
HAVO ambulant og poliklinikk, Helse Bergen HF, Rehabiliteringsklinikken · Bergen
100% fast stilling som psykolog/psykologspesialist Vi ser etter ein engasjert og dyktig psykolog som ønskjer å arbeide innan eit spennande og variert fagfelt....
Vi ser etter ein engasjert og dyktig psykolog som ønskjer å arbeide innan eit spennande og variert fagfelt.
Habiliteringavdelinga for vaksne (HAVO) er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenteret for habilitering og rehabilitering.
HAVO sine tenester er retta mot personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Utgreiiing og diagnostisering av utviklingshemming og autisme er dei mest sentrale oppgåvene. Ofte er utfordringane komplekse og samansette, med somatiske og psykiske tilleggsvanskar som krev tverrfagleg oppfølging.
HAVO har 6 psykologstillingar som har følgande spesialitetar: habilitering, klinisk vaksenpsykologi, helse, rus og avhengigheitspsykologi. For denne stillinga er det aktuelt med fleire spesialistar.
HAVO er samansett av fleire yrkesgrupper m.a.: Overlegar, psykologar, vernepleiarar, ergo- og fysioterapeutar, pedagogar og sekretærar.
Vi søker etter psykolog/psykologspesialist med interesse for og erfaring med fagfeltet.
Habiliteringsavdelinga er for tida lokalisert i Olav Bjordals veg 29, på Breistein i Åsane. Det er gode høve for parkering. Det er planlagd flytting til Nordås høsten 2028 for samlokalisering med øvrige eininger i klinikken.
Tilsetjingsdato er fra snarest eller etter nærare avtale.
Sjå elles våre internettsider: Les meir
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr deg
Politiattest må leggast fram ved tilsetjing
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Beate Kristin Lilleheil, Seksjonsleiar, +47 95197626
Olav Bjordals veg 29
5111 Breistein
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5147034904
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) gir spesialisert helsetilbod til barn og unge (0-18 år) med psykiske vanskar, og deira pårørande. Stillinga er ved Spesialpoliklinikken som er lokalisert i det nye barnesjukehuset på Haukeland universitetssjukehus. Vår seksjon har tre team; nevroteam, autismeteam og konsultasjonsteam. Vi har 15 psykologspesialistar/nevropsykologar, 2 barnepsykiatrar/barnelegar, 1 psykolog i spesialisering, 4 fagkonsulentar, 3 konsulentar/sekretærar, spesiallogoped og fysioterapeut hos oss. Vi har stort fokus på korleis vi samhandlar internt og eksternt for å gi best mogleg tenester til våre pasientar. Vi har ledig følgande stilling: 6 mnd vikariat ved nevroteam Arbeidsoppgåver • Gjennomføre nevropsykologisk utgreiing av barn og unge med samansette vanskar og nevroutviklingsforstyrringar • Vurdere kognitiv fungering, og styrkar og utfordringar knytte til mellom anna læring, merksemd og reguleringsfunksjonar • Bidra med nevropsykologisk kompetanse i diagnostisering og differensialdiagnostiske vurderingar • Vurdere hjelpebehov, tilrettelegging og moglege hjelpetiltak • Tverrfaglig samarbeid med andre faggrupper Kvalifikasjonar • Psykolog med spesialisering i nevropsykologi, eller på veg mot spesialisering • Erfaring med kartlegging og nevropsykologisk utgreiing av barn og unge med utviklingsforstyrringar • God kunnskap om kartleggingsverktøy og relevant nevropsykologisk testmetodikk Personlege eigenskapar • Medarbeidarar som bidreg til å behalde- og vidareutvikle det gode arbeidsmiljøet vårt • Evne til å arbeide systematisk og tverrfagleg for å utvikle heilskaplege behandlingsforløp • Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å formidle fagkunnskap på ein forståeleg måte til både fagfolk og føresett Vi tilbyr • Lønn etter avtale • Fagleg og personleg utvikling • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå • Vi har fadderordning, rettleiing og internundervisning Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonVeslemøy Sandvik, Seksjonsleiar, 55974492 Stine Mjåtvedt, Ass. seksjonsleiar, 55974467 ArbeidsstadHaukelandsbakken 15 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5153934345 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 07.08.2026
Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til ved Danmarksplass. Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, herunder to store allmennpoliklinikkar, ein gruppepoliklinikk og ein eigen seksjon for angstbehandling (B4DT). Vi var først ute i området med å etablere ein ordning for tidleg avklaring av pasientar for å sikre rett tilbod til rett pasientar, og hos oss er det erfarne spesialistar som gjer denne jobben. Tidleg Avklaringsteam har bestått av 4 spesialistar, inkludert ein psykiater. Vi skal no erstatte to av våre psykologspesialistar, då ein skal pensjonere seg, og ein ønsker å gå tilbake til poliklinikk. Kvardagen i teamet består av å møte to pasientar der det er uklart kva tilbod dei skal til i eller utanfor spesialisthelseteneste, og om dei har føresetnad for å nyttiggjere seg behandling. Den som blir tilsett har som oppgåve å få klarleik i dette. Kvar dag er det også eit konsensusmøte, der alle i teamet går kort igjennom dagens pasientar og drøftar avgjerder. Øvrig tid går til journalskriving og å lese seg opp på komande pasientar. Fleire i teamet bidrar inn i våre daglege inntaksmøte, og det vil kunne vere aktuelt for dei som får stilling. Det har nyleg vore eit evalueringsarbeid av teamet, og av vår inntaksmodell, som har gitt gode indikasjonar på at teamet gjer godt arbeid, og utgjer ein viktig funksjon for Allmennaksen. Nokon endringar vil likevel kunne kome, då vi alltid er ute etter å forbetre oss. Teamet er organisert under Allmennpoliklinikk 2, men teamets oppgåver er på vegne av alle poliklinikkane i vår allmennakse. Stillingane er ledige frå august. Arbeidsoppgåver • DPSane i psykisk helsevern er i utvikling, og den som blir tilsett må rekne med å vere delaktig i denne utviklinga. Vi er opptatt av å gje pasientar rett hjelp til rett tid, å differensiere mellom ulike typar av behandling, og å gje rett omfang av hjelp til den enkelte pasient, samstundes som ein syter for at alle som treng hjelp, får hjelp • Dette krev ei viss prioritering av ressursane klinikken styrer over. Spesialistar som er tilsett vil òg måtte ta i vare spesialistansvaret for pasientar der hovudbehandlar ikkje er spesialist. Som universitetsklinikk har vi jamleg studentar i praksis, og i føretaket utdannar vi psykologar og legar i spesialisering. Rettleiing av desse, er ein del av dei arbeidsoppgåvene spesialistane i seksjonen må pårekne. Det kan og påreknast å veilede psykologar i andre seksjoner ved DPSet • Samarbeid med andre delar av behandlingsapparatet både internt og eksternt vil vere viktige arbeidsoppgåver. Det same gjeld samarbeid med pårørande i enkelte tilfelle, og med instansar som NAV, skule og/eller arbeidsgjevar i nokre tilfelle • Hovudoppgåver vil i poliklinikkane vere utgreiing, diagnostisering og behandling av tilviste pasientar med eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar. Handtering av eigne (poliklinikkens) pasientar akutt er også forventa, deriblant kortvarig behandling/stabilisering gjennom krise, og evnt vidare tilvising til høgare (t.d. døgnpost) Kvalifikasjonar • Den som blir tilsett må framlegge norsk autorisasjon som psykolog • Den som blir tilsett som psykologspesialist må vere godkjend spesialist i klinisk psykolog med vaksne/spesialist i klinisk psykologi med fordjuping i psykoterapi/erfaren psykolog med kort tid igjen av spesialiseringsløpet. Psykologar med andre spesialitetar kan også vere aktuelle for stillinga etter nærmare vurdering • Klinisk erfaring innanfor ein allmennpsykiatrisk/poliklinisk pasientpopulasjon er ein fordel • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg. Språkkunnskapar og ferdigheiter utover norsk vil vere ein fordel Personlege eigenskapar • Motivasjon og interesse for arbeidsform og fagområde. • God fagleg vurderingsevne, og evne til å arbeide målretta og strukturert. • Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team blir vurdert som særs viktig. Konsensusmøtet er ment som en arena for å gi og få råd. • God evne til skriftlig fremstilling og til å raskt etablere god kontakt, er viktig. • Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheitar ser vi på som viktige for ein psykologspesialist hos oss. Du må kunne komme med gode forklaringar på dine vurderingar og konklusjonar • Det er ein fordel om en har god kjennskap til kva pasientar som egner seg i hvilke tilbod, og organisering i DPS, kommune og øvrige teneste. • Den som blir tilsett må etter ein heilheitsvurdering vera skikka til stillinga Vi tilbyr • Stillinga blir løna etter gjeldande overeinskomst • Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar • Vi kan tilby utfordrande og spennande arbeidsoppgåver • Vi har eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer både internt i teamet, i poliklinikken og elles på DPSet • Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre tenestene vår og kvaliteten på dei. Det vil difor også vere mogleg å delta i kvalitetsforbetring og tenesteutvikling for den som blir tilsett Du kan bli bede om å framlegge godkjende kopiar av vitnemål, autorisasjon og kursbevis. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHelene Charlotte Sande Trønnes, Seksjonsleiar, 45615915, helene.charlotte.sande.tronnes@helse-bergen.no ArbeidsstadFjøsangerveien 36 5053 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5135726095 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026
Regionalt senter for kjønnsinkongruens (RSKI) opna i 2024 i Helse Bergen, som ein del av desentraliseringa av tenestetilbodet til barn og unge med kjønnsinkongruens. Utviklinga av regionale tenester til pasientar med kjønnsinkongruens er ein nasjonal satsing og skjer i tett samhandling med dei øvrige regionale sentra og den nasjonale behandlingstenesta for kjønnsinkongruens ved Oslo universitetssjukehus (OUS). Det regionale senteret har ansvar for å tilby spesialisthelsetenester til pasientar i regionen og for å drive regionalt fagnettverk om kjønnsinkongruens. Senteret samarbeider tett med fastlegar, kommunale helsetenester og har godt samarbeid med pasient- og brukarorganisasjonar. Senteret er fleirfagleg og har tre medarbeidarar: 50% psykologspesialist, 30% lege og 100% koordinator. Det er stillinga som koordinator det blir søkt vikar til, med ei varigheit på eitt år. Oppstart 12. oktober 2026. RSKI Vest tilbyr utgreiing, behandling, oppfølging og rekvirering av behandlingshjelpemiddel for personar opp til 18 år som opplever kjønnsinkongruens. Vi har psykososiale tilbod som samtalar, opplæring og lærings- og meistringskurs. All medisinsk behandling, til dømes hormonbehandling, skjer ved den nasjonale behandlingstenesta (NBTK) ved OUS. Les meir om senteret her Regionalt senter for kjønnsinkongruens - Helse Bergen HF Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus. Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og har samla all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Arbeidsoppgåver • Greie ut og behandle pasientar i poliklinikk • Foreldrerettleiing og familiesamtalar • Arrangere kurs for pasientar og pårørande • Delta i interregionale samarbeidsmøte med dei øvrige regionale sentra og den nasjonale behandlingstenesta for kjønnsinkongruens (OUS) • Samhandle med kommunehelsetenesta, fastlegar og spesialisthelsetenesta • Sikre god involvering av pasient- og brukarorganisasjonar Kvalifikasjonar • Helsepersonell med norsk autorisasjon, for eksempel psykolog, helsesjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar, klinisk sexolog • Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn, ungdom og unge vaksne med kjønnsinkongruens • Erfaring med tverrfagleg samarbeid • Erfaring med forbetrings- og fagutviklingsarbeid og/eller forsking • Prosjektkompetanse og/eller leiarerfaring er ønskeleg • Gode norskkunnskapar • Ved tilbod om stilling er det krav om tilfredsstillande politiattest, jf. lov om helsepersonell § 20a Personlege eigenskapar • Du har gode samarbeidsevner • Du er open for nye utfordringar og er engasjert i å tilby gode helsetjenester til barn og unge med kjønnsinkongruens • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter • Du arbeider godt sjølvstendig og i tverrfagleg team Vi tilbyr • Eit godt fagleg arbeidsmiljø • Høve til fagleg utvikling • Rettleiing og fagleg støtte • 1 års vikariat • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonAnne-Jorunn Langeland, Seksjonsleiar, 452 57 615 ArbeidsstadHaukelandsbakken 1 5021 BERGEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5145031531 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 12.10.2026 Søknadsfrist: 09.08.2026