
Solevåg skule, Sula kommune · Sula
Solevåg skule er ein mellomstor barneskule i Sula kommune med i overkant av 200 elevar fordelte på 12 klasser frå 1. til 7. trinn. Skulen ligg flott plassert ...
Solevåg skule er ein mellomstor barneskule i Sula kommune med i overkant av 200 elevar fordelte på 12 klasser frå 1. til 7. trinn.
Skulen ligg flott plassert på Solavågseidet med tilgang til eit mangfaldig nærområde godt tilrettelagt for friluftsaktivitetar.
Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt vektøy.
Skulen har 21 pedagogar, åtte assistentar, dagleg leiar SFO, helsesjukepleiar, inspektør og rektor.
ArbeidsoppgåverSolevåg skule og skulefritidsordning har behov for tilkallingsvikarar for lærarar og assistentar. KvalifikasjonarDet er ønskjeleg med arbeidserfaring frå skule eller SFO, og ein fordel om med pedagogisk utdanning/fagbrev.
Gyldig politiattest må leggast fram. Personlege eigenskaparVi legg vekt på at ein er positiv og fleksibel, kan samarbeide og har evne til å byggje relasjonar til elevane, føresette, kollegaer og leiinga.
Det er ein fordel om ein har erfaring frå bruk av IKT-verkty.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Skulen nyttar nynorsk som målform. Vi tilbyrLøn etter gjeldande tariffavtalar. KontaktinformasjonBørre Hagen, Rektor, 95710229, borre.andreas.hagen@sula.kommune.no
Arbeidsstadsolavågseidet 57
6037 Eidsnes
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 4843644081
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.07.2027
Vi søker sjukepleiarstudentar, sjukepleiarar, vernepleiarstudentar, vernepleierar, miljøterapeuter, studenter og skuleelevar. Dei ulike avdelingane har ulike arbeidstidsløysingar. Det er anledning til langvakter i dei fleste avdelingar, nokre inntil 14 timar. Vi behandlar søknadar fortløpande. Arbeidsoppgåver Du kan søke deg til desse avdelingane: SULATUNET Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar. Langtidsavdelinga vår er eit bu- og behandlingstilbod til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Avdelinga har 28 bebuarar, stort sett eldre. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering. Korttids/rehabiliteringsavdelinga ved Sulatunet gir tilbod til pasientar som har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus og har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov. Vi tilbyr opptrening/vedlikehaldstrening, avlastning og palliasjon. Vi har besøkshund tilknytta avdelinga. Kjøkkenet ved Sulatunet leverer mat til Sulatunet, heimebuande, dagsentra og bukollektiva. Vi produserer om lag 170 middagar pr. dag og lager mat og bakverk. Avdelinga har eigen bil og køyrer sjølv ut all mat til kunden. HEIMETENESTENE Heimesjukepleien yter teneste til dei som treng hjelp i kvardagen pga sjukdom eller funksjonsnedsetting som framleis bur i heimen sin. Heimesjukepleien yter praktisk hjelp til daglegdagse gjeremål som pasientane ikkje meistrar sjølv. Målet er at alle skal klare seg lengst mogeleg heime i eigen heim, og vere mest mogeleg sjølvhjulpen. Heimesjukepleien yter hjelp til f.eks dagleg stell, dusj, trening i heimen som kvardagsrehabilitering, medisin og oppfølging av ernæring og tilbredning av enkle brødmåltid. Alle som jobbar i heimesjukepleien brukar kommunale bilar i arbeidet med å reise heim til dei ulike pasientane. Heimetenesta er delt i to sektorar; Ytre (Langevåg) Indre (Nausthaugen/Solevåg). Molværsvegen 11 er eit bufelleskap for menneske med ulike psykiske lidingar. Bufellesskapet inneheld 8 bustader som inneheld eige kjøkken/stove, bad og soverom. Der er fellesareal i bygget og det er fast personal tilknytt bustaden. Det vert gitt praktisk hjelp til bebuearane, samt miljøarbeid. I Mplværsvegen 11 har vi også oppretta miljøterapeutisk team. BUKOLLEKTIVA Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv for menneske med sjukdomen demens. Bustaden er tilrettelagt for denne pasientgruppa. Sloghaugvegen 28 er eit bu- og behandlingstilbod til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Erindringsenteret er dagtilbod og tilbyr ein sosial treffstad for personar med demens sjukdom som bur heime. Seniorsenteret er dagtilbod for heimebuande eldre. Her skapar vi moglegheiter for å delta i eit fellesskap og fylle eit behov for sosialisering og aktivitet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering. BU- OG AKTIVITETSTENESTA Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til menneske med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er menneske med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting, aktivisering og opplæring. Bu- og aktivitetstenesta er delt inn i fire avdelingar og omfattar: Nymarkvegen, Jetmundgarden og Geilneset 9 og 11. KvalifikasjonarVi ønskjer primært personar med fagutdanning innan helse- og sosial, studentar, elevar eller deg med erfaring og interesse for slikt arbeid. Attestar og vitnemål skal leverast etter avtale. Krav om politiattest i alle avdelingane. Oppgi i søknaden kva for ei avdeling du vil arbeide i og om du har førarkort Vikarar ved Heimetenestene og Bu- og aktivitetstenesta må ha førarkort. Personlege eigenskapar Du er påliteleg, positivt innstilt og har gode haldningar i samhandling med andre. Du må kunne arbeide både sjølvstendig, i samhandling med andre og vise deg fleksibel i arbeidskvardagen. Du ønskjer å gi eit godt tilbod til pasientane våre og til å bidra i arbeidsmiljøet. Datakunnskap og god norskkunnskap både skriftleg og munnleg er ein føresetnad Husk å oppgi referanse Vi tilbyr Moglegheit til fagleg vekst der du får god opplæring med eige introduksjonskurs for vikarar Fagmiljø med dyktige og støttande kollega og ein meiningsfull jobb Bonusordning i ferieavviklingsperioden Mulighet for stipendordning. Tilpassa turnus/turnusordning Lønn etter tariff Gratis parkering Ta gjerne kontakt om du har spørsmål KontaktinformasjonSolgunn Eide Dybvik, Avdelingsleiar HBO Ytre, 95710263, E-post:solgunn.eide.dybvik@sula.kommune.no Caroline Øien Fiksdal, Avdelingsleiar Jetmundgarden, 95710257, caroline.oien.fiksdal@sula.kommune.no Eli Karin Hageløkken, Fagleiar Erindringssenteret, 46881441, eli.hagelokken@sula.kommune.no June Indreeide, Avdelingsleiar Molværsvegen 11, 95710266, June.Indreeide@sula.kommune.no Mariann Kaldhol, Avdelingsleiar Nymarkvegen, 95710269, mariann.kaldhol@sula.kommune.no Catharina Klokk Eide, Avdelingsleiar Molværsvegen 15/17/19, 48074239, catharina.klokk.eide@sula.kommune.no Bente Mariann Strømmen, Avdelingsleiar Sulatunet, langtidsavdelinga, 90153607, Bente.Mariann.Strommen@sula.kommune.no Line Østrem Bjørnevik, Avdelingsleiar Sulatunet korttid/rehab, 47518270, Line.Ostrem.Bjornevik@sula.kommune.no Susanne Paulsen Giske, Avdelingsleiar, kjøkken, 95710255, susanne.paulsen.giske@sula.kommune.no Charlotte Vik, Avdelingsleiar Geilneset, 95710246, charlotte.vik@sula.kommune.no Anitra Kringstad, Avdelingsleiar Sloghaugvegen 28 og Seniorsenteret, 90761914, Anitra.Kringstad@sula.kommune.no Iselin Lunden Sandøy, Avdelingsleiar Heimetenesta Indre, 47621378, Iselin.Lunden.Sandoy@Sula.kommune.no ArbeidsstadStadsnesvegen 23 6030 Langevåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sula kommune Referansenr.: 5066853735 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.12.2026
Vil du jobba med menneske? I pleie og omsorgstenesta har me eit kontinuerleg behov for vikarar. Vil du ha ein meiningsfull jobb - søk jobb hos oss. Denne annonsa gjeld open søknad og søknad om arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp/matvert i helse og omsorg. Søknaden din vil gjelda til og med 31.12.2026. Er du interessert i arbeid etter 2026, må du søkja på nytt. Leiarane i pleie og omsorg har til ei kvar tid oversikt over søkjarane til denne annonsa og vil ta kontakt med deg for samtale dersom du er aktuell for vikararbeid. Vil du vita meir om dei ulike avdelingane i helse og omsorg og kva tenester me gjev - gå inn på heimesida vår kvam.no/tenester/helse-og-omsorg/ Arbeidsoppgåver • Praktisk hjelp og pleie til bebuarar i institusjon eller eigne heimar • Miljøarbeid • Matvertar: Førebu, laga til, servera og delta i måltida Du kan jobba som: • Sjukepleiar/sjukepleiarstudent • Vernepleiar/vernepleiarstudent • Helsefagarbeidar • Pleiemedarbeidar • Matvert - passar også for ungdomar 16-18 år Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova (gjeld ikkje matvertar) skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar Du er: • Interessert i omsorgsarbeid og glad i å hjelpa andre • Serviceinnstilt og engasjert • Fleksibel og løysingsorientert • Raus og inkluderande • Møter andre på ein respektfull og open måte • Meistrar norsk muntleg og skriftleg Vi tilbyr • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver • Opplæring vert gitt • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem • Gode pensjons-/og forsikringsordningar Generell informasjon: • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonKjersti Soldal, Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming, 948 86 215 Siw Waage Solvåg, Leiar for heildøgns omsorg, 992 74 317 Anne Vestrheim, Personalkonsulent, +47 56 55 30 34 ArbeidsstadGrovagjelet 16 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5058117717 Stillingsprosent: 100, 50% Vikar
Helse og omsorg, Haram indre, søkjer sjukepleiarstudentar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleieassistentar. Dei ulike avdelingane har ulike arbeidstidsløysingar. Det er anledning til langvakter i dei fleste avdelingane, nokre inntil 14 timar. Eidet omsorgssenter opna i 2017 og ligg på Eidet mellom Vatne og Tennfjord, og er ein del av Haram Omsorgssdistrikt. Haram indre består av Eidet Omsorgssenter, Dagsenter Eidet og heimetenestesta. Eidet omsorgssenter avd. 1 - langtid, HDO (heildøgnsomsorg) og korttid Vi behandlar søknadar fortløpande. Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Arbeidsoppgåver Du kan søkje deg til desse avdelingane: HEIMETENESTA Heimesjukepleien yter teneste til personar som, på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetjing, har behov for hjelp i kvardagen, men som framleis bur i eigen heim. Tenesta gir praktisk bistand og helsefagleg oppfølging i situasjonar der pasienten ikkje meistrar oppgåvene sjølv. Målet er å bidra til at kvar einskild kan bu heime så lenge som mogleg og vere mest mogleg sjølvhjelpen i kvardagen. Heimesjukepleia tilbyr mellom anna hjelp til dagleg stell og personleg hygiene, dusj, legemiddelhandtering, oppfølging av ernæring og tilrettelegging av enkle måltid. Tilsette i heimesjukepleien nyttar kommunale bilar når dei reiser til og frå pasientane som del av det daglege arbeidet. EIDET OMSORGSSENTER AVDELING 1 - LANGTID OG KORTTID Langtidsavdelinga er eit bu- og behandlingstilbod for personar som ikkje lenger kan bu i eigen heim. Avdelinga har 11 bebuarar. Korttidssavdelinga gir eit tidsavgrensa tilbod til pasientar som treng tett oppfølging etter utskriving frå sjukehus, eller som av andre årsaker har behov for ei overgangsordning. Målet er å sikre ein trygg og fagleg forsvarleg overgang frå spesialisthelsetenesta til heimen, eller vidare tilpassa omsorgstilbod. Avdelinga legg til rette for kartlegging av pasienten sitt vidare hjelpebehov, og tilbyr målretta og tverrfagleg rehabilitering for å styrke funksjonsevne, meistring og sjølvstende i kvardagen. Her får pasientane oppfølging innan blant anna, daglege gjeremål, legemiddelhandtering, ernæring og medisinsk observasjon. Avdelinga arbeider aktivt for å fremje mestring hos pasientane og sikre at dei får ei best mogleg tilpassa oppfølging når dei skal vidare i behandlingsforløpet. EIDET OMSORGSSENTER AVDELING 2 - LANGTID Langtidsavdelinga er eit bu- og behandlingstilbod for personar som ikkje lenger kan bu i eigen heim. Avdelinga har 22 bebuarar, hovudsakleg eldre, som får oppfølging og omsorg basert på individuelle behov og vurderingar. Personalet legg stor vekt på å skape trygge og stabile rammer gjennom heile døgnet, og å bidra til god livskvalitet, tryggleik og verdig omsorg for kvar einskild bebuar. Arbeidsoppgåver Som sjukepleiar, helsefagarbeidar eller pleieassistent vil du bidra til å sikre pasientane god omsorg, tryggleik og fagleg forsvarleg helsehjelp. Arbeidsoppgåvene vil variere noko etter kompetansenivå, men kan omfatte: • Grunnleggjande pleie og omsorg, som personleg hygiene, påkledning, mobilisering og måltidsstøtte. • Observasjon av pasientar, inkludert vurdering av allmenntilstand, endringar i helse og behov for vidare tiltak. • Dokumentasjon i elektronisk journalsystem (Helseplattformen) i tråd med gjeldande retningslinjer. • Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper for å sikre heilskapleg pasientoppfølging. • Legemiddelhandtering, etter kompetanse og fullmakter. • Praktiske oppgåver knytt til miljø, trivsel og dagleg drift av avdelinga. • Tett kommunikasjon med pasientar og pårørande for å skape tryggleik og gi god informasjon. • Deltaking i faglege møte og rapportar ved vaktstart eller vaktavslutning. • Bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø gjennom samarbeid, deling av kunnskap og støtte til kollegaer. Alle tilsette må kunne arbeide sjølvstendig, ta ansvar i situasjonar som oppstår, og samtidig bidra aktivt i teamet for å sikre trygg og kvalitativ helsehjelp. Kvalifikasjonar • Vi søkjer i hovudsak kandidatar med fagutdanning innan helse- og sosialfag, samt studentar, elevar eller deg som har relevant erfaring og interesse for slikt arbeid. • Attestar og vitnemål skal leverast etter nærare avtale. • Det er krav om gyldig politiattest for tilsetting i alle avdelingane. • I søknaden ber vi om at du oppgir kva avdeling du ønskjer å arbeide i, samt om du har førarkort. • For stilling i Heimetenestene er førarkort ein føresetnad. Personlege eigenskapar • Du er påliteleg, positiv og har gode haldningar i samhandling med andre. • Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i tett samarbeid med kollegaer, samt vise fleksibilitet i ein variert arbeidskvardag. • Du har eit sterkt ønskje om å gi pasientane våre eit godt og fagleg trygt tilbod, og du bidreg aktivt til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. • Gode datakunnskapar og solid norskkompetanse, både skriftleg og munnleg, er ein føresetnad for stillinga. • Hugs å oppgi referanse. Vi tilbyr • Gode moglegheiter for fagleg utvikling, inkludert solid opplæring. • Eit fagmiljø med kompetente, engasjerte og støttande kollegaer – og ein jobb som opplevast som meiningsfull. • Tilpassa turnus/turnusordning. • Løn etter gjeldande tariffavtale. • Gratis parkering. Spesifiser i søknaden kva avdeling søknaden gjeld. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål. KontaktinformasjonTone Elise Austnes, Avdelingsleiar HT, 475 16 769, tone.elise.austnes@haram.kommune.no Reid Andulfstad-Aarskog, Avdelingsleiar Avd. 2, 909 59 269, reid.andulfstad-aarskog@haram.kommune.no Maria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar Avd. 1, 993 20 969, maria.nordo.solevåg@haram.kommune.no Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 940 51 001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no ArbeidsstadTrolldalssletta 12 6264 Tennfjord Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5047939008 Søknadsfrist: 31.12.2028