
Aurland kommune · Aurland
Om stillinga Me har ledig 100% fast stilling som fagleiar fysioterapi frå 01.03.26. Vil du vere med å utvikle fagfeltet, få ein variert og meiningsfull arbeid...
Me har ledig 100% fast stilling som fagleiar fysioterapi frå 01.03.26. Vil du vere med å utvikle fagfeltet, få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag og ha ei sentral rolle i tenesta? Då oppmodar vi deg til å søke.
Som fagleiar har du ansvar for å leie og samordne det faglege arbeidet i fysioterapitenesta, og for å sikre at tenestene held høg kvalitet.
Fysioterapitenester er organisert i kommunalområde helse og omsorg, og høyrer til stab / fagområde. Legekontor, ergoterapeut, kreftkoordinator, rus- og psykiatriteneste, folkehelsekoordinator med aktivitetsansvar, forvaltning og tildeling, koordinerande eining, fagutviklingssjukepleiar og kommunalteknikar høyrer også til her. Me har tett samarbeid med alle desse fagområda.
Hjå oss er det er også eit tverrfagleg samarbeid med dei andre avdelingane i helse og omsorg og med kommunalområde oppvekst.
Fysioterapeutane held til i gode og romslege lokaler i Fjordsenteret, med treningsrom, eigne behandlingsrom og felles kontorlandskap. I behandlinga nyttar vi også treningsrom, symjebasseng og terapibassenget i Aurlandshallen. Me tilbyr også behandling i pasienten sin heim, i institusjon, i barnehage og skule.
Aurland kommune har mål om at innbyggjarane skal ha moglegheit til å leve aktive og sjølvstendige liv og ta medansvar for eiga helse. Som fysioterapeut hjå oss vil du vere med å bidra til å nå dette målet, ved å ha fokus på pasienten si eigenmeistring og eigne ressursar. I ei tid der kommunen vil få fleire eldre, og fleire med samansette behov, er målet vårt å utvikle gode og berekraftige tenester som er rusta for framtida. Me satsar difor på velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og førebygging, som fysioterapeutane er ein viktig del av.
Arbeids- og ansvarsområde
Me tilbyr
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Vi har høg aktivitet og mange spanande prosjekt som spenner mellom by- og tettstadsutvikling, reiseliv, bustad og industri til overordna areal- og samfunnsplanlegging. Vi treng deg som ønskjer å leia den vidare satsinga innan planfaget, og søkjer no fagleiar for våre 19 dyktige planleggjarar. Hva vi ser etter • ønskjer at medarbeidarar skal lukkast og oppleva mestring • har erfaring frå fag- og eller personalleiing • har relevant erfaring og høgare utdanning innan planfaget • balanserer kundefokus, kvalitet i leveranse og samfunnsansvar • kommuniserer godt med ulike målgrupper • har god kunde- og marknadsforståing Arbeidsoppgaver I Nordplan skal du: • ha fagansvar for ei gruppe gode fagfolk • inngå i seksjonen si fagleiargruppe • sikre høg kvalitet på våre leveransar • bidra til strategi-, analyse- og utviklingsarbeid innan areal- og samfunnsplanfaget • ha ansvar for tilbod og ressursallokering Vi tilbyr Nordplan tilbyr eit fagleg interessant miljø med dyktige og hyggelege kollegaer. Vi er rådgjevarar både på små og store oppgåver, og arbeidet er difor variert og utviklande. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, samt fleksibel arbeidstid. Arbeidsstad kan tilpassast den aktuelle kandidaten.
Har du eit engasjement for barn og unge? Er du oppteken av familien som eit system rundt barnet? Er du refleksiv og har evne til å sjå ting frå ulike perspektiv? Vil du jobbe med å spele eit allereie dyktig rettleiingsteam endå betre? Då er kanskje du den me ser etter! Me har ledig 100% fast stilling som fagleiar i familieteamet. Familieteamet i Vindafjord jobbar forebyggande og endringsretta i høve barn, unge og deira familiar. Me har to mandat, lågterskel og etter vedtak frå barnevernet. Me er opptekne av gode rammer, empowerment og kunnskapsformidling. Me bygg kunnskapsgrunnlaget vårt særleg på COS-P og TBO, og er opptekne av å nytte metodar som er hensiktsmessige i høve problemstillinga. Som fagleiar vil du vera med å byggje vidare på dette, og ikkje minst å påverke vidare utvikling i Familieteamet. Me er eit tverrfagleg team på 12, kor alle jobbar både lågterskel og etter mandat frå barneverntenesta. Kvardagen i Familieteamet består hovudsakleg av rettleiingsmøter på rådhuset, men med Vindafjord og Etne sin vidstrakte geografi, vert det også noko reising for møter. For miljøterapeutane vil arbeidet vera i heimane. Nokre i teamet er og ein del av kriseteamet i kommunen, og har såleis ein akuttfunksjon. Me ser etter deg som er god på å møte menneske i krise, navigerer godt i komplekse familiesituasjonar, har gode kommunikasjonsferdigheter og god evne til å handtere og tole konflikter, samt sterke kjensler. Som ein del av leiargruppa må du ha god evne til å gje tilbakemeldingar, vera tydeleg og samstundes ivaretakande. Kva får du jobba med hos oss? Hovudoppgåva til fagleiar er å ivareta og vidareutvikle eit trygt og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Som fagleiar har du medansvar for å fagleg styrke og utvikle teamet vidare. Dette inneber teammøter, rettleiing med familierettleiarar, planlegge og leie kompetanseheving. Du skal samarbeide med andre på både individ- og systemnivå. Du vil ha medansvar for utvikling og kvalitetssikring av skriftleg arbeid som rutinar, journal, oppfølging av internkontroll og avvikshandtering. Du vil og ha medansvar for fagsystem og vidare utvikling av dette. Kvalifikasjonar: • Treårig høgskuleutdanning, fortrinnsvis bachelor i sosialfagleg, helse eller pedagogisk utdanning. Andre relevante utdanningar kan vurderast. • Relevant vidareutdanning er ønskeleg. • Erfaring frå systematisk arbeid frå lågterskel eller barnevern. • Erfaring innan leiing er ønskeleg. • Gode kommunikasjonsferdigheter i norsk, munnleg og skriftleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. • Førarkort klasse B og moglegheit for å disponera eigen bil. Kommunen har i tillegg bilar til disposisjon. • Det må framvisast politiattest for å jobba i Familieteamet. Personlege eigenskapar: • Trygg og tillitsvekkande. • Positiv og løysingsorientert. • Evne til å jobba effektivt og strukturere eigen arbeidsdag. • Evne til å jobbe sjølvstendig, men også vera ein del av eit fagleg team. • Evne til nytenking, kritisk refleksjon og opptatt av personleg fagleg utvikling. • Evne til å motivere for endring og å sjølv vera endrings- og utviklingsfokusert. • Evne til samarbeid med familiar, samarbeidspartnarar og kollegaer. • Ein god kollega og ein støtte for dine medarbeidarar. • Oppteken av eit positivt menneskesyn og brukarmedverknad. Personlege eigenskapar vil bli særskilt vektlagt. Me kan tilby: • Eit kollegafellesskap som består av engasjerte og fagleg sterke familierettleiarar som er opptekne av å gjere ein forskjell for familiane me jobbar med og for å skape ein god arbeidsplass. • Vera ein del av eit positivt leiarfellesskap, ha tilbod om relevant fagleg påfyll og moglegheit for ulike former for kompetanseheving. Til dømes vidareutdanningar og ulike kurs og sertifiseringar. • Tilhøyra eit team der ein får drøfte faglege synspunkt og utfordringar, samt lære av kvarandre. • Tett oppfølging frå kollegaer i kvardagen og jamleg individuell rettleiing, både i opplæringa og i arbeidskvardagen vidare. • Ein fleksibel og variert arbeidskvardag, der ein får vera med å forma arbeidsdagane sjølv. Me har fleksitidsordning og moglegheit for heimekontor. • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på Frisk treningssenter. • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring. • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Slik søkjar du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
Om stillinga I Vest politidistrikt, ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av økonomi-, miljø- og arbeidslivskriminalitet, Avsnitt for etterforsking av økonomisk kriminalitet, er det ledig ei fast stilling som spesialetterforskar med funksjon som inndragingsspesialist og fagleiar for finansiell etterforsking. Rolla som inndragingsspesialist er ein del av ei nasjonal satsing, og du vil bli sentral i politidistriktet sin innsats med å inndra utbytte frå kriminalitet. Du vil bidra til å byggje ein betre inndragingskultur i Vest politidistrikt og jobbe for eit overordna mål om at kriminalitet ikkje skal lønne seg. Du vil samarbeide tett med inndragingsjuristen i politidistriktet og inndragings- og forvaltningseininga i Økokrim. I tillegg til rolla som inndragingsspesialist vil du bli fagleiar for finansiell etterforsking på avsnittet. Vi ser etter ein erfaren medarbeidar med spisskompetanse innan etterforsking av økonomisk kriminalitet og som brenn for samfunnsoppdraget til politiet. Fagfeltet vårt er i stadig utvikling, og vi treng ein fagleiar som evnar å utvikle faget i takt med kriminalitetsbiletet. Avsnittet består av etterforskarar med politi- og/eller økonomiutdanning, som arbeider sjølvstendig og i team med dyktige politiadvokatar for å handtere komplekse straffesaker. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer og leiarar, som gjer kvarandre gode og ønskjer å gjere ein forskjell. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet skal vi førebyggje og kjempe mot kriminalitet, skape tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gje deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å kjempe mot profittmotivert kriminalitet og som ønskjer å bidra i eit viktig samfunnsoppdrag. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer me etter deg som til kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom haldningane dine og handlingar i det daglege arbeidet. Evna til å vera trygg, nærverande, lydhøyr og dessutan å byggja tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggja vekt på og dessutan evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver Som inndragingsspesialist skal du: • Gje råd og rettleiing i spørsmål og oppgåver knytta til inndraging og sikring av verdiar • Medverke til generell kompetanseheving i distriktet gjennom ulike opplærings- og vedlikehaldsprogram i samråd med Fag- og opplæringsansvarleg (FOA) • Halde deg oppdatert på kriminalitetsbiletet i distriktet og bidra aktivt i arbeidet med inndraging og finansiell etterforsking • Samarbeide med relevante aktørar, til dømes Økokrim. • Utføre taktiske etterforskingsoppgaver innan økonomisk kriminalitet, samt i andre saker som er lagt til avsnittet og seksjonen • Utføre etterforskingsarbeid med tilrettelegging og utføring av ulike finansielle analysar, både ved økonomiavsnittet og som bistand til andre avdelingar innan andre fagfelt • Bistå påtalemakta i retten Som fagleiar finansiell etterforsking skal du i tillegg: • Drive fag- og metodeutvikling innan finansiell etterforsking og inndraging på avsnittet, og kvalitetssikre at oppgåvene blir utførte i samsvar med gjeldande lover, reglar og rutinar • Byggje og leie eit fagnettverk for finansiell etterforsking i distriktet, og delta i relevante nasjonale fagnettverk • Gje råd og rettleiing til politifagleg etterforskingsleiar og påtaleansvarleg i straffesaksarbeid • Bidra med faglege råd i samband med porteføljestyringen på avsnittet • Utarbeide rapportar og faglege vurderingar innan inndraging og finansiell etterforsking. Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: • Utdanning på masternivå innan relevant fagfelt og 5 års relevant erfaring , alternativt utdanning på bachelornivå eller tilsvarande kombinert med relevant videreutdanning og minimum 8 års relevant erfaring • Erfaring frå etterforsking av straffesaker i politiet • Gode IT- og systemkunnskap med evne til å ta i bruk relevant verktøy som til dømes Excel • God munnleg og skriftleg framstilling på norsk • Kunnskap om inndraging og sikring av verdiar • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju Det er òg ønskelig med: • Erfaring frå opplæring og undervisning • Erfaring frå fagleiing innan relevant fagfelt • Relevante kurs/etterutdanning • Kjennskap til relevant lovverk Personlege eigenskapar • Gode kommunikasjonsevner • God formidlingsevne • Evne til å samarbeide og bygge relasjoner på tvers av fagfelt • Strukturert og analytisk • Evne til å omstille seg raskt i ein hektisk arbeidskvardag Vi legg vekt på at søkjaren er personleg eigna for stillinga Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her. Dette kan vi tilby om du vel oss • Stillinga blir lønna som spesialetterforskar med funksjon som inndragingsspesialist og fagleder finansiell etterforskning (stillingskode 1552) med årslønn frå kr brutto per år. 860.000,- . Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten. • Kompensasjon for belastande unntak frå arbeidsmiljøloven på kr 44.708,- pr.år kjem i tillegg. • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meiir her. • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer • Gode arbeidsvilkår (fleksibel arbeidstid, moglegheit for trening i arbeidstida, o.l ) Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller opphald i CV-en, er det høve for å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.