
Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS)/ Allmennpoliklinikk 2, Helse Bergen HF · Bergen
Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til ved Danmarksplass. Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, herunder to store allmennpoliklinikkar, ein ...
Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til ved Danmarksplass. Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, herunder to store allmennpoliklinikkar, ein gruppepoliklinikk og ein eigen seksjon for angstbehandling (B4DT). Vi var først ute i området med å etablere ein ordning for tidleg avklaring av pasientar for å sikre rett tilbod til rett pasientar, og hos oss er det erfarne spesialistar som gjer denne jobben.
Tidleg Avklaringsteam har bestått av 4 spesialistar, inkludert ein psykiater. Vi skal no erstatte to av våre psykologspesialistar, då ein skal pensjonere seg, og ein ønsker å gå tilbake til poliklinikk.
Kvardagen i teamet består av å møte to pasientar der det er uklart kva tilbod dei skal til i eller utanfor spesialisthelseteneste, og om dei har føresetnad for å nyttiggjere seg behandling. Den som blir tilsett har som oppgåve å få klarleik i dette. Kvar dag er det også eit konsensusmøte, der alle i teamet går kort igjennom dagens pasientar og drøftar avgjerder. Øvrig tid går til journalskriving og å lese seg opp på komande pasientar.
Fleire i teamet bidrar inn i våre daglege inntaksmøte, og det vil kunne vere aktuelt for dei som får stilling.
Det har nyleg vore eit evalueringsarbeid av teamet, og av vår inntaksmodell, som har gitt gode indikasjonar på at teamet gjer godt arbeid, og utgjer ein viktig funksjon for Allmennaksen. Nokon endringar vil likevel kunne kome, då vi alltid er ute etter å forbetre oss.
Teamet er organisert under Allmennpoliklinikk 2, men teamets oppgåver er på vegne av alle poliklinikkane i vår allmennakse.
Stillingane er ledige frå august.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
psykologspesialist hos oss. Du må kunne komme med gode forklaringar på dine
vurderingar og konklusjonar
Vi tilbyr
Du kan bli bede om å framlegge godkjende kopiar av vitnemål, autorisasjon og kursbevis.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonHelene Charlotte Sande Trønnes, Seksjonsleiar, 45615915, helene.charlotte.sande.tronnes@helse-bergen.no
ArbeidsstadFjøsangerveien 36
5053 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5135726095
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026
Vil du vere med å forme framtidas sikkerheitspsykiatri? Vi søker ein varm og klok psykologspesialist til fast stilling ved Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen. Hos oss får du arbeide med ei kompleks og spennande pasientgruppe i eit sterkt fagmiljø, med gode moglegheiter for fagleg utvikling, påverknad og fordjuping. Regional sikkerheitsavdeling (RSA) er ein del av Klinikk sikkerheitspsykiatri, som er organisert under Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken består av seks seksjonar og tilbyr spesialiserte tenester innan sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. RSA har 10 sengeplassar og gir tilbod til pasientar i Helse Vest med alvorlege psykiske lidingar og høg voldsrisiko. Pasientane har ofte samansette utfordringar, inkludert ruslidingar, personlegdomsforstyrringar og utviklingsforstyrringar. Vi arbeider tett tverrfagleg og legg vekt på: * fagleg refleksjon og rettleiing * strukturert pasientarbeid * klinisk fordjuping * samarbeid Avdelinga er også i utvikling, blant anna med etablering av eit tilbod til barn og unge (RSA Ung Vest), samt deltaking i utviklinga av Nye Sandviken. Arbeidsoppgåver • Utgreiing og kartlegging, herunder kognitiv kartlegging, og diagnostiske vurderingar • Behandling og oppfølging av pasientar • Utarbeide valdsrisikovurderingar og valdsrisikohåndteringsplanar • Rettleiing av personale • Undervisning internt og eksternt • Bidra i tverrfagleg samarbeid • Oppgåver på tvers av seksjonar ved behov Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som psykolog • Spesialisering i klinisk vaksenpsykologi og/eller nevropsykologi • Erfaring med eller interesse for: - risikovurdering - alvorlege psykiske lidingar - personlegdomsforstyrringar og rus - utviklingsforstyrringar • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg • Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt Personlege eigenskapar • Gode samarbeidsevne • Ryddig og strukturert • Tilpassingsdyktig • Gode kommunikasjonsevne Vi tilbyr • Eit sterkt og engasjert fagmiljø • Spennande og komplekse kliniske oppgåver • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og spesialisering • Rettleiing og deltaking i faglege forum • Konkurransedyktige vilkår • Moglegheit til å påverke utviklinga av framtidas sikkerheitspsykiatri Politiattest må leggast fram ved tilsetjing Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarthe Halvorsen Kjærstad, kst klinikkleiar, 90936016 ArbeidsstadSandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5149278061 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.08.2026
Vil du vere med å vidareutvikle framtidas psykiske helsetenester i Bergen – tett på menneske med samansette behov, og i eit team som er i ferd med å ta form? Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) søkjer psykologspesialist til FACT allmenn-teamet vårt. Vi held til i moderne lokale sentralt på Danmarksplass, har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda, og er eit DPS i kontinuerleg utvikling. Vi har ein tydeleg ambisjon om å tilpasse tenestene våre til behova i befolkninga – og å finne betre løysingar for dei som i dag ikkje får eit tilstrekkeleg samordna tilbod. Kronstad DPS har allereie eit robust og veletablert FACT psykose-team, og er no godt i gang med oppbygginga av eit FACT allmenn-team i tett samarbeid med Bergen kommune, Psykisk helse Bergen Sentrum. Dette er det første FACT allmenn-teamet i regionen, og skal tilby eit heilskapleg, fleksibelt og meir tilgjengeleg behandlingstilbod til personar med alvorlege psykiske lidingar og samansette vanskar – ei gruppe som ofte fell mellom etablerte tenester og nivå i helsetenesta. FACT allmenn-teamet er framleis i ein prosjektfase, organisert som eit 50/50-samarbeid mellom Kronstad DPS og Bergen kommune, Psykisk helse Bergen Sentrum, med finansiering frå Statsforvaltaren. Teamet arbeider etter FACT-modellen (Flexible Assertive Community Treatment), med ein aktiv og oppsøkjande tilnærming, og med moglegheit for å variere intensiteten i oppfølginga etter behov. Som psykologspesialist i teamet får du høve til å bidra både klinisk og fagleg, og til å vere med og setje retning for vidare utvikling av samarbeidsformer, arbeidsmåtar og det samla behandlingstilbodet. Arbeidsoppgåver • Delta aktivt i utviklinga av teamet sin faglege profil, behandlingsfilosofi og arbeidsmåtar i tråd med prosjektbeskriving og FACT-modellen • Ha psykologfagleg spesialistansvar for pasientar i teamet, inkludert utgreiing, diagnostisering, behandlingsplanlegging og behandling • Utføre både poliklinisk og ambulant, oppsøkjande behandling og rehabiliteringsarbeid for vaksne med alvorlege psykiske lidingar og samansette behov • Delta i tett tverrfagleg samarbeid i FACT allmenn-teamet, med felles ansvar for oppfølging, evaluering og justering av tiltak • Bidra med rettleiing, undervisning og fagleg støtte til samarbeidspartnarar i det lokale hjelpeapparatet, samt delta i nettverks- og samhandlingsarbeid • Samhandle tett med kommunale tenester og andre delar av spesialisthelsetenesta for å sikre heilskaplege og koordinerte pasientforløp • Medverke i rettleiing av studentar og psykologar/legar i spesialisering, som ein del av universitetssjukehuset sitt utdanningsansvar • Samarbeide breitt med andre delar av behandlingsapparatet, både internt og eksternt, inkludert pårørande og instansar som NAV, skule og arbeidsgivar Kvalifikasjonar • Spesialist i klinisk psykologi • Norsk autorisasjon • Erfarne psykologar som nærmar seg fullført spesialisering kan òg søkje • Brei klinisk erfaring frå psykiatri og/eller rusfeltet, og frå arbeid med målgruppa i spesialisthelsetenesta • Erfaring med allmennpsykiatrisk og poliklinisk pasientpopulasjon er ein fordel • Erfaring med akuttarbeid, krisehandtering og arbeid med komplekse problemstillingar er ønskjeleg • God evne til å arbeide sjølvstendig og i tett tverrfagleg samarbeid • Førarkort klasse B er ein føresetnad • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar • Du er fleksibel, initiativrik og fagleg engasjert, og ønskjer å arbeide tett på pasientar med alvorlege psykiske lidingar og samansette behov • Du er løysingsorientert og handterer krevjande og uoversiktlege situasjonar med tryggleik, ro og ein reflektert fagleg tilnærming • Du har evne og motivasjon til både å ta imot og gje konstruktive tilbakemeldingar, til dømes gjennom kollegarettleiing og faglege drøftingar • Du har gode evner til kontaktetablering, er tolmodig og jobbar målretta, strukturert og med respekt for pasienten sitt tempo • Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø, og viser omsorg både for deg sjølv og for kollegaer • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst i dialog med ulike faggrupper og samarbeidspartnarar • Du trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team – og likar ein variert, dynamisk arbeidshverdag slik FACT-modellen legg opp til • Du delar verdiane våre om openheit, respekt og fagleg nysgjerrigheit, og ønskjer å vere ein del av eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø Personleg eignaheit vil bli vektlagt, særleg evna til å handtere høgt tempo og endring, og til å tilpasse arbeidsform og oppfølging til pasientane sine behov over tid Vi tilbyr • Eit spennande og engasjerande arbeidsmiljø med høge faglege ambisjonar og sterk vilje til utvikling • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling, mellom anna gjennom rettleiing, kompetanseheving og deltaking i faglege fellesskap • Ein unik moglegheit til å vere med og forme eit nytt og framtidsretta behandlingstilbod i vår region • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, med tilgang på verktøy, støtte og struktur som gjer det mogleg å stå i kompleksiteten over tid • Tett tverrfagleg samarbeid prega av open dialog, fagleg refleksjon og felles ansvar for kvalitet i behandlinga • Ein arbeidsplass med tydeleg fokus på kvalitet, tryggleik og kontinuerleg forbetringsarbeid • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Lønn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonCharlotte Aase, Psykologspesialist, 47839274 Stig-Arthur Didriksen, Ass. Klinikkleiar, 97951855 Alf Georg Opheim Sørensen, Klinikkleiar, 90546220 ArbeidsstadFjøsangerveien 36 5053 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5148894117 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
100% fast stilling som psykolog/psykologspesialist Vi ser etter ein engasjert og dyktig psykolog som ønskjer å arbeide innan eit spennande og variert fagfelt. Habiliteringavdelinga for vaksne (HAVO) er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenteret for habilitering og rehabilitering. HAVO sine tenester er retta mot personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Utgreiiing og diagnostisering av utviklingshemming og autisme er dei mest sentrale oppgåvene. Ofte er utfordringane komplekse og samansette, med somatiske og psykiske tilleggsvanskar som krev tverrfagleg oppfølging. HAVO har 6 psykologstillingar som har følgande spesialitetar: habilitering, klinisk vaksenpsykologi, helse, rus og avhengigheitspsykologi. For denne stillinga er det aktuelt med fleire spesialistar. HAVO er samansett av fleire yrkesgrupper m.a.: Overlegar, psykologar, vernepleiarar, ergo- og fysioterapeutar, pedagogar og sekretærar. Vi søker etter psykolog/psykologspesialist med interesse for og erfaring med fagfeltet. Habiliteringsavdelinga er for tida lokalisert i Olav Bjordals veg 29, på Breistein i Åsane. Det er gode høve for parkering. Det er planlagd flytting til Nordås høsten 2028 for samlokalisering med øvrige eininger i klinikken. Tilsetjingsdato er fra snarest eller etter nærare avtale. Sjå elles våre internettsider: Les meir Arbeidsoppgåver • Utgreiing og diagnostisering • Råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartar • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid • Bidra i fagutvikling • Kurs, undervising og pasientopplæring internt og eksternt Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som psykolog • Gode skriftlige og muntlige norskkunnskaper (B2-nivå) • Kjennskap til og interesse for fagfeltet • Erfaring med utgreiing og testing er ein fordel • God muntleg og skriftleg evne til kommunikasjon • Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt Personlege eigenskapar • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Tilpasningsdyktig • Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig • Trivsel med tverrfagleg samarbeid • Engasjement for faget og interesse for pasientgruppa Vi tilbyr deg • Spennande utfordringar og oppgåver • Tverrfaglege og kompetent medarbeidarar • Opplæring og rettleiing • Eit robust og triveleg arbeidsmiljø • Fleksitidsavtale • Veiledning og kurs for spesialistutdanning • Gode pensjonsordningar Politiattest må leggast fram ved tilsetjing Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Beate Kristin Lilleheil, Seksjonsleiar, +47 95197626 Arbeidsstad Olav Bjordals veg 29 5111 Breistein Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5147034904 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026