
Tokke Kyrkjelege Fellesråd · Tokke
Tokke kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar. Kyrkjeverja har ansvaret for 6 tilsette og forvaltaransvar for 5 kyrkjer og 5 gravp...
Tokke kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar.
Kyrkjeverja har ansvaret for 6 tilsette og forvaltaransvar for 5 kyrkjer og 5 gravplassar. Det er to sokn i Tokke kommune. Nynorsk er administrasjonsspråket.
Kyrkjeverja vår har fått ny jobb etter 13 år og vi ser difor etter ein positiv og initiativrik person til å overta stillinga som kyrkjeverge. Det er ein fordel med kjennskap til kyrkjeleg verksemd i denne stillinga.
Det vil bli lagt vekt på engasjement og samarbeidsevne, relevant høgare utdanning og personlege eigenskapar. Du må væra medlem av Den norske kyrkja, ha førarkort og disponere eigen bil.
Tokke kommune er i hjartet av Telemark, med fantastisk klima og natur og er kjent for levande grender, Telemarkkanalen og Dalen Hotel. Vi har Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen, hyggjelege bustadpriser og kulturskule med variert tilbod for store og små. Vi har mange tilbod for dei som er glade i jakt, fiske og friluftsliv. I Tokke har vi aktive idrettslag som har breie tilbod både sumar og vinter.
Fellesrådet har sunn økonomi og eit godt samarbeid med kommunen. Eit samarbeid som det vert viktig å halde vedlike. I tillegg til rammeoverføring drift og investering har fellesrådet ein tenesteytingsavtale med kommunen der kommunen syter for rekneskapsføring, lønskøyring, kontorlokale, server, sentralbord, Office-pakke, IT-tenester, samt eigne verkstedslokale for gravplassforvaltninga.
Du må ha gyldig politiattest.
CV og referanser sendast saman med søknaden, gjerne også attester fra dine forrige arbeidsforhold.
Drift av kyrkjekontoret i Tokke
Ansvar for drift og forvalting av kyrkjebygg og gravplassar, herunder internkontroll og HMS
Personalansvar for dei tilsette i fellesrådet.
Budsjett, løn- og rekneskapsansvar
Sekretær og sakshandsamar for Tokke kyrkjelege fellesråd
Representere kyrkja i møte med andre kyrkjelege organ, lokalpolitikarar, kommunal administrasjon, media og andre
Samarbeid med prestetenesta
Søkjar må vera innstilt på at arbeidsoppgåver kan bli endra
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Gode kontorlokalar i kommunehuset i Tokke
Pensjonsordning gjennom KLP
Tilsetting og løn etter KA sitt avtaleverk
Har du eit ønske om å gi Jesus vidare til nye generasjonar? Vi søker etter deg som med engasjement og tryggheit kan ta ansvar for å leie og utvikle undervisningsarbeidet for konfirmantar, ungdom og tweens. Vil du vere ein viktig del av Lindås og Osterfjorden kyrkjelydar sitt arbeid for kyrkjeleg undervisning? Kyrkjelydsdarbeidar i Osterfjorden og Lindås, som har ansvar for dei yngste barna, vil vere ein viktig samarbeidspartnar. Vår faste kyrkjelydsarbeidar skal ha eitt års pemisjon, og Alver kyrkjelege fellesråd har derfor ledig vikariat på 80% som kateket/kyrkjelydspedagog for sokna Osterfjorden og Lindås. Det er mogleg å dele stillinga i to, med 40% i kvart sokn. Du kan derfor søke på berre eitt sokn. Oppmøtestad blir bestemt av det. Oppstart medio augst 2026. Stillinga rapporterer til dagleg leiar. Arbeidsoppgaver Avhengig av kvalifikasjoner og stillingsstorleik, og i dialog med den som blir tilsett: • Vi ønsker du skal ha særleg fokus på aldersgruppa frå 11 år og oppover. Kyrkjelydsarbeidar, som har hovudansvar for dei yngste borna, vert næraste samarbeidspart. • Hovudansvar for konfirmantarbeidet og alt av administrasjon og informasjonsarbeid som følgjer dette. • Planlegging og gjennomføring av konfirmantundervisning i samarbeid med sokneprestane • Planlegging og gjennomføring av arrangement, leir og gudstenester for konfirmantar i samarbeid med kollegaer og frivillige. • Rekruttering til og gjennomføring av leiartrening for ungdom. • Oppfølging av anna ungdomsarbeid etter avtale lokalt i sokna. • Rekruttering, kontakt og oppfølging av frivillige medarbeidarar innanfor eksisterande konfirmant- og ungdomsarbeid. • Saman med andre gjennomføre tiltak i sokna sin plan for kyrkjeleg undervisning • Profileringsarbeid og andre fellesoppgåver i kyrkjestabane etter nærare avtale. • Ta del i fagleg og tverrfagleg samarbeid i fellesrådsområdet. Kvalifikasjoner • Utdanning i samsvar med tenesteordning for kateketar eller anna relevant utdanning (pedagogisk og kristendomsfagleg erfaring/utdanning). • Relevant erfaring frå barne- og ungdomsarbeid kan kompensere for relevant utdanning. • Kunnskap/erfaring med bruk av PC som arbeidsverktøy. Anna: • Søkjar må ha førarkort og disponere bil. • Du må vere medlem av Den norske kyrkja. • Vi krev politiattest. Personlige egenskaper • Fleksibel og løysingsorientert. • Evner å arbeide sjølvstendig, men også vere god i teamarbeid. • Evne til initiativ og gjennomføring. • Ser og utfordrar frivillige. • Kommuniserer godt i samtalar og gjennom sosiale medium. • Det vil bli lagt vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna Vi tilbyr • Løn etter tariffavtale for kyrkjeleg sektor. • Obligatorisk medlemskap i KLP (2%) • Vi tilbyr også tenestetelefon og moderne IKT-løysingar KontaktinformasjonSolveig Angelskår, dagleg leiar, 97709051 John Fredrik Wallace, kyrkjeverje, 48284872 ArbeidsstedØrnnova 21 5993 Ostereidet Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Alver kyrkjelege fellesråd Referansenr.: 5125938608 Stillingsprosent: 80% Vikariat
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Naturen, med si lange kyststripe, er vakker og storslagen. Mellom anna er kommunen kjend for det mektige fuglefjellet på øya Runde. Det er eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod i kommunen. Øya Herøy er nøkkelstad på Kystpilegrimsleia, og kyrkja tek aktiv del i pilegrimsarbeidet. Elles er det tilbod om festivalar og arrangement for alle, til dømes det spektakulære fjell løpet «Fyr til fyr» Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy kommune. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske. Frå Fosnavåg, som er kommunesenteret, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn, der det dagleg er fleire fly til Oslo og Bergen. Til Ålesund kjem ein seg på under halvannan time. Det er ein halv time til Ulstein, der m.a. Sunnmøre folkehøgskule ligg. I Fosnavåg har vi badeland og hotell med konserthus. Leikanger kyrkje, frå 1806 der er 505 medlemmer og det bor 679 i soknet Indre Herøy kyrkje, frå 1916 der er 1324 medlemmer og det bor 1776 soknet Hovudkyrkja, Herøy, ei arbeidskyrkje frå 2003, er kanskje det mest allsidige kyrkjebygget i landet. Kyrkja husar kyrkjekontoret, kyrkjerom, kyrkjelydssal, kapell, gymsal, amfi og andre samlingsrom, og er i bruk kvar dag og fleire gongar om dagen, både av tilsette og frivillige medarbeidarar. Til hovudkyrkja soknar der 4787 medlemmer og det bor 6520 i soknet. Administrasjonen på kyrkjekontoret er profesjonell og ryddig. Det er 13 tilsette i kyrkjestaben: to prestar, diakon, to kyrkjelydspedagogar, kantor, kyrkjeverje, kontorfullmektig, to kyrkjetenarar, to gravplasstilsette og fleire klokkarar (frivillige og i mindre stillingar). Det er stabsmøte kvar veke. Vi ser etter ein kapellan som kan vere med å fortsette det gode og jamne kyrkjelydsarbeidet, men som også kan drive fram eigne prosjekt knytt opp til kyrkjelydane sine planar og strategiarbeid. Kapellanen skal arbeide i alle tre kyrkjene og dele dei kyrkjelege handlingane med soknepresten. Det er viktig at kapellanen trivest med born og ungdom, og erfaring frå dette feltet vil vere ei styrkje for arbeidet. For tida jobbar ein spesielt med ei ny gudstenesteform nokre søndagar i semesteret, «Messy Church», og dette gjev rikt høve til involvering og godt samarbeid med stab og friviljuge. Ein ynskjer også å utvide arbeidet knytt til ungdom, og bruk av lokala i arbeidskyrkja. Vidareutvikling av pilegrimsarbeidet knytt til nøkkelstaden Herøy er eit anna satsingsområde. Det er samarbeid med Ulstein sokn om konfirmantundervisinga og TenSing. Når det gjeld ansvar i trusopplæringa og pilegrimsarbeid, vil ein finne ein høveleg ansvarsdeling mellom kapellan, sokneprest, diakon og kyrkjelydspedagogane. Kapellanen utfører sin teneste i samsvar med tenesteordning formenighetsprester og har soknepresten som sin nærmaste overordna. I Søre Sunnmøre prosti, som er tenestedistrikt, er det til saman 14 prestestillingar. Det er i tillegg studentprest (50% stilling). Helseføretaket har sjukehusprest ved Volda sjukehus (70% stilling). Arbeidsoppgåver • Kapellanen skal i tråd med "Tjenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru liv vert fremma i kyrkjelyden. • I tillegg til gudstenester, tenesteveker og beredskapsveker, som vert delt etter oppsett arbeidsplan, tek presten del i trus- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andakter på sjuke- og aldersinstitusjonane i fellesrådsområdet. • Det vil så langt det er råd verte tatt omsyn til kompetanse, erfaring og interesse i fordelinga av oppgåvene mellom prestane. • Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordninga. Kvalifikasjonar • Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetting som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av menighetsprest". • Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje. • Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort oppmerksam på krav om attest som syner autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrke, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja, og krav om å beherske norsk språk, jf. Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6. • Søkjar må opplyse om han/hun meistrar begge målformer. Målforma er nynorsk Personlege eigenskapar • Vi søkjer etter en prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap. • Kontaktskapande med evne til å bygge nettverk. • Sjølvstendig, og med gjennomføringsevne • Engasjement og interesse for arbeid med born og unge. • Kunne arbeide med struktur, og fylje planar og visjonar. • Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper. • Kapellanen vil arbeide mykje i team, særskilt i arbeidet med born og unge. Ein legge derfor stor vekt på gode samarbeidsevne Vi tilbyr • Stillinga vert lønna etter hovedtariffavtalen for Den norske kyrkje, stillingskode 0922 kapellan. • Innskot i KLP. • Godtgjeringar og tilskot etter dei vilkår som til ei kvar tid er fastsett. Den som blir tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtaler, særavtaler, reglement m.m. og andre bestemmingar som kan bety noko for gjeremåla i tenesta. • Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing. • Eit godt samarbeid mellom tilsette i prostiet. Prestane møtes regelmessig til kollega- og fagsamlingar. Anna • For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B, og kunne disponera eigen bil i arbeidet. • Den som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest, jf. Lov om tros- og livssynssamfunn §20. • Det er innført prøvetid på 6 månader for alle faste tilsette. • Møre bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje. KontaktinformasjonIngeborg Matre, Prost, 94806965 ArbeidsstadLisjebøvegen 1 6091 Fosnavåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Den norske kirke Referansenr.: 5125012421 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Vi har ledig stilling som kyrkjefagsjef/avdelingsleiar for kyrkje og samfunn ved Bjørgvin bispedømekontor. Bispedømekontoret er sekretariat for bispedømerådet og biskop. Biskopen har samlande funksjonar for kyrkja og rettleier, støttar og fører tilsyn med kyrkjelydar, kyrkjelege tilsette og kyrkjelege råd. Bispedømerådet har som formål å vekkja og næra det kristne livet i kyrkjelydane. Det skal fremja samarbeid mellom dei lokale einingane i kyrkja. Bispedømerådet utfører også gjeremål som er pålagt av Kyrkjemøtet og Kyrkjerådet eller avtalt med sokneråd og kyrkjelege fellesråd. Kyrkjefagsjef har ansvar for dagleg drift og oppfølging av arbeidet i avdelinga. Kyrkjefagsjefen er ein del av leiargruppa på bispedømekontoret og samarbeider tett med prostar og kyrkjeverjer i bispedømet. Stillinga har ansvar for å leggja til rette for bispevisitasane og anna utviklingsarbeid. Avdeling for kyrkje og samfunn har ei viktig rolle i å utvikle bispedømmet gjennom planer, kompetansetiltak og tett dialog med sokn, fellesråd og prostar. Den som vært tilsett vil ha ansvar knytt til entrepenørskap, kompetanseutvikling og samlingar i breidda av dei kyrkjefagelege fagområda og strategiane. Bispedøme arbeider og tett saman med ulike samfunnsinstitusjonar, og kyrkjelege organisasjonar på mange felt. Den som vert tilsett må ha evne til fleksibilitet og å kunne stå i og bidra i endringsprosessar som tar tid. Det vil bli vektlagt erfaring frå prosessleiing og gode evner til å samhandle med mange aktørar. Avdelingsleiaren har ei rolle i utarbeiding og gjennomføring av strategiar, mellom anna med kjelde i nasjonale vedtak og satsingsområde og vedtak i bispedømerådet. Stillinga har ansvar for å løysa oppgåver og sakshandsaming for biskop og bispedømeråd med ei breitt tverrfagleg ansvarsområde. Det vil særleg vera ansvar knytt til teologisk rådgjeving. Avdelinga driv kompetanseutvikling og arrangement i breidda av dei kyrkjefagelege fagområda og strategiane. Bispedømekontoret held til på Nordnes, i Strandgaten 198 og har 12,3 faste årsverk. Du blir del av eit spennande lag. Bispedømet har over 11500 frivillige og over 700 tilsette i begge arbeidsgjevarlinjer. Bispedømekontoret har to avdelingar med med 12 tilsette, og nokre prosjektstillingar. Avdeling for kyrkje og samfunn har for tida seks tilsette, med ansvar for undervisning, kultur, diakoni, kommunikasjon, godkjenningssaker og organisasjonsutvikling. Staben har høgt motiverte og kompetente medarbeidarar, eit godt arbeidsmiljø og vi trives med å skape mange store og mindre arrangement og prosjekt saman. Avdelingsleiar har personal- og leiaransvar for rådgivarane på avdelingen. Stiftsdirektør er kyrkjefagsjefen sin næraste overordna. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål kring stillinga! Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter Arbeidsoppgåver • Ansvar for dagleg drift og oppfølging av arbeidet i avdelinga • Delta i leiargruppa på kontoret • Løyse oppgåver og utføre sakshandsaming for biskop og bispedømeråd • Delta og legge til rette for bispevisitasar • Bidra i utarbeiding og gjennomføring av bispedømets strategiar • Bidra i analyse og rapportering av ulikt slag • Rådgjeving i kyrkja sin ordningar, særleg på teologi, liturgi og gudstenste • Delta i fagutvikling og kurs for kyrkjelege tilsette • Bidra i aktuelt prosjektarbeid, entreprenørskap og aktuelle arrangement • Utføre andre oppgåver på kontoret ved behov Kvalifikasjonar • Master i Teologi eller anna relevant utdanning • Leiarkompetanse, leiarerfaring og leiareigenskapar • Ha gode analytiske evner og erfaring med å omsetja dette i konkrete tiltak og planar • Brei kyrkjeleg erfaring og god forståing av Den norske kyrkja, og kyrkja sitt samfunnsoppdrag • Svært gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsferdigheiter • Arrangementskompetanse • God digital kompetanse • Medlemskap i Den norske kyrkja Personlege eigenskapar • Gode relasjonelle ferdigheiter og haldningar • Evne å arbeide strukturert og prosessuelt • Evne til samspel og samarbeid med ulike samarbeidspartnarar og representantar for kyrkja lokalt • Sjølvstende og ansvarsbevisshet • Administrative ferdigheiter • Vennlegheit, klarleik, ryddigheit i møte med brukarane av bispedømekontoret • Være fleksibel og løysingsorientert • Ha engasjement for Den norske kyrkja sitt oppdrag Vi tilbyr • Stillinga vert lønna etter gjeldande regler etter kode 1407 avdelingsleiar • Vanlige regulativmessige godtgjersler. Pensjonsinnskudd i KLP. • Fleksible arbeidstidsordninger. • Godt arbeidsmiljø i en stab med variert og solid fagleg kompetanse. • Moglegheit for personleg og fagleg utvikling. • Vi arbeider etter verdiene: Modig, støttande og i dialog. Andre opplysningar Bjørgvin bispedømme skal være en arbeidsplass med rom og respekt for mangfold, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Det vil bli utarbeidet offentlig søkerliste etter offentlighetsloven § 25, jf. kirkeordning for Den norske kirke § 42. Dersom du ønsker unntak for denne, må dette begrunnes i søknaden. Søkerliste kan bli offentlig selv om du ber om unntak. Grunnlag for saksbehandling etter personvernforordningen er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g. Den som blir tilsatt må vise tilfredsstillende politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. KontaktinformasjonJan Ove Fjelltveit, Stiftsdirektør i Bjørgvin, 95136898 ArbeidsstadStrandgaten 198 5004 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Den norske kirke Referansenr.: 5139076290 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.09.2026