
Bilhuset Førde AS · Sunnfjord
Har du det som skal til for å leie og utvikle ettermarknaden hos Bilhuset Førde? Bilhuset Førde er ein av dei leiande bilforhandlarane i regionen og represent...
Bilhuset Førde er ein av dei leiande bilforhandlarane i regionen og representerer Mercedes-Benz, Peugeot og Kia. I 2024 omsette vi for 231 millionar kroner og leverte 433 bilar til kundar i marknadsområdet vårt. Gjennom fleire år har vi hatt sterk vekst og utvikling, og no søkjer vi ein ettermarknadsleiar som vil vere med å vidareutvikle eit viktig forretningsområde i selskapet.
Vi er på jakt etter ein leiar som ser moglegheiter der andre ser utfordringar. Du motiverast av å skape struktur, sikre gode rutinar og utvikle både medarbeidarar og arbeidsprosessar slik at avdelinga leverer stadig betre resultat. Dette er ei stilling for deg som ønskjer å skape resultat gjennom menneske, struktur og målretta leiing. Du tek eigarskap til ansvaret ditt, set retning for teamet og sørgjer for at planar vert omsette til handling.
Hos oss får du høve til å påverke vidare utvikling av verkstad- og ettermarknadsområdet, samtidig som du byggjer eit sterkt lag og bidreg til auka kvalitet, kundetilfredsheit og lønsemd.
Som ettermarknadsleiar får du ei sentral rolle i verksemda og blir ein del av leiargruppa. Du vil vere ein viktig sparringspartnar for dagleg leiar og få stor påverknad på vidare utvikling av ettermarknadsområdet. Du skal sikre god flyt, høg kvalitet, fornøgde kundar og lønnsam drift gjennom gode rutinar, tett oppfølging og kontinuerleg utvikling.
Du vil samarbeide tett med driftsansvarleg for delar, logistikk og kundemottak, verkstadleiar og garantiansvarleg, og rapportere direkte til dagleg leiar.
Vi ser etter ein leiar med gjennomføringsevne, som evnar å skape resultat gjennom struktur, oppfølging og gode relasjonar. Du trivst med ansvar, tek tak i utfordringar og motiverast av å utvikle både medarbeidarar og resultat.
Vi tilbyr
Klar for utfordringa? Då ønskjer vi å høyre frå deg!
Bilhuset Førde er ein autorisert forhandlar av Mercedes-Benz, Kia og Peugeot, og held til i moderne lokale på Øyrane 6 i Førde. Vi tilbyr eit breitt utval av både nye og brukte bilar, og har også eit solid tilbod innan varebil frå våre merke.
I 2025 selde vi totalt 441 nye og brukte bilar, inkludert 57 varebilar, med ein samla omsetnad på 228 millionar kroner. Vi har over tid dokumentert eit godt vekstpotensial i regionen og arbeider målretta etter prinsippet om kontinuerleg forbetring – litt betre kvar dag.
Vi er i dag 20 tilsette som kvar dag jobbar for å levere gode kundeopplevingar – med «Kvalitet i alle ledd» som rettesnor i alt vi gjer.
Verkstaden vår er ein viktig del av totaltilbodet, og vi tilbyr eit breitt spekter av tenester innan service, vedlikehald og reparasjon av personbilar og varebilar. Vi har nyleg også rigga for å ta imot bubilar og minibussar opp til 7 500 kg, noko som gjer oss til ein framtidsretta aktør i regionen med kapasitet til å handtere fleire typar køyretøy.
Vi tilbyr i tillegg dekkhotell til våre kundar som ein del av tenestene våre, samt gode fasilitetar for kundar som ønskjer å arbeide medan bilen er på verkstad.
Bilhuset Førde er ein del av Bilholding & Ani Gruppen og nyttar system og kompetanse frå Bertel O. Steen. Dette gir oss eit sterkt fundament for vidare utvikling. Vi er også medlem av Norges Bilbransjeforbund, og våre tilsette gjennomfører jamleg opplæring og sertifisering for å sikre høg kvalitet i arbeidet vårt.
Hå kommune har ledig ei fast 100 % stilling som leiar for kart og oppmåling og søker ein engasjert og dyktig medarbeidar. Området er organisert under avdeling for plan og arealbruk, og har per nå to tilsette i tillegg til fagleiar. Arbeidsoppgåver - Matrikkelarbeid - saksbehandling av saker etter matrikkellova, landmåling, oppmålingsforretning, adressering - Geodata/GIS- arbeid - pådrivar for utvikling av fagområde (kommunen bruker per i dag ISY GIS/ISY- Map) - Fagleg ansvarleg kontaktperson i GIS, Geovekst og geodatanettverk - Temakart - Personalansvar - Rådgjeving av publikum, kollegaer og folkevalde innanfor fagområdet - Andre arbeidsoppgåver må kunne påreknast. Kvalifikasjonar - Relevant utdanning på bachelor- eller mastergradsnivå. - Ønskeleg med minimum 3- 5 års relevant arbeidserfaring - Gode digitale ferdigheiter innan GIS- og kartløysingar, GPS og landmåling - Kompetanse innanfor relevant lovgjeving og god juridisk forståing - Søker må ha god matrikkelførarkompetanse, eventuelt kunne tileigne seg kompetansen ved matrikkelførarkurs/praksis. - Autorisert eigedomslandmålar eller med moglegheit for å bli autorisert - Har god kunnskap om offentleg forvaltning - God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. - Søkarar må ha førarkort klasse B. Personlege eigenskapar - Er positivt innstilt med god gjennomføringsevne og framdrift - Har godt overblikk, er systematisk og strukturert - Evne til å jobbe sjølvstendig og ta ansvar for eigne vurderingar og avgjerder - Har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe i team - Er engasjert, fleksibel, endringsvillig og løysningsorientert - Har motivasjon og evne til å tileigne seg ny kunnskap. - Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt. Vi tilbyr - Ein spennande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø - Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver - Lønn etter avtale - Gode forsikrings- og pensjonsordningar - Utfordrande arbeidsoppgåver innan fagfeltet - Fleksibel arbeidstid Attestar og vitnemål Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Tilsetjingsvilkår Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle. Link til søknadsskjema: Søk her
Er du ein leiar som trivst med å vere tett på drifta – og som meistrar balansen mellom det strategiske og det operative? Då kan dette vere jobben for deg! I Vestland fylkeskommune arbeider vi målretta med å digitalisere verksemda og utnytte systema våre fullt ut. Vi nyttar Visma Enterprise Plus som ERP-system og Framsikt til budsjett- og rapportering. Rekneskapsfunksjonen har ei sentral rolle i dette arbeidet, og vi søkjer no ein operativ og handlekraftig leiar som vil vere til stades i den daglege drifta og sikre framdrift og kvalitet i teamet. Arbeidsoppgåver Kjerneoppgåver i eininga • Remittering • Fakturering og purring • Fakturamottak • Avstemming av bankkonti og balanse • Anleggsmodul • Rapportering til myndigheitene (mva, KOSTRA mm) • Brukaradministrasjon i ERP-system, administrator betalingsløysingar • Brukarstøtte og saksbehandling i supportsystem • Periode- og årsoppgjer Arbeidsoppgåver Du vil ha personalansvar for eit fagleg sterkt team på 7 medarbeidarar på Leikanger. Som operativ leiar er du ein aktiv deltakar i den daglege drifta. Du er tett på oppgåvene, set retning og sikrar at teamet leverer til rett tid og med rett kvalitet. • Dagleg drift og leiing av eininga, inkludert medarbeidaroppfølging og kompetanseutvikling • Ansvar for å utarbeide og kvalitetssikre rekneskapen, inkludert utvikling og dokumentasjon av rekneskapsrutinar • Tilby interne kurs og generell opplæring innan rekneskapsområdet • Svare på rekneskapsspørsmål frå organisasjonen • Kontaktperson mot fylkeskommunen sin revisor • Kontaktperson for bankavtale og inkassoleverandør Kvalifikasjonar • Høgare økonomisk utdanning, minimum på bachelor-nivå • Erfaring frå rekneskapsarbeid i ei stor og kompleks verksemd • Relevant leiarerfaring – gjerne frå ei operativ leiarrolle • God forståing for rekneskapssystem og integrasjon av ulike system • Erfaring med prosjekt- og prosessrelatert arbeid er ein klar fordel • Erfaring frå offentleg sektor er ønskjeleg Personlege eigenskapar Du er en leiar som • Er operativ og til stades – du er ikkje redd for å ta tak i oppgåvene der det trengst • Har gode samarbeidsevner og skapar eit godt arbeidsklima • Har gjennomføringsevne og evnar å prioritere riktig • Er analytisk og strukturert i arbeidsforma • Evnar å skape tillit og aksept i organisasjonen • Har personleg integritet • Kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg • Identifiserer deg med verdiane våre: kompetent, open og modig Vi tilbyr Hos oss får du: • gode moglegheiter for fagleg utvikling • løn etter avtale/løn etter tariff i kommunal sektor ( ta vekk det som ikkje passar) • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar Kvifor velje oss? • Fagleg sterkt miljø – bli ein del av eit kompetent rekneskapsteam med høg fagleg integritet • Digital kvardag – vi har implementert moderne system og jobbar kontinuerleg med å utnytte dei fullt ut og forbetre prosessane • Tett samarbeid – du samarbeider med nøkkelressursar innan løn, innkjøp og IKT • Påverknadskraft – du får reell innverknad på korleis rekneskapsfunksjonen utviklar seg • Leikanger ved Sognefjorden – ein flott kontorstad med gode pendlarmoglegheiter KontaktinformasjonLinda Mæland Nipen, Seksjonsleiar, +47 41530118 ArbeidsstadAskedalen 2 6863 Leikanger Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5149968771 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026
Det er ledig stilling som HR-leiar/Avdelingsleiar HR og organisasjonsutvikling ved Møre bispedømekontor. Vi søkjer etter ein HR-leiar som har framtidsperspektiv og gjennomføringsevne. Møre bispedømekontor er felles administrasjon for biskop og bispedømeråd. Kontoret og er i Molde og er i ferd med å flytte til Moldetrappa 2 i Romsdalskvartalet. Bispedømekontoret har omlag 9 årsverk og er organisert i to avdelingar med kvar sin leiar - "Kyrkjefag og samfunn" og "HR og organisasjonsutvikling". HR-leiar vil ha ei strategisk rolle med ansvar for å leie og utvikle HR- og arbeidsgjevaransvaret på vegner av biskop og bispedømeråd i nært samarbeid med stiftsdirektør og prostane i bispedømmet. HR-leiar vil ha ansvar for å koordinere HR-arbeidet i bispedømet, samarbeide med Kyrkjerådet si HR avdeling og dei nasjonale teama innan løn og økonomi. HR-avdelinga består for tida av ein leiar og to HR-rådgjevarar. HR-leiar er del av leiargruppa på bispedømekontoret. Møre bispedømeråd har arbeidsgjevaransvar for omlag 75 prester fordelt på 5 prosti og dei tilsette på bispedømekontoret. Samarbeidet med 26 kyrkjeverjer i dei kyrkjelege fellesråda er svært viktig. Møre bispedøme står framfor store oppgåver, både administrativt og organisatorisk, gjennom utvikling og arbeid innan bispedømet sin arbeidsgjevarpolitikk, personapolitikk og ressursforvaltning. Arbeidet med kyrkjeleg organisering på nasjonalt og regionalt nivå vil verke inn på fagområdet. Fleire opplysningar kan du finne på www.kyrkja.no/more eller ved kontakt med stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug, Arbeidsoppgåver - Strategisk og operasjonelt ansvar for HR feltet og organisasjonsutvikling i Møre bispedøme. - Rådgjeving og støtte i HR-relaterte spørsmål til kyrkjelege leiarar i Møre bispedøme. - Planlegging og gjennomføring av partsarbeid etter Hovudavtalen og kontaktmøter med tillitsvalde - Planlegging og gjennomføring av vernearbeid etter Arbeidsmiljølova, herunder Regionalt Arbeidsmiljøutval, Helse, Miljø og Tryggleik, samt arbeid med likestilling, inkludering og mangfald i bispedømet. - Sørge for at interne og lovpålagde rutiner samt andre lover og avtaleverk innan HR-feltet vert etterlevd. - Utvikle strategi, planar og rapportering innan arbeidsområdet. - Rekruttering til kyrkjeleg teneste - Oppfølging gjennom livsløpet for arbeidsforholdet, herunder kompetanseutvikling og arbeidsvegleiing. - Innføring og opplæring i HR-politikk, retningslinjer og bruk av HRM-system. - Handtering av personal- og konfliktsaker. - Oppfølging av varsling og avvik. - Gjennomføring, oppfølging og rapportering av medarbeiderundersøkingar. Kvalifikasjonar - God kjennskap til Den norske kyrkja sin organisasjon og forankring i kyrkjeleg verksemd. - Høgare utdanning med relevans for stillinga. - Leiarerfaring og erfaring frå HR-relatert arbeid. - Kjennskap til HRM-system og offentlege sakshandsamings- og arkivsystem. - Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. - Møre bispedøme har nynorsk målform i administrasjonen, og du må opplyse om du kan nytte begge målføre. - Må disponere eigen bil då det er aktuelt med noko reise i tenesta. Personlege eigenskapar - Forstå tilhøve mellom kyrkje, kultur og samfunn. - Trygg i møte med komplekse saksforhold. - God relasjonsbyggar på tvers av nivå og einingar - Gjennomføringsvevne i endrings- og utviklingsarbeid - Inspirere, motivere og vere ein samlande kulturbyggar. - Personlege eigenskapar vil bli vektlagde Vi tilbyr - Ei nøkkelrolle i utviklinga av Den norske kyrkja i Møre - Mogleigheit til å påverke organisasjon, kultur, og arbeidsgjevarpolitikk - Godt arbeidsmiljø i eit fagleg sterkt kollegium - Stillinga vert løna etter hovudtariffavtalen i KA, stillingskode 1407 Avdelingsleiar. - Innskot i KLP. Godtgjerdsler og tilskot etter dei vilkår som til kvart tid er fastsette. - Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv, og andre avgjerder som kan ha verknad på oppgåver i tenesta. Anna: Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette Vi forventar oppmøte og tilstedeværelse med utgangspunkt i Møre bispedømmekontor. Den norske kyrkja skal være ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Det vil bli utarbeida offentlig søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. Kirkeordning for Den norske kirke § 42. Anmodning om å få namnet sitt unnateke frå denne må grunngjevast i søknaden. Behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b. KontaktinformasjonBjørn Olaf Storhaug, Stiftsdirektør, +47 92810040 ArbeidsstedMoldetrappa 1 6415 Molde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Den norske kirke Referansenr.: 5131324099 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 12.08.2026