
Vindafjord kommune Helse · Vindafjord
Har du eit engasjement for barn og unge? Er du oppteken av familien som eit system rundt barnet? Er du refleksiv og har evne til å sjå ting frå ulike perspektiv...
Har du eit engasjement for barn og unge? Er du oppteken av familien som eit system rundt barnet? Er du refleksiv og har evne til å sjå ting frå ulike perspektiv? Vil du jobbe med å spele eit allereie dyktig rettleiingsteam endå betre? Då er kanskje du den me ser etter! Me har ledig 100% fast stilling som fagleiar i familieteamet.
Familieteamet i Vindafjord jobbar forebyggande og endringsretta i høve barn, unge og deira familiar. Me har to mandat, lågterskel og etter vedtak frå barnevernet. Me er opptekne av gode rammer, empowerment og kunnskapsformidling. Me bygg kunnskapsgrunnlaget vårt særleg på COS-P og TBO, og er opptekne av å nytte metodar som er hensiktsmessige i høve problemstillinga. Som fagleiar vil du vera med å byggje vidare på dette, og ikkje minst å påverke vidare utvikling i Familieteamet.
Me er eit tverrfagleg team på 12, kor alle jobbar både lågterskel og etter mandat frå barneverntenesta. Kvardagen i Familieteamet består hovudsakleg av rettleiingsmøter på rådhuset, men med Vindafjord og Etne sin vidstrakte geografi, vert det også noko reising for møter. For miljøterapeutane vil arbeidet vera i heimane. Nokre i teamet er og ein del av kriseteamet i kommunen, og har såleis ein akuttfunksjon.
Me ser etter deg som er god på å møte menneske i krise, navigerer godt i komplekse familiesituasjonar, har gode kommunikasjonsferdigheter og god evne til å handtere og tole konflikter, samt sterke kjensler. Som ein del av leiargruppa må du ha god evne til å gje tilbakemeldingar, vera tydeleg og samstundes ivaretakande.
Kva får du jobba med hos oss?
Hovudoppgåva til fagleiar er å ivareta og vidareutvikle eit trygt og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Som fagleiar har du medansvar for å fagleg styrke og utvikle teamet vidare. Dette inneber teammøter, rettleiing med familierettleiarar, planlegge og leie kompetanseheving. Du skal samarbeide med andre på både individ- og systemnivå. Du vil ha medansvar for utvikling og kvalitetssikring av skriftleg arbeid som rutinar, journal, oppfølging av internkontroll og avvikshandtering. Du vil og ha medansvar for fagsystem og vidare utvikling av dette.
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar vil bli særskilt vektlagt.
Me kan tilby:
Slik søkjar du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du leia Odda kino og kulturscener? Ullensvang kommune søkjer etter fagleiar i 100 % stilling. Ullensvang kommune søkjer ein engasjert, strukturert og utviklingsorientert fagleiar for Odda kino og kulturscener. I denne rolla får du det faglege og operative ansvaret for å fylla våre felles arenaer med film, magi og levande kultur – inkludert det unike og historiske Lindehuset. Om stillinga Som fagleiar får du ein nøkkelrolle i å koordinera, drifta og vidareutvikla kulturtilbodet i Ullensvang kommune. Du vil ha overordna ansvar for den daglege driften av kinoen, koordinering av kulturscenene og utleige/aktivitet i Lindehuset. Stillinga krev at du trivst i skjæringspunktet mellom administrasjon, teknisk koordinering og vertskap. Sentrale arbeidsoppgåver ● Kinodrift: Ansvar for repertoarvalg, ekstern booking, filmframsyning, markedsføring og oppsett av vaktlister for personalet. ● Kulturscene og Lindehuset: Koordinering av kulturarrangement, konsertar og førestillingar. Dette inneber tett samarbeid med lokale lag, organisasjonar og profesjonelle aktørar. ● Drifts- og utleigeansvar: Handtering av utleigehenvendingar, kontraktar og logistikk knytt til Lindehuset og Odda kino. ● Økonomi, administrasjon og personal: Budsjettoppfølging for ansvarsområdet, rapportering og søknader om tilskot (t.e. Film & Kino). Du blir næraste leiar for dei tilsette og vil ha personalansvar saman med verksemdsleiar. ● Utvikling: Videreutvikla konsept som events og målretta tiltak for barn, unge og eldre. ● Andre arbeidsoppgåver kan kome i tillegg. Kvalifikasjonar og eigenskapar Me ser etter deg som har: ● Relevant høgare utdanning innan kulturleiing, prosjektleiing, administrasjon eller tilsvarande (relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet). ● Erfaring frå kulturadministrasjon, prosjektdrift, kino eller arrangementsavvikling. ● God økonomisk forståing og erfaring med enklare budsjettarbeid. ● Gode digitale ferdigheiter (erfaring med bookingsystem og kinofaglege system er ein fordel). ● Særskilt god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. ● Du vil få nødvendig kinoteknisk opplæring og må forplikta deg til å gjennomføra denne. Personlege eigenskapar: ● Du er ein strukturert og løysingsorientert person som held hovudet kaldt når det kokar. ● Du har gode samarbeidsevner og trivst i rolla som brubyggjar mellom kommune, kulturliv og næringsliv. ● Du har eit godt og smittande humør, og er ein open og sosial person som trivst med mange ulike oppgåver. ● Du likar å møta menneske og yta god service. ● Du likar å ta initiativ, vera kreativ og finna gode løysingar. ● Du kan leia andre tilsette til å gje publikum gode kulturopplevingar. ● Du er ansvarsbevisst, punktleg og til å stola på. ● Du er fleksibel, då kvelds- og helgearbeid må påreknast. Løn og arbeidstid etter gjeldande avtalar Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her
Erfjord skule er ein 1. – 7. skule med om lag 75 elevar. Skuleåret 2026 – 2027 består laget vårt av om lag 8 årsverk lærarstillingar, 4 årsverk fagarbeidarstillingar, og 1,3 årsverk leiing. Om stillinga: Suldal kommune Helse & Oppvekst,fortida lokasjon Erfjord skule søkjer etter vikar i 80% stilling med oppstart så snart som mogleg. Stillinga er knytt til eitt team kring enkeltbarn. Som fagleiar i teamet, vil ditt arbeid vera å koordinera, rettleia og følgja opp medarbeidarar i teamet. Du vil i samarbeid med rektor ha hovudansvar for kommunikasjon med heimen og støtteinstansar kring enkeltelev. Som teamleiar vil du jobba administrativt deler av tida, men i det ordinære og på dagleg basis også vere del av opplæringsmiljøet. Arbeidet ditt som team-leiar vil blant anna bestå av følgjande: Samarbeids-møter med leiinga. Rapportere oppover og iverksette vedtak nedover. Ha hovudansvar for kommunikasjon med heim og støtte-instansar kring eleven, i samarbeid med rektor. Utarbeide tiltak, rutinar og instruksjonar til bruk i dagleg drift Ha ansvaret for å planlegge og lede felles statusmøter med leiing, støtte-instansar og andre deltakarar i laget rundt barnet Ha ansvar for å planlegge og lede jamnlege utviklingsmøter i teamet. Fokus på felles kompetanseheving, å bygge laget og utvikle felles praksis. Modellere og instruere teamet om praktisk handtering i elevmiljø Informere ut, kurse og rettleie øvrig personalgruppe og føresettgrupper etter behov Kvalifikasjonar 3-årig bachelor innan helse – og sosialfaglege yrker eller pedagogikk, som t.d. offentleg godkjend barnevernspedagog, vernepleiar, sjukepleiar eller lærar. Tilleggsutdanning på høgskulenivå innanfor eitt eller fleire felt som t.d. førebygging og handtering av atferd, barne- og ungdomspsykiatri, sosial-pedagogikk eller spesialpedagogikk Det er også eit føremon om du har leiarerfaring. Personlege eigenskapar: • Du har handlingskompetanse, og har evne til å ta avgjernadar og skapa endringar • Du er god på relasjonsbygging • Du er ein trygg og stabil vaksen • Du har gode kommunikasjonsevner • Du er tydeleg og varm i møte med barn og vaksne • Du har eit positivt menneskesyn • I tillegg ynskjer me at du har førarkort klasse B (vanleg sertifikat) Hjå oss i Suldal kommune får du: • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • Engasjerte og dyktige kollegaer • Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale • Bedriftshelseteneste • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk • Nynorsk som administrasjonsspråk • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette Andre opplysningar: • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved oppstart. Attesten kan • ikkje vere eldre enn tre månadar • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa • Kommunen følgjer offentlegheitslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste Slik søkjer du Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «Send søknad» og følg vidare instruksjonar. Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her
Om stillinga Me har ledig 100% fast stilling som fagleiar fysioterapi frå 01.03.26. Vil du vere med å utvikle fagfeltet, få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag og ha ei sentral rolle i tenesta? Då oppmodar vi deg til å søke. Som fagleiar har du ansvar for å leie og samordne det faglege arbeidet i fysioterapitenesta, og for å sikre at tenestene held høg kvalitet. Fysioterapitenester er organisert i kommunalområde helse og omsorg, og høyrer til stab / fagområde. Legekontor, ergoterapeut, kreftkoordinator, rus- og psykiatriteneste, folkehelsekoordinator med aktivitetsansvar, forvaltning og tildeling, koordinerande eining, fagutviklingssjukepleiar og kommunalteknikar høyrer også til her. Me har tett samarbeid med alle desse fagområda. Hjå oss er det er også eit tverrfagleg samarbeid med dei andre avdelingane i helse og omsorg og med kommunalområde oppvekst. Fysioterapeutane held til i gode og romslege lokaler i Fjordsenteret, med treningsrom, eigne behandlingsrom og felles kontorlandskap. I behandlinga nyttar vi også treningsrom, symjebasseng og terapibassenget i Aurlandshallen. Me tilbyr også behandling i pasienten sin heim, i institusjon, i barnehage og skule. Aurland kommune har mål om at innbyggjarane skal ha moglegheit til å leve aktive og sjølvstendige liv og ta medansvar for eiga helse. Som fysioterapeut hjå oss vil du vere med å bidra til å nå dette målet, ved å ha fokus på pasienten si eigenmeistring og eigne ressursar. I ei tid der kommunen vil få fleire eldre, og fleire med samansette behov, er målet vårt å utvikle gode og berekraftige tenester som er rusta for framtida. Me satsar difor på velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og førebygging, som fysioterapeutane er ein viktig del av. Arbeids- og ansvarsområde • Utøve allmenn fysioterapi, i samsvar med kommunen sine gjeldande prioriteringar • Koordinering og tverrfagleg samarbeid • Rettleiing av pasient, samarbeidspartnarar og pårørande • Dokumentasjon og elektronisk samhandling • Handsaming av søknadar, tilvisingar og iverksetjing av tenester • Koordinering av det faglege arbeidet i fysioterapiavdelinga , og sikre at tenesteytinga er av god fagleg kvalitet. • Sikre at turnusfysioterapeut får rettleiing i tråd med krav, og vere kontaktperson ovanfor utdanningsinstitusjonar og Statsforvaltaren i samband med dette. • Ansvar for at Helfo oppgjer vert gjort i tråd med prosedyre, og for utarbeiding av fakturagrunnlag eigendelar for fysioterapi. • Bistå i rapportering og søknad om tilskot innan fagområdet. • Ansvar for å utarbeide og oppdatere rutinar og prosedyrar for fysioterapeut i kommunen sitt kvalitetssystem. Me tilbyr • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum • gode pensjons- og forsikringsordningar • løn etter avtale • fleksitidsordning • tenestebil • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen • gratis inngang til symjehallen • å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære • barnehageplass i Aurland barnehage, med atterhald om ledig plass. Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar • Bachelor i fysioterapi med norsk autorisasjon • Det er ynskjeleg med vidareutdanning, eller interesse for å ta vidareutdanning innan fagfelt som: - geriatri - rehabilitering - barn og unge - psykomotorisk fysioterapi - lymfødem- og lipødembehandling • Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg • Personlege eigenskapar vert vektlagt Personlege eigenskapar Me vil at du: • Er serviceinnstilt • Er fagleg dyktig • Arbeider sjølvstendig • Har god arbeidskapasitet • Samarbeider godt med andre, og i team • Har behova til brukaren i fokus • Er ansvarsbevist, strukturert og lojal Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt. Løns- og tilsetjingsvilkår • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale. • politiattest av nyare dato må leverast når du byrjar i stillinga Krav til språk Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Generell informasjon Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar. NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav. Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.