
Kommunalområde oppvekst, Sykkylven kommune · Sykkylven
Sykkylven kommune søker tilkallingsvikarer til skoler og barnehager for skoleåret 2026/2027.
Sykkylven kommune søker tilkallingsvikarer til skoler og barnehager for skoleåret 2026/2027.
Dette er ei fellesannonse for oppvekstsektoren i Sykkylven kommune der du som ønskjer å vere tilkallingsvikar i kommunen skule-/barnehageåret 2026/2027 kan melde di interesse. Denne stillingsannonsa gjeld for kommunale skular og barnehagar i Sykkylven.
Aktuelle søkjarar vil bli kontakta ved behov. Vi ber om at du opplyser i søknaden om kva arbeidsområde du søkjer på. Søkjer du på fleire arbeidsområde, ber vi deg sette opp ei prioriteringsliste. Vi ber deg også opplyse om kva tidsrom du kan arbeide. Tilsettingsform og stillingsstorleik vil kunne variere.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Offentlegheit:
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
KontaktinformasjonKjersti Hovet, Einingsleiar Aure barneskule/SFO, 92029381, kjersti.hovet@sykkylven.kommune.no
Monica Hjelmevoll, Avdelingsleiar Aure barneskule, 47668301, monica.hjelmevoll@sykkylven.kommune.no
Svein Arne Nakken, Avdelingsleiar Aure barneskule, 90793343, svein.nakken@sykkylven.kommune.no
Janne Marstrander, SFO-leiar Aure barneskule, 95018853, janne.marstrander@sykkylven.kommune.no
Randi Løseth Aasen, Einingsleiar SUSK, 95184367, randi.loseth@sykkylven.kommune.no
Therese Lefdalsnes Hole, Assisterande rektor SUSK, 47670915, therese.lefdalsnes.hole@sykkylven.kommune.no
Clara Aarseth-Strømmegjerde, Avdelingsleiar oplæringssenteret, 46954158, clara.strommegjerde@sykkylven.kommune.no
Knut Orre, Einingsleiar Sørestranda skule/SFO, 99522440, knut.orre@sykkylven.kommune.no
Steinar Klokk, Einingsleiar barnehagar, 95972727, steinar.klokk@sykkylven.kommune.no
Randi Ludviksen Hole, Styrar Ullavik barnehage, 95294767, randi.hole@sykkylven.kommune.no
Berit Hanken, Styrar Blakstad barnehage, 91898760, berit.hanken@sykkylven.kommune.no
Heidi Rasmussen Aurdal, Vikar styrar Vikedalen bhg, 48268321, heidi.aurdal@sykkylven.kommune.no
ArbeidsstadKyrkjevegen 62
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5117073158
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 17.05.2027
Volda kommune treng til ei kvar tid lærarar som kan vere tilkallingsvikarar i Voldaskulen. Denne utlysinga gjeld for skuleåret 2026/2027. Utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men til ei liste over søkarar som kan vere tilkallingsvikarar i Voldaskulen. Arbeidsoppgåver Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å undervise på alle trinn i grunnskulen. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare periodar. Stillingsstorleik vil vere etter behov, og kan variere. Det er rektor ved den einskilde skule, som gjer avtale med tilkallingsvikar. Referansar kan verte kontakta. Aktuelle skular: Bratteberg skule (1.-7.trinn): 70 05 87 85/ 478 65 060 Dalsfjord skule (1.-10.trinn): 958 39 749 Folkestad skule (1.-10.trinn): 480 36 232 Hornindal skule (1.-10.trinn): 402 04 366 Mork skule (1.-7.trinn): 990 01 393 Volda ungdomsskule (8.-10.trinn): 70 07 42 20/ 975 30 623 Øyra skule (1.-7.trinn): 70 07 43 00/ 913 41 695 KvalifikasjonarVi ønsker først og fremst søkarar med relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.Personlege eigenskapar Saman med utdanning og praksis, vil personlege eigenskapar verte vektlagde. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der. Vi tilbyrArbeidsavtale og vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.KontaktinformasjonLine Homberset, fagkonsulent oppvekst, 70058870, line.homberset@volda.kommune.no ArbeidsstadStormyra 2 6100 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Volda kommune Referansenr.: 5152066480 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 17.08.2026 Sluttdato: 30.06.2027 Søknadsfrist: 30.06.2027
Volda kommune treng til ei kvar tid miljørettleiarar som kan tenke seg å vere tilkallingsvikarar i Voldaskulen. Denne utlysinga gjeld for skuleåret 2026-2027. Utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men til ei liste over søkarar som kan vere tilkallingsvikarar i Voldaskulen. Arbeidsoppgåver Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel. Arbeidsoppgåvene kan vere å støtte elevane i deira læringsarbeid, i samarbeid med lærarane og skuleleiinga, og/eller målretta miljøarbeid knytt mot enkelt elevar/elevgrupper. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare periodar. Stillingsstorleik vil vere etter behov, og kan variere. Det er rektor ved den einskilde skule, som gjer avtale med tilkallingsvikar. Referansar kan verte kontakta. Aktuelle skular: Bratteberg skule (1.-7.trinn): 70 05 87 85/ 478 65 060 Dalsfjord skule (1.-10.trinn): 958 39 749 Folkestad skule (1.-10.trinn): 480 36 232 Hornindal skule (1.-10.trinn): 402 04 366 Mork skule (1.-7.trinn): 990 01 393 Volda ungdomsskule (8.-10.trinn): 70 07 42 20/ 975 30 623 Øyra skule (1.-7.trinn): 70 07 43 00/ 913 41 695 Kvalifikasjonar Vi ønsker først og fremst søkarar med relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Som miljørettleiar legg ein til grunn godkjent 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning, som t.d barnevernspedagog/sosionom/vernepleiar. Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding. Personlege eigenskapar Saman med utdanning og praksis, vil personlege eigenskapar verte vektlagde. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og løn. Vi ber om at søkarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der. Vi tilbyrArbeidsavtale og vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.KontaktinformasjonLine Homberset, fagkonsulent oppvekst, 70058870, line.homberset@volda,kommune.no ArbeidsstadStormyra 2 6100 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Volda kommune Referansenr.: 5151987811 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 17.08.2026 Sluttdato: 30.06.2027 Søknadsfrist: 30.06.2027
Bømlo kommune har behov for tilkallingsvikarar for både undervisningspersonale (lærarar), miljøarbeidarar (assistentar) og miljørettleiarar i grunnskulane gjennom skuleåret 2026/2027. Kommunen må etter Opplæringslova § 17-7 leggja til rette for at skulane har tilgang på vikarar, og denne stillingsutlysinga vil fungera som ein «vikarpool». Vikarbehovet oppstår ofte på kort varsel og variera mellom skulane. Det kan òg bli aktuelt med tilsetjing i kortare vikariat. Om skulane Det er åtte grunnskular i Bømlo. Fem av desse er barneskular, ein er rein ungdomsskule og to er kombinerte barne- og ungdomsskular. Storleiken varierer frå ca 75 elevar på dei minste skulane, til ca 350 elevar på dei største. Fleire opplysningar om grunnskulane og kontaktopplysningar finn du på skulane si heimeside: Skulane i Bømlo Søknadsprosess: Me tek i mot søknader fortløpande. Du vil i søknaden få spørsmål om kva type vikarstilling (lærar/miljøpersonale) du søkjer og om du er interessert i kortare vikariat. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta av den einskilde skule då alle rektorane vil ha oversikt over inkomne søknadar. Arbeidsoppgåver • Lærarvikar: Undervisning i ulike fag på alle trinn i grunnskulen. • Miljøpersonale: Følgje opp elevar i skule, og ha ansvar for gruppeaktivitetar på SFO. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. Kvalifikasjonar • For stillingane som lærarvikar og miljøarbeidar søkjer me høvesvis etter kvalifiserte lærarar og fagarbeidarar innan helse og oppvekst. Andre med relevant utdanning, fagkompetanse eller erfaring kan òg vere aktuelle. Me vil særskilt oppmode studentar i lærarutdanning til å søkje. For miljørettleiarstillingane krevst relevant utdanning. • Personar som ikkje fyller kompetansekrava kan òg vere aktuelle som tilkallingsvikarar. • Gode norske språkferdigheiter, både munnleg og skriftleg, er nødvendig. Personlege eigenskapar • Trygg og tydeleg i møte med barn og unge. • Gode samarbeids- og formidlingsevner. • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team. • Raus og fleksibel. I vurderinga legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon. Me tilbyr • Varierte og meiningsfulle oppgåver i ein flott kommune. • Faglege og personlege utfordringar. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. • For lengre vikariat er det tilbod om velferdsklubb med tilsettegoder. • Løn og vilkår etter gjeldande avtaleverk. Andre opplysingar • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd. • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. • Offentleg søkarliste vert oppretta. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast (Offentleglova § 25). Høyrest dette ut som noko for deg? Send søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga, kontakt rektorar på dei skulane du ynsker å vera vikar på. KontaktinformasjonKari Østensen, Rektor v/Svortland skule, 993 86 606 Maryann Steinsbø, Rektor v/Gilje skule, 992 77 987 Olaug Norenes Hovda, Rektor v/Våge skule, 404 64 340 Joakim Lund, Rektor v/Moster skule, 930 08 438 Torunn Hatlevik, Rektor v/Hillestveit skule, 934 61 743 Christin Klubben, Rektor v/Bremnes ungdomsskule, 957 74 456 Tone Baugstø, Rektor v/Rubbestadneset skule, 990 34 994 Katrine Hausberg, Rektor v/Meling skule, 958 35 391 Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bømlo kommune Referansenr.: 5152923081 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 10.08.2026 Sluttdato: 18.06.2027 Søknadsfrist: 18.06.2027