
Voss sjukehus/ Medisinsk seksjon, Helse Bergen HF · Voss
Voss sjukehus har ledig 20% fast stilling som pleieassistent i medisinsk seksjon, sengepost. Me søkjer deg som har relevant erfaring innan helse. Dersom du ti...
Medisinsk seksjon består av sengepost, poliklinikkar og dialyseavdeling. Som pleieassistent på sengepost vil du bli ein del av eit aktivt miljø med høg fagleg kompetanse som behandlar pasientar med ulike indremedisinske diagnosar. Her vil du samarbeida med ulike profesjonar som helsefagarbeidar, sjukepleiar, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og anna helsepersonell.
Oppstart snarast eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Sissel Marie Finne, Ass seksjonsleiar, 56533780, sissel.marie.finne@helse-bergen.no
Stine Hernes, Ass. seksjonsleiar, 56533780, stine.hernes@helse-bergen.no
Sjukehusvegen 16
5704 Vossevangen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5155624368
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 26.07.2026
Helse og omsorg, Haram indre, søkjer sjukepleiarstudentar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleieassistentar. Dei ulike avdelingane har ulike arbeidstidsløysingar. Det er anledning til langvakter i dei fleste avdelingane, nokre inntil 14 timar. Eidet omsorgssenter opna i 2017 og ligg på Eidet mellom Vatne og Tennfjord, og er ein del av Haram Omsorgssdistrikt. Haram indre består av Eidet Omsorgssenter, Dagsenter Eidet og heimetenestesta. Eidet omsorgssenter avd. 1 - langtid, HDO (heildøgnsomsorg) og korttid Vi behandlar søknadar fortløpande. Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Arbeidsoppgåver Du kan søkje deg til desse avdelingane: HEIMETENESTA Heimesjukepleien yter teneste til personar som, på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetjing, har behov for hjelp i kvardagen, men som framleis bur i eigen heim. Tenesta gir praktisk bistand og helsefagleg oppfølging i situasjonar der pasienten ikkje meistrar oppgåvene sjølv. Målet er å bidra til at kvar einskild kan bu heime så lenge som mogleg og vere mest mogleg sjølvhjelpen i kvardagen. Heimesjukepleia tilbyr mellom anna hjelp til dagleg stell og personleg hygiene, dusj, legemiddelhandtering, oppfølging av ernæring og tilrettelegging av enkle måltid. Tilsette i heimesjukepleien nyttar kommunale bilar når dei reiser til og frå pasientane som del av det daglege arbeidet. EIDET OMSORGSSENTER AVDELING 1 - LANGTID OG KORTTID Langtidsavdelinga er eit bu- og behandlingstilbod for personar som ikkje lenger kan bu i eigen heim. Avdelinga har 11 bebuarar. Korttidssavdelinga gir eit tidsavgrensa tilbod til pasientar som treng tett oppfølging etter utskriving frå sjukehus, eller som av andre årsaker har behov for ei overgangsordning. Målet er å sikre ein trygg og fagleg forsvarleg overgang frå spesialisthelsetenesta til heimen, eller vidare tilpassa omsorgstilbod. Avdelinga legg til rette for kartlegging av pasienten sitt vidare hjelpebehov, og tilbyr målretta og tverrfagleg rehabilitering for å styrke funksjonsevne, meistring og sjølvstende i kvardagen. Her får pasientane oppfølging innan blant anna, daglege gjeremål, legemiddelhandtering, ernæring og medisinsk observasjon. Avdelinga arbeider aktivt for å fremje mestring hos pasientane og sikre at dei får ei best mogleg tilpassa oppfølging når dei skal vidare i behandlingsforløpet. EIDET OMSORGSSENTER AVDELING 2 - LANGTID Langtidsavdelinga er eit bu- og behandlingstilbod for personar som ikkje lenger kan bu i eigen heim. Avdelinga har 22 bebuarar, hovudsakleg eldre, som får oppfølging og omsorg basert på individuelle behov og vurderingar. Personalet legg stor vekt på å skape trygge og stabile rammer gjennom heile døgnet, og å bidra til god livskvalitet, tryggleik og verdig omsorg for kvar einskild bebuar. Arbeidsoppgåver Som sjukepleiar, helsefagarbeidar eller pleieassistent vil du bidra til å sikre pasientane god omsorg, tryggleik og fagleg forsvarleg helsehjelp. Arbeidsoppgåvene vil variere noko etter kompetansenivå, men kan omfatte: • Grunnleggjande pleie og omsorg, som personleg hygiene, påkledning, mobilisering og måltidsstøtte. • Observasjon av pasientar, inkludert vurdering av allmenntilstand, endringar i helse og behov for vidare tiltak. • Dokumentasjon i elektronisk journalsystem (Helseplattformen) i tråd med gjeldande retningslinjer. • Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper for å sikre heilskapleg pasientoppfølging. • Legemiddelhandtering, etter kompetanse og fullmakter. • Praktiske oppgåver knytt til miljø, trivsel og dagleg drift av avdelinga. • Tett kommunikasjon med pasientar og pårørande for å skape tryggleik og gi god informasjon. • Deltaking i faglege møte og rapportar ved vaktstart eller vaktavslutning. • Bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø gjennom samarbeid, deling av kunnskap og støtte til kollegaer. Alle tilsette må kunne arbeide sjølvstendig, ta ansvar i situasjonar som oppstår, og samtidig bidra aktivt i teamet for å sikre trygg og kvalitativ helsehjelp. Kvalifikasjonar • Vi søkjer i hovudsak kandidatar med fagutdanning innan helse- og sosialfag, samt studentar, elevar eller deg som har relevant erfaring og interesse for slikt arbeid. • Attestar og vitnemål skal leverast etter nærare avtale. • Det er krav om gyldig politiattest for tilsetting i alle avdelingane. • I søknaden ber vi om at du oppgir kva avdeling du ønskjer å arbeide i, samt om du har førarkort. • For stilling i Heimetenestene er førarkort ein føresetnad. Personlege eigenskapar • Du er påliteleg, positiv og har gode haldningar i samhandling med andre. • Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i tett samarbeid med kollegaer, samt vise fleksibilitet i ein variert arbeidskvardag. • Du har eit sterkt ønskje om å gi pasientane våre eit godt og fagleg trygt tilbod, og du bidreg aktivt til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. • Gode datakunnskapar og solid norskkompetanse, både skriftleg og munnleg, er ein føresetnad for stillinga. • Hugs å oppgi referanse. Vi tilbyr • Gode moglegheiter for fagleg utvikling, inkludert solid opplæring. • Eit fagmiljø med kompetente, engasjerte og støttande kollegaer – og ein jobb som opplevast som meiningsfull. • Tilpassa turnus/turnusordning. • Løn etter gjeldande tariffavtale. • Gratis parkering. Spesifiser i søknaden kva avdeling søknaden gjeld. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål. KontaktinformasjonTone Elise Austnes, Avdelingsleiar HT, 475 16 769, tone.elise.austnes@haram.kommune.no Reid Andulfstad-Aarskog, Avdelingsleiar Avd. 2, 909 59 269, reid.andulfstad-aarskog@haram.kommune.no Maria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar Avd. 1, 993 20 969, maria.nordo.solevåg@haram.kommune.no Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 940 51 001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no ArbeidsstadTrolldalssletta 12 6264 Tennfjord Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5047939008 Søknadsfrist: 31.12.2028
Vil du bidra til at eldre kan bu lenger heime? Ynskjer du ein jobb der du verkeleg betyr noko for andre menneske? Er du glad i å møte folk, skape gode samtalar og gjere kvardagen litt enklare for dei som treng det? Då kan ei stilling som heimehjelpar i Årdal kommune vere nettopp det du ser etter. Me har no ledig to faste stillingar, ei 80 % fast stilling og ei 100% fast stilling. Som heimehjelpar får du ei viktig rolle i å hjelpe eldre innbyggjarar med å halde fram eit sjølvstendig og trygt liv i eigen heim. Du vert ein del av kvardagen til menneske som set stor pris på både hjelpa og samværet du bidreg med. Ein jobb med meining Som heimehjelpar møter du menneske i ulike livssituasjonar og får moglegheita til å gjere ein positiv forskjell kvar einaste dag. Arbeidet er variert og gjev rom for både sjølvstendig ansvar og samarbeid med gode kollegaer. Arbeidsdagen vil vere på dagtid og kan gå føre seg både i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Ingen dagar er heilt like, og mange av dei du møter vil sjå fram til besøket ditt som eit høgdepunkt i dagen. Det vil også vere praktiske oppgåver på sjukeheimen i arbeidskvardagen. Kven ser me etter? Me ser etter deg som trivst i møte med menneske og som har eit varmt engasjement for å hjelpe andre. Du likar at arbeidsdagane varierer, tek ansvar for eigne oppgåver og samarbeider godt med kollegaer når det trengst. Det er viktig at du er omgjengeleg, raus og respektfull i møte med andre menneske. Du må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg, slik at du kan skape gode relasjonar og bidra til tryggleik for brukarane våre. Kvalifikasjonar For denne stillinga er det ikkje krav om formell utdanning. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar, motivasjon og eignaheit for arbeidet. Dersom du har erfaring frå omsorgsarbeid eller arbeid med menneske, er det ein fordel, men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har lyst til å bidra og møte folk med respekt, omsorg og eit smil. Det er krav om førarkort til bil. Difor vil du trivast hjå oss I Årdal kommune blir du del av eit arbeidsmiljø der me tek vare på kvarandre og spelar kvarandre gode. Du får god opplæring og støtte frå erfarne kollegaer, slik at du kjenner deg trygg i rolla. Me kan tilby ein arbeidsplass med fokus på trivsel og utvikling, meiningsfulle arbeidsoppgåver og eit inkluderande arbeidsmiljø. Du får trygge og føreseielege rammer, gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande hovudtariffavtale. Som tilsett vil du også få tilgang til bedriftshytte på Skeikampen. Velkomen som søkjar Dersom du ynskjer ein jobb der du får bruke både hjartet og evna til å hjelpe andre, håpar me å høyre frå deg. Som heimehjelpar er du med på å skape gode dagar for menneske i kommunen vår – og det er eit arbeid som verkeleg betyr noko. Link til søknadsskjema: Søk her
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Ved Vallastova har vi ledig vikarstilling for perioden d.d.- 15.05.2026. Vallastova er ei somatiske langtidsavdeling med 24 bebuarar. Avdelinga er lokalisert på Ørstaheimen og vi samarbeider med andre faggrupper i kommunen. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø. Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarleg medarbeidar som vil trivast i eit hektisk miljø der ein må kunne omstille seg raskt. Du må kunne jobbe sjølvstendig og i team med dyktige kollegaer som støttar kvarandre gjennom heile vakta. Vi arbeider målretta for å gi individuell pleie og omsorg av høg kvalitet, med fokus på å styrke brukaren si eiga meistringsevne. Fagkompetanse er til stades heile døgnet og året rundt, og vi nyttar oppgåvedeling for å sikre effektiv og fagleg forsvarleg tenesteyting. Ved god kapasitet på eiga avdeling kan arbeidsoppgåver bli lagt til andre avdelingar, og det må påreknast å bidra på tvers av avdelingar etter behov. Det er mogleg å gå langvakter på helg. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt. Du vil få nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom fagsystem, e-læring, kurs og fagdagar. Arbeidsoppgåver • Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på ernæring, sosial aktivisering, tillitsskapande arbeid, velferdsteknologi og trivsel for den enkelte • Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk • Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar • Veiledning og opplæring av medarbeidarar • Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid. Kvalifikasjonar • Off. godkjent sjukepleiar • Relevant arbeidserfaring er ein fordel • Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing • Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon Personlege eigenskapar Vi ynskjer at du: • har eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske • har interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane • tek initiativ og ansvar • er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre • trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø, der du må kunne omstille deg raskt • søkjer faglege utfordringar • har god arbeidskapasitet. Stabilitet vert vektlagd • har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Vi tilbyr • Eit godt arbeidsmiljø • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver • Faste fagdagar • Moglegheit for å jobb langvakter • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår: Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida. Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl helgar Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 -stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning Stillingskode 7174 sjukepleiar Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk. Prøvetid Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP. Intern søkjar Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14. Dokumentasjon Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar. Om offentleglova Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga. KontaktinformasjonLisa Mari Korsfur Silseth, Avd.leiar Vallastova, 481 32 814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.no ArbeidsstadHåkonsgata 78 6150 Ørsta Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommune Referansenr.: 5143501603 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.08.2026 Sluttdato: 15.05.2027 Søknadsfrist: 03.08.2026