
Stryn Kommune · Stryn
I ei verd av endring og utvikling, søkjer vi ei unik sjel som ønskjer å vere med på å forme framtida av våre miljø- og velferdstenester. Hos oss er kvar dag ei ...
I ei verd av endring og utvikling, søkjer vi ei unik sjel som ønskjer å vere med på å forme framtida av våre miljø- og velferdstenester. Hos oss er kvar dag ei moglegheit til å inspirere, skape og gjere ein reell skilnad i samfunnet.
Om oss:
Miljø- og velferdstenester er ei eining som omfattar dagtilbod for utviklingshemma, tenester for psykisk helse og rus, avlastningsbustad og heimeteneste for utviklingshemma. Det er ledig avdelingsleiarstilling i avdeling heimeteneste for heimebuande personar med utviklingshemma.
Som avdelingsleiar i miljø og velferd vil du bli del av eit team på 3 avdelingsleiarar som kontinuerleg har kvarandre i ryggen og delar av kompetanse. I etaten for miljø og velferd er vi midt i ein spennande omstillingsprosess der ein ser på måtar å forbetre tenestene på ein meir berekraftig måte. Drivkrafta er ønsket om å styrke vår kompetanse og utvide vårt tenestetilbod til det beste for både tilsette og brukarane av tenestene våre. Som ein del av vårt team får du moglegheita til å vere med på å forme og vidareutvikle våre leiaroppgåver og arbeidsmiljø.
Er det deg vi leitar etter?
Vi søkjer ein leiar som er lidenskapleg oppteken av å vidareutvikle, drive endringar og skape ein kultur som inspirera til vekst, innovasjon og god kultur. Vi ønskjer ein leiar som ser nye moglegheiter, følgjer med på utviklinga nasjonalt og er klar til å møte morgondagens helseutfordringar med kreativitet og engasjement.
Du vil oppleve varierte og dynamiske arbeidsdagar med kontinuerlege endringar og utfordringar. Som ein del av teamet vårt, vil du ha moglegheit til å påverke korleis du jobbar og samarbeider. Du vil være ein synleg leiar og reise ut for å møte personalet, nokre gonger utanom vanleg arbeidstid. Her er fleksibilitet nøkkelen, både i arbeidstida di og korleis du strukturerer arbeidet for å møte utfordringane. Du får såleis fleksibilitet til å organisere din eigen arbeidskvardag.
Som avdelingsleiar for miljø- og velferd får du være med på å ta samfunnsansvar ved å bidra til å skape ein bedre kvardag for våre brukarar. Vi jobbar for dei, og det er viktig at dei har eit godt liv der dei trivest og har det bra! Din innsats vil bidra til å tilby gode tjenester som er kritiske for samfunnet.
I jobben vil du få moglegheita til personleg og fagleg utvikling som leiar. Stryn Kommune vil oppfordre og tilby dei som manglar kompetanse moglegheita til å ta utdanning eller kurs slik at ein vert fagleg trygg i sin arbeidskvardag, men óg slik at ein står med riktig kompetanse retta mot framtida.
Blir du motivert?
Bli med oss og bli ein del av eit spennande reisefølgje mot ein lysare framtid i miljø- og velferdstenester. Er du villig til å lære og villig til å leie? Søk i dag!
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
KontaktinformasjonÅshild Heggdal, Einingsleiar miljø- og velferdstenester, 93446790
ArbeidsstadMyrane 18
6783 Stryn
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 5144214534
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.07.2026
Er du sjukepleiar eller vernepleiar og ønskjer ein variert, meiningsfull og fagleg spennande arbeidskvardag? Då håpar vi du vil bli ein del av laget vårt! Vi har no ledig 100 % fast stilling, tredelt turnus. Heimetenesta er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebasert tenester til pasientar i alle aldersgrupper. Hos oss er du i eit team med både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg for å kunne tilby pasientar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr både kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi. Som tilsett hos oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.Vi legg stor vekt på kompetanseutvikling og arbeidsmiljø for å vere i stand til å gje eit best mogleg tilbod til våre tenestemottakarar. Vi gjev tenester til alle aldersgrupper. Du vil få god opplæring og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt. Nyskjerrig? Ta kontakt eller søk no! Arbeidsoppgåver • - Sikre høg kvalitet på sjukepleie og bidra til eit trygt og godt miljø for pasientane våre - Stell og pleie, administrering av medisinar, og tilrettelegging og rettleiing av ulike sjukepleieoppgåver. - Kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi - Vere ein viktig del i vårt tverrfagleg samarbeid med andre fagpersonar - Vere ein trygg fagleg ressurs for kollegaer og bidra til kontinuerleg kompetanseheving. - Rettleie og undervise studentar, lærlingar og kollegaer. - Legge til rette for at medisinsk behandling kan gjennomførast i heimen - Bidra til utvikling i heimetenesta vår Kvalifikasjonar • Godkjent utdanning som sjukepleiar eller vernepleiar • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg • Førarkort for personbil • Det er ønskeleg med erfaring frå heimetenesta, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar • Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team. • Det vert lagt vekt på endringsvilje, fleksibilitet og reflektert haldning i praksis. • Du må vere fagleg engasjert • Vere ein god rollemodell for andre • Støtte for kollegarer, studentar og lærlingar • Vi ønskjer ein person med godt humør og som trivast med utfordingar i ein variert arbeidsdag og har evne til å motivere medarbeiarar og ivareta eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr • Kjekke kollegaer og godt miljø • Primærteam • Varierte og utfordrande arbeidsoppgaver i ei teneste som arbeider med endring knytt til TØRN • Fellesskap. Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø der vi bryr oss om kvarandre og feirar små og store sigrar saman. • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar. • God sjukepleiedekning • Vi er i gang med å sjå på nye og ulike turnusar i tenesta For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader. Det må leverast politiattest før tiltreding. KontaktinformasjonCecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601 Kari Ann Krogh, Avdelingsleiar Sandane heimeteneste, 970 26 442 Arbeidsstad 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5152327023 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.07.2026
Vanylven Helse og Omsorgssenter har ledig inntil 100% fast stilling som sjukepleiar. Ynskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit utviklingsorientert miljø, er dette jobben for deg! Omsorgsenteret har totalt 43 plassar, fordelt på langtid, korttid, avlastning, demens, KAD og palliative rom. Som sjukepleiar på omsorgsenteret jobbar du med bebuarar med komplekse og samansatte diagnoser og palliativ behandling i livets sluttfase. Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med brukarar og pårørande. Som sjukepleiar hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter. Vanylven helse- og omsorgssenter har god sjukepleiarfagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling. Vi har tett samarbeid med sjukeheimslege med legevisitt to gonger i veka, har eige laboratorium for prøvetaking. Er du innovativ, jobbar for kontinuerlig forbetring, og kan bidra med nye idear og perspektiv i utvikling av tenesta? Då ynskjer vi akkurat deg med på laget! Arbeidet er for tiden to delt turnus med vakter på dag og kveld, arbeid kvar tredje helg. Ein kan eventuelt gå komprimert turnus med langvakter, arbeid kvar fjerde helg. Vi har årsturnus, noko som vil skape forutsigbarhet for deg som arbeidstakar. Turnus kan tilrettelaggjast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassast etter ynskje. Vanylven helse-og omsorgssenter er lokalisert på Fiskå, bygget sto ferdig i 2014 og framstår som nytt og funksjonelt. Vanylven kommune har rekrutteringstillegg for sjukepleiarar med 30 000,- pr år i 100% stilling. Høyrest dette spennande ut? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga. Om du er i sluttfasen av sjukepleiestudiet, må du gjerne søkje fast stilling hos oss allereie no. Arbeidsoppgåver • Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling • Sørge for god dokumentasjon, vi brukar Helseplattforma. • Vurdere og kartlegge behov hos bebuarane • Medikamenthandtering • Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell som fysioterapeut, ergoterapeut, lege og andre einingar • Sikre gode pasientforløp • Ta i bruk velferdstekologiske løysingar Kvalifikasjonar • Offentleg godkjend/autorisert skjukepleiar • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs • Godkjent politiattest • God kunnskap og dokumentasjon og bruk av IKT verktøy • Gode språkkunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg • Effektiv fleksibel og løysingsorientert • Engasjert og ynskjer å bidra til å utvikle avdelinga • Positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar • Du arbeider for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar • Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid • Du tek initiativ, er positiv, tilpasningsdyktig og tek ansvar • Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre • Personleg egnaheit blir vektlagt Vi tilbyr • Lønns- og pensjonsbetingelsar iht tariffavtale • Faglege utfordringar • Spennande og varierte kvardagar • Moglegheit for eigenutvikling • Positivt og godt etablert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer • Godt samarbeid både internt i avdelinga og tverrfagleg • Moglegheit for tilrettelagt turnus • Tilrettelegging for vidareutdanning på områder som Vanylven kommune har behov for • Rekrutteringstillegg • Gode pensjonsordningar KontaktinformasjonKatrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd. 2, +47 70030221, katrin.sunde@vanylven.kommune.no ArbeidsstadRådhusvegen 1 6143 Fiskå Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vanylven kommune Referansenr.: 5138623087 Stillingsprosent: 100% Fast
Orre barnehage er ein kommunal barnehage med flott plassering på Orre. I barnehagen er det om lag 100 barn. Barnehagen er ein viktig del av lokalsamfunnet, og vi har eit tett og godt samarbeid med Orre skule, føresette og andre lokale aktørar. Det sterke engasjementet i lokalmiljøet skaper gode rammer for fellesskap, tilhøyrsle og trygge oppvekstvilkår for barna. Vi er stolte av eit stabilt og kompetent personale med høg fagleg kvalitet. Barnehagen har over tid hatt lågt sjukefråvær, noko som bidreg til kontinuitet, gode relasjonar og eit godt arbeidsmiljø. Vi har ein høg andel pedagogar, også utover pedagognorma, og jobbar målretta for å sikre eit best mogleg tilbod til barna. Som styrar i Orre barnehage får du leie ein veldriven barnehage med god økonomi, dyktige medarbeidarar og engasjerte føresette. Du blir ikkje ståande aleine i leiaroppgåvene. Barnehagen har avdelingsleiar som gir tett leiarstøtte i kvardagen, og som ny styrar får du ein eigen fadder som hjelper deg godt inn i rolla og organisasjonen. I Klepp kommune satsar vi på leiarane våre. Du blir ein del av barnehagesjefen si leiargruppe og får bidra i utviklingsarbeid på tvers av kommunen sine barnehagar. Samtidig har kommunen styrkt støttefunksjonane rundt leiarane gjennom ei ny personalavdeling som gir god støtte i arbeidsgivar- og personalspørsmål. Vi ønskjer at leiarar skal ha høve til å utvikle seg, tenkje strategisk og hente ny energi. Derfor tilbyr vi, i tillegg til ferie, eiga ordning med leiarfridagar. Dette er ei stilling for deg som ønskjer å bruke leiarerfaringa di i ein barnehage med solide resultat, høg fagleg kvalitet, god støtte rundt leiarrolla og eit sterkt lokalsamfunn i ryggen. Her får du gode føresetnader for å lykkast som leiar – og for å gjere ein forskjell for barna kvar einaste dag. Arbeidsoppgåver Som styrar får du moglegheita til å setje retning, inspirere om lag 30 medarbeidarar og vere med på å forme kvardagen for om lag 100 barn. Du får eit heilskapleg ansvar for drift og utvikling av barnehagen, og ei sentral rolle i arbeidet med å sikre høg kvalitet i tilbodet til barn og familiar. Du vil mellom anna få ansvar for å: * Leie og vidareutvikle det pedagogiske arbeidet i barnehagen * Skape engasjement og fagleg utvikling blant medarbeidarane * Sikre eit trygt, inkluderande og lærerikt miljø for alle barn * Drive utviklings- og kvalitetsarbeid i tråd med framtidas barnehage * Forvalte barnehagen sine økonomiske ressursar på ein god måte * Utøve personalleiing med fokus på nærvær, kompetanse og arbeidsmiljø * Vidareutvikle barnehagen i tråd med nasjonale føringar, kommunale satsingar og lokale behov * Byggje tillitsfulle relasjonar og godt samarbeid med føresette, tverrfaglege samarbeidspartnarar og lokalsamfunnet til beste for barna Som leiar i Klepp kommune blir du ein del av eit kompetent og utviklingsorientert leiarnettverk der samarbeid, støtte og erfaringsdeling står sentralt. Du får høve til å påverke både eigen barnehage og utviklinga av barnehagesektoren i kommunen. Kvalifikasjonar Vi ser etter ein leiar som har: * Godkjend treårig høgare utdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse. * Styrar- eller leiarutdanning. * Erfaring med leiing og utvikling av medarbeidarar og profesjonsfellesskap. * God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne. * God munnleg og skriftleg framstillingsevne. * God digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye digitale løysingar. * God forståing for økonomistyring og ressursforvaltning. Personlege eigenskapar Vi ønskjer ein leiar som: * Er tydeleg, trygg og relasjonssterk. * Skaper engasjement, retning og utvikling saman med medarbeidarane. * Arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta. * Er løysingsorientert og har evne til å omsetje idear til handling. * Byggjer tillit og gode relasjonar med tilsette, føresette og samarbeidspartnarar. * Har eit sterkt engasjement for barn si leik, læring og utvikling. * Bidreg til eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, openheit og arbeidsglede. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram politiattest i tråd med barnehagelova § 30. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månader. Vi tilbyr Eit spennande og meiningsfullt leiaroppdrag. * Dyktige medarbeidarar og eit godt fagleg fellesskap. * Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. * Gode pensjons- og forsikringsordningar. * Fleire velferdsordningar for tilsette i Klepp kommune. * Løn etter lokal lønspolitikk og relevant kompetanse. Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtalar. KontaktinformasjonAlvhild Aksnes, Barnehagesjef, +47 48111544 ArbeidsstadNordsjøvegen 230 4352 KLEPPE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5153265852 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.08.2026