
Mobilitet og kollektivtransport, Stab og forvaltning, Vestland fylkeskommune · Sogndal
Vil du gjere ein reell forskjell for folk som treng det mest? For oss handlar transport om fridom Nokre tek det for gitt å kunne reise dit dei vil, når de...
Nokre tek det for gitt å kunne reise dit dei vil, når dei vil. For mange av dei vi hjelper, er det ikkje slik. Som rådgjevar i tilrettelagt transport blir du ein nøkkelperson for menneske med nedsett funksjonsevne – folk som er avhengige av at nokon ser, forstår og handterer saka deira med både fagleg skjønn og menneskelegheit.
Vestland fylkeskommune forvaltar viktige samfunnsoppgåver, og spelar ei sentral rolle i utviklinga av regionen. Avdeling for mobilitet og kollektivtransport (MOK) har det overordna ansvaret for å utvikle eit framtidsretta, miljøvenleg og effektivt mobilitets- og kollektivtilbod for innbyggjarane i Vestland fylke.
Hos oss møtest jus, samfunnsoppdrag og praktisk forvaltning - og kvardagen er alt anna enn einsformig. Vi har no ein ledig stilling og ser etter ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar som vil vere med å gjere ein forskjell - kvar einaste dag.
Som rådgjevar hos oss vil sentrale arbeidsoppgåver vere mellom anna:
Du kjenner deg att i verdiane våre: open, kompetent og modig. Hos oss er det lov å stille spørsmål, prøve nye løysingar – og lære av dei gongene det ikkje gjekk heilt som planlagt
Hos oss kjem du inn i eit sterkt engasjert fagmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling. I tillegg tilbyr vi:
KontaktinformasjonJanne Dokken, seksjonssjef, 95089918
ArbeidsstadAskedalen 3
6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5151901094
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026
Vil du vere med å utvikle museumsfeltet i Vestland? Vestland fylkeskommune søkjer ein spesialkonsulent/rådgjevar museum som vil vere med å vidareutvikle ein av dei sterkaste museumsregionane i landet. Stillinga ligg i fageining for museum, fartøy- og bygningsvern, ein del av kulturarvseksjonen. Fageininga har lokasjon både i Bergen og Førde. Arbeidsstad for denne stillinga er Bergen. Vestland har ti konsoliderte museum og eit stort mangfald av institusjonar. Fylkeskommunen har ei sentral strategisk utviklarrolle i å leggja til rette for ein regional heilskap på museumsområdet, mellom anna innan fellesmagasin, bevaringstenester, bygningsvernrådgjeving og kunnskaps- og utviklingsarbeid. No søkjer vi ein erfaren, engasjert og samfunnsorientert rådgjevar som vil bidra aktivt i dette arbeidet. Arbeidsoppgåver • Førebu politiske saker og følgje opp vedteken politikk på museumsfeltet • Planleggje og bidra i realisering av Samlingssentrum Vestland, eit fellesmagasin for musea i Hordaland • Bidra til strategisk utvikling og regional samordning av museumsfeltet • Følgje opp musea gjennom årlege museumssamlingar, dialog og nettverksarbeid • Forvalte og følgje opp regionale driftstilskot og kulturfondmidlar • Delta i og bidra til regionale og nasjonale museumsnettverk • Delta i utviklingsprosjekt og andre relevante oppgåver ved behov Noko reiseverksemd må påreknast. Kvalifikasjonar Du må ha: • Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, minimum på bachelornivå (spesialkonsulent) • Dokumentert kompetanse og erfaring frå museumsfagleg arbeid • Førarkort personbil klasse B Vi ønskjer at du har: • Erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid innan museum og kulturarv • Erfaring frå rådgjeving, saksførebuing eller arbeid tett på leiing og politiske organ • Kunnskap om offentleg forvaltning og politiske prosessar Personlege eigenskapar Vi ser etter ein medarbeidar som kjenner seg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig. I tillegg ønskjer vi at du er : • Er nytenkjande og utviklingsorientert • Evnar å sjå heilskap og samanhengar • Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk • Kommuniserer godt og samarbeider effektivt med ulike aktørar • Arbeider strukturert, sjølvstendig og målretta Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr • Eit av Noregs mest sentrale og kompetente fagmiljø innan vern og utvikling av kulturarv • Høve til å påverke utviklinga av museumsfeltet i Vestland • Stillingstittel (rådgjevar/ spesialkonsulent) og løn vert fastsett etter kompetanse og erfaring • Gode forsikrings- og pensjonsordningar • Fleksibel arbeidstid • Eit fagleg sterkt, inkluderande og engasjerande arbeidsmiljø KontaktinformasjonEva Moberg, leiar, 90591452, Eva.Moberg@vlfk.no David Sandved, Seksjonsleiar, 40226543, David.Johannes.Aasen.Sandved@vlfk.no ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5140466034 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026
Vil du hjelpe gründerar med å lukkast? Etablerersenteret i Vestland søkjer ein medarbeidar for eit engasjement i perioden 01.01.2027–31.12.2028. Etablerersenteret er førstelinjetilbod for dei som vil starte eller utvikle eiga bedrift. Etablerersenteret er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og eigarkommunane. Som ein del av det offentlege støtteapparatet for entreprenørskap i fylket, er Etablerersenteret ein sentral møteplass der gründerar får praktisk hjelp, kompetanse og rettleiing tidleg i prosessen. Som ein del av Etablerersenteret blir du ein viktig del av arbeidet med å få fleire til å starte bedrift – og auke sjansen for at dei lukkast over tid. Du vil jobbe tett på gründerar i ulike fasar. Kontorstaden er Vestlandshuset i Bergen. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere: • individuell rettleiing av gründerane • dialog med kommunar, næringslivsaktørar og resten av verkemiddelapparatet • halde presentasjonar • skrive tekster for rapporter og anna • analysearbeid • det kan bli anna arbeid knytt til oppgåvene på Etablerersenteret Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har: • høgare utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad og relevant erfaring kan bli vurderte for stillinga, men vil då bli tilsett som spesialkonsulent og ikkje rådgjevar. • relevant arbeidserfaring • høg fagkompetanse innan innovasjon og næringsutvikling • kunnskap om førstelinjetjeneste og offentleg sektor • erfaring med å lede fysiske og digitale workshops og samlinger • gode kommunikasjonsevner, både skriftlig og muntlig • erfaring frå rettleiing Det er ein fordel med: • gründerbakgrunn – og gjerne erfaring med å etablere eiga bedrift Personlege eigenskapar Du er: • ein lagspelar som initierer og utviklar kompetanse, samarbeid og relasjonar, og som synleggjer og deler kunnskap og erfaringar • ein som vil løfte andre og er opptatt av verdiskaping og rolla som samfunnsbyggjar. • har høg integritet og stort engasjement • sjølvstendig, sjølvgåande og initiativrik • ein dyktig formidlar, som trivs godt i rollen som fasilitator og rettleiar • har fagleg autoritet og varme Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig. Vi tilbyr Hos oss får du: • ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag • ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse • gode moglegheiter for fagleg utvikling • løn etter avtale • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar KontaktinformasjonSandra Haugland, Seniorrådgjevar, 92669203, sandra.skotnes.haugland@vlfk.no Heidi Bjønnes Larsen, leiar, 99613868, heidi.bjonnes.larsen@vlfk.no ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5127412915 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.12.2028 Søknadsfrist: 10.08.2026
Om stillinga Vi har ledig fast 100% stilling som spesialkonsulent frå 01.10.2026. Vi søker ein engasjert og sjølvstendig konsulent i kommunalområde helse og omsorg. Du vil spele ei viktig rolle i å styrke utviklingsarbeidet, og vi ser etter ein konsulent som brenn for forbetrings- og kvalitetsutvikling. Det er viktig at du er allsidig og ikkje redd for å ta eit tak der det trengst. Du bør trivast med varierte oppgåver og ha moglegheit for læring. Hjå oss vil du få breidde i oppgåver og ansvarsområde. Stillinga har kontorstad ved Aurland omsorgssenter og rapporterer til kommunaleiar for helse og omsorg. Arbeids- og ansvarsområde • Praktisk støtte til leiarar mellom anna personalmeldingar, utarbeiding av arbeidsavtalar og oppdragsavtalar, håndtering av lønsrelaterte saker frå leiarar, samt varebestilling og mottak • Håndtering av ledige vakter • Sakshandsaming etter helse- og omsorgstenestelova, samt rettleiing • Planlegge og gjennomføre førebyggande rettleiing og arrangement • støtte leiarar i kvalitet- og internkontrollsystem • Vere strategisk rådgjevar som inneber å vere sakshandsamar og leiarstøtte i politiske sakar og i plan og utgreiingsarbeid • Prosjektleiing og fasilitering av forbetringsprosessar, og bidra til tenesteutvikling • Fremje smart bruk av digitalisering og teknologi i tenesteutviklinga • Informasjonsarbeid • Systemansvarleg i turnusprogram og bidra til effektiv ressursstyring • Andre oppgåver som naturleg fell inn under kommunalområdet sitt arbeidsområde må påreknast Me tilbyr • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum • gode pensjons- og forsikringsordningar • løn etter tariff Kap. 4, stillingskode 6599 spesialkonsulent • minimum 6 års tilleggsansiennitet • fleksitidsordning • gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (mellombels velferdsordning) • å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære • eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub) • barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbISletting av studiegjeld? I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka: https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommune Kvalifikasjonar • Relevant utdanning frå høgskule/universitet innan helse-, organisasjons- eller administrative fag på bachelornivå • Vidareutdanning innan relevante fag som økonomi, prosjektleiing, helserett, kan fråvikast om ein er villig til å ta vidareutdanning • Erfaring med forbetringsarbeid, tjenesteutvikling eller kvalitetsarbeid • Har kunnskap om reglement og lovverket på området • Kunnskap om arbeidsrett, arbeidsmiljølova og tariffavtalar og personaladministrative oppgåver • Erfaring frå offentleg forvaltning og sakshandsaming er ei føremon • God digital kompetanse med evne til å nytte digitale verktøy, mellom anna Teams, Excel og ulike fagsystem Personlege eigenskapar Vi vil legge vekt på at du er eigna til stillinga, og vil at du: • Er strukturert med god gjennomføringsevne og analytisk tilnærming • Er god problemløysar som jobbar godt under press • Er trygg i fasilitatorrolla og trivst med å leie prosessar og arbeidsmøter • Er god på å bygge relasjonar og samarbeid • Er utviklingsorientert og nysgjerrig på forbetringsmoglegheiter • Håndterer komplekse problemstillinger profesjonelt og sjølvstendig Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt. Løns- og tilsetjingsvilkår • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale. • det er viktig at alle søkjarar legg ved attestar og annan relevant dokumentasjon, slik at ansienniteten kan fastsetjast korrekt ved ei eventuell tilsetjing. Krav til språk Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Særskilt god skriftleg, og munnleg, framstillingsevne er viktig i stillinga. Generell informasjon Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar. NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav. Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.