
Vindafjord kommune Vindafjordtunet · Vindafjord
Vindafjordtunet søker 2-3 engasjerte og fagleg sterke sjukepleiarar og vernepleiarar. Me har ledige stillingar blant anna innan demensomsorg, somatisk langtid o...
Vindafjordtunet søker 2-3 engasjerte og fagleg sterke sjukepleiarar og vernepleiarar. Me har ledige stillingar blant anna innan demensomsorg, somatisk langtid og natt.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og tverrfagleg miljø der bebuarane står i sentrum. Du «bur» i di avdeling, men samarbeider tett med kollegaer på tvers – her deler me kompetanse, støttar kvarandre og jobbar saman for best mogleg kvalitet.
No ønskjer me fleire med på laget som vil vere med å utvikle tenestene våre vidare – og bidra til gode dagar for både bebuarar og tilsette.
Vindafjordtunet gir tenester innan somatisk langtid, demensomsorga og natt. Nattpatruljen dekker bygdane Skjold, Vats og Vikebygd.
Me har eige produksjonskjøkken som lagar nydeleg mat til bebuarane våre og eigen tilsynslege som gjerne spelar på saxofonen 2 dagar i veka.
Me har gode rammer for å lukkast: moderne hjelpemiddel som takheis og digitale pasientvarslingssystem og IKOS-tavler for god oversikt i kvardagen. I tillegg har me servicemedarbeidarar og helgeassistentar som tek praktiske oppgåver – slik at du får bruke tida di på det som betyr mest: fag og pasient.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Me søkjer etter ein fagsjukepleiar på Vindafjordtunet. Fyrste året vil du arbeide på avdeling Sør demenesomsorga medan avdelingsleiar er i fødselspermisjon for så å vera fagsjukepleiar for Vindafjordtunet institusjon når ho er attende. Ein annan avdelingsleiar tek personalansvaret slik at du skal få konsentrera deg om fagutvikling og oppfølging i avdelinga. Me søker deg som er genuint interessert i eldreomsorg og som brenn litt ekstra for å heva kompetansen i tenesta! Du arbeidar dagtid med kvar fjerde helg den tida du er på avdeling Sør og går over til kvar tredje etter endt permisjon hjå avdelingsleiar. Om arbeidsplassen: Vindafjordtunet ligg i Nedre Vats og gir tenester til personar med demens og somatisk langtidsbebuarar. Me har pasientvarslingssystem inkludert Roommate og gode hjelpemidlar. Me har eige kjøkken som lagar mat til våre bebuarar samt ein tilsynslege i 50%. Om stillinga: Stillinga er med arbeid på dagtid med kvar fjerde helg første året på avdeling sør. Etter at avdelingsleiar kjem tilbake frå permisjon, går du over til kvar tredje helg og framleis dagtid i vekene. Du er med å arbeidar på tvers for ein god heilhet i drifta knytt til fag og teneste. Som fagsjukepleiar er du genuint interessert i eldreomsorg og systematisk arbeid for å heve kompetanse. Me trur at gjennom fellesskap og kompetanseheving vert ein tryggare og har det betre på arbeid. Ikkje minst blir tenestene våre betre i eit strukturert arbeid for å nå dette. Ein arbeidar ope og er opptatt av å skape motivasjon og gode arbeidsdagar for alle våre tilsette. Som fagsjukepleiar vil du arbeide tett med avdelingsleierane til ei kvar tid. Du har ikkje personalansvar som fagsjukepleiar. Me søker kompetansemidlar kvart år slik at ein har muligheita til å gi kompetanseheving for alle tilsette. Har DU lyst å vera med på innovativ og utviklande arbeid for bebuarane våre og dei tilsette? Då må du søke! Du kan og nytte Facebook til å bli litt betre kjent med oss og ta gjerne kontakt om du vil ha ein prat om stillinga! Hovudarbeidsoppgåver: Fagansvar avdeling Sør: • Oppfølging av dokumentasjon. • Sjå til at planar vert fulgt. • Kjennskap til bebuarane, tiltak, oppfølging mm. • Iverksette prosessar for å betre teneste, miljø osv. • Kartlegge/halde oversikt over kompetansemuligheiter- frå store til små, enkle ting. • Arbeidsplanar og IKOS. • Fordela oppgåver i vaktbok. Fagansvar på huset: • Igangsette tilsette med å utarbeide planar der det er naudsynt. • Oversikt over behov for kompetanseheving, tiltak, planar mm i samarbeid med avdelingsleiar. • Kartlegge/halde oversikt over kompetansemuligheiter- frå store til små, enkle ting. • Kompetansekartlegging. • Igangsette intern og ekstern opplæring. • Oversikt og mottak av elevar og studentar samt fordele desse. • Vera med å utarbeide kommpetanseplanen for drifta. Kvalifikasjonar: • Offentleg godkjent sjukepleiar. • Ynskjeleg med relevant vidareutdanning, men ikkje eit krav. • God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal. • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar - me nyttar nynorsk som skriftspråk. Personlege eigenskapar der du: • Brenn for eldreomsorga og vil meir for tenestene! • Har interesse for faget og held deg oppdatert. • Likar å veilede andre. • Bidrar til godt arbeidsmiljø gjennom din kjennskap til tilsette og tenestebehov. • Søker heile tida etter forbetringar for både bebuarar og tilsette. • Evnar å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta. • Arbeidar godt i team og er ein som er med på å spela teamet og avdelinga god. • Trives med til tider hektiske arbeidsdagar og er fleksibel i arbeidsoppgåvene. • Innvolverar, delegerar, engasjerar og deler kunnskap gjennom di leiing. • Er løysingsorientert. • Evnar å vera analytisk men og innovativ. • Ønsker å utvikle deg sjølv og andre. Personlege eigenskaper vert vektlagt Me kan tilby: • Utviklingsmuligheiter/Kompetanseheving. • Variert arbeid i eit positivt miljø. • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson. • God opplæring og samarbeid med andre. • Frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt. • Bedriftskunstlag. • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no). • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning). Lønsvilkår: Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Andre opplysningar: Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
Me har nå ein ledig fast sjukepleiarstilling ved Etne og Vindafjord interkommunale legevakt. Stillinga er 20%, med arbeid kvar 3. helg, og nokon bevegelige heilagdagar. Ekstravakter vil også vera mogleg. Er du klar for å ta del i eit team der du er heilt avgjerande for tryggleiken og helsa til innbyggarane våre - akkurat når dei treng det mest? Me søker deg som ønsker å kombinera faglege utfordringar med ei stilling som gir meining, meistring og moglegheiter. Kvifor arbeidet betyr noko: Når folk opplever noko akutt og uventa, er det ofte oss dei møter først. Di evne til å handle raskt, kommunisere klart og vise omsorg – kan vera avgjerande for korleis pasientar og pårørande opplever krisa dei står i. Hjå oss får du bruka både hovudet og hjartet – og kvar vakt utgjer ein skilnad. Kva får du med å jobbe hos oss? Du vil jobbe i eit engasjert team med både legar og sjukepleiarar der samspel og tillit er grunnlaget for kvardagen. Her får du høve til å utvikla deg vidare innan akuttmedisin og legevaktsarbeid, med støtte og opplæring tilpassa deg og din erfaring. Me er stolte av arbeidsmiljøet vårt – det er prega av fagleg tyngde, rausheit og humor. Det er stor variasjon i arbeidsdagane, noko som krev sjølvstende, raske vurderingar og evne til å halde roen – men også gir mykje tilbake i form av læring og fagleg vekst. Etne og Vindafjord legevakt er ei interkommunal legevaktordning med base i Vindafjord beredskapssenter, samlokalisert med Ølen legekontor – i nye, moderne og godt utstyrte lokale. Me er totalt 18 fastlegar og 6 sjukepleiarar i turnus. Du blir ein viktig del av teamet på vakt. Du vil vurdere pasientar, prioritere etter alvorlegheitsgrad, samarbeide tett med lege og legevaktsentral, og vera med på å sikre at pasientar får rett hjelp til rett tid. Hovudarbeidsoppgåver • Jobbe i team med lege på vakt. • Prioritere rett pasient til rett tid. • Ta anamnese og vurdera tiltak. • Ivareta pasient og pårørande ved behov. • God og kontinuerlig kommunikasjon med legevaktsentralen. • Kontrollere og følge opp daglige,veke og månadlege prosedyrar og kontroller. • Laberatoriearbeid. Kvalifikasjonar • Du har autorisasjon som sjukepleiar. • Sjukepleiarar med vidareutdanning i akuttsjukepleie eller legevakt er ønskeleg, men ikkje eit krav. • Du må kunne godt norsk, både munnleg og skriftleg, og ha gode engelskkunnskapar. Skriftspråket hjå oss er nynorsk. Personlege eigenskapar: • Du har eit godt klinisk blikk, er trygg i vurderingar og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team. • Du handterer stress, kommuniserer godt og møter folk med respekt – også når det hastar. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Me kan tilby: • Ein meiningsfull jobb der du verkeleg får brukt sjukepleiarfaget. • Eit fagmiljø som støttar deg – både i startfasen og vidare. • Moglegheit for etter- og vidareutdanning i tråd med kompetanseplan. • Gode kollegaer som bryr seg, og eit godt sosialt miljø. • Gratis parkering. • Frisk treningssenter tilbyr bedriftsrabatt. • Tilbod om bedriftskunstlag og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord). • Offentleg tenestepensjon og gode forsikringsordningar. • Lønn etter tariff. Andre opplysningar: • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga. • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
Har du litt tid til overs og ynskjer å gjere ein forskjell i kvardagen for nokon andre? Vågå kommune søkjer engasjerte personar til oppdrag som støttekontakt/fritidskontakt. Som støttekontakt er du med på å støtte barn, ungdom, vaksne eller eldre som har behov for hjelp til å delta på fritidsaktivitetar. Støttekontaktordninga er ei teneste som skal medverke til å auke brukaren si oppleving av livskvalitet gjennom samvær med andre, skape ein meir aktiv kvardag og bidra til å få ei meiningsfull fritid. Tenestemottakarane våre har ulike interesser og behov, og vi treng difor støttekontaktar i ulik alder og av begge kjønn. Du treng inga formell utdanning -- det viktigaste er at du er påliteleg, har gode haldningar og eit ynskje om å vere der for andre. Vi legg vekt på å matche støttekontakt og tenestemottakar ut frå felles interesser, slik at begge partar får eit positivt utbytte av samværet og ein god relasjon til kvarandre. I søknaden er det difor viktig at du fortel litt om deg sjølv og kva du likar å gjere på fritida. Om oppdraget: Eit vanleg oppdrag er på om lag 2 timar i veka, men omfanget kan variere frå person til person -- enkelte har vedtak på opp til 6 timar i veka. Typiske arbeidsoppgåver vil vere: • Å skape glede gjennom samhandling • Å auke fysisk og psykisk livskvalitet • Å vere følgje eller hjelp til praktiske gjeremål som til dømes handling • Å stimulere til sosial aktivitet • Å medverke til nettverksbygging • Å følgje tenestemottakar til aktivitetar som til dømes kafè, trening, kulturtilbod eller gåturar • Skape tryggleik og motivasjon for å delta Støttekontaktar inngår oppdragsavtale med Vågå Kommune på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regler og avtaler. Timesats for 2026 ihht Gebyrregulativet er kr 206 pr time. Det vil bli utbetalt inntil kr 541 i utgiftsgodtgjersle pr månad etter framlagte rekningar, samt reisegodtgjersle etter statens satsar. Kvalifikasjonar • Du må vere 18 år eller eldre • Du er aktiv, engasjert og god til å byggje relasjonar • Det er viktig at du er påliteleg og held avtalar • Det er inga krav til formell utdanning. Personlege eigenskapar og erfaring blir vektlagt • Det er ikkje eit krav at du har førarkort og disponerer bil, men det er viktig at dette kjem fram i søknaden. • Politiattest må leggjast fram ved eventuelt tilbod om oppdrag Korleis søkje? Søknad skal sendast som elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no Søknadsfrist 30.09.2026 Søknadar blir vurdert fortløpande. Kontaktperson: Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer informasjon om tenesta. Det er høve til å få meir informasjon om ein eventuell tenestemottakar før du takkar ja til oppdraget. Tildelingskontoret v/ Mai Britt Myrum, tlf. 45343573 (ferie veke 29, 30 og 31) Vi ser fram til å høyre frå deg! Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.