetilstand vil og naturleg høre til rolla som helsefagarbeidar, samt å gje bistand og rettleiing ut frå den enkelte pasienten sine behov. På Osterøytunet arbeidar vi med målretta miljøarbeid og du som fagperson vil ha ei sentral rolle inn i sikring av eit positivt, inkluderande og fagleg arbeidsmiljø. Du vil handtere og nytte digitale plattformar og journalsystem, og du vil bli tildelt primærkontaktoppgåver. Vi vil sjølvsagt syte for at du får naudsynt opplæring når du blir vår nye kollega. Leiinga og kollegagruppa vil ta deg godt imot, heie på deg og støtte deg slik at du opplever meistring i din arbeidskvardag, og vi forventer det same av deg som vår nye kollega. Vår nye kollega kan forvente • Ei spanande og gjevande stilling • Moglegheit til å samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme • Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling • Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus. Alle tilsette får kome med ønskje og innspel til ny årsturnus som normalt skjer om hausten • Gode pensjons- og forsikringsvilkår som offentleg tilsett. Våre forsikringar er for tida plassert hjå KLP • Leiarar og kollegaer som står klar til å ta varmt imot deg, og som gler seg til nettopp du blir ein del av vårt lag! Kvalifikasjonar for stillinga • Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar eller hjelpepleiar. • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk • Erfaring frå pleie og omsorg er ein fordel, men ikkje eit krav. Det vil bli gitt opplæring på arbeidsplassen • Interesse for arbeid med eldre og forståing av deira behov vil vere ein føresetnad i arbeidet • Gode samarbeidsevner er viktig, men det er også viktig at ein evner å arbeide godt sjølvstendig og ta gode avgjerdsler • Grunnleggjande IT- kunnskaper for bruk av digitale plattformer og journalsystem vil vere eit føremon • Relevant vidareutdanning er ein fordel men ikkje eit krav. Om du går med ønskje om å vidareutdanne deg, ønskjer vi og gjerne å høyre om dette! Andre opplysningar / Ansettelsesvilkår: Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. om du får tilbod om stillinga. Tilsetting skjer med 6 månaders prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk i kommunen. Kven er du? Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg! Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss for ein hyggeleg prat! Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om stillinga Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på tre avdelingar, med tre-fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege. Me søkjer assistentar og helsefagarbeidarar til helgestillingar på avdeling for pasientar med demenssjukdom. Det er fleire ledige helgestillingar i stillingsstorleiken 16,67% og 17,14%, med arbeid kvar tredje helg, og 14,49%, med arbeid kvar fjerde helg. I tillegg har vi et vikariat på 21,6%, med arbeid kvar tredje helg ut 2026, med mulighet for forlenging. Før gjerne opp i søknadsteksten kva for stilling du er interessert i. På Osterøytunet nyttar vi moderne velferdsteknologiske løysingar, mellom anna nytt digitalt alarmsystem med mobile responsløysingar og RoomMate Me har fokus på utvikling, kompetansedeling og eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarane får bidra med erfaringar og vere del av utviklinga av tenestene. Kven søkjer vi etter? Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg! Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss! Vi tilbyr deg • Ei spanande og gjevande stilling • God opplæring • Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme • Moglegheit for fagleg utvikling • Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus (kvar haust) • Gode pensjons- og forsikringsvilkår Arbeidsoppgåver • Heilskapeleg omsorg og pleie • Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov • Målretta miljøarbeid Kvalifikasjonar • Fagbrev som helsefagarbeidar er ønskeleg, men andre kan også søke • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere skriftlege og munnlege norskkunnskapar gjennom bestått B2-test i norsk • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde • Grunnleggande IT-kunnskapar for bruk av digitale plattformer og journalsystem Andre opplysningar / Ansettelsesvilkår: • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3md. om du får tilbod om stilling. • Tilsetting skjer med 6 månaders prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk i kommunen
Om stillinga • Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på to avdelingar, med tre-fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-10 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege og nært samarbeid med fysioterapiavdelinga som er i samme bygg. • Korttidsavdelinga har no behov for ringevikarar både vekedagar og helg Arbeidsoppgåver • Heilskapeleg omsorg og pleie • Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov • Målretta miljøarbeid. • Deltaking i den dalgelege drifta på avdelinga Kvalifikasjonskrav • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar er ein fordel. • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk • Personlege eigenskapar vert vektlagt Krav til gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader om du får tilbod om stilling. Vi tilbyr • Ein spannande og gjevande arbeidsplass • God opplæring • Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme • Moglegheit for fagleg utvikling og evt fast stilling • Mogleigheit for lange vakter, 14 t. • Mogleigheit for el-bil lading mot betaling • Lønn etter tariffavtale Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglYSpørsmål om stillinga • Høyres dette ut som noko for deg ? Ta kontakt med avdelingsleiar Siv Katring Eidhammer for meir informasjon