
Kronstad distriktspsykiatriske senter, Helse Bergen HF · Bergen
Vil du vere med å vidareutvikle framtidas psykiske helsetenester i Bergen – tett på menneske med samansette behov, og i eit team som er i ferd med å ta form? ...
Vil du vere med å vidareutvikle framtidas psykiske helsetenester i Bergen – tett på menneske med samansette behov, og i eit team som er i ferd med å ta form?
Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) søkjer psykologspesialist til FACT allmenn-teamet vårt. Vi held til i moderne lokale sentralt på Danmarksplass, har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda, og er eit DPS i kontinuerleg utvikling. Vi har ein tydeleg ambisjon om å tilpasse tenestene våre til behova i befolkninga – og å finne betre løysingar for dei som i dag ikkje får eit tilstrekkeleg samordna tilbod.
Kronstad DPS har allereie eit robust og veletablert FACT psykose-team, og er no godt i gang med oppbygginga av eit FACT allmenn-team i tett samarbeid med Bergen kommune, Psykisk helse Bergen Sentrum. Dette er det første FACT allmenn-teamet i regionen, og skal tilby eit heilskapleg, fleksibelt og meir tilgjengeleg behandlingstilbod til personar med alvorlege psykiske lidingar og samansette vanskar – ei gruppe som ofte fell mellom etablerte tenester og nivå i helsetenesta.
FACT allmenn-teamet er framleis i ein prosjektfase, organisert som eit 50/50-samarbeid mellom Kronstad DPS og Bergen kommune, Psykisk helse Bergen Sentrum, med finansiering frå Statsforvaltaren. Teamet arbeider etter FACT-modellen (Flexible Assertive Community Treatment), med ein aktiv og oppsøkjande tilnærming, og med moglegheit for å variere intensiteten i oppfølginga etter behov. Som psykologspesialist i teamet får du høve til å bidra både klinisk og fagleg, og til å vere med og setje retning for vidare utvikling av samarbeidsformer, arbeidsmåtar og det samla behandlingstilbodet.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Personleg eignaheit vil bli vektlagt, særleg evna til å handtere høgt tempo og endring, og til å tilpasse arbeidsform og oppfølging til pasientane sine behov over tid
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonCharlotte Aase, Psykologspesialist, 47839274
Stig-Arthur Didriksen, Ass. Klinikkleiar, 97951855
Alf Georg Opheim Sørensen, Klinikkleiar, 90546220
ArbeidsstadFjøsangerveien 36
5053 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5148894117
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Vil du vere med å forme framtidas sikkerheitspsykiatri? Vi søker ein varm og klok psykologspesialist til fast stilling ved Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen. Hos oss får du arbeide med ei kompleks og spennande pasientgruppe i eit sterkt fagmiljø, med gode moglegheiter for fagleg utvikling, påverknad og fordjuping. Regional sikkerheitsavdeling (RSA) er ein del av Klinikk sikkerheitspsykiatri, som er organisert under Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken består av seks seksjonar og tilbyr spesialiserte tenester innan sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. RSA har 10 sengeplassar og gir tilbod til pasientar i Helse Vest med alvorlege psykiske lidingar og høg voldsrisiko. Pasientane har ofte samansette utfordringar, inkludert ruslidingar, personlegdomsforstyrringar og utviklingsforstyrringar. Vi arbeider tett tverrfagleg og legg vekt på: * fagleg refleksjon og rettleiing * strukturert pasientarbeid * klinisk fordjuping * samarbeid Avdelinga er også i utvikling, blant anna med etablering av eit tilbod til barn og unge (RSA Ung Vest), samt deltaking i utviklinga av Nye Sandviken. Arbeidsoppgåver • Utgreiing og kartlegging, herunder kognitiv kartlegging, og diagnostiske vurderingar • Behandling og oppfølging av pasientar • Utarbeide valdsrisikovurderingar og valdsrisikohåndteringsplanar • Rettleiing av personale • Undervisning internt og eksternt • Bidra i tverrfagleg samarbeid • Oppgåver på tvers av seksjonar ved behov Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som psykolog • Spesialisering i klinisk vaksenpsykologi og/eller nevropsykologi • Erfaring med eller interesse for: - risikovurdering - alvorlege psykiske lidingar - personlegdomsforstyrringar og rus - utviklingsforstyrringar • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg • Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt Personlege eigenskapar • Gode samarbeidsevne • Ryddig og strukturert • Tilpassingsdyktig • Gode kommunikasjonsevne Vi tilbyr • Eit sterkt og engasjert fagmiljø • Spennande og komplekse kliniske oppgåver • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og spesialisering • Rettleiing og deltaking i faglege forum • Konkurransedyktige vilkår • Moglegheit til å påverke utviklinga av framtidas sikkerheitspsykiatri Politiattest må leggast fram ved tilsetjing Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarthe Halvorsen Kjærstad, kst klinikkleiar, 90936016 ArbeidsstadSandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5149278061 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.08.2026
Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) held til ved Danmarksplass. Kronstad DPS er delt inn i fleire seksjonar, herunder to store allmennpoliklinikkar, ein gruppepoliklinikk og ein eigen seksjon for angstbehandling (B4DT). Vi var først ute i området med å etablere ein ordning for tidleg avklaring av pasientar for å sikre rett tilbod til rett pasientar, og hos oss er det erfarne spesialistar som gjer denne jobben. Tidleg Avklaringsteam har bestått av 4 spesialistar, inkludert ein psykiater. Vi skal no erstatte to av våre psykologspesialistar, då ein skal pensjonere seg, og ein ønsker å gå tilbake til poliklinikk. Kvardagen i teamet består av å møte to pasientar der det er uklart kva tilbod dei skal til i eller utanfor spesialisthelseteneste, og om dei har føresetnad for å nyttiggjere seg behandling. Den som blir tilsett har som oppgåve å få klarleik i dette. Kvar dag er det også eit konsensusmøte, der alle i teamet går kort igjennom dagens pasientar og drøftar avgjerder. Øvrig tid går til journalskriving og å lese seg opp på komande pasientar. Fleire i teamet bidrar inn i våre daglege inntaksmøte, og det vil kunne vere aktuelt for dei som får stilling. Det har nyleg vore eit evalueringsarbeid av teamet, og av vår inntaksmodell, som har gitt gode indikasjonar på at teamet gjer godt arbeid, og utgjer ein viktig funksjon for Allmennaksen. Nokon endringar vil likevel kunne kome, då vi alltid er ute etter å forbetre oss. Teamet er organisert under Allmennpoliklinikk 2, men teamets oppgåver er på vegne av alle poliklinikkane i vår allmennakse. Stillingane er ledige frå august. Arbeidsoppgåver • DPSane i psykisk helsevern er i utvikling, og den som blir tilsett må rekne med å vere delaktig i denne utviklinga. Vi er opptatt av å gje pasientar rett hjelp til rett tid, å differensiere mellom ulike typar av behandling, og å gje rett omfang av hjelp til den enkelte pasient, samstundes som ein syter for at alle som treng hjelp, får hjelp • Dette krev ei viss prioritering av ressursane klinikken styrer over. Spesialistar som er tilsett vil òg måtte ta i vare spesialistansvaret for pasientar der hovudbehandlar ikkje er spesialist. Som universitetsklinikk har vi jamleg studentar i praksis, og i føretaket utdannar vi psykologar og legar i spesialisering. Rettleiing av desse, er ein del av dei arbeidsoppgåvene spesialistane i seksjonen må pårekne. Det kan og påreknast å veilede psykologar i andre seksjoner ved DPSet • Samarbeid med andre delar av behandlingsapparatet både internt og eksternt vil vere viktige arbeidsoppgåver. Det same gjeld samarbeid med pårørande i enkelte tilfelle, og med instansar som NAV, skule og/eller arbeidsgjevar i nokre tilfelle • Hovudoppgåver vil i poliklinikkane vere utgreiing, diagnostisering og behandling av tilviste pasientar med eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar. Handtering av eigne (poliklinikkens) pasientar akutt er også forventa, deriblant kortvarig behandling/stabilisering gjennom krise, og evnt vidare tilvising til høgare (t.d. døgnpost) Kvalifikasjonar • Den som blir tilsett må framlegge norsk autorisasjon som psykolog • Den som blir tilsett som psykologspesialist må vere godkjend spesialist i klinisk psykolog med vaksne/spesialist i klinisk psykologi med fordjuping i psykoterapi/erfaren psykolog med kort tid igjen av spesialiseringsløpet. Psykologar med andre spesialitetar kan også vere aktuelle for stillinga etter nærmare vurdering • Klinisk erfaring innanfor ein allmennpsykiatrisk/poliklinisk pasientpopulasjon er ein fordel • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg. Språkkunnskapar og ferdigheiter utover norsk vil vere ein fordel Personlege eigenskapar • Motivasjon og interesse for arbeidsform og fagområde. • God fagleg vurderingsevne, og evne til å arbeide målretta og strukturert. • Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team blir vurdert som særs viktig. Konsensusmøtet er ment som en arena for å gi og få råd. • God evne til skriftlig fremstilling og til å raskt etablere god kontakt, er viktig. • Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheitar ser vi på som viktige for ein psykologspesialist hos oss. Du må kunne komme med gode forklaringar på dine vurderingar og konklusjonar • Det er ein fordel om en har god kjennskap til kva pasientar som egner seg i hvilke tilbod, og organisering i DPS, kommune og øvrige teneste. • Den som blir tilsett må etter ein heilheitsvurdering vera skikka til stillinga Vi tilbyr • Stillinga blir løna etter gjeldande overeinskomst • Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar • Vi kan tilby utfordrande og spennande arbeidsoppgåver • Vi har eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer både internt i teamet, i poliklinikken og elles på DPSet • Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre tenestene vår og kvaliteten på dei. Det vil difor også vere mogleg å delta i kvalitetsforbetring og tenesteutvikling for den som blir tilsett Du kan bli bede om å framlegge godkjende kopiar av vitnemål, autorisasjon og kursbevis. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHelene Charlotte Sande Trønnes, Seksjonsleiar, 45615915, helene.charlotte.sande.tronnes@helse-bergen.no ArbeidsstadFjøsangerveien 36 5053 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5135726095 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026
100% fast stilling som psykolog/psykologspesialist Vi ser etter ein engasjert og dyktig psykolog som ønskjer å arbeide innan eit spennande og variert fagfelt. Habiliteringavdelinga for vaksne (HAVO) er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenteret for habilitering og rehabilitering. HAVO sine tenester er retta mot personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Utgreiiing og diagnostisering av utviklingshemming og autisme er dei mest sentrale oppgåvene. Ofte er utfordringane komplekse og samansette, med somatiske og psykiske tilleggsvanskar som krev tverrfagleg oppfølging. HAVO har 6 psykologstillingar som har følgande spesialitetar: habilitering, klinisk vaksenpsykologi, helse, rus og avhengigheitspsykologi. For denne stillinga er det aktuelt med fleire spesialistar. HAVO er samansett av fleire yrkesgrupper m.a.: Overlegar, psykologar, vernepleiarar, ergo- og fysioterapeutar, pedagogar og sekretærar. Vi søker etter psykolog/psykologspesialist med interesse for og erfaring med fagfeltet. Habiliteringsavdelinga er for tida lokalisert i Olav Bjordals veg 29, på Breistein i Åsane. Det er gode høve for parkering. Det er planlagd flytting til Nordås høsten 2028 for samlokalisering med øvrige eininger i klinikken. Tilsetjingsdato er fra snarest eller etter nærare avtale. Sjå elles våre internettsider: Les meir Arbeidsoppgåver • Utgreiing og diagnostisering • Råd og rettleiing til pasientar, pårørande og samarbeidspartar • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid • Bidra i fagutvikling • Kurs, undervising og pasientopplæring internt og eksternt Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som psykolog • Gode skriftlige og muntlige norskkunnskaper (B2-nivå) • Kjennskap til og interesse for fagfeltet • Erfaring med utgreiing og testing er ein fordel • God muntleg og skriftleg evne til kommunikasjon • Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt Personlege eigenskapar • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner • Tilpasningsdyktig • Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig • Trivsel med tverrfagleg samarbeid • Engasjement for faget og interesse for pasientgruppa Vi tilbyr deg • Spennande utfordringar og oppgåver • Tverrfaglege og kompetent medarbeidarar • Opplæring og rettleiing • Eit robust og triveleg arbeidsmiljø • Fleksitidsavtale • Veiledning og kurs for spesialistutdanning • Gode pensjonsordningar Politiattest må leggast fram ved tilsetjing Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Beate Kristin Lilleheil, Seksjonsleiar, +47 95197626 Arbeidsstad Olav Bjordals veg 29 5111 Breistein Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5147034904 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026