
Vindafjord kommune Barnevern · Vindafjord
Er du engasjert i barn og unge og vil ha ein meiningsfull og viktig jobb? Me har ledig to faste 100% stillingar som kontaktpersonar (sakshandsamarar) i Etne Vin...
Er du engasjert i barn og unge og vil ha ein meiningsfull og viktig jobb? Me har ledig to faste 100% stillingar som kontaktpersonar (sakshandsamarar) i Etne Vindafjord barnevernteneste i perioden.
Barneverntenesta mottek rettleiing og miljøterapeutiske tiltak frå Familieteamet i kommunen. Hjå oss er me opptekne av brukarmedverknad, samarbeid med familien og barnets stemme. Dette forutsett at våre tilsette har gode kommunikasjonsferdigheiter, evne til å danne relasjonar og har eit positivt menneskesyn.
I arbeidet i barneverntenesta møter ein menneske i kriser og ein involverar seg i komplekse familiesituasjonar. Då er det viktig at ein kan vera omsorgsfull og tydeleg, og at ein evnar å handtere og tåle konfliktar og sterke kjensler.
Kvardagen i barneverntenesta er prega av varierte dagar, både i høve arbeidsoppgåver og tidspress. Ein må trivast med eit høgt tempo og evne å strukturere sin eigen arbeidskvardag. Som kontaktperson i barneverntenesta må ein vera robust og ha fokus på sjølvivaretaking. Tenesta er opptekne av oppfølging av dei tilsette både i høve deira faglege utvikling, oppfølging i sakene og personleg utvikling. Dette føregår i individuell rettleiing, fagmøte i tenesta, fagutvikling for team eller heile tenesta, og i fellesskapet med kollegaer.
Arbeidet utførast i hovudsak på dagtid, men nokon timar med ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast.
Me treng nokon som evnar å jobbe målretta og som kan konkretisere og dokumentere arbeid og utvikling i saker. Barneverntenesta har ei omfattande dokumentasjonsplikt og ein må vera førebudd på kontinuerleg skrivearbeid som ein del av kvardagen. Ein del av dokumentasjonsarbeidet handlar om å analysere og vurdere dei opplysningar ein har, for å gjere barnevernfaglege vurderingar utifrå barnets beste. Godt arbeidsmiljø er ein viktig føresetnad for å gjere ein god jobb, å gje god oppfølging til brukarane våre og å utvikle seg fagleg. Etne Vindafjord barnevernteneste mottok i 2024 arbeidsmiljøprisen for Vindafjord kommune og me jobbar målretta med å ha eit positivt og ivaretakande arbeidsmiljø.
Hovudarbeidsoppgåver:
Personlege eigenskapar vil bli særskilt vektlagt.
Me kan tilby:
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Eg er ein mann på 36 år som har eit sterkt ynskje om å leva eit aktivt liv, og for å få til det treng eg stødige assistentar med eit godt hovud. Sjølv jobbar eg fullt, trenar, er sosial, nyt båtliv på godvêrsdagar, set pris på god mat, musikk og bøker, har diverse frivillige verv, huseigar og har forpliktingar der etter, glad i tur og reiser, med meir. Orsaka til at eg treng assistentar at eg sit i rullestol, etter ei ulukke då eg var 16 år. Hjå ein assistent søker eg etter personar som: • Er stabile og til å stola på • Er tolmodige og lærevillige • Kommuniserer godt og er stødige i norsk • Har ordenssans og er observante • Er allsidige Arbeidsoppgåver, eksempel: • Matlaging, handel, tilrettelegging for kvardagen min, sosiale tilstellingar, med meir • Kvardagslege oppgåver eg ikkje klarar sjølv • Vedlikehald av hus, rullestol, bil, båt, hjelpemiddel • Trening • Reiser innanlands etter avtale – opplæring blir gitt. Eg og assistentordninga tilbyr: • Ein jobb litt utanom det vanlege • Moglegheita til å jobba tett med meg • Opplæring der det trengs • Ein løysingsorientert arbeidsleiar Arbeidstid: Ettermiddag, kveld og helg. Reiser etter avtale. Stillingsprosent: 20% og oppover Tiltreding: snarleg Jobben krev ikkje at du har utdanning eller bilsertifikat, men det tel positivt. Har du arbeids- og livserfaring, så kjem det godt med og skriv gjerne det inn i søknad. Om du ikkje har ein fin CV klar, så set eg pris på ein god søknad der du beskriv deg sjølv; generell informasjon, interesser, kva du ser etter i ein jobb og andre ting som kan vera av interesse. Og ikkje minst kvifor dette kan vera jobben for deg. Eventuell utdanning og arbeidserfaring bør skrivast inn i søknad.
Om stillinga I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste, er det ledig ei fast stilling som rådgjevar SKO 1434. Stillinga er plassert ved Seksjon for operative tenester. Vest politidistrikt er eit av landets største politidistrikt, med hovudsete i Bergen og ansvar for politi- og beredskapstenester i 38 kommunar i Vestland fylke. Med rundt 1300 tilsette jobbar vi kvar dag for å skape tryggleik, førebyggje kriminalitet og levere operative tenester av høg kvalitet. Distriktet kombinerer eit bredt geografisk ansvar med eit sterkt fagmiljø, moderne beredskapskapasiteter og et tydeleg samfunnsoppdrag. Hos oss blir du del av eit kompetent og engasjert lag som jobber tett på både lokalsamfunn, samarbeidspartnarar og nasjonale aktører. Organisatorisk er stillinga plassert under Felles eining for operative tenester (FOT) , Seksjon for operative tenester (SOT) (Operasjonssentralen (112) og politiets kontaktsenter (02800) Som rådgjevar i SOT blir du ein sentral bidragsytar i å sikre god bemanning, effektiv drift og høg kvalitet i politiet sine operative tenester. Vi søkjer ein strukturert og systemsterk person som trivst med ansvar, handterer komplekse oppgåver og bidreg aktivt i utvikling og oppfølging av arbeidsplanar, ressursbruk og dagleg drift. Hos oss får du jobbe tett på beredskap, leiing og operative miljø – og vere med på å halde Vest politidistrikt klart for samfunnsoppdraget sitt. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi søkjer deg som er samfunnsengasjert og motivert for å utvikle politiet til eit kompetent og effektivt politi. Du er fleksibel og evner å håndtere oppdukkande arbeidsoppgåver knytta til fagområdet og beredskapsansvaret. Du har god IT kompetanse og evner å setje deg inn i og forvalte regelverk. Vi søkjer deg som har høg arbeidskapasitet, er serviceinnstilt og er nytenkjande opp mot vidareutvikling av fagområdet. Du har gjerne en profil innan analyse. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver • Utarbeide arbeidsplanar (turnuslister) • Oppfølging av overtidsbruk og fråvær • Oppfølging av dagleg drift/bemanningskoordinering i samarbeid med seksjonsleiinga • Sørgje for effektiv ressursutnytting og måloppnåing i tenesteproduksjonen • Andre oppgåver pålagt av overordna Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: • Relevant utdanning på minimum bachelornivå kombinert med relevant arbeidserfaring • Relevant arbeidserfaring blir vektlagt og kan i særskilde tilfeller (minimum 10 år) erstatte kravet til utdanning • God munnleg og skriftleg framføring på begge målformer • Svært god IT og systemkompetanse, med evne til å setje seg raskt inn i nye system • Må kunne klarererast for HEMMELEG jf. Sikkerhetslova Det er også ønskjeleg med: • Gode føresetnader for å tileigna seg kunnskap om styringssystemet TTA og Særavtale om arbeidstidsbestemmelsene (ATB avtalen) • Kunnskap om verksemdsregulerande lovar, instruksar og interne rutinar Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju. Personlege eigenskapar • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Evne til å arbeide analytisk, sjølvstendig og systematisk • Evne til å handtere arbeid knytta til kritiske hendingar, herunder handtere tidspress og kompleksitet • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne • Evne til å tenkje kreativt og bruke naudsynte verktøy for å løyse oppdraga Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere ein del av samfunnsoppdraget som politiet forvalter • Stillinga vert lønna som rådgjevar, stillingskode 1434, med årslønn frå kr 710 000,- . Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no • Gode arbeidsvilkår som til dømes fleksibel arbeidstid og trening i arbeidstida Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Vil du bidra til at pasientar med sjeldne diagnosar får best mogleg oppfølging? Vi søkjer ein nøyaktig helsesekretær til å bidra i ulike administrative oppgåver ved Nasjonalt senter for sjeldne diagnosar, eining porfyrisjukdommar (Napos). Vi har spesialkompetanse innan diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar med desse sjeldne, arvelege sjukdommane. Eininga har som mål at personar med porfyrisjukdommar skal bli diagnostiserte, behandla og følgde opp på ein optimal måte og i samsvar med eigne behov. Breidda av symptom, komplikasjonar og følgjetilstandar gjer at pasientar med porfyrisjukdom har behov for oppfølging frå ulike medisinske spesialitetar gjennom livet. Vi rettleiar helsepersonell over heile landet knytt til utgreiing, behandling og oppfølging av denne pasientgruppa, i tillegg til å utarbeide og publisere behandlings- og oppfølgingsretningslinjer for dei ulike sjukdomane. Vi driv undervisning og har eit breitt spekter av andre læringsaktivitetar. Vi overvaker oppfølginga pasientar med porfyrisjukdom får gjennom det nasjonale medisinske kvalitetsregisteret Norsk porfyriregister. I tillegg driv vi utstrekt forsking og utvikling, er medlem i fleire europeiske ekspertnettverk og arbeidsgrupper og har eit stort internasjonalt nettverk. Vi består av om lag 12 årsverk og er tverrfagleg samansett, mellom anna med lege, farmasøyt, genetisk rettleiar, sjukepleiar og bioingeniør. Vi høyrer til Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) ved Haukeland universitetssjukehus og er lokalisert i Laboratoriebygget på Haukeland universitetssjukehus. For meir informasjon om oss; sjå Napos.no Arbeidsoppgåver • Utføre administrative oppgåver knytt til Norsk porfyriregister, mellom anna innsamling og registrering av data, samt administrasjon av brevutsendingar • Bidra administrativt ved planlegging og gjennomføring av kurs, møte og reiser • Utsending av informasjonsmateriell/brev til pasientar og legar • Handtere munnlege og skriftlege førespurnadar • Andre administrative oppgåver kan bli tillagd ved behov • Oppgåver som kan bli tillagd avhengig av kvalifikasjonar: • Innkjøp- og fakturaoppfølging Kvalifikasjonar • Helsesekretær eller annan relevant helsefagleg utdanning • Helsesekretær må ha norsk autorisasjon • Evne til å uttrykkje seg klart skriftleg og munnleg på norsk • God datakompetanse - må kunne bruke/raskt setje seg inn i relevante dataverktøy • Godt kjend med M365 • Personlege eigenskapar blir vektlagde Personlege eigenskapar • Nøyaktig • Sjølvstendig • Fleksibel og løysingsorientert • God evne til samarbeid med andre Vi tilbyr • Dagstilling • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø • Høgt fagleg nivå • Tverrfagleg samarbeid og engasjerte kollegaer • Lønn etter avtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Fleksible arbeidsforhold Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonÅshild Rostad Enes, Seksjonsleiar, 99 45 69 49, ashild.rostad.enes@helse-bergen.no Marte Høvik Hammersland, Spesialbioingeniør, 55 97 32 96, marte.hovik.hammersland@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5151849525 Stillingsprosent: 40% Vikariat Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 16.08.2026