
Hogatunet bu- og behandlingssenter, Stad kommune · Stad
Vi søker sjukepleiar i fast stilling i turnus ved Hogatunet frå 30.11.2026.. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om annan stillingsprosent kan vurderast. ...
Vi søker sjukepleiar i fast stilling i turnus ved Hogatunet frå 30.11.2026.. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om annan stillingsprosent kan vurderast.
Du må trivast med ansvar,ta sjølvstendige faglege vurderingar og handtere varierte situasjonar. Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging, til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar.
Du får brukt din sjukepleiarkompetanse der den trengst mest. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear er verdsette. Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne.
Som tilsett i eininga vil du samarbeide med andre tenester som heimetenesta, sjukehus, legetenesta og fysio-og ergoterapitenesta.
Vi har årsturnus og stillinga har tredelt turnus med hovudvekt på nattevakter.
Du vil kunne få muligheit til å velge langvaktsturnus, turnus med ordinære vakter eller ein kombinasjon av dette.
Langvakter gir betre kontinuitet for tenestemottakarane, reduserer stress i kvardagen, og gir komprimert arbeidstid på helg og lengre friperiodar.
Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon. Det er og tilbod om sommaravtale mot ekstra kompensasjon.
Sjukepleiarar i turnus får tilbod om kr. 30.000,- over tarifflønn, som eit rekrutteringstillegg. Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studiar/vidareutdanningar. Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt.
Hogatunet har 52 institusjonsplassar fordelte på fem avdelingar. Det er fire avdelingar for langtidsopphald der to avdelingar er spesielt tilpassa bebuarar med behov for skjerming i kvardagen. Ei avdeling er tilrettelagt for korttids- og avlastningsopphald.
Hogatunet har eige institusjonskjøkken som òg leverer mat til heimebuande og Fossevegen bufellesskap.
Er du sjukepleiestudent oppmodar vi deg til å søkje!
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
For oss er det viktig at du trivast med menneske og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må difor kunne setje deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar.
Vi tilbyr
Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagde ved søknaden.
Informasjon om pensjons- og forsikringsordningane til Stad kommune finn du her.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Vi ber om referansar av nyare dato. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.
Etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Siv Helen J. Tødenes eller einingsleiar Heidi Munch Starheim.
KontaktinformasjonSiv Helen Johnson Tødenes, Avdelingsleiar, 480 97 859, siv.todenes@stad.kommune.no
Heidi Munch Starheim, einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
ArbeidsstadSkulevegen 24
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5139727892
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.07.2026
Vi søkjer deg som er sjukepleiar, enten du er nyutdanna eller har erfaring, og som ønskjer ein variert arbeidskvardag hos oss. Vi har ledig: • 2 x 100 % vikariat fra 17.08.2026-16.08.2027 • 1 x 50 % vikariat fra 17.08.2026-16.08.2027 Stillingane inngår i tredelt turnus. Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du ønskjer å bli vurdert for. Hos oss får du ein variert kvardag der du lærer prosedyrar, opparbeider deg brei kunnskap innan indremedisin og jobbar tett med andre faggrupper. Vi legg vekt på fagleg utvikling, jamnleg simulering og undervisning, og har fokus på eit godt arbeidsmiljø. Medisinsk sengepost er ei spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerlig observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå. Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet Nordfjord sjukehus ligg sentralt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid har gode tilbod innan barnehage og skule, samt eit aktivt kultur- og fritidstilbod. Området byr på flotte moglegheiter for friluftsliv, med kort veg til både fjord og fjell. Det er også kort avstand til flyplass. Slik kan ein arbeidsdag hos oss sjå ut: • Du tek imot, observerer og følgjer opp innlagde pasientar • Du arbeider tverrfagleg og samarbeider med kommunane om pasientoppfølging • Du gir opplæring og rettleiing til studentar og nytilsette • Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal (DIPS Arena og Meona) • Du deltek på undervisning og simuleringstrening For å jobbe med oss: • Har du norsk autorisasjon som sjukepleiar • Beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg • Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel • Har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfaglig Vi ser etter deg som: • Er oppteken av god pasientbehandling, og tek ansvar i arbeidet • Gjer faglege vurderingar, og spør om råd når du er i tvil • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet • Er nysgjerrig og ønsker fagleg utvikling • Trivst i ein til tider travel kvardag Vi er opptatt av at du skal trivast, hos oss får du: • Opplæring tilpassa dine behov • Fagleg og personleg utvikling, mellom anna gjennom undervisning og simulering • Vere del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi tek vare på kvarandre • Bidra til pasienttryggleik • Lønn etter gjeldande overeinskomst, og gode pensjons- og forsikringsordningar Høyrest dette ut som noke for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264 ArbeidsstedSjukehusvegen 14 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5145094964 Stillingsprosent: 100, 50% Vikariat Startdato: 06.07.2026 Sluttdato: 16.08.2027 Søknadsfrist: 09.08.2026
Vi søkjer deg som er sjukepleiar og som ønskjer ein variert arbeidskvardag hos oss. Vi har ledig: • 2 x 100 % fast stilling som sjukepleiar. Vi ønskar tiltredning snarast, men er fleksible. Stillingen går i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Hos oss får du ein variert kvardag der du lærer prosedyrar, opparbeider deg brei kunnskap innan indremedisin og jobbar tett med andre faggrupper. Vi legg vekt på fagleg utvikling, jamnleg simulering og undervisning, og har fokus på eit godt arbeidsmiljø. Medisinsk sengepost er ei spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerlig observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå. Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet Nordfjord sjukehus ligg sentralt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid har gode tilbod innan barnehage og skule, samt eit aktivt kultur- og fritidstilbod. Området byr på flotte moglegheiter for friluftsliv, med kort veg til både fjord og fjell. Det er også kort avstand til flyplass. Slik kan ein arbeidsdag hos oss sjå ut: • Du tek imot, observerer og følgjer opp innlagde pasientar • Du arbeider tverrfagleg og samarbeider med kommunane om pasientoppfølging • Du gir opplæring og rettleiing til studentar og nytilsette • Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal (DIPS Arena og Meona) • Du deltek på undervisning og simuleringstrening For å jobbe med oss: • Har du norsk autorisasjon som sjukepleiar • Beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg • Har du kanskje erfaring fra intermediærpost, observasjonsenhet, intensiv eller liknande, men det er ikkje eit krav. • Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel • Har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfaglig Vi ser etter deg som: • Er oppteken av god pasientbehandling, og tek ansvar i arbeidet • Gjer faglege vurderingar, og spør om råd når du er i tvil • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet • Er nysgjerrig og ønsker fagleg utvikling • Trivst i ein til tider travel kvardag Vi er opptatt av at du skal trivast, hos oss får du: • Opplæring tilpassa dine behov • Fagleg og personleg utvikling, mellom anna gjennom undervisning og simulering • Vere del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi tek vare på kvarandre • Bidra til pasienttryggleik • Lønn etter gjeldande overeinskomst, og gode pensjons- og forsikringsordningar Høyrest dette ut som noke for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264 ArbeidsstedSjukehusvegen 14 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5150505206 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.07.2026
Er du sjukepleiar og trivst med å jobba på natt? Me søkjer sjukepleiar til ledig 70 % vikariat i Natt-tenesta frå august 2026 og med eitt års varigheit. Vikariatet er for tida knytt til oppdrag på natt, for meir informasjon om arbeid knytt til stillinga, ta kontakt med gruppeleiar i Natt-tenesta. • Natt-tenesta gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg og i heimetenesta • Gruppa jobbar fleksibelt og samarbeider på tvers av dei ulike gruppene I Natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer difor etter ein engasjert og nytenkjande sjukepleiar. Velkomen som søkjar! Arbeidsoppgåver Sjukepleie til heimebuande og på institusjon. Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Du må ha sertfikat klasse B • Erfaring frå nattarbeid er ein fordel • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (tilsvarande BI) Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar. Personlege eigenskapar • Tek ansvar og likar ei utfordring • Fleksibel og nytenkjande • Jobbar sjølvstendig, men har og har god evne til samarbeid Vi tilbyr • Eit godt arbeidsmiljø, på ein arbeidsplass som er i utvikling • Du får øvd opp vurderingskompetansen din og brukt kunnskapen din i samspel med pasientar i ulike livsfasar • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem • Som sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid) • Gode pensjons- og forsikringsordningar Generell informasjon Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonIoana Hauge, Gruppeleiar Natt-tenesta i Kvam, +47 481 45 217 ArbeidsstadNedre Norheim 44 5600 NORHEIMSUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5149402463 Stillingsprosent: 70% Vikar Søknadsfrist: 26.07.2026