
Skyss · Bergen
Ønsker du å påverke framtidas mobilitetsløysingar i Vestland og fylle kvardagen med samfunnsnyttige og meiningsfulle arbeidsoppgåver? Då er dette jobben for de...
Ønsker du å påverke framtidas mobilitetsløysingar i Vestland og fylle kvardagen med samfunnsnyttige og meiningsfulle arbeidsoppgåver? Då er dette jobben for deg. Skyss jobbar aktivt med å tilby våre kundar eit godt og berekraftig reisetilbod med buss, bybane, båt og ferje i Vestland, og tenestene vert utført av operatørselskap som Skyss har avtale med.
Vi har no ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar/prosjektleiar. Stillinga inneber mellom anna å ha prosessansvar for transportanskaffingar i Skyss.
Vår nye seniorrådgjevar/prosjektleiar vil spele ei sentral rolle i å realisere Skyss sine strategiar. Hovudvekta av arbeidet vil vere prosjektleiing, ved anskaffingar av tenestekontraktar for buss, båt og ferje. Anskaffingsprosjekta i Skyss er ofte langvarige og komplekse og krev tydeleg prosessleiing og god samhandling med ulike kompetansemiljø. Ein vesentleg del av rolla er planlegging av aktivitetar og koordinering av dei ulike fagavdelingane som bidreg inn i prosjekta. Vidare vil du utarbeide konkurransegrunnlag, sikre nødvendige strategiske avklaringar og politisk forankring, samt gjennomføre marknadsdialog og delta aktivt i bransjesamarbeid.
Resultatet av arbeidet er kontraktar som sikrar innbyggjarane i Vestland berekraftige transporttenester av høg kvalitet.
Det er ein fordel om du kan vise til
Vi ser etter deg som har evne til å omsette strategiske mål til konkrete aktivitetar og resultat, både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du må ha evne til å leie kunnskapsmedarbeidarar innanfor ulike fagfelt, og sjå samanhengane mellom fagfelta i ein større heilskap. Du handterer krevjande situasjonar med godt pågangsmot, og tek nødvendige avgjerder som fører prosjektet vidare, innanfor rammene av mandatet ditt og ofte innan korte tidsfristar. Du må stå stødig i hektiske periodar og pårekne noko arbeid utover normal arbeidstid i periodar. I denne rolla vil du få høve til å ta ansvar og bidra aktivt, i eit miljø prega av tillitt og samarbeid.
Du må i tillegg ha sterk formidlingsevne, skriftleg og munnleg, og aktivt bruke dine relasjonelle eigenskapar til å skape positive prosessar og samarbeid – både eksternt og internt. I tillegg må du vere strukturert, open, fleksibel og engasjert. Du bør også ha interesse for politiske prosessar. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i denne stillinga.
Hos oss i Skyss er vi mange som jobbar for å utvikle gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland!
KontaktinformasjonKarl Inge Nygård, leiar, 93088971
ArbeidsstadLars Hilles gate 22
5020 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5151579946
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgASeniorrådgivar - samfunnskontakt Universitetet i Bergen (UiB) lyser ut ei fast stilling som seniorrådgjevar i Kommunikasjonsavdelinga, med særleg ansvar for samfunnskontakt og strategisk rådgjeving overfor universitetsleiinga. UiB er eit nasjonalt og internasjonalt forskingsuniversitet med ei stor fagleg breidde og Vestlandets viktigaste kunnskapsinstitusjon. Vi er eit initiativrikt og utadretta universitet. UiB har solide ressursar og samarbeidsrelasjonar, kunnskapsklynger og eit godt rammeverk som legg grunnlag for dette arbeidet. Universitetsleiinga arbeider systematisk og i tett samspel med fagmiljøa for å løfte inn forskinga og kunnskapen si kraft inn i samfunnet, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Seniorrådgjevaren skal være ein viktig ressurs i arbeidet med å operasjonalisere og følgje opp desse ambisjonane overfor politikk, forvaltning, nærings-, kultur- og samfunnsliv i godt samspel med universitetsleiinga og kollegaer ved Kommunikasjonsavdelinga. Arbeidsoppgåver: • Ha eit særskilt ansvar for å utvikle universitetet si strategiske samfunnskontakt i tett samarbeid med rektor, universitetsdirektøren og Kommunikasjonsavdelinga • Vere pådrivar for å styrkje relasjonar mellom universitetet og sentrale samfunnsaktørar • Yte strategisk rådgjeving og støtte til rektor innan samfunnskontakt • Utføre andre relevante rådgjevingsoppgåver knytte til leiinga sitt arbeid med samfunnskontakt Kvalifikasjonar og eigenskapar: • Utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning. • Eit breitt og relevant profesjonelt nettverk, samt god innsikt i politiske prosessar regionalt og nasjonalt • Evne til å arbeide både strategisk og operativt på tvers av organisasjonen • God kjennskap til, og interesse for, universitets- og høgskulesektoren • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og resultatorientert • Særs gode skriftlege og munnlege ferdigheiter • Særs gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for å lykkast i stillinga. Vi kan tilby: • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø tett på universitetsleiinga • Stor fridom til å utvikle eiga stilling med utgangspunkt i universitetet sine ambisjonar og mål • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i årsløn kr. 780 000 - 820 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Rektor Margareth Hagen, e-post: margareth.hagen@uib.no, tlf. nr. 41 61 96 62 eller Kommunikasjonsdirektør Anne Line Grepne, e-post: anne.grepne@uib.no, tlf. nr. 46 86 50 73. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om stillinga Vi har ledig 100% fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar ved støttesenteret for kriminalutsette i Møre og Romsdal politidistrikt. Vi søkjer etter ein engasjert rådgjevar/seniorrådgjevar som kan lose borgarar utsett for kriminalitet gjennom straffesaksprosessen. Likar du å jobbe sjølvstendig, er empatisk og har god evne til å arbeide med ulike menneske kan dette vere rette stillinga for deg. Støttesenteret for kriminalitetsutsette skal vareta og bistå dei som er blitt utsett for integritetskrenkande kriminalitet, herunder fornærma utsett for seksuelle overgrep og fornærma i vald i nære relasjonar. Tilbodet inneber psykososial støtte, oppfølging, informasjon og støtte upartisk gjennom heile straffesakskjeda. Primært er dette gjennom samtalar med fornærma og pårørande, men også i drøfting utan at det føreligg melding til politiet. Støttesenteret driv ikkje med behandling, men skal ha kunnskap om behandlingstilboda i politidistriktet. Det er eit mål å lose den utsette vidare til riktig hjelp. Sjå https://www.politiet.no/kontakt-oss/stottesenter-for-kriminalitetsutsatte/ Ved eventuelt internt opprykk kan det bli ledig ei fast rådgjevarstilling. Arbeidsstad er Ålesund, Molde, eller Kristiansund etter nærare avtale. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å hjelpe andre menneske som av ulike årsakar er utsette for kriminalitet. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom dine haldningar og handlingar i det daglege arbeidet. Evnen til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vurderinga vår av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Arbeidsoppgåver • tilby støtte, oppfølging, informasjon og rettleiing gjennom heile straffesakskjeda til offer for integritetskrenkande kriminalitet • forhindre ytterlegare integritetstap gjennom straffesakskjeden • bidra til å styrke borgarane sin integritet for å bli betre rusta til å gjennomføre avhøyr og bli eit trygt vitne • lose voldsutsette vidare til profesjonell hjelp i både kommunalt og statleg hjelpeapparat • bidra til auka tilgjengelegheit og betre koordinering i hjelpeapparatet generelt og mellom hjelpeapparat og politi • drive fagutvikling og opplysningsverksemd om kriminalitetsoffer • vere politidistriktet sitt nasjonale kontaktpunkt for støttesenter for kriminaltetsutsette • bistå med vitnestøtte under rettssak • bistå med å søkje voldsoffererstatning • administrative oppgåver • andre oppgåver etter avtale Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: • relevant høgare utdanning innan sosial og helse på minimum bachelornivå eller politihøgskule. Lang og relevant erfaring/kompetanse kan kompensere for utdanningskravet i særskilte tilfelle. • gode evner til å kommunisere munnleg og skriftleg både på norsk og engelsk • evne til å bruke fleire digitale plattformar til loggføring og informasjonsinnhenting • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga. For å bli vurdert som seniorrådgjevar må du ha relevant mastergrad eller tilsvarande og minimum fem års relevant erfaring. I denne vurderinga kan relevant erfaring kompensere for kravet til mastergrad. Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert. Det er også ønskjeleg med • erfaring og utdanning i arbeid med familievold, kognitiv terapi, traume, psykisk barne- og ungdomsarbeid eller liknande • fleirkulturelt arbeid • mestring av andre språk Personlege eigenskapar • sjølvstendig og trygg i rolla som rådgjevar og medmenneske • har svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • løysingsorientert • handtere høge emosjonelle krav Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss • ein spennande arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag der du får vere med på å forme politiet for framtida • fast stilling som seniorrådgjevar (SKO 1364) med brutto årslønn frå kr. 700 000 til kr. 775 000, eller rådgjevar (SKO 1434) med brutto årslønn frå kr. 600 000 til kr. 735 000. For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert. • medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse. • fleksibel arbeidstid • mogelegheit for trening i arbeidstida • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Om stillinga Statsforvaltaren i Vestland lyser ut éi fast stilling for jurist på barnevernsområdet. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar som ønskjer å bidra til forsvarlege og trygge tenester for barn og unge. Tilsyn med barnevernsinstitusjonar er ein sentral del av stillinga. Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga har ansvar for tilsyn, rettleiing, klagesaksbehandling og andre forvaltningsoppgåver innan barnevern, sosialtenester, helse og omsorg. Vi jobbar i skjeringspunktet mellom juss og barnevernsfag på velferdsområdet. Vi løyser oppgåvene med høg kvalitet, fagleg tyngde og er i kontinuerleg utvikling. Stillinga ligg til kontorstad Leikanger. Arbeidsoppgåver Ein vesentleg del av arbeidet er tilsyn med barnevernsinstitusjonar, der du vil • planleggje, gjennomføre og følgje opp tilsyn • vurdere praksis opp mot barnevernslova og forskrifter • utarbeide rapportar og eventuelle pålegg • samarbeide tett med kommunar, institusjonar og andre aktørar Andre sentrale oppgåver er • behandling av klager og andre forvaltningssaker • råd og rettleiing til tenester og brukarar • formidling av faglege vurderingar • deltaking i fagutvikling og kompetanseheving Andre relevante oppgåver kan bli tildelte etter avtale med seksjonsleiar. Kvalifikasjonar • Juridisk embetseksamen / master i rettsvitskap • Gjerne erfaring frå barnevernsfeltet • God innsikt i offentleg forvaltning • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål • Evne til strukturert og sjølvstendig arbeid • Trygg i møte med komplekse faglege vurderingar • Det er ønskjeleg med førarkort klasse B Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som • har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfaglege miljø • er analytisk, grundig og fagleg trygg • kommuniserer klart og forståeleg • bidreg positivt til arbeidsmiljøet • er fleksibel, løysingsorientert og utviklingsretta Personlege eigenskapar blir vektlagde. Som tilsett hos Statsforvaltaren får du • interessante arbeidsoppgåver • eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø • ein arbeidsplass i utvikling • medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning • trening i arbeidstida • delvis heimekontor • fleksibel arbeidstid • løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland Kontora våre i Leikanger og Førde ligg i kommunar som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Vi ønskjer mangfald Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Vilkår Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir. Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga. Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 610 000–770 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn. Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok. Tenestemålet til embetet er nynorsk. Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.