
Klepp kommune, Barnehagesjef · Klepp
Orre barnehage er ein kommunal barnehage med flott plassering på Orre. I barnehagen er det om lag 100 barn. Barnehagen er ein viktig del av lokalsamfunnet, og v...
Orre barnehage er ein kommunal barnehage med flott plassering på Orre. I barnehagen er det om lag 100 barn. Barnehagen er ein viktig del av lokalsamfunnet, og vi har eit tett og godt samarbeid med Orre skule, føresette og andre lokale aktørar. Det sterke engasjementet i lokalmiljøet skaper gode rammer for fellesskap, tilhøyrsle og trygge oppvekstvilkår for barna.
Vi er stolte av eit stabilt og kompetent personale med høg fagleg kvalitet. Barnehagen har over tid hatt lågt sjukefråvær, noko som bidreg til kontinuitet, gode relasjonar og eit godt arbeidsmiljø. Vi har ein høg andel pedagogar, også utover pedagognorma, og jobbar målretta for å sikre eit best mogleg tilbod til barna.
Som styrar i Orre barnehage får du leie ein veldriven barnehage med god økonomi, dyktige medarbeidarar og engasjerte føresette. Du blir ikkje ståande aleine i leiaroppgåvene. Barnehagen har avdelingsleiar som gir tett leiarstøtte i kvardagen, og som ny styrar får du ein eigen fadder som hjelper deg godt inn i rolla og organisasjonen.
I Klepp kommune satsar vi på leiarane våre. Du blir ein del av barnehagesjefen si leiargruppe og får bidra i utviklingsarbeid på tvers av kommunen sine barnehagar. Samtidig har kommunen styrkt støttefunksjonane rundt leiarane gjennom ei ny personalavdeling som gir god støtte i arbeidsgivar- og personalspørsmål.
Vi ønskjer at leiarar skal ha høve til å utvikle seg, tenkje strategisk og hente ny energi. Derfor tilbyr vi, i tillegg til ferie, eiga ordning med leiarfridagar.
Dette er ei stilling for deg som ønskjer å bruke leiarerfaringa di i ein barnehage med solide resultat, høg fagleg kvalitet, god støtte rundt leiarrolla og eit sterkt lokalsamfunn i ryggen. Her får du gode føresetnader for å lykkast som leiar – og for å gjere ein forskjell for barna kvar einaste dag.
Som styrar får du moglegheita til å setje retning, inspirere om lag 30 medarbeidarar og vere med på å forme kvardagen for om lag 100 barn. Du får eit heilskapleg ansvar for drift og utvikling av barnehagen, og ei sentral rolle i arbeidet med å sikre høg kvalitet i tilbodet til barn og familiar.
Som leiar i Klepp kommune blir du ein del av eit kompetent og utviklingsorientert leiarnettverk der samarbeid, støtte og erfaringsdeling står sentralt. Du får høve til å påverke både eigen barnehage og utviklinga av barnehagesektoren i kommunen.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram politiattest i tråd med barnehagelova § 30. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månader.
Eit spennande og meiningsfullt leiaroppdrag.
Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtalar.
KontaktinformasjonAlvhild Aksnes, Barnehagesjef, +47 48111544
ArbeidsstadNordsjøvegen 230
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5153265852
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.08.2026
Dette er ei fellesannonse for oppvekstsektoren i Sykkylven kommune der du som ønskjer å vere tilkallingsvikar i kommunen skule-/barnehageåret 2026/2027 kan melde di interesse. Denne stillingsannonsa gjeld for kommunale skular og barnehagar i Sykkylven. Aktuelle søkjarar vil bli kontakta ved behov. Vi ber om at du opplyser i søknaden om kva arbeidsområde du søkjer på. Søkjer du på fleire arbeidsområde, ber vi deg sette opp ei prioriteringsliste. Vi ber deg også opplyse om kva tidsrom du kan arbeide. Tilsettingsform og stillingsstorleik vil kunne variere. Skular: • Nye Aure barneskule og SFO • Sørestranda skule og SFO • Sykkylven ungdomsskule - og opplæringssenter Barnehagar: • Blakstad naturbarnehage • Ullavik barnehage • Vikedalen barnehage Kvalifikasjonar • Vi søkjer assistentar, fagarbeidarar i barne- og ungdomsarbeidarfaget, barnehagelærarar, lærarar m.v • I samsvar med lova vert det stilt krav om politiattest av ny dato, ikkje eldre enn tre - 3 - månadar Personlege eigenskapar • Gode samarbeidsevne • Engasjert, tolmodig og påliteleg • Evne til å arbeide sjølvstendig • Fleksibel og endringsvillig Vi tilbyr • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk • Løn etter kvalifikasjonar Offentlegheit: Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonKjersti Hovet, Einingsleiar Aure barneskule/SFO, 92029381, kjersti.hovet@sykkylven.kommune.no Monica Hjelmevoll, Avdelingsleiar Aure barneskule, 47668301, monica.hjelmevoll@sykkylven.kommune.no Svein Arne Nakken, Avdelingsleiar Aure barneskule, 90793343, svein.nakken@sykkylven.kommune.no Janne Marstrander, SFO-leiar Aure barneskule, 95018853, janne.marstrander@sykkylven.kommune.no Randi Løseth Aasen, Einingsleiar SUSK, 95184367, randi.loseth@sykkylven.kommune.no Therese Lefdalsnes Hole, Assisterande rektor SUSK, 47670915, therese.lefdalsnes.hole@sykkylven.kommune.no Clara Aarseth-Strømmegjerde, Avdelingsleiar oplæringssenteret, 46954158, clara.strommegjerde@sykkylven.kommune.no Knut Orre, Einingsleiar Sørestranda skule/SFO, 99522440, knut.orre@sykkylven.kommune.no Steinar Klokk, Einingsleiar barnehagar, 95972727, steinar.klokk@sykkylven.kommune.no Randi Ludviksen Hole, Styrar Ullavik barnehage, 95294767, randi.hole@sykkylven.kommune.no Berit Hanken, Styrar Blakstad barnehage, 91898760, berit.hanken@sykkylven.kommune.no Heidi Rasmussen Aurdal, Vikar styrar Vikedalen bhg, 48268321, heidi.aurdal@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadKyrkjevegen 62 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5117073158 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 17.05.2027
Kunne du tenke deg å bidra til at verdens beste barnehagebarn får en inkluderende, lærende og kjekk hverdag? Er du positiv og løsnings orientert og trives med at ingen arbeidsdager er like? Synes du at det å jobbe i barnehage er spennende og kjekt, eller du har lyst til å lære mer om det å jobbe i barnehage? Da kan dette være jobben for deg! Vi ønsker å styrke laget vårt i en periode og ønsker en medarbeider eller to i vikariat opptil 100% stilling frem tom 31.12.26, med mulighet for forlengelse. ArbeidsoppgåverSom medarbeider i Orre barnehage er du en del av barnehagen sitt team, og vil arbeide tett sammen med andre kollegaer med lang erfaring. Du skal bidra til at barnehagebarna har en trygg og lærerik hverdag her i barnehagen vår og at hverdagen til barnehagebarna er i tråd med barnehageloven og Rammeplan, men dette kan du få lære mer om ved ansettelser. Kvalifikasjonar • Hvis du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeider, så er det en fordel, men ikke en nødvendighet. • Gode norskkunnskaper (muntlig og skriftlig) er en forutsetning for stillinga. Dersom du har annet morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarende B1. Gjelder ikke søkere med et skandinavisk språk som morsmål. Personlig egnethet vil bli vektlagt. • Før tiltredelse må det, om nødvendig, legges fram tilfredsstillende tuberkulinstatus i tråd med bestemmelsen i forskrift om tuberkulose kontroll, samt politiattest i tråd med opplæringsloven § 10-9 / barnehageloven § 30. Personlege eigenskapar • Vi søker etter personer med følgende egenskaper: • Du må kunne samarbeide med både kollegaer, barn og foreldre og skape en god atmosfære • Du må være aktivt tilstedeværende som skaper god tilknytning og gode relasjoner. • Være mottakelig for ny kompetanse og villig til å utvikle deg. • Du må også ta barn på alvor, og kunne lede barn på en god måte • Personlig egnethet vil bli vektlagt. Vi tilbyr • Vi tilbyr • Gode pensjons -og forsikringsordninger • Godt arbeidsmiljø og hyggelige kollega KontaktinformasjonVeronica Varhaug, Assisterende styrer, +47 45447367 ArbeidsstadTheavegen 9 4343 Orre Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5145911772 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 03.08.2026 Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 02.08.2026
Det er ledig 100% stilling som styrar i Syvde barnehage frå 01.09.2026 Syvde barnehage er ein barnehage med to avdelingar, som ligg fint til i Syvde med nærleik både til nærmiljø og turområde. Barnehagen har fokus på tidleg innsats, og har inkluderande barnehagemiljø og språk (ASK) som satsingsområde. I barnehagane i Vanylven har pedagogane oppdekt plantida si i tillegg til at ein har ein ekstra plandag per år. Arbeidsoppgåver Til å leie og vidareutvikle Syvde barnehage søkjer vi ein samlande og motiverande leiar, som gjennom eit tydeleg og inkluderande leiarskap medverkar til eit utviklande og godt pedagogisk arbeidsmiljø. Du er utviklings- og løysingsorientert, har eit stort samfunnsengasjement og eit sterkt ynskje om å bidra til å vidareutvikle gode tenestetilbod for barn og unge. Vi ønskjer ein person med interesse og engasjement for barnehageutvikling, og med ambisjonar om å vere med å skape ein endå betre barnehage i Vanylven. Vi søkjer ein person med godkjend pedagogisk utdanning, erfaring frå barnehage og som leiar. I tillegg ser vi gjerne at du har tilleggsutdanning i barnehageleiing/administrasjon og leiing/personalleiing. Stillinga inneber fullstendig driftsansvar i samsvar med tildelte fullmakter. Styrar rapporterer direkte til kommunedirektør, og sit i kommunedirektøren si leiargruppe. Stillinga er 90% administrativ, medan 10% vil vere på avdeling eller dekke opp vikartimar. Kvalifikasjonar • Godkjent utdanning som barnehagelærar, eller anna høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse. • God barnehagefagleg kompetanse • Bør ha utdanning og/eller erfaring frå leiing i barnehagefeltet • Praksiserfaring frå barnehagesektoren • Gode digitale ferdigheiter • God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk • God kunnskap om budsjett- og økonomiarbeid • God munnleg og skriftleg framstillingsevne Personlege eigenskapar • Gode samarbeidsevner • God på utviklingsarbeid • Evne til å motivere og engasjere • Strukturert og planmessig • Sjølvstendig og initiativrik • Imøtekomande og omgjengeleg • Veremåte som medverkar til eit godt omdøme for Vanylven Kommune • Trivast godt med å ha mange utfordrande arbeidsoppgåver • God kjennskap til og erfaring med bruk av IKT Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vi tilbyr • Faglege utfordringar • Gode pensjonsordningar • Lønn etter avtale • Aktivt og godt arbeidsmiljø • Spenannde og utfordrande arbeidsoppgåver • Flexitid • Erfaringsdeling og god oppfølging • Gode forsikringsvilkår • Andre tillegg jfr Lønspolitisk plan Opplysningar om stillinga får du med ass. kommunedirektør Eli Tefre Nordal tlf 41424805 eller kommunedirektør Andreas Nørve, tlf 92 84 78 03 Lønn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. God pensjonsordning. Gjer vel å oppgje referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Det er krav om politiattest. KontaktinformasjonEli Tefre Nordal, kommunalsjef helse og omsorg, +47 41424805 Andreas Chr Nørve, Kommunedirektør, +47 92847803 ArbeidsstadKvia 10 6140 SYVDE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vanylven kommune Referansenr.: 5151472283 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026