
Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde · Stad
Vi søkjer deg som er sjukepleiar og som ønskjer ein variert arbeidskvardag hos oss. Vi har ledig: • 2 x 100 % fast stilling som sjukepleiar. Vi ønskar t...
Stillingen går i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Medisinsk sengepost er ei spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerlig observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå.
Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet
Nordfjord sjukehus ligg sentralt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde.
Nordfjordeid har gode tilbod innan barnehage og skule, samt eit aktivt kultur- og fritidstilbod. Området byr på flotte moglegheiter for friluftsliv, med kort veg til både fjord og fjell. Det er også kort avstand til flyplass.
Slik kan ein arbeidsdag hos oss sjå ut:
For å jobbe med oss:
Vi ser etter deg som:
Vi er opptatt av at du skal trivast, hos oss får du:
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264
ArbeidsstedSjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5150505206
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.07.2026
Vi søkjer deg som er sjukepleiar, enten du er nyutdanna eller har erfaring, og som ønskjer ein variert arbeidskvardag hos oss. Vi har ledig: • 2 x 100 % vikariat fra 17.08.2026-16.08.2027 • 1 x 50 % vikariat fra 17.08.2026-16.08.2027 Stillingane inngår i tredelt turnus. Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du ønskjer å bli vurdert for. Hos oss får du ein variert kvardag der du lærer prosedyrar, opparbeider deg brei kunnskap innan indremedisin og jobbar tett med andre faggrupper. Vi legg vekt på fagleg utvikling, jamnleg simulering og undervisning, og har fokus på eit godt arbeidsmiljø. Medisinsk sengepost er ei spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerlig observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå. Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet Nordfjord sjukehus ligg sentralt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid har gode tilbod innan barnehage og skule, samt eit aktivt kultur- og fritidstilbod. Området byr på flotte moglegheiter for friluftsliv, med kort veg til både fjord og fjell. Det er også kort avstand til flyplass. Slik kan ein arbeidsdag hos oss sjå ut: • Du tek imot, observerer og følgjer opp innlagde pasientar • Du arbeider tverrfagleg og samarbeider med kommunane om pasientoppfølging • Du gir opplæring og rettleiing til studentar og nytilsette • Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal (DIPS Arena og Meona) • Du deltek på undervisning og simuleringstrening For å jobbe med oss: • Har du norsk autorisasjon som sjukepleiar • Beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg • Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel • Har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfaglig Vi ser etter deg som: • Er oppteken av god pasientbehandling, og tek ansvar i arbeidet • Gjer faglege vurderingar, og spør om råd når du er i tvil • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet • Er nysgjerrig og ønsker fagleg utvikling • Trivst i ein til tider travel kvardag Vi er opptatt av at du skal trivast, hos oss får du: • Opplæring tilpassa dine behov • Fagleg og personleg utvikling, mellom anna gjennom undervisning og simulering • Vere del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi tek vare på kvarandre • Bidra til pasienttryggleik • Lønn etter gjeldande overeinskomst, og gode pensjons- og forsikringsordningar Høyrest dette ut som noke for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264 ArbeidsstedSjukehusvegen 14 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5145094964 Stillingsprosent: 100, 50% Vikariat Startdato: 06.07.2026 Sluttdato: 16.08.2027 Søknadsfrist: 09.08.2026
Vi søker sjukepleiar i fast stilling i turnus ved Hogatunet frå 30.11.2026.. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om annan stillingsprosent kan vurderast. Du må trivast med ansvar,ta sjølvstendige faglege vurderingar og handtere varierte situasjonar. Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging, til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar. Du får brukt din sjukepleiarkompetanse der den trengst mest. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear er verdsette. Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne. Som tilsett i eininga vil du samarbeide med andre tenester som heimetenesta, sjukehus, legetenesta og fysio-og ergoterapitenesta. Vi har årsturnus og stillinga har tredelt turnus med hovudvekt på nattevakter. Du vil kunne få muligheit til å velge langvaktsturnus, turnus med ordinære vakter eller ein kombinasjon av dette. Langvakter gir betre kontinuitet for tenestemottakarane, reduserer stress i kvardagen, og gir komprimert arbeidstid på helg og lengre friperiodar. Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon. Det er og tilbod om sommaravtale mot ekstra kompensasjon. Sjukepleiarar i turnus får tilbod om kr. 30.000,- over tarifflønn, som eit rekrutteringstillegg. Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studiar/vidareutdanningar. Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt. Hogatunet har 52 institusjonsplassar fordelte på fem avdelingar. Det er fire avdelingar for langtidsopphald der to avdelingar er spesielt tilpassa bebuarar med behov for skjerming i kvardagen. Ei avdeling er tilrettelagt for korttids- og avlastningsopphald. Hogatunet har eige institusjonskjøkken som òg leverer mat til heimebuande og Fossevegen bufellesskap. Er du sjukepleiestudent oppmodar vi deg til å søkje! Arbeidsoppgåver • Sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling • Kartlegging og vurdering av behov til brukarane • Samarbeid med pårørande • Samarbeid med sakshandsamarteam • Oppfølging og dokumentasjon etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer • God organisasjons- og systemforståing • Rettleie medarbeidarar, studentar og lærlingar • Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell Kvalifikasjonar • Off. godkjend/autorisert sjukepleiar • Er du sjukepleiarstudent oppfordrar vi deg til å søkje • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar • Du jobbar for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Du likar utfordringar og varierte arbeidsdagar • Er fleksibel, tek initiativ og ansvar • Du kan arbeide sjølvstendig og samarbeid med andre For oss er det viktig at du trivast med menneske og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må difor kunne setje deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar. Vi tilbyr • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet til å planlegge arbeidstid • Moglegheit for kompetansetillegg på inntil kr. 28 000,- for inntil 60 studiepoeng for relevante studiar/vidareutdanningar • Rekrutteringstilskot kr 30 000,- over garantiløna etter hovudtariffavtalen kap.4. • Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar og sommaravtale i turnus, mot ekstra kompensasjon • Høve til å inngå individuell avtale om frie timar i turnus • Høve til å inngå avtale om langvakter på helg (kvar fjerde helg) , og i vekedagane for lengre friperiodar • Tilbod om flyttegodtgjersle om du flyttar til kommunen vår • Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område kommunen har behov for • Høve til å inngå avtale om stipend og bindingstid som sjukepleiarstudent • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagde ved søknaden. Informasjon om pensjons- og forsikringsordningane til Stad kommune finn du her. Stad kommune har seks månader prøvetid. Vi ber om referansar av nyare dato. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Siv Helen J. Tødenes eller einingsleiar Heidi Munch Starheim. KontaktinformasjonSiv Helen Johnson Tødenes, Avdelingsleiar, 480 97 859, siv.todenes@stad.kommune.no Heidi Munch Starheim, einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no ArbeidsstadSkulevegen 24 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5139727892 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.07.2026
Er du sjukepleiar/spesialsjukepleiar med interesse for lunge, fordøying og indremedisin? Ser du etter ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø? Då søker vi nettopp deg til sengeposten vår på SNR! Vi har ledige faste stillingar hos oss. Oppgi gjerne kva stillingsstorleik du ser for deg. 1 x 100 % fast stilling 2 x 80 % fast stilling Tryggleik, respekt, kvalitet og trivsel er kjerneverdiar i vårt daglege arbeid, i møte med pasientar, pårørande og i samarbeid med kollegaer. Vi er ein sengepost med fokus på høg fagleg kvalitet og eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vi jobber saman i team der vi lærer av kvarandre og gjer kvarandre gode. Fagutvikling er i fokus, og vi legg opp til eigne fagdager i turnus for alle tilsette. Vi har i utgangspunktet tredelt turnus, men vi vil leggje til rette for at tilsette kan kome med ønskjer for eigen turnusplan. Vi tilbyr også langvakter med arbeid kvar fjerde helg for dei som ønskjer det. Som tilsett hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving. Du får jobbe i eit nytt, moderne og framtidsretta sjukehus. Nye digitale arbeidsverktøy og konsept bidrar både til økt pasientryggleik og bedre arbeidsflyt. Høyrast dette spennande ut? Send oss ein søknad og bli med på laget! Sjekk instagram @medisin2.snr for eit innblikk i arbeidskvardagen vår! Arbeidsoppgåver • Sjukepleie til akutte og kroniske sjuke pasientar • Sjukepleieadministrative oppgåver • Legemiddelhandtering • Arbeid i team rundt pasienten • Kontinuerleg forbetringsarbeid • Rettleiing av studentar og kollegaer • Samhandling med kommunar Kvalifikasjonar • Autorisert sjukepleiar • Videreutdanning innen lunge, fordøyelse, nyre eller diabetes • Meistrar norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar • Du er positiv og har gode samarbeidsevner • Du arbeider både sjølvstendig og i team • Du er motivert for å utføre varierte arbeidsoppgåver • Du bidreg til fagleg utvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid • Du er ansvarsbevisst • Du er påliteleg og lojal • Du er løysingsorientert • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr • Eit godt og positivt arbeidsmiljø • Dyktige og engasjerte medarbeidarar • Spanande og varierte arbeidsoppgåver • Faglege utfordringar • Fagutvikling og kompetanseheving • Fagdagar i turnus • Sterkt tverrfagleg samarbeid • Ein inkluderande arbeidsplass • Løn etter gjeldande overeinskomstar • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonMathilde Stranden, Seksjonsleiar, +47 71 11 69 92, Mathilde.Stranden@helse-mr.no ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 HJELSET Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5138987735 Stillingsprosent: 100, 80% Fast Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 27.07.2026